Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Innleiing

1.1 Samandrag

       Samstundes med denne proposisjonen blir St.prp. nr. 62 (1996-1997) « Om endringar i tollavgifter som følgje av resultatet av forhandlingene i Verdens handelsorganisasjon (WTO) om liberalisering av handel med informasjonsteknologiprodukter » lagt fram. Forslaga der innebær lågare avgiftsinntekter på statsbudsjettet. Dette er teke med i hovudtala i tabellane nedanfor.

       Ei hovudretningsline for Regjeringa ved gjennomføringa av det økonomiske opplegget for 1997 er at tilleggsløyvingar gjennom året skal dekkjast inn ved reduksjonar i andre utgiftsposter. I tillegg har Regjeringa lagt til grunn at endringar i overslag for oljeverksemda, skatte- og avgiftsinntekter, netto renteinntekter og dagpengar til arbeidsledige skal gi endra budsjettoverskot.

       Regjeringa har i 1997 lagt vekt på å avgrense omfanget av tilleggsløyvingar. Regjeringa foreslår derfor i denne proposisjonen å dekkje inn tidlegare forslag og nye forslag til tilleggsløyvingar på til saman 1.021 mill. kroner. Dei viktigaste områda der det blir gjort framlegg om auka løyving er politietaten, grunnskolereformen, statlege sjukehus, støtte til skipsbygging, sjukepengar, helsevern og arbeidsmarknadstiltak. Ei integrering av ordninga med bustønad under Sosial- og heldedepartementet i ei tilsvarande ordning under Kommunal- og arbeidsdepartementet gir ei netto innsparing i 1997 på grunn av ulike utbetalingstidspunkt for dei to stønadsordningane. Regjeringa foreslår ein del innsparingar under nokre departement for å dekke inn dei auka utgiftene. I tillegg er det lagt fram forslag om auka inntekter under nokre departement for å dekkje tilsvarende utgiftsaukingar på til saman 50 mill. kroner. Utover slike inndekningar blir det fremma forslag om auka produksjonsavgift på elektrisk kraft i 2. halvår 1997. Det er rekna å gi 250 mill. kroner i auka inntekter. Reserven for tilleggsløyvingar i løpet av året blir ført opp med ein reduksjon på vel 0,7 mrd. kroner.

       Det vart i 1996 innbetalt 200 mill. kroner for mykje i renter frå Statkraft SF i statsrekneskapen. Tilbakebetaling av disse midlane til Statskraft SF inklusiv rentegodtgjering vil ein ikkje foreslå å dekkje inn. Regjeringa foreslår heller ikkje å dekkje inn tre løyvingar på til saman knapt 400 mill. kroner på område der det kjem auka avgiftsinnbetaling. Løyvingane gjeld refusjon av auka meirverdiavgift på til saman 120 mill. kroner for Jernbaneverket på grunn av omorganisering av verksemda og auka refusjon av innbetalt dokumentavgift til kraftverk på 273 mill. kroner.

       Forslag i tidlegare proposisjonar og framlegg om løyvingar i denne proposisjonen gir netto 125 mill. kroner i auka inntekter, utanom den ovannemnde auken i inntekter på i alt 50 mill. kroner som direkte heng saman med auka utgifter under departementa. Inntektene blir reduserte med 98 mill. kroner som følgje av at den statlege garantien for innskot i Postbanken fall bort frå 1. januar 1997. Det blir ein inntektsreduksjon på omlag 35 mill. kroner som følgje av St.prp. nr. 62 (1996-1997) om redusert toll på informasjonsteknologiprodukter. Den største inntektsauken kjem av forslaget om auka aksjeutbytte frå Norsk Hydro på 140 mill. kroner.

       Ei ny vurdering av overslagsløyvingar på budsjettet har i tillegg gitt grunnlag for å styrke balansen i budsjettet med 2,6 mrd. kroner. I hovudsak gjeld dette auka skatte- og avgiftsinntekter frå fastlandsøkonomien på samla 1,9 mrd. kroner. Netto renteinntekter ventar ein vil auke med 0,3 mrd. kroner. Reduserte overslag på dagpengar til arbeidsledige gir ei betring i budsjettbalansen på 0,4 mrd. kroner.

       Det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet blir no rekna til 21,4 mrd. kroner. Det er 2,5 mrd. kroner lågare enn eit overslag basert på vedteke budsjett. Netto kontantstraum frå oljeverksemda blir no rekna til 78,7 mrd. kroner. Det er ein auke på 1,0 mrd. kroner sidan vedteke budsjett.

