14. Planleggings- og samordningsdepartementet
14.4 Kap. 11 Slottet, Bygdøy Kongsgård og Oscarshall
14.1.1 Post 01 Lønn og godtgjersle samt post 11 Varer og tenester
Samandrag
Ein gjer forslag om at Slottsforvaltninga får ei ny midlertidig stilling (toårig heimel) med tilhøyrande lønns- og driftsmidlar til å følgje opp ombyggingsarbeida på Slottet til desse er fullført sommaren 1998. Sidan tilsetjinga i 1997 vil gjelde i om lag eit halvt år, fører ein opp ei tilleggsløyving på 100.000 kroner på post 01 og 100.000 kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag om bevilgninger, samt opprettelse av ny midlertidig stilling, jf. forslag til vedtak II.
14.2 Kap. 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet
14.2.1 Post 01 Lønn og godtgjersle
Samandrag
Til å ivareta etterbruksarbeidet av Fornebu foreslår ein at det skal opprettast ein særskild prosjektstab i Planleggings- og samordningsdepartementet med to nye mellombels stillingar (fireårige heimlar). Det blir foreslått ei tilleggsløyving på 300.000 kroner på post 01.
Komiteen sine merknader
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag om bevilgning under post 01 samt opprettelse av stillinger, jf. forslag til vedtak II.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Venstre og representanten Stephen Bråthen går imot opprettelsen av stillingene. Disse medlemmer mener dette eventuelt er naturlige arbeidsoppgaver for tomteeierne eventuelt nye brukere av området i samarbeid med berørte departementer.
14.2.2 Post 11 Varer og tenester
Samandrag
Auka driftsmidlar i samband med etterbruk av Fornebu blir ført opp med 100.000 kroner på post 11. (Jf. omtale under post 01).
Nytt økonomireglement for staten frå 10. januar 1997 inkluderer regler om likvidbehandling i samband med statens konsernkontoordning. Planleggings- og samordningsdepartementet har overteke oppgåvene som rekneskapsførar for eiga verksemd f.o.m. 1. oktober 1996, og har frå same tidspunkt gått inn på statens konsernkontoordning. Teknisk svikt i betalingsformidlingssystemet i perioden rundt årsskiftet medførte at betaling for varer og tenester som ein fekk i 1996 først kom til utbetaling i 1997. Det blir derfor gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 1,3 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1500 post 11 med 1,4 mill. kroner.
14.2.2.1 Overføring/endring av stillingsheimlar
Samandrag
I samband med organisering av Konkurransepolitisk avdeling i to seksjonar, gjer ein framlegg om å gjere om ei stilling som rådgjevar i stillingsgruppe II til stilling som avdelingsdirektør i stillingsgruppe I. I samband med oppretting av Plan- og samordningsavdelinga i Planleggings- og samordningsdepartementet, og ved at departementet overtok Samferdselsdepartementet si myndigheit til å avgjere klager over vedtak fatta av Statens teleforvaltning av konkurransemessig karakter, foreslår ein at det blir overført to stillingsheimlar frå kap. 1550 Konkurransetilsynet til kap. 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet, jf. omtalen under kap. 1550 Konkurransetilsynet.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om omdisponering av stillinger, jf. forslag til vedtak II.
14.2.2.2 Omtale av utgreiing om sikkerheitssertifisering
Samandrag
I B.innst.S.nr.I (1996-1997) ba Stortinget i romertalsvedtak III om at Regjeringa legg fram for Stortinget eiga sak om oppretting av eit sertifiseringsorgan for å sikre dataløysingar i løpet av våren 1997. Saka blir no utgreidd i regi av Rådet for IT-sikkerhet. Ein ventar at utgreiinga blir ferdig før sommaren 1997. Ho vil da bli lagt fram for behandling i rådet, som sender si tilråding til Planleggings- og samordningsdepartementet. Tilrådinga om eit sertifiseringsorgan for sikre dataløysingar må sendast på brei høyring. Saka vil derfor bli framlagt for Stortinget hausten 1997.
Komiteen sine merknader
Komiteen tar dette til orientering.
