Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

10. Fiskeridepartementet

10.1 Kap. 1000 Fiskeridepartementet

10.1.1 Spesialrådgjevarstilling

Samandrag

       Fiskeridepartementet har ein viktig funksjon som overordna departement i reguleringsspørsmål i den norske fiskeriforvaltninga. Ein må styrkje den juridiske kompetansen med særleg vekt på den juridiske overbygninga for ressursforvaltninga. Fiskeridepartementet treng ein jurist med solid erfaring og kompetanse og ein gjer framlegg om ein ny stillingsheimel for spesialrådgjevar. Lønnsmidlar for stillinga vil bli dekt innanfor budsjettramma.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til stillingshjemmel, jf. forslag til vedtak II.

10.2 Kap. 1020 Havforskingsinstituttet

10.2.1 Forskarstillingar ved Senter for havbruk

Samandrag

       Som ei oppfølging av St.meld. nr. 48 (1995-1996) Havbruk - en drivkraft i norsk kystnæring, er det i statsbudsjettet for 1997 sett av 5 mill. kroner til den auka innsatsen innan havbruksforsking. Midlane er forutsett nytta til å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga innan grunnleggjande lakseforsking og forsking på marine artar ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Ein må tilsetje forskarar innanfor dei fagdisiplinane som treng tilførsel av ekstra ressursar for å setje instituttet best mogeleg i stand til å følgje opp målsetnadene i stortingsmeldinga. Ein gjer på dette grunnlaget framlegg om å opprette 10 faste forskarstillingar under kap. 1020 Havforskingsinstituttet. Stillingane vil vere knytt til Senter for havbruk ved Havforskingsinstituttet. Lønns- og driftsmidlar for stillingane vil bli dekt av dei nemnde 5 mill. kronene.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om opprettelse av 10 faste forskerstillinger, jf. forslag til vedtak II.

10.2.2 Post 01 Lønn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester - Omdisponering av innsparte midlar frå kap. 1021 Drift av forskingsfartøya

Samandrag

       Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 2,5 mill. kroner under kap. 1020 Havforskingsinstituttet mot tilsvarande reduksjon under kap. 1021 Drift av forskingsfartøya. Summen blir fordelt med kroner 1.450.000 på post 01 og kroner 1.050.000 på post 11. Midlane vil dekkje lønn og driftsmidlar for engasjert personale ved Ressurssenteret ved Havforskiningsinstituttet. Dei vidare konsekvensane av omdisponeringa vil bli teke opp i Fiskeridepartementets St.prp. nr. 1 for budsjetterminen (1997-98).

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 1020 post 01 og 11.

       Komiteen viser når det gjelder kap. 1021 til merknader under avsnitt 10.3.

10.3 Kap. 1021 Drift av forskingsfartøya

10.3.1 Post 01 Lønn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester - Omdisponering av innsparte midlar ved utleige av G.M Dannevig

Samandrag

       Drifta av forskingsfartøyet G.M Dannevig vil frå og med 1997 bli finansiert med statlege midlar og prosjektinntekter, men også med leigeinntekter frå andre institusjonar. Utleige av G.M Dannevig vil føre til innsparing av driftsmidlar under kap. 1021 Drift av forskingsfartøya. Fiskeridepartementet har lagt til grunn at innsparte midlar skal nyttast til ei styrking av ressursforskinga ved Havforskingsinstituttet.

       Ein gjer på dette grunnlaget framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill. kroner under kap. 1021 mot tilsvarande auke under kap. 1020 for å styrkje ressursforskinga ved Havforskingsinstituttet. Reduksjonen er fordelt med 1.500.000 kroner på post 01 og 1.000.000 kroner på post 11.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 1021 post 01 og 11.

10.4 Kap. 1064 Hamnetenesta

10.4.1 Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg

Samandrag

       Stikkordet « kan nyttast under kap. 1064 post 30 og 33 » vart ikkje ført opp ved post 60 under kap. 1064 Hamnestenesta i St.prp. nr. 1 (1995-1996) for Fiskeridepartementet. Mindreforbruket på post 60 i 1996 på 7,456 mill. kroner vart derfor ikkje nytta til å dekkje tilsvarande meirforbruk under postane 30 og 33, men er ført over til budsjetterminen 1997. Vedtaket om tilgang til å omdisponere mellom postane er teke inn att i St.prp. nr. 1 (1996-1997). Ein gjer framlegg om at det overførte beløpet på 7,456 mill. kroner under kap. 1064 Hamnetenesta post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg blir trukke inn i 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag om å nedsette kap. 1064 post 60 med kr  7.456.000.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Venstre og Rød Valgallianse viser til merknader i budsjettet for 1997 ( B.innst.S.nr.I (1996-1997)) der det legges vekt på at det må skje en fornyelse av fiskeflåten og at fiskerihavnene må utbedres. Disse medlemmer går derfor mot den foreslåtte reduksjon i tilskottet til dette.