       Sidan det er føresetnaden at statsbudsjettet skal gjerast opp i balanse så lenge det er midler i petroleumsfondet vil statskassen berre ha eit finansieringsbehov for å dekke statens netto utlån. Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet blir no rekna til 37,3 mrd. kroner, medan netto finansieringsbehov når ein trekkje frå gjeldsavdrag på lån som er tekne opp tidlegare, kan setjast til 10,1 mrd. kroner. Dette er 1,7 mrd. kroner lågare enn i det vedtekne budsjettet. Det kjem i hovudsak av reduserte overslag for utlån til statsbankane.

1.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Signe Øye, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Arne Alsåker Spilde, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord og representanten Stephen Bråthen, viser til at forslag framsatt i B.innst.S.nr.IV, som er avgitt samtidig med denne innstilling, er ført under komiteens tilrådning, pkt. 20, eller forslag fra mindretall, pkt. 19 i denne innstilling.

       Det gjøres spesielt oppmerksom på at bevilgningsforslagene i denne innstilling, både fra flertall og mindretall, fremmes i forhold til tidligere bevilgede beløp.

       Komiteen viser for øvrig til merknader under de enkelte avsnitt i denne innstilling.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til at Rød Valgallianse i oktober 1996 la fram en samla beskrivelse av sine forslag til endringer i årets statsbudsjett i finansninstillinga. Dette var forslag om skattelettelser for de som har lave pensjoner og lave og middels lønnsinntekter og vesentlig skatteskjerping for de som har svært høye lønnsinntekter og de som har kapitalinntekt. Disse forslagene om store økninger i statens og kommunenes inntekter ga både rom for forslag om vesentlig økning i kommunenes tjenesteyting og forslag om fjerning av den særskatten på alder- og uførhet som går under navnet egenandeler for heimebaserte tjenester. Rød Valgallianse foreslo også å redusere oljeutvinninga med 30 % og gikk imot å plassere statsformuen i et utenlands oljefond.

       Dette medlem ser ingen grunn til å gjenta disse og andre av sine egne budsjettforslag i denne innstillinga. Dette medlem har her begrensa seg til å fremme noen ytterst få forslag sjøl og gir dessuten støtte til forslag og merknader fra andre partier som peker i den retninga som Rød Valgallianse ønsker at budsjettet skal endres.

1.3 Fordeling av lågere løyvingar som vart vedtekne ved salderinga av budsjettet for 1997

1.3.1 Innleiing

Samandrag

       Da Stortinget salderte budsjettet for 1997 vart det vedteke tre reduksjonar som førebels vart innarbeidd på kap. 2309 Tilfeldige utgifter:

- Reduksjon på 10 mill. kroner fordi Stortinget vedtok at det ikkje skulle opprettast 23 nye stillingar i samband med endringane i departementsstrukturen.
- Generell reduksjon på 239,9 mill. kroner i løyvingane til statlege verksemder.
- Reduksjon på 50 mill. kroner under Utanriksdepartementet.

       Alt i alt vart kap. 2309 førebels sett ned med 299,9 mill. kroner under salderinga. Som det går fram av omtalen nedanfor, har ein no i all hovudsak gjennomført dei reduksjonane Stortinget vedtok. Kap. 2309 Tilfeldige utgifter er derfor sett opp med 299,305 mill. kroner som følgje av desse justeringane. Ei detaljert oversikt over fordelinga av desse endringane er gitt i tabellen i tabellvedlegget.

       Reduserte avsetningar for tilleggsløyvingar som blir foreslått i proposisjonen er omtala i kap. 2 og ikkje teke med i omtala nedanfor.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til merknader under avsnitt 1.3.2, 1.3.3 og 1.3.4.

1.3.2 Reduksjon knytta til stillingar

Samandrag

       Ved salderinga vart det gjort slike vedtak, jf. B.innst.S.nr.II (1996-1997), romertalsvedtak LV:

« 1. Stortinget samtykker i at det gjennomføres en reduksjon i lønns- og driftsbevilgningene under Planleggings- og samordningsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet på 10 mill. kroner som følge av at det ikke foreslås opprettet 23 nye stillinger under disse departementene. Reduksjonen gjennomføres ved at den i første omgang tas på kap. 2309 Tilfeldige utgifter og fordeles på kapitler og poster ved fremleggelsen av Revidert nasjonalbudsjett 1997. Kap. 2309 økes da igjen tilsvarende. »
« 2. Stortinget samtykker i at det kan omdisponeres inntil 23 stillingshjemler mellom departementene og inntil 9,6 mill. kroner i tilhørende lønns- og driftsmidler i 1997, samt nødvendig omgjøring av stillingshjemler som følge av departementsendringene. »

