2. Komiteen sine merknader
2.1 Generelle merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Jan Otto Fredagsvik, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, syner til Stortinget sitt vedtak den 21. juni 1996 i samband med handsaming av Revidert budsjett:
« Stortinget ber Regjeringa i løpet av innevarende stortingsperiode legge fram en melding om SNDs virksomhet, hvor en bred evaluering foretas. » |
Regjeringa har lagt fram sitt forslag til evaluering i St.meld. nr. 51 (1996-1997) Om Statens nærings- og distriktsfond.
Meldinga byggjer m.a. på ein ekstern evaluering som er utført av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Rapporten følgjer ved som utrykt vedlegg til innstillinga.
Komiteen syner til rapporten « Fire gode år med SND? », der det vert understreka at SND har følgt opp dei måla som Stortinget har fastlagt ved bruk av statlege verkemiddel.
Komiteen har i handsaminga av meldinga frå Regjeringa hatt høyring med Nord-Trøndelag fylkeskommune, Sparebankforeninga, Norsk Investorforum, Rådet for offentlege kontraktar, Teknologibedriftenes Landsforbund, Teknologisk Institutt, Finansforbundet, Norsk Bedriftsforbund, Stiftelsen for samfunnsforsking (SNF), Handelens og Servicenæringas Hovedorganisasjon (HSH), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen (LO), og Nærings- og Handelsdepartementet.
2.2 Hovudmål
Komiteen vil syne til at i § 1 om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond av 3. juli 1992 nr. 97 er formålet:
« Statens nærings- og distriktsutviklingsfond har til formål å fremme en bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling både i distriktene og i landet for øvrig ved å : |
a) medverke til utbygging, modernisering og omstilling av, samt produktutvikling og nyetablering i norsk næringsliv i hele landet og |
b) fremme tiltak som vil gi varig og lønnsam sysselsetting i distrikter med særlege sysselsettingsvansker eller svakt utbygd næringsgrunnlag. » |
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samde om at formålsparagrafen gjev til kjenne det hovudmål som framleis må gjelde for SND. For heile verksemda til SND må det og leggjast til grunn at den skal fremje ei berekraftig utvikling. Fleirtalet er samd med Regjeringa i at ein må ha for auga att i samband med habilitetsspørsmålet at SND er pålagt frå Stortinget om å ta samfunnsmessige omsyn knytta til dei ulike verkemiddel. Fleirtalet ser det som viktig at Kredittilsynet difor vert tilsynsorgan for SND, for slik å ha ein uhilda part til å utøve habilitetskontrollen.
Fleirtalet vil syne til at då regjeringa Harlem Brundtland la fram Ot.prp. nr. 57 (1991-1992) Om lov om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, var det avgjerande at SND skulle fremje samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling både i distrikta og i landet elles. Stortingsfleirtalet frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet slutta seg til dette formålet, og at dette målet kunne nåast ved betre samordning og effektivisering av dåverande ulike institusjonar som hadde som oppgåve å formidle statleg verkemiddel mot næringslivet.
Fleirtalet har merka seg at Regjeringa meiner at SND framleis skal vere og utviklast som den mest sentrale institusjonen som utøver statens nærings- og distriktspolitikk. Arbeidet vidare må konsentrere seg om utbygginga av SNDs distriktsadministrasjon.
Fleirtalet vil understreke at det er viktig at SND og fylkeskommunane får forhandle om korleis desentraliseringa skal gjennomførast. Fleirtalet vil understreke at det er viktig at brukarane, næringslivet og dei som vil starte opp noko nytt, har ein stad å vende seg for informasjon, service og kunderåd. Slik kan sentrale verkemiddel kome ut til brukarane, og nærleiken vil styrke forståelsen og utvide bruksområda for statlege verkemiddel. SND må bidra til utvikling av gode nettverk mellom bedriftene og kompetanseoppbygging i disse.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil peike på kor viktig det vert å få utarbeidd strategiske næringspolitiske dokument i fylka som både understrekar utviklingstrekka og den enkelte region sine særpreg i næringsutvikling og som tek vare på busetnadsmønster der det også er arbeidstilbod for både kvinner og menn.