10.5 Kap. 1067 Drift av trafikksentralar og kap. 4067 Inntekter

10.5.1 Trafikksentral Oslofjorden

Samandrag

       Prosjektet Oslofjorden trafikksentral som blir prosjektert over kap. 1060 Kystadministrasjon post 45 Store nyinnkjøp, er forseinka i forhold til den opprinnelege framdriftsplanen. Sentralen vil vere klar for førebuande drift medio 1998. Den første driftstida vil vere ein innkøyringsfase fram til full operativ drift kan startast hausten 1998.

       Det er to hovudårsaker til at sentralen først kan setjast i drift eitt år seinare enn først planlagt. Elektrikarstreiken i 1996 førte aleine til eit tidstap på 2-3 månader. Kystverket måtte også gjennomføre ein meir omfattande tilbodsprosedyre enn det ein opprinneleg la til grunn. Resultatet av ei ny vurdering vart at Kystverket måtte utarbeide ei meir utfyllande tilbodsinnbyding etter reglane for offentlege innkjøp og EØS-avtalen, samtidig som tilbodsfristane i kjøpsprosessen vart lenger enn det Kystverket hadde lagt til grunn.

       Kystverket har no overteke ansvaret for bygningsmassen i medhald av den inngåtte kontrakten med Statsbygg om bruk av lokalitetane i det nye senteret i Horten. Losoldermannen er flytta inn med tilhøyrande stab, og opplæringsrom med meir er teke i bruk. Arealet til sjølve trafikksentralen vil stå tomt inntil monteringa blir starta ved årsskiftet 1997-98. Tekniske innretningar som er etablerte langs fjorden og som er eit ledd i trafikkovervakingssystemet, vil medføre driftsutgifter i heile 1997. Tilsetjing av personell vil starte i andre halvår av 1997 med tilsetjing av to trafikkleiarar. Den eine av desse skal fungere som operativ leiar medan den andre skal ha ansvaret for teknisk vedlikehald.

       I statsbudsjettet for 1997 er det innarbeidd driftsmidlar på til saman 10.630.000 kroner under kap. 1067 Drift av trafikksentralar postane 01 og 11 for trafikksentralen for Oslofjorden. Dette gjeld 12 trafikkleiarar. Som følgje av at trafikksentralen ligg etter det opprinnelege tidsskjemaet vil ein ikkje trenge driftsmidlar i det omfanget det vart lagt opp til i St.prp. nr. 1 (1996-1997) for Fiskeridepartementet. Oppsettet nedanfor viser kva ein no reknar med av driftsutgifter i 1997:

Lønnsmidlar 250.000 kroner *
Husleige 2.500.000 kroner  
El-kraft 100.000 kroner  
Drift av uteanlegg 300.000 kroner **
Diverse driftsutgifter 100.000 kroner
Sum 3.250.000 kroner
* Gjeld lønnskostnader for operativ leiar pluss ein person i 4 mnd. i 1997.
** Gjeld driftskostnader for 6 radarstasjonar (straum, ventilasjonsanlegg m.m.).

       Dei budsjetterte inntektene på 10.630.000 kroner frå tryggleiksavgift vil derfor heller ikkje bli realiserte i 1997. Dette fører til at det ikkje vil bli det forholdet mellom inntekter og utgifter for trafikksentralen som Stortinget har vedteke ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997.

       Som ein følgje av dei forseinkingane som har oppstått gjer ein framlegg om at løyvinga under kap. 1067 Drift av trafikksentralar blir redusert med 5,4 mill. kroner på post 01 og 2 mill. kroner på post 11.

       Det blir vidare gjort framlegg om at løyvinga under kap. 4067 Inntekter post 04 Tryggleiksavgift trafikksentral Oslofjorden, blir redusert til 0.

       Fiskeridepartementet vil prøve å avgrense perioden med driftsutgifter som overstig inntektene frå tryggleiksavgifta.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 1067 post 01 og 11. Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om at kap. 4067 post 04 nedsettes med 10,63 mill. kroner.

10.6 Kap. 4070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel

10.6.1 Ny post 03 Inntekter avhending Decca

Samandrag

       Navigasjonssystemet Decca er avvikla med verknad frå og med 1997. Forsvarets tele- og datateneste vil i samband med denne avviklinga avhende ein del utstyr og eigedomar som har tilhøyrt Decca stasjonane. Omfanget av desse inntektene må reknast som usikkert.

       Forsvarets tele- og datateneste har ingen inntektspost som passar for inntektsføring av dei omtalte inntektene. Ein gjer framlegg om at det blir oppretta ein ny inntektspost under kap. 4070 Inntekter, med løyve til å postere inntekter frå avhending av utstyr og eigedomar frå Decca Posten vil få namnet 03 Inntekter avhending Decca og løyvinga er foreslått sett til 10.000 kroner i 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge kr  10.000 under ny post 03.

10.7 Fiskebåtfinansiering

Samandrag

       På bakgrunn av og Stortinget sitt vedtak om å integrere Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktutviklingsfond (SND), er det vedteke at også fiskeflåten skal få tilgang på dei distriktsretta investeringstilskotsordningane under SND frå 1. juli 1997, jf. Ot.prp.nr.15 (1996-1997) og Innst.S.nr.29 (1996-1997).

