2. Utanriksdepartementet
2.1 Kap. 101/3101 Utanriksrepresentasjon/kap. 102 Særavtale i utanrikstenesta
Vidareføring av ordninga med Noregs Industriattachéar (NIA)
Samandrag
I St.prp. nr. 1(1996-1997) vart det gjort framlegg om at ordninga med Noregs Industriattachéar (NIA) skulle avviklast. Fem stillingsheimlar på Utanriksdepartementet sitt budsjett vart i dette høve tilrådd inndregne. Lønn- og særavtaleutgifter knytta til stillingane blir dekte av Utanriksdepartementet etter refusjon frå Teknologisk Institutt, jf. kap. 3101 Utanriksrepresentasjon post 10 Refusjon lønnsutgifter TI. Inntekt- og utgiftsløyvinga under Utanriksdepartementet sitt budsjett vart tilrådd redusert med 1,6 mill. kroner som følgje av at NIA-ordninga skulle avviklast i løpet av 1997.
I B.innst.S.nr.8(1996-1997) vart det vedteke at NIA-ordninga skulle oppretthaldast, men stillingsheimlane og tilhøyrande busjettmidlar vart ikkje tekne inn igjen på Utanriksdepartementet sitt budsjett.
Utanriksdepartementet gjer derfor framlegg om at dei 5 stillingane blir løyvd på nytt under kap. 101 Utanriksrepresentasjon. Samstundes blir løyvinga under kap. 101 Utanriksrepresentasjon post 01 Lønn og godtgjersle auka med 0,8 mill. kroner og kap. 102 Særavtale i utanrikstenesta post 01 Lønn og godtgjersle auka med 0,8 mill. kroner. Vidare blir det tilrådd at løyvinga under kap. 3101 post 10 Refusjon lønnsutgifter TI blir auka med 1,6 mill. kroner.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å opprette 5 stillinger under kap. 101 Utenriksrepresentasjon, jf. forslag til vedtak II. Komiteen slutter seg videre til Regjeringens forslag om å øke bevilgningene under hvert av kapitlene 101 post 01 og 102 post 01 med 0,8 mill. kroner. Komiteen slutter seg også til Regjeringens forslag om å forhøye bevilgningen under kap. 3101 post 10 med 1,6 mill. kroner.
2.2 Kap. 101/3101 Utanriksrepresentasjon og kap. 142/3142 Lokale representasjonar
2.2.1 Post 89 Agio/Disagio
Fullmakt til føring av kurstap/-gevinst
Samandrag
Rekneskapane til utanriksstasjonane blir førde i dei ulike lokale valutaer, og rapportar over forbruk blir sende heim kvar tredje månad for føring i departementet/Norad. Når året er slutt blir midlane ved kvar einskild utanriksstasjon justert til norske kroner med den kurs Noregs Bank har den 31. desember mot dei midla Utanriksdepartementet og Norad har tilførd utanriksstasjonene. P.g.a. kursdifferansane vil det oppstå agio eller disagio.
Utanriksdepartementet ber om samtykkje frå Stortinget til å føre eventuelt kurstap på kap. 101 Utanriksrepresentasjon, ny post 89 Agio og kap. 142 Lokale representasjonar, ny post Agio. For eventuell kursgevinst fører ein opp ny inntektspost 89 Disagio, jf. framlegg til vedtak.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak III.
2.3 Kap. 153 Utviklingshjelp til andre prioriterte områder/kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Tiltak til sysselsetting for flyktningar som reiser tilbake til Bosnia-Hercegovina
Samandrag
Som følgje av eit mindrebehov på 10 mill. kroner til tilbakevending av flyktningar frå Noreg, jf. omtale under kap. 521/3521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, gjer ein framlegg om at 10 mill. kroner blir nytta til tiltak til sysselsetting i Bosnia-Hercegovina for å leggje tilhøva til rette for bosniske flyktningar som reiser tilbake frå Noreg.
Utanriksdepartementet gjer framlegg om at kap. 153 Utviklingshjelp til andre prioriterte område post 71 Tilskot til gjenoppbygging av det tidlegare Jugoslavia, kan overførast, blir auka med 10 mill. kroner og kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA) post 21 Særskilde driftsutgifter, blir redusert med 10 mill. kroner.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 153 post 71 med 10 mill. kroner, mot tilsvarende inndekning under kap. 195 post 21.