14.3 Kap. 1503 Tilskot til tenestemannsorganisasjonane sine opplysnings- og utviklingsfond
14.3.1 Post 70 Tilskot
Samandrag
Ein har gjort eit nytt overslag av det tariffesta tilskotet med utgangspunkt i regulativlønnsmassen pr. 1. oktober 1996. Talet på årsverk har auka med 1.821 frå 1. oktober 1995 til 1. oktober 1996. Løyvinga skal etter gjeldande tariffavtale vere 0,24 % av lønnsmassen, som utgjer kr 125.935.284.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på kr 7.056.000.
Komiteen sine merknader
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Stephen Bråthen er imot denne ordningen. Disse medlemmer vil ved denne korsvei gå imot tilleggsbevilgningen under post 70.
14.4 Kap. 1510 Fylkesmannsembeta
14.4.1 Post 01 Lønn og godtgjersle post 11 Varer og tenester
Samandrag
Stortinget vedtok ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 ein reduksjon på 50 mill. kroner for fylkesmannsembeta. 24,4 mill. kroner vart vedteke som reduksjon på kap. 1510, medan resten av reduksjonen fekk konsekvensar for berørte budsjettkapittel under Landbruksdepartementet (kap. 1102) og Miljøverndepartementet (kap. 1406). Samanlikna med det opprinnelege budsjettframlegget vart det vedteke ein reduksjon på 21,4 mill. kroner på kap. 1510, etter nokre mindre tekniske justeringar av kapitlet, jf. forslag i St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997). Fleirtalet i finanskomiteen ga i salderingsinnstillinga (B.innst.S.nr.II) ein merknad om at regjeringa vart bede å vurdere kor mogleg det er for embeta å gjennomføre dei nye lovpålagte oppgåvene innanfor vedtekne budsjettrammer. Regjeringa si tilbakemelding skulle framleggjast i tilknyting til RNB 1997. Planleggings- og samordningsdepartementet har gjort ei vurdering av status som gjeld kap. 1510 i samarbeid med dei andre fagdepartementene som er involvert i aktiviteten ved fylkesmannsembeta.
I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart det foreslått ei styrking av kap. 1510 Fylkesmannsembeta for 1997. I St.prp. nr. 1 (1996-1997) var det ei reell styrking av kapitlet med 16 mill. kroner og 28 nye og faste stillingar. 9 mill. kroner vart omprioritert innanfor Administrasjonsdepartementet si ordinære utgiftsramme. Ved styrkinga var føresetnaden at embeta skulle:
- | føre naudsynt tilsyn med institusjonar etter barnevernlova, |
- | føre betre kontroll med dei statlege tilskotsordningane, som barnehagetilskot, tilskot til tru- og livssynssamfunn og konfliktråd, |
- | løyse oppgåva som klageinstans på vedtak etter plan- og bygningslova, sosiallova og barnevernlova slik at saksbehandlingstida blir tilfredsstillande, |
- | styrkje arbeidet med tilsyn med kommunal økonomi, samordning av statleg styring i høve til kommunane og rapportering mellom kommunane og staten, |
- | styrkje kontrollen med stiftingar. |
Etter Regjeringa si vurdering kan ein ikkje realisere dei intensjonane som vart lagt til grunn for å styrkje kap. 1510 innanfor ei budsjettramme som er vesentleg lavere enn det som var utgangspunktet før regjeringa fant det naudsynt å foreta ei styrking. Planleggings- og samordningsdepartementet har fått samla tilbakemelding frå embeta om konsekvensane dersom ein gjennomfører reduksjonen, både med tanke på utføring av oppgåver og bemanningssituasjonen. Kort oppsummert vil desse områda bli skadelidande:
- | Gjennomføringen av 6-åringsreformen |
- | Gjennomføringen av eldresatsingen |
- | Tilsyn med barnevernsinstitusjonane, rus- og omsorgsinstitusjonar |
- | Forvaltningstilsynet retta mot kommunale barneverninstitusjonar |
- | Arbeidet med utbyggjing av barnehagar slik at behovet er dekka innan år 2000 |
- | Saksbehandlingstida for klagesaker etter barnevernlova, ekteskapslova, sosialtenestelova og plan- og bygningslova vil bli mykje lengre (er i dag på opptil 10 mnd.) |
- | Fri rettshjelp, voldsoffererstatning og arbeidet med tru- og livsynssamfunn |
- | Kontroll med barnehagetilskotet og tilskotet til tru- og livsynssamfunn |
- | Arbeidet overfor kommunane med gjeldsrådgjeving |
- | Sluttføring av HVPU-reformen og rettstryggleiken knytta til tvangsinngrep overfor psykisk utviklingshemma |
- | Samordning av statleg styring |
- | Rettleiing og rådgjeving overfor kommunane. |
Fylkesmannsembeta fikk som nemnt framanfor, ein samla budsjettreduksjon på 50 mill. kroner i samband med salderinga av 1997-budsjettet og 29 mill. kroner av denne summen er innarbeidd i fylkesmannsembeta si verksemd innanfor landbruks- (kap. 1102) og miljøvernavdelingane (kap. 1406). Planleggings- og samordningsdepartementet finn det ikkje mogleg å innarbeide ein reduksjon på 21,4 mill. på kap. 1510 utan at dette får alvorlege konsekvensar for viktige lovpålagte oppgåver. Med bakgrunn i framstillinga framanfor, finn ein det naudsynt å foreslå ei tilleggsløyving på kap. 1510 i 1997 som medfører oppjustering til det same reelle nivået som opphavleg foreslått av regjeringa i St.prp. nr. 1 (1996-1997). Det blir gjort framlegg om ein auke på 21,4 mill. kroner, av dette 13,7 mill. kroner på post 01 og 7,7 mill. kroner på post 11. Forslaget må sjåast som ei omdisponering frå kap. 2445 post 31, Statsbygg/vidareføring av bygg, jf. omtalen under kap. 2445 Statsbygg.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser når det gjelder kap. 1510 postene 01 og 11 til merknader under avsnitt 14.4.3.
Komiteen viser når det gjelder kap. 2445 post 31 til merknader under avsnitt 14.9.4.
14.4.2 Rammeoverføring frå Direktoratet for sivilt beredskap
Samandrag
I samband med spesielle prosjekt som fylkesmannsembeta skal utføre i 1997 på vegner av Direktoratet for sivilt beredskap (DSB), foreslår ein ei omdisponering på 2,4 mill. kroner frå DSBs kap. 481 til kap. 1510, av dette 300.000 kroner på post 01 og 2,1 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser når det gjelder kap. 481 til avsnitt 5.17.
Komiteen viser når det gjelder kap. 1510 postene 01 og 11 til merknader under avsnitt 14.4.3.
14.4.3 Husleigekompensasjon Statens hus i Steinkjer
Samandrag
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag får ein husleigeauke på 759.000 kroner som følgje av flytting til byggetrinn II i Statens Hus i Steinkjer. Ein viser til omtalen av kap. 2445 Statsbygg og naudsynte justeringar på driftsbudsjettet. Kompensasjonsmidlane blir ført opp under post 11.
Totalt blir framlegget om tilleggsløyvingar under kap. 1510 på 24,559 mill. kroner, av dette 14 mill. kroner på post 01 og 10,559 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merkander
Standpunkttabell, avsnitt 14.4.3
Regj. | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kap/ | forslag | ||||||||
post | mill kr | A | Sp | H | SV | KrF | V | RV | SB |
1510.01 | |||||||||
1 Styrking, | |||||||||
fra | |||||||||
2445 | +13,700 | +13,700 | +8,000 | +7,000 | +13,700 | +13,700 | +13,700 | +13,700 | +13,700 |
2 Fra 481 | |||||||||
DSB | +0,300 | +0,300 | 0 | 0 | + 0,300 | +0,300 | +0,300 | +0,300 | 0 |
Sum | |||||||||
post | |||||||||
01 | +14,000 | +14,000 | +8,000 | +7,000 | +14,000 | +14,000 | +14,000 | +14,000 | +7,000 |
1510.11 | |||||||||
1 Styrking | |||||||||
fra | |||||||||
2445 | 7,700 | 7,700 | +4,000 | +4,000 | +7,700 | +7,700 | +7,700 | +7,700 | +7,700 |
2 Fra 481 | |||||||||
DSB | +2,100 | +2,100 | 0 | +2,100 | +2,1000 | +2,100 | +2,100 | +2,100 | +2,100 |
3 Husleie- | |||||||||
komp fra | |||||||||
2440 | +0,759 | +0,759 | 0 | +0,759 | +0,759 | +0,759 | +0,759 | +0,759 | +0,759 |
Sum | |||||||||
post | |||||||||
11 | +10,559 | +10,559 | +4,000 | +6,859 | +10,559 | +10,559 | +10,559 | +10,559 | +10,559 |
- nedsettes med (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)
+ forhøyes med (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)
0 ingen endring (i forhold til foreløpig vedtatt budsjett)
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag til økning av bevilgningen under kap. 1510 post 01 med 14 mill. kroner og post 11 med 10,559 mill. kroner.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Stephen Bråthen viser til at flere etater opplever en husleieøkning som konsekvens av innflytting i nytt Statens Hus. Disse medlemmer viser til at et argument staten bruker for å bygge selv at det blir en rimelig løsning. Disse medlemmer ber Regjeringen i forbindelse med budsjettet dokumentere effektiviseringsgevinster ved flytting til Statens Hus.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet har merket seg at det foreslås å øke bevilgningen til fylkesmannsembetene med det samme beløp som bevilgningen ble redusert med under salderingen, nemlig 21,4 mill. kroner. Dette fordeles med 13,7 mill. kroner på post 01 og 7,7 mill. kroner på post 11.
Disse medlemmer er skeptisk til den sterke veksten som har vært i fylkesmannsembetene og mener at økt aktivitet i vesentlig grad bør kunne løses innenfor den opprinnelige budsjettramme. Disse medlemmer er også kritisk til den stadig sterkere kontroll som utøves overfor primærkommunene, og mener at ressursbruken bør vris over på andre kontroll- og tilsynsoppgaver.
For at fylkesmannsembetene skal kunne foreta det nødvendige tilsyn innen viktige områder som barnevern, bidra til å sikre rettstryggheten knytta til tvangsinngrep overfor psykisk utviklingshemmede, bidra til at saksbehandlingstida blir tilfredsstillende og gi den nødvendige bistand og informasjon til kommunene i deres arbeid, vil disse medlemmer allikevel være med på en viss økning av budsjettene. Disse medlemmer vil akseptere en påplussing på 12 mill., fordelt med 8 mill. kroner på post 01 og 4 mill. på post 11.
Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
Kap. 1510 | Fylkesmannsembeta | ||
01 Lønn og godtgjersle, | |||
forhøyes med | kr | 8.000.000 | |
fra kr 193.073.000 til kr 201.073.000 | |||
11 Varer og tjenester | |||
forhøyes med | kr | 4.000.000 | |
fra kr 109.400.000 til kr 113.400.000 |
Disse medlemmer viser til at dette beløpet dekkes gjennom omdisponeringen fra kap. 2445 post 31 Statsbygg/videreføring av bygg, slik Regjeringen også legger opp til i sitt forslag.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Fylkesmannsembetene de senere år er blitt pålagt en rekke oppgaver i tillegg til de lovpålagte oppgavene, og kan derfor ikke se at en reduksjon i bevilgningen må ramme oppfølgingen av de lovpålagte oppgavene spesielt. Disse medlemmer registerer at Stortingets reduksjoner i budsjettet for 1997 oppfattes for store. Disse medlemmer vil derfor øke bevilgningen med 11,4 mill. kroner, hvorav 7 mill. kroner på post 1 og 4,4 mill. kroner på post 11.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Stephen Bråthen fremmer følgende forslag:
Kap. 1510 | Fylkesmannsembetene | ||
01 Lønn og godtgjørelser, | |||
forhøyes med | kr | 7.000.000 | |
fra kr 193.073.000 til kr 200.073.000 |
Komiteens medlemmer fra Høyre fremmer følgende forslag:
Kap. 1510 | Fylkesmannsembetene | ||
11 Varer og tjenester, | |||
forhøyes med | kr | 6.859.000 | |
fra kr 109.400.000 til kr 116.259.000 |
14.5 Kap. 1522 Statens forvaltningsteneste
14.5.1 Post 01 Lønn og godtgjering og post 11 Varer og tenester
a) Flytting av Fiskeridepartementet
Samandrag
Det er fastsett at Fiskeridepartementet (FID) skal flytte til Grubbegt. 1, og etter planen vil ein få ei førebels innplassering innan 1. juli 1997. Permanente lokale for FID i Grubbegt. 1 skal stillast til disposisjon i løpet av mars 1998. Flyttinga vil medføre auka utgifter for Statens forvaltningstjeneste (Ft) i 1997, i form av etableringskostnader og auka driftskostnader for å etablere same type fellestenester som for andre departement. Dei totale etableringsutgiftene som blir påført Ft ved lokalisering av FID i Grubbegt. 1, er kostnadsrekna til 8 mill. kroner som kan henførast til post 11. På heilårsbasis reknar ein med at rammene for Ft må aukast med 14 nye stillingar forutan heilårseffekt på 5 mill. kroner i lønns- og driftsmidlar. Det er lagt til grunn at heile Grubbegt. 1 etter kvart vil bli nytta til kontor for departementa i Regjeringskvartalet, og naudsynte sikringsanlegg, tele- og datatilknyting må etablerast i heile bygget.
Ein foreslår oppretta 14 nye stillingar og ei tilleggsløyving i samband med flyttinga av FID på 10,5 mill. kroner, av dette 1,7 mill. kroner på post 01 og 8,8 mill. kroner på post 11. Løyvinga dekkjer etableringsutgifter og halvårseffekt av auka driftsutgifter.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 1,7 mill. kroner under kap. 1522 post 01.
Komiteen viser når det gjelder post 11 til merknader under avsnitt 14.5.2.
b) Husleigekompensasjon
Samandrag
Ein viser til St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997) der det vart foreslått å gi Ft ein husleigekompensasjon på 2,9 mill. kroner for auka husleige i Regjeringskvartalet. Den samla husleigeauken for Ft er på 5,9 mill. kroner. Ein foreslår derfor ei tilleggsløyving på 3 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til merknader under avsnitt 14.5.2.
c) Kopinor-avtalen
Samandrag
Avtalen med Kopinor gjeld statsadministrasjonen sin del av kopiering som fell inn under åndsverklova. Kopinor-avtalen gjekk ut i 1995 og ein gjorde nye registreringar i 1996 for å få fastsett ny avgift. Den nye avgifta medfører at Ft sine utgifter til avtalen har auka. Ein foreslår ei tilleggsløyving på 2,6 mill. kroner på post 11 relatert til denne avtalen.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til merknader under avsnitt 14.5.2.
d) Finansavisen som nytt annonseorgan
Samandrag
Finansavisen er vorten godkjent som annonseorgan for statsannonsane med verknad frå veke 4/97, og talet på Osloaviser som har rett til fellesannonsar er følgjeleg auka frå åtte til ni. Dette er rekna å medføre ein brutto auke i Ft sine utgifter i 1997 på om lag. 3,7 mill. kroner. Av dette vil venteleg 1,2 mill. kroner vere relatert til annonsar utover 240 anslag, som blir fakturert vidare til oppdragsgivar. Ein foreslår ei tilleggsløyving for Ft sin netto auke i annonseutgiftene på 2,5 mill. kroner post 11.
Totalt blir det ei tilleggsløyving på 18,6 mill. kroner, av dette 1,7 mill. kroner på post 01 og 16,9 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til merknader under avsnitt 14.5.2.
14.5.2 Oppsummering kap. 1522 post 11
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til økning av bevilgningen under kap. 1522 post 11 med 16,9 mill. kroner.
14.6 Kap. 1540 Statens Pensjonskasse
14.6.1 Post 01 Lønn og godtgjersle post 11 Varer og tenester
Samandrag
Talet på søknader om ventelønn vil venteleg auke kraftig ift. dei prognosar som opprinneleg låg til grunn for 1997, jf. omtalen under kap. 1545. Ein foreslår å tilføre Statens Pensjonskasse 6 nye og mellombels stillingar (fireårige heimlar) og ei tilleggsløyving på 2,5 mill. kroner til lønns- og driftsutgifter knytta til arbeidet med ventelønnsordninga. Av dette kjem 1,5 mill. kroner på post 01 og 1 mill. kroner på post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å tilføre 6 nye hjemler, jf. forslag til vedtak II, samt å tilleggsbevilge 1,5 mill. kroner under post 01 og 1 mill. kroner under post 11.
14.7 Kap. 1545 Ventelønn m.v.
14.6.1 Post 01 Lønn og godtgjersle
Samandrag
I 1996 og i starten av 1997 er det observert ein sterk auke i talet på ventelønnsmottakarar. Dette kan illustrerast ved følgjande tabell, se senere.
Talet på ventelønnsmottakarar vil venteleg passere 1.000 innan utgangen av april 1997, og ein må vente ein aukande tilgang utetter i 1997. Det er førebels utarbeida følgjande prognosar:
- | Telenor, 500-800 nye søknader |
- | Postverket, 180 nye søknader |
- | Kirke-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF), 100 nye søknader |
I tillegg kan det også ventast søknader om ventelønn frå fleire andre verksemder. På denne bakgrunnen vil det truleg vere ca 1.900 ventelønnsmottakarar pr. 31. desember 1997. Overslaget er usikkert.
Ein foreslår ei tilleggsløyving på 36 mill. kroner for å sikre finansiering av venta auke i ventelønnsutgiftene.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
14.8 Kap. 1550 Konkurransetilsynet
14.8.1 Post 11 Varer og tenester
Samandrag
Konkurransetilsynet har dårleg inneklima i sine kontor. Ein gjer framlegg om ein auke på 1,115 mill. kroner for å iverksetje Arbeidstilsynet sine krav i nødvendig handlingsplan. Forslaget må sjåast som ei omdisponering av løyving på kap. 2445 post 31, Statsbygg/vidareføring av bygg, jf. omtalen under kap. 2445 Statsbygg.
Tidspunkt | 01.01.95 | 01.01.96 | 01.09.96 | 01.01.97 |
Tal på ventelønnsmottakarar | 353 | 382 | 602 | 875 |
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye post 11 med 1,115 mill. kroner.
14.8.2 Overføring/endring av stillingsheimlar
Samandrag
Ein foreslår at to stillingsheimlar blir overført frå kap. 1550 Konkurransetilsynet til kap. 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet, jf. omtale under kap. 1500.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til merknad under avsnitt 14.2.2.1.
14.9 Kap. 2445 Statsbygg
14.9.1 Post 24 Driftsresultat
Samandrag
Driftsbudsjettet for Statsbygg for 1997 må endrast som ein følgje av auka husleigeinntekt og lågare renteutgifter. Følgjande oppstilling viser endringane:
Statsbygg sine auka husleigeinntekter blir motsvara av ein tilsvarande utgiftsauke for Statens hus i Steinkjer og Statens institutt for folkehelse. Endringane for kvar einskild institusjon går fram av følgjande tabell:
Beløpet for renter av statens kapital på Statsbygg sitt driftsbudsjett er justert pga lågare rentesats (frå 7,3 % til 6 pst), lågare faktiske investeringar i 1996 enn budsjettert og lågare budsjetterte investeringar i 1997 enn opprinneleg budsjettert.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til at det ikke er foreslått bevilgningsøkning under kap. 51 post 11, kap. 1618 post 11 eller kap. 2465 post 24.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til bevilgningsøkninger under følgende kapitler:
1.000 kr | ||||
---|---|---|---|---|
Under- | B.innst.S.nr.III | Endring ift | Revidert | |
post | Betegnelse | 19971 | B.innst.S.nr.III | 1997 |
24.1 | Driftsinntekter | -1.884.918 | -7.120 | -1.892.038 |
24.2 | Driftsutgifter | 658.536 | 0 | 658.536 |
24.3 | Avskrivingar | 80.000 | 0 | 80.000 |
24.4 | Renter av statens kapital | 139.237 | -16.875 | 122.362 |
24.5 | Til investeringsformål | 997.145 | 7.120 | 1.004.265 |
24.6 | Til reguleringsfond | 0 | 16.875 | 16.875 |
Post 24 | Driftsresultat | 0 | 127 | 3.985 |
1 | Tala i kolonnen B.innst.S.nr.III 1997 er korrigert for ein inkurie som har tyding for underpostane 24.1 og 24.5 forutan kap. 5445 post 39. Dette kjem av at auka driftsinntekter knytt til husleige frå institusjonane Statens senter for epilepsi og Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri vart lagt inn i driftsbudsjettet i St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997), medan det allereie var tatt omsyn til desse husleigeinntektene i St.prp. nr. 1 (1996-1997). |
kroner | |
Etat og kapittel | Endring |
Riksrevisjonen, kap. 51 post 11 | 94.000 |
Statens utdanningskontor, kap. 203 post 11 | 112.000 |
Kriminalomsorg i fridom, kap. 435 post 11 | 237.000 |
Politi- og lensmannsetaten, kap. 440 post 11 | 1.306.000 |
Direktoratet for sivilt beredskap, kap. 481 post 11 | 47.000 |
Arbeidstilsynet, kap. 530 post 11 | 32.000 |
Arbeidsmarknadsetaten, kap. 590 post 11 | 686.000 |
Statens institutt for folkehelse, kap. 710 post 11 | 2.400.000 |
Forbrukerrådet, kap. 860 post 11 | 53.000 |
Fylkesmannens landbruksavdeling, kap. 1102 post 11 | 319.000 |
Jordskifteverket, kap. 1145 post 11 | 36.000 |
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, kap. 1146 post 11 | 130.000 |
Miljøvernavdelingen ved fylkesmannsembeta, kap. 1406 post 11 | 474.000 |
Fylkesmannsembeta, kap. 1510 post 11 | 759.000 |
Toll- og avgiftsdirektoratet, kap. 1610 post 11 | 74.000 |
Skattefutane, kap. 1615 post 11 | 72.000 |
Skattedirektoratet, kap. 1618 post 11 | 257.000 |
Statens kartverk, kap. 2465 | 32.000 |
Sum | 4.123 |
kroner | |
Etat og kapittel | Endring |
Statens utdanningskontor, kap. 203 post 11 | 112.000 |
Kriminalomsorg i fridom, kap. 435 post 11 | 237.000 |
Arbeidstilsynet, kap. 530 post 11 | 32.000 |
Arbeidsmarknadsetaten, kap. 590 post 11 | 686.000 |
Forbrukerrådet, kap. 860 post 11 | 53.000 |
Fylkesmannens landbruksavdeling, kap. 1102 post 11 | 319.000 |
kroner | ||
Etat og kapittel | Endring | Avsnitt |
Politi- og lensmannsetaten, kap. 440 post 11 | 1.306.000 | 5.7.3 |
Direktoratet for sivilt beredskap, kap. 481 post 11 | 47.000 | 5.17.1 |
Statens institutt for folkehelse, kap. 710 post 11 | 2.400.000 | 7.7.2 |
Jordskifteverket, kap. 1145 post 11 | 36.000 | 11.1 |
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, | ||
kap. 1146 post 11 | 130.000 | 11.1 |
Miljøvernavdelingen ved fylkesmannsembeta, | ||
kap. 1406 post 11 | 474.000 | 13.1.1 |
Fylkesmannsembeta, kap. 1510 post 11 | 759.000 | 14.4.3 |
Toll- og avgiftsdirektoratet, kap. 1610 post 11 | 74.000 | 15.5.1 |
Skattefutane, kap. 1615 post 11 | 72.000 | 15.6 |
Komiteen viser når det gjelder de øvrige kapitler til merknader under de enkelte avsnitt i samsvar med tabellen over:
14.9.2 Post 30 Igangsetjing av byggeprosjekt
Samandrag
I samband med ny hovudflyplass på Gardermoen i 1998, treng tollvesenet eit nytt bygg på flyplassen. Bygget er prosjektert med ei kostnadsramme på 47,7 mill. kroner. Byggestart vil vere i 1997, og det er naudsynt med ei startløyving på 8 mill. kroner for 1997.
Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
14.9.3 Post 31 Vidareføring av byggeprosjekt
Samandrag
Fiskeridepartementet skal flytte til Grubbegt. 1, jf. omtalen under kap. 1522 Statens forvaltningsteneste. I Administrasjonsdepartementets St.prp. nr. 1 (1995-1996) vart det presentert ei kostnadsramme på 29 mill. kroner for å pusse opp Grubbegt. 1. Nytt utgiftsoverslag medfører at kostnadsramma må aukast med 12 mill. kroner som ein treng som tilleggsløyving i 1997.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til merknad under avsnitt 14.9.4.
14.9.4 Faseforskyvingar
Samandrag
Faseforskyving for andre byggeprosjekt inneber at ein gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 31 med 32,6 mill. kroner. Forslaget medfører mellom anna ein omdisponering av 22,6 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 1510 Fylkesmannsembeta og kap. 1550 Konkurransetilsynet. Samla sett blir framlegget at løyvinga under post 31 Vidareføring av byggeprosjekt blir sett ned med 20,6 mill. kroner.
Komiteen sine merknader
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag om å nedsette kap. 2445 post 31 med 20,6 mill. kroner.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Stephen Bråthen fremmer følgende forslag:
Kap. 2445 | Statsbygg | ||
31 Videreføring av byggeprosjekter, | |||
nedsettes med | kr | 120.600.000 | |
fra kr 1.197.770.000 til kr 1.077.170.000 |
14.9.5 Statens hus i Bergen, orientering om auke av kostnadsramma
Samandrag
I Administrasjonsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (1996-1997) står Statens hus i Bergen oppført med eit kostnadsoverslag pr. 1. juli 1997 på 100 mill. kroner. I tillegg er det ført opp 12 mill. kroner til tomtekjøp. Som følgje av ei arealutviding på 1.852 m2, endra føresetnader og høgre prisstigning er kostnadsramma for prosjektet utvida med 32,8 mill. kroner til 132,8 mill. kroner pr. 15. januar 1997. I tillegg kjem kostnadene til tomtekjøp med 12 mill. kroner. Saka vil ikkje ha konsekvensar for løyvinga under kap. 2445 før i statsbudsjettet for 1999. Utviding av kostnadsramma vil ikkje få konsekvensar for leigetakarar som allereie har inngått leigeavtale i nybygget.
Komiteen sine merknader
Komiteen tar dette til etterretning.
14.9.6 Etterbruk av Fornebu, orientering om forslag til utvida romertallsfullmakt
Samandrag
I samband med stortingsbehandlinga av statsbudsjettet for 1997 vart det gitt særskilt fullmakt til sal av statens eigedomar på Fornebu. For å sikre handlefridomen, finn ein grunn til å presisere at fullmakta også gjeld bortfeste av eigedomar. Ein viser til utkast til romertallsvedtak om dette.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XXI.
14.10 Kap. 5445 Statsbygg
Samandrag
Kap. 5445 post 39 Avsetning til investeringsformål foreslås endra som følgje av ei tilsvarande endring av kap. 2445 Statsbygg underpost 24.5 Til investeringsformål korrigert for den inkurien som er omtalt i fotnoten til den reviderte oppstillinga av driftsbudsjettet.
Det skal vere samanheng mellom driftsbudsjettet og kap. 5445 post 39 som må aukast med 4,640 mill. kroner.
Komiteen sine merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 5445 post 39 med 4,640 mill. kroner.