       Det framgår av Ot.prp.nr.15 (1996-1997) at ei slik løysing reiser ein del spørsmål om styringa av kapasiteten i fiskeflåten, rutinar for sakshandsaming med meir. I odelstingsproposisjonen er det lagt vekt på at ein ved bruk av økonomiske verkemiddel til fornying skal unngå at kapasiteten i fiskeflåten aukar. Dette er ein vanskeleg balansegang sidan nye fartøy normalt vil vere meir effektive enn dei som blir skifta ut. Det framgår også av Ot.prp. nr. 15 at all støtte til fysiske investeringar (nybygging og ombygging) først må ha fått kontraheringstilskot for å kunne få tilgang på distriktsretta investeringstilskot.

       Det spesielle med fiskeflåten i forhold til andre næringar er at fartøya er mobile og at flåten konkurrerer om ein avgrensa naturressurs. Ei opning for fiskeflåten reiser derfor ein del spørsmål med omsyn til innretninga av tilskotsmidlane i forhold til den nasjonale styringa av kapasiteten, i forhold til styringa av strukturen og ikkje minst i forhold til den regionale fordelinga av tilskotsmidlane.

       Det er både eit distrikts- og fiskeripolitisk hovudmål å medverke til å halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Fiskerinæringa er grunnlaget for busetnaden i ein stor del av våre kystdistrikt. Korleis ein utformar bruken av økonomiske verkemiddel i forhold til fiskeflåten har derfor distriktspolitiske konsekvensar. Ein finn det riktig å leggje til grunn Kommunal- og arbeidsdepartementet sine forskrifter og rundskriv av 24. mars 1995 om SND og fylkeskommunane si forvaltning av bedriftsretta distriktspolitiske verkemiddel. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil innan kort tid starte arbeidet med å gjennomgå regelverket for forvaltninga av dei distriktsretta verkemidla, herunder verkeområdet for ordninga. Når ein utformar regelverket vil det bli teke omsyn til at flåten er blitt ein integrert del av verkemiddelapparatet i SND og hos fylkeskommunane.

       Styringa av strukturen i fiskeflåten blir utøvd blant anna gjennom konsesjonstildeling og kvotereguleringar, og dessutan gjennom bruk av offentlege tilskotsordningar. Målsetnaden med bruk av offentlege tilskot må vere å fremme ein formålstenleg flåtestruktur der utsiktene for lønnsam drift er til stades.

       Det er framleis overkapasitet innan delar av den norske fiskeflåten. Årsaka til dette er blant anna bruk av subsidiar og den teknologiske utviklinga som har funne stad. Det blir ei utfordring framover å leggje til rette for bruk av distriktsretta investeringstilskot utan at dette fører til kapasitetsoppbygging innanfor delar av fiskeflåten. Ein meiner at det beste verkemidlet for fiskeripolitisk styring er at det blir stilt som vilkår for eventuell innvilging av distriktsretta investeringstilskot at prosjektet først har fått innvilga kontraheringstilskot.

       Ein vurderer at ein unntaksvis, og berre ved heilt spesielle høve, kan gi distriktsretta investeringstilskot til kjøp av brukte fiskefartøy. I slike tilfelle vil det ikkje vere kopling mellom kontraheringstilskot og distriktsretta investeringstilskot. Slike unntak er nødvendige for å kunne sikre medverknad til oppbygging av ein bestemt flåtestruktur i enkelte særleg fiskeriavhengige og næringssvake regionar. Dette vil kun bli gjort i dei tilfella der det dreiar seg om prosjekt som blir vurderte som formålstenlege av drifts- og distriktsmessige omsyn.

       Ein legg til grunn at styringa av strukturen og den regionale utviklinga skal skje gjennom dei overordna fiskeripolitiske retningslinjene frå Fiskeridepartementet for verkemiddelbruken i forhold til fiskeri- og havbruksnæringa forvalta av SND, fylkeskommunane og kommunane. Dette vil danne utgangspunktet for dei prioriteringane SND gjer mellom låne- og tilskotssaker i fiskerinæringa.

       Fiskeridepartementet utnemnde 6. mars 1997 medlemar og varamedlemar til 2 rådgjevande utval for handsaming av flåtesaker. Desse er knytte til SND-kontora i Bergen og Ålesund. I Nordland og Troms er det inngått avtalar med fylkeskommunane om eigne distriktskontor for SND. SND-styra i Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark vil derfor bli utvida med 2 flåterepresentantar. Valet av representantar frå flåtesida blir basert på forslag frå Norges Fiskarlag.

Komiteen sine merknader

       Komiteen tar dette til orientering.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, viser til sine respektive merknader og forslag under avsnitt 18.52 kap. 2415 SND, fiskeri- og regionalpolitiske tiltak.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader og forslag under avsnitt 18.51 kap. 2414 Statens Fiskarbank.