       For å sikre dei nye departementa dei nye stillingane som var nødvendige, er Stortinget sine vedtak gjennomførte ved at inndekkinga av meirutgifter og reduksjonen i talet på stillingar er fordelt pro rata mellom departementa etter talet på stillingar pr 31. desember 1996 slik dei er førte opp i St.prp. nr. 1(1996-1997). Tabell 1.3 viser korleis stillingane er omfordelte og korleis reduksjonen i løyvingane er gjennomført.

Tabell 1.3 Omfordeling av stillingar og løyvingsreduksjonar fordelte på departement

  Om- Løyvingsreduksjonar
  for- av stillingar i
Departement deling 1.000 kroner
Utanriksdepartementet -3 -1.305
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet -2 -870
Kulturdepartementet -1 -435
Justisdepartementet -2 -870
Kommunal- og arbeidsdepartementet -2 -870
Sosial- og helsedepartementet -2 -870
Barne- og familiedepartementet -1 -435
Næringsdepartementet 8 -435
Fiskeridepartementet -1 -435
Landbruksdepartementet -1 -435
Samferdselsdepartementet -1 -435
Miljøverndepartementet -1 -435
Planleggings- og samordningsdepartementet 9 -435
Finans- og tolldepartementet -2 -870
Forsvarsdepartementet -1 -435
Olje- og energidepartementet 3 -435
Sum 0 -10.005


Tabell 1.4 Generell reduksjon i løyvingane til statlege verksemder. Mill. kroner.

Departement Løyvingsreduksjonar
Utanriksdepartementet 8,9
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 14,4
Kulturdepartementet 4,3
Justisdepartementet 25,7
Kommunal- og arbeidsdepartementet 16,6
Sosial- og helsedepartementet 4,6
Barne- og familiedepartementet 1,5
Næringsdepartementet 3,5
Fiskeridepartementet 6,5
Landbruksdepartementet 5,1
Samferdselsdepartementet 10,9
Miljøverndepartementet 5,4
Planleggings- og samordningsdepartementet 6,6
Finans- og tolldepartementet 28,0
Forsvarsdepartementet 94,4
Olje- og energidepartementet 2,9
Sum 239,3
Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader i B.innst.S.nr.II (1996-1997) og tar dette til etterretning.

1.3.3 Allmen reduksjon i løyvingane til statlege verksemder

Samandrag

       Under behandlinga av B.innst.S.nr.II (1996-1997) gjorde Stortinget dette vedtaket:

       « Stortinget samtykker i at det gjennomføres en generell reduksjon i bevilgningene til statlige virksomheter på 239,9 mill. kroner slik det fremgår av B.innst.S.nr.II (1996-1997). Reduksjonen gjennomføres ved at den i første omgang tas på kap. 2309 Tilfeldige utgifter og fordeles på kapitler og poster ved fremleggelse av Revidert nasjonalbudsjett 1997. Kap. 2309 økes da igjen tilsvarende. »

       Vedtaket i Stortinget innebar ein reduksjon på 59 mill. kroner meir enn Regjeringa sitt framlegg i salderingsproposisjonen. Dette er fordelt på departementa i tråd med fordelinga i tabell 3.4 i proposisjonen.

       Som tabell 1.4 viser er det gjennomført reduksjonar i løyvingane til statlege verksemder på 239,3 mill. kroner. Resten av reduksjonen er teke på kap. 2309 Tilfeldige utgifter. Kap. 2309 er såleis auka med 239,3 mill. kroner som følgje av desse justeringane.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader i B.innst.S.nr.II (1996-1997) og tar dette til etterretning.

1.3.4 Reduksjon under Utanriksdepartementet

Samandrag

       Reduksjonen på 50 mill. kroner under Utanriksdepartementet er gjennomført som følgje av romartalsvedtak LVI i B.innst.S.nr.II (1996-1997). Også denne reduksjonen vart i salderinga gjennomført ved at ein i første omgang reduserte løyvinga på kap. 2309.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til de respektive fraksjoners merknader i B.innst.S.nr.II (1996-1997).

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet,Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar dette til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader og forslag under kap. 118 post 75 Prosjektsamarbeid overfor Øst-Europa under avsnitt 18.1.1.