Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner at den økonomiske rama for årets oppgjør bør aukast med 400 mill. kroner, slik at lønnsgapet mellom yrkesutøvarane i jordbruket og andre yrker vert mindre.
Desse medlemene meiner det er ei svakheit ved årets avtale at ein for stor del av avtalen vert teke ut over pris i forhold til det som vert teke over budsjett.
Fordelinga mellom prisuttak og varig budsjettstøtte har tradisjonelt vore 50-50. Resultatet av årets avtale er at staten tek på seg ein mindre del av ansvaret for landbrukspolitikken, og overlet ein større del til markedet og forbrukarane. Desse medlemene har merka seg at i årets avtale byggjer ein på tilnærma same fordelingsprofil mellom produksjonsnøytrale/og produksjonsavhengige verkemidlar.
Desse medlemene meiner at det er viktig at det i avtale samanheng vert nytta priser på produktene som ein har moglegheit for å ta ut i markedet. Ei avtale som er tufta på for høge produktpriser vil gjeva som resultat, dårlegare økonomi for jordbruket. Ei inntekt som berre vert bokført på papiret.
Desse medlemene aukar budsjettdelen med 400 mill. kroner. Dette gjev ein auka inntektsvekst frå 1996 til 1997 på kr 2.000 pr. årsverk, og ein auka vekst på avtaleårsbasis på ca kr 5.900.
Fordeling:
|
Arealtillegget vert auka med kroner 15 pr. da opp til 400 da. |
|
Forslaget kostar 47 mill. kroner, og ein føreset at halvparten av aukinga vert utbetalt i 1997. |
|
Arealtilskotet vert auka med kr 47 i alle soner for dei fyrste 100 da. |
|
Forslaget kostar 204 mill. kroner og ein føreset at halvparten av aukinga utbetales i 1997. |
|
Tilskot til norsk ull vert auka med kr 4. Dette kostar 23 mill. kroner. |
|
Forslag på å auke løyvinga til Landbrukets utviklingsfond med 50 mill. kroner. |
5. |
Bunnfradraget vert redusert med 1.000 kroner. |
|
Dette kostar 70 mill. kroner. Ein føreset at halvparten av reduksjonen vert teke ut ved utbetaling i 1997. |
|
Forslag på å auke dyretilskotet til høner med kr 4. Dette kostar 6 mill. kroner.
|
På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:
«I
Kap. 1150 |
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. |
|
50 Fondsavsetninger, |
|
forhøyes med |
kr |
27.000.000 |
|
fra kr 586.860.000 til kr 613.860.000 |
|
70 Markedsregulering, |
|
kan overføres, reduseres med |
kr |
6.400.000 |
|
fra kr 188.800.000 til kr 182.400.000 |
|
73 Pristilskudd, |
|
overslagsbevilgning, reduseres med |
kr |
58.700.000 |
|
fra kr 1.968.600.000 til kr 1.909.900.000 |
|
74 Direkte tilskudd, |
|
kan overføres, forhøyes med |
kr |
256.880.000 |
|
fra kr 6.413.079.000 til kr 6.669.959.000 |
|
76 Markedsordninger, |
|
overslagsbevilgning, reduseres med |
kr |
13.330.000 |
|
fra kr 892.650.000 til kr 879.320.000 |
|
77 Utviklingstiltak, |
|
kan overføres, forhøyes med |
kr |
12.150.000 |
|
fra kr 256.000.000 til kr 268.150.000 |
|
78 Velferdsordninger, |
|
kan overføres, forhøyes med |
kr |
7.400.000 |
|
fra kr 1.606.110.000 til kr 1.613.510.000 |
II.
Stortinget samtykker i at totalrammen for bruk av midler fra Landbrukets utviklingsfond, eksklusive administrasjonsutgifter, fastsettes til 880 mill kroner for 1998. Styret i Landbrukets utviklingsfond gis fullmakt til omdisponeringer innenfor rammen hvis behovet for midler til ulike tiltak utvikler seg annerledes. »