Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

     Komiteen viser til handsaminga av Ot.prp.nr.15 (1996-1997) der det vart vedteke å integrere Fiskarbanken i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) frå 1. januar 1997.

       Komiteen har merka seg at samanslåinga har skjedd og at SND no har teke over oppgåvene som tidlegare vart ivaretekne av Fiskarbanken.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, vil i samband med dette peike på at departementet må sjå til at fiskerinæringa vert gitt høg prioritet innanfor SND-systemet.

       Fleirtalet har merka seg at det har vore aukande interesse for nybygg og ombyggingar i 1995 og 1996. Fleirtalet vil i denne samanhengen peike på at det er viktig at flåten vert fornya kontinuerleg av omsyn til tryggleiken for fiskarane. Det er difor viktig at det vert lagt til rette for å halde fornyingstakta oppe på eit høgt nivå. Slik fornying må sjølvsagt sjåast i samanheng med den overordna fiskeripolitikken og ynskje om å tilpasse fangstkapasiteten til dei tilgjengelege ressursane.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til meldingen som gjelder Fiskarbankens virksomhet med å gi subsidierte lån og tilskudd som begunstiger fiskerinæringen. Disse medlemmer er prinsipielt motstandere av at statsbanker skal kanalisere risikokapital som i stor utstrekning er selektive, skattefinansierte støtte- og låneordninger. Disse medlemmer mener at aktører i fiskerinæringen skal søke finansiering i private banker, kreditt- og finansieringsinstitusjoner på lik linje med ordinær næringsvirksomhet.

       Disse medlemmer viser for øvrig til Fremskrittspartiets merknader og forslag i Dok.nr.8:55 (1991-1992) og B.innst.S.nr.8(1993-1994).