Fleirtalet vil peike på den viktige rolle som SND må spele for å ta vare på næringslive-, statlege og lokale styresmakter sine interesser. Her må kombinerast bedriftsøkonomiske vurderingar samman med dei samfunnsmessige måla som SND skal fremje. Fleirtalet vil peike på at i den distriktspolitiske samanhengen må det òg bli lagt stor vekt på den verdi som næringsutvikling har for busetnaden og sysselsettinga. Her kan ofte dei minste bedriftene ha stor samfunnsmessig verdi for distrikta.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner at det statlege verkemiddelapparatet må hjelpe til med å utvikle gode nettverk og medverke til kompetanseoppbygging i verksemdene. For å oppnå dette, trengs nærleik til verkemiddelapparatet og enkle prosedyrar for kontakt og sakshandsaming. Desse medlemene meiner difor at det er viktig å desentralisere SND sine verkemiddel til fylka, slik at desse kjem nærare verksemdene og kan verte brukt saman med fylkeskommunale verkemiddel.
Desse medlemene syner til at SNF sin rapport, « Fire gode år med SND » slår fast at SND har oppfylt dei måla Stortinget har sett. Desse medlemene deler ikkje dette synet, samstundes som desse medlemene finn det naudsynt å streke under at dei rammeføresetnadene SND vart tildelt gjennom vedtak i Stortinget ikkje var i samsvar med Senterpartiet sitt hovudsyn. Desse medlemene syner i denne samanhengen til Innst.O.nr.78(1991-1992). Desse medlemene vil òg slå fast at Senterpartiet vil gå imot at BU-midla skal leggjast inn under SND slik SNF-rapporten foreslår.
Desse medlemene er likevel nøgde med delar av meldinga, og vil særleg streke under bodskapen i meldinga om større satsing på kvinner, større grad av småbedriftsorienterte tiltak og industridesign. Dette må etter desse medlemene sitt syn presiserast nærare. Desse medlemene deler òg Regjeringa sitt syn på trongen for ei omorganisering av verksemda i eigenkapitaldivisjonen. Desse medlemene meiner den modellen Regjeringa legg opp til i meldinga ikkje i stor nok grad tek vare på dei habilitetshensyn som er naudsynte for at eigenkapitaldivisjonen kan fungere uavhengig av andre tilskots- og låneordningar i SND-systemet. Desse medlemene kjem nærare tilbake til dette under avsnittet om eigenkapitaldivisjonen.
Desse medlemene meiner at det må førast ein næringspolitikk som byggjer på den fordelen Norge har med rik tilgang til naturressursar. Målet om full sysselsetjing, sikring av norsk eigarskap og foredling av naturressursane der desse finst, må liggje i botnen av strukturen på næringspolitikken og SND sin verksemd. Desse medlemene meiner dette vil kunne medverke til å oppretthalde busetjinga i distrikta.
Desse medlemene meiner at det må arbeidast målmedvite for å auke verdiskapinga av naturressursane der desse finst, både gjennom kunnskap om marknaden og gjennom bruk av ny teknologi. Næringspolitikken må etter desse medlemene sitt syn særleg vere utforma for å ivareta behov og rammevilkår hos små- og mellomstore verksemder, då moglegheiten for vekst og sysselsetjing er størst i denne typen bedrifter. Desse medlemene vil streke under at tal frå Statistisk sentralbyrå frå 1995 syner at 96 % av verksemdene i Norge, som er registrerte med sysselsetjing innan privat sektor, hadde færre enn 20 tilsette. Dei offentlege verkemidla, som SND, skattesystemet og anna lovgjeving, må tilpassast dei små verksemdene i større grad enn no, og å oppretthalde lokalt eigarskap må være eit mål i styresmaktene sin bruk av verkemiddel.
Desse medlemene meiner at Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, etter at det vart oppretta frå 1. januar 1993, ikkje har vorte det distriktspolitiske og småbedriftsorienterte hjelpemiddel det var trong for, og at SND sin profil i næringspolitikken ikkje har vore i samsvar med Senterpartiet sine næringspolitiske mål. Det er mellom anna Senterpartiet si meining at fylka sine rammer i høve til risikolåneordninga og distriktsutviklingstilskottet har vore for små.
Desse medlemene syner vidare til at sysselsetjingseffekta av SND si verksemd ikkje har vore som venta. Tal frå Kommunaldepartementet syner at SND i 1995 medverka til å etablere 2.300 arbeidsplassar til ein gjennomsnittleg kostnad på 500.000 kroner pr. arbeidsplass, jf. St.prp. nr. 1(1996-1997). Desse medlemene vil peike på at forgjengaren, Distriktenes Utbyggingsfond, i åra 1986-91 medverka til å skape 70.000 arbeidsplassar til ein gjennomsnittleg kostnad på 100.000 kroner pr. plass, jf. St.prp. nr. 1 (1993-1994).
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet viser til brev til komiteen frå Kommunaldepartementet dagsett 11. juni 1997, der det vert orientert om at det ikkje let seg direkte samanlikne tall frå evalueringa av tidlegare Distriktenes Utbyggingsfond og dagens mange statlege verkemiddel som sikrar og opprettar nye arbeidsplassar.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet ynskjer framfor alt å vidareutvikle og styrkje den delen av SND som medverkar til næringsutvikling i distrikta, og som er innretta mot kvinnearbeidsplassar og små- og mellomstore verksemder. Desse medlemene meiner videre at små verksemder med høgt innslag av kvinnearbeidsplassar er særleg viktig for å sikre busetjinga i distrikta. Desse medlemene konstaterer at SND ikkje har prioritert dei små- og mellomstore verksemdene høgt nok, og at distriktsomsyn er tona ned til fordel for sterke profittomsyn i SND si eiga verksemd.
Desse medlemene syner til at SND i sine årsrapportar ikkje fortel om verksemda sine resultat når det gjeld arbeidsplassar på tross av at SND har som eitt av sine mål å medverka til vekst i sysselsetjinga. Desse medlemene syner til den evalueringa av SND sine distriktsretta verkemiddel som er utført av Nordlandsforskning og NIBR. Denne rapporten syner at medan verksemder med mindre enn 1 mill. kroner i omsetjing i 1989 fekk tre av ti støttekroner, fekk dei i 1994 berre to av ti. Rapporten syner òg at SND har satsa den statlege støtta i distrikta på verksemder med tryggare økonomi enn det Distriktenes utbyggingsfond gjorde. Desse medlemmene meiner difor at Stortinget må sjå til at SND i langt sterkare grad medverkar til å styrkja sysselsetjinga i distrikta og til å ta vare på busetjingsmønsteret. På denne bakgrunnen vil desse medlemene seie seg leie for at både distriktsutviklingstilskotet har vorte redusert sidan SND vart oppretta, samstundes som risikolåneordninga har vorte utvatna gjennom reduksjonar i tilhøyrande tapsfond frå 30 til 25 % Desse medlemene vil difor gå inn for å snu denne trenden. Desse medlemene ynskjer samstundes å auke dei løyvingane over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett der fylkeskommunane har løyvingsansvaret. Desse medlemene er ikkje samde i at distriktsutviklingstilskotet vert trappa ned og at dei to risikolåneordningane vert slått saman slik ein foreslår i SNF-rapporten.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at SNFs rapport 8/97 « Fire gode år med SND? » slår fast at SND vurderes å ha oppfylt de målene Stortinget har satt. Disse medlemmer deler dette syn, og peker på at mye av den kritikk som har fremkommet mot SND har unnlatt å ta utgangspunkt i de rammebetingelser SND var tildelt gjennom vedtak i Stortinget. Disse medlemmer viser i den forbindelse til det som var Høyres primære syn og Høyres merknader den gang rammebetingelsene ble utformet, jf. Innst.O.nr.78(1991-1992).
Disse medlemmer viser til at en av de viktigste intensjonene bak opprettelsen av SND var å få slått sammen ulike bedriftsrettede institusjoner og ordninger slik at kundene skulle ha ett sted å henvende seg. Denne intensjonen bør videreutvikles, og disse medlemmer støtter bl.a. SNFs forslag om sammenslåing av SND og BU.
Disse medlemmer peker på at en annen intensjon var ønsket om å drive offentlig næringsutvikling etter bedriftsøkonomisk tenkning. Disse medlemmer mener SND så langt i hovedsak har lykkes med dette, og er tilfreds med at SNF vurderer SND til å være en veldrevet og kompetent organisasjon. Disse medlemmer fremholder at målet med virkemidlene som formidles gjennom SND må være:
- | Å skape lønnsomme bedrifter som gir gode og varige arbeidsplasser. |
- | Å få mest mulig privat næringsliv ut av hver statlige krone. |
- | Å sikre at samfunnsøkonomiske prosjekter også blir bedriftsøkonomisk lønnsomme, ved bruk av virkemidler som tilskudd, garantier og risikolån. |
Disse medlemmer understreker at SND ikke skal gi varig subsidiering av bedrifter i form av tilskudd og rimelige lån.
Disse medlemmer er enig med SNF i at SNDs fokus bør dreies fra å skulle avhjelpe en situasjon med markedssvikt i kredittmarkedet, til å rette økt oppmerksomhet om markedssvikt i kompetansemarkedet. Disse medlemmer er videre enig i SNFs begrunnelse for dette som er:
1. | Kapitalmarkedene er blitt betydelig mer effektive i løpet av den tiden SND har eksistert. |
2. | Kapitalknappheten har forsvunnet. |
3. | Kompetansemarkedene er fortsatt meget ineffektive. |
4. | Kompetanse er blitt bedriftenes viktigste konkurransefortrinn. |
5. | Kompetansespredning gir ny økonomisk vekst. |
Disse medlemmer er videre enig med SNF-rapporten i at av de faser en bedrift går igjennom i sin utvikling, er det særlig i nyskapnings- og kommersialiseringsfasen offentlige virkemidler kan yte et viktig bidrag for å realisere gode prosjekter, jf. figuren under.
(* Figur utelatt *)
Figur 10.1 Ulike SND virkemidler i bedriftenes ulike utviklingsfaser
Disse medlemmer er enig i at nyskapning og kommersialisering er de vanskeligste fasene i bedriftens liv, og at SND bør konsentrere sine virkemidler til disse fasene. Her vil direkte tilskudd være det sterkeste virkemiddel, dernest kan « gjødsling » skje med ansvarlige lån, f.eks. såkornkapitalmodellen hvor 1 statlig krone utløser 1 privat krone. Disse medlemmer mener at virkemidler innrettet mot disse fasene av bedriftenes liv bør styrkes.
Disse medlemmer er enig med SNF-rapporten i at det vil være mindre behov for kapital fra SND til bedrifter som er i konsolideringsfasen. Grunnfinansieringsordningen er et virkemiddel som i første rekke knytter seg til konsolideringsfasen.
Disse medlemmer viser til at SNF-rapporten dokumenterer at tilskudd og risikolån er de hyppigst brukte virkemidlene i SNDs virkemiddelportefølje. Nærmere 90 % av antall tilsagn som gis innen SND-systemet gjelder bruken av disse to virkemidlene. Av dette står ulike former for tilskudd for det alt overveiende, i hele perioden.
Disse medlemmer er videre tilfreds med at når rammene for SNDs ulike virkemidler sees under ett, har de landsdekkende ordningene i perioden fått en mer sentral plass. Disse medlemmer understreker at dette ikke nødvendigvis betyr nedprioritering av næringsutvikling i perifere områder, da bedrifter i disse områdene også omfattes av landsdekkende ordninger.
Disse medlemmer er videre enig med SNF i at SND ikke skal være et sikkerhetsnett for enkeltbedrifter i krise.
Disse medlemmer støtter SNFs anbefaling om å skifte fokus fra markedssvikt i kredittmarkedet til markedssvikt i kompetansemarkedet. SNF anbefaler at SND inntar en mer « infrastrukturell » rolle gjennom å bidra til at det blir opprettet en enhet som fokuserer på formidlingsoppgaver og meglingsaktivitet mellom tilbydere og etterspørrere av kompetanseøkende tiltak. Det kan f.eks. utformes en egen delfinansieringsordning for utvikling av kunnskapsressurser. Disse medlemmer ser positivt på dette, og er enig med SNF i at dette ikke betyr at SND selv driver konsulentrettet virksomhet i konkurranse med eksisterende tilbud, men at SND henter/kjøper kompetansen der den finnes og påtar seg rollen som formidler av relevant tilbud til bedriftene.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til tidlegare merknader og forslag om korleis den statlege verkemiddelordninga for distrikta burde organiserast og utformast. Denne medlemen vil mellom anna vise til Innst.O.nr.78(1991-1992).
Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti sitt forslag om RUS. Dette skal vere eit regionalt utviklingsselskap, på fylkes- eller regionalt plan kor næringsaktørar på alle nivå kan kome og få hjelp til å skaffe seg oversikt til dei ulike verkemidla SND rår over. Vidare skal aktørane få naudsynt hjelp til å fremme sine prosjekt slik at dei kjem i ein posisjon for å søke om dei mest gagnlege verkemidla SND rår over. Etter denne medlemen si oppfatning skal også RUS gå inn i det einskilde prosjekt, gjerne som medeigar, for å sjå til at den nye verksemda kjem i gang på eit trygt økonomisk grunnlag. Når verksemda er i drift skal RUS eventuelt gå ut som eigar. Det må etter denne medlemen si meining vere eit fleirtal av politisk oppnemnde i styret for RUS. RUS skal eigast av den einskilde fylkeskommune som gjev retningslinene for drifta. Styret blir oppnemnd av fylkeskommunale politiske organ.
Det distriktspolitiske verkemiddelapparatet vi skal ha i dette landet må etter denne medlemen si meining vere villig til å ta stor risiko. Avsetningar til eventuelle tap må gjenspeile dette. Denne medlemen viser til at Sosialistisk Venstreparti i budsjettinnstillingar har gjort framlegg om å auke tapsprosenten på lån og garantiar frå SND. Det bør vurderast om ikkje tapsprosenten bør aukast ytterlegare for einskilde sektorar, geografiske regionar eller særskilde grupper av aktørar.
Denne medlemen vil særleg vise til dei uheldige verknadene av SND sitt arbeid innanfor primærnæringane og delar av norsk fastlandsindustri. Etter denne medlemen si oppfatning må føresetnaden for heile SND si verksemd vere at ein skaper ein god og sunn utvikling i distrikts-Noreg bygd på eit berekraftig miljø. Dette må særskild gjelde i høve til fornybare ressursar.
Denne medlemen vil vidare åtvare mot at SND får og tar på seg oppgåver som klart vil stri mot ein politikk som skal sikre busetjingsmønsteret og robuste distrikt. Denne medlemen vil i den samanheng understreke at målet må vere samfunnsøkonomisk lønsemd i brei forstand.
SND sin Egenkapitaldivisjon og dei øvrige sentralt oppbygde delane av verkemiddelapparatet må etter denne medlemen si oppfatning i langt større grad desentraliserast. Denne medlemen vil i denne samanhengen vise til Innst.S.nr.131(1996-1997) kor Sosialistisk Venstreparti fremjar framlegg om eit statleg omstillings- og strukturfond. Eit slikt fond må etter denne medlemen si oppfatning ha eit langt vidare perspektiv enn å gå inn i berre såkalla bedriftsøkonomiske gode prosjekt. Dette fondet må ha som viktigaste oppgåve å gå inn i verksemder kor det av ulike grunnar er trong for omstilling. Vidare inn i verksemder kor noverande eigarar trugar med utflagging eller nedlegging utan at det finst andre grunnar ein reint bedriftsøkonomiske årsaker til dette.
Denne medlemen vil gjere slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa gjere framlegