Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

      Regjeringa legg i meldinga fram årsmelding for Statens Fiskarbank for 1995 og 1996.

       Stortinget vedtok, i samsvar med Ot.prp.nr.15 (1996-1997) Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank i november 1996 (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond) at Statens Fiskarbank (SFB) skulle integrerast i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) frå 1. januar 1997. Det vert difor peika på at den meldinga som ligg føre er den siste meldinga om verksemda i Fiskarbanken.

       Statens Fiskarbank kunne i 1995 yte tilskot under ei kontraktsramme på 560  mill. kroner, med ei tilhøyrande låneramme på 150  mill. kroner til lån under ordninga for fiskebåtfinansiering, og 150  mill. kroner til lån til andre formål. I 1996 kunne banken frå byrjinga av året yte kontraheringstilskot innanfor ei kontraktsramme på 560  mill. kroner. Den tilhøyrande låneramme var på 150  mill. kroner, og 150  mill. kroner til lån til andre formål. Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1996 blei det vedteke å auke løyvinga til kontraheringstilskotet til 65  mill. kroner.

       Fram til 1. juli 1995 hadde banken ei utlånsrente på 8 % på alle ordinære 1. og 2. prioritetslån. Frå 1. juli 1995 vart utlånsrenta for alle lån sett til 7,5 %, ei rente som vart justert vidare ned til 7 % frå 1. juli 1996.

       I retningslinene for Fiskarbanken si verksemd for åra 1995 og 1996 var det lagt vekt på behovet for ei nedbygging av flåten for å tilpasse kapasiteten til dei tilgjengelege ressursane. Sidan den gjennomsnittlege alderen i flåten er relativt høg og aukande, vart banken beden om å leggje auka vekt på å fremme investeringar til nybygging av fiskefartøy i 1996.

       Det vert peika på at det er registrert ein markert auke i interessa for nybygg og ombyggingar frå 1995 til 1996. Dette synast å ha samanheng med at torskekvotane igjen er oppe på eit meir normalt nivå, samtidig som sildefiskeria har teke seg kraftig opp. Følgjeleg er innteningsevna i flåten markant høgare enn ho har vore dei seinare åra.

       Det har vore problematisk å få fullfinansiert prosjekta ettersom kapitalkostnaden lett overstig forventa inntening. Det er difor gledeleg at situasjonen har endra seg i positiv retning i løpet av dei to åra denne meldinga omhandlar.

       Avdelingskontora har i perioden 1995-1996 disponert ein del av totalrammene. Vidare har det vore lagt til grunn at over halvparten av alle tilsegner skulle gå til Nord-Noreg. Denne målsettinga har i stor grad vorte innfridd.

       I 1995 hadde Statens Fiskarbank eit overskot på nærare 13,6  mill. kroner før avsetningar og tap. Dei realiserte tapa i 1995 var i underkant av 20  mill. kroner.

       Resultatrekneskapen for 1996 vart gjort opp med eit overskot på vel 9  mill. kroner, som vart plussa på Vågnadsfondet. Vågnadsfondet ved utgangen av 1996 var på 40  mill. kroner.

       Når det elles gjeld Fiskarbanken si økonomiske stilling, viser ein til omtalen under kap. 2414 i St.prp. nr. 1 (1994-1995) og St.prp. nr. 1 (1995-1996) for Fiskeridepartementet, og til St.prp. nr. 1 Tl.05 (1996-1997) Løyvingar ved integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, andre endringar under Fiskeridepartementet og ny rammeavtale med Redningsselskapet.

       Administrering av ymse støtteordningar har tidvis kravt ein stor del av ressursbruken i Fiskarbanken, men omfanget av ordningane har minka dei seinare åra, i takt med den positive utviklinga i fiskerinæringa. Totalt stod 11 ulike særordningar under banken sin administrasjon i 1995 og ni i 1996.

       Totalt handsama banken 173 søknader om ulike tilskot i 1995 og 199 søknader i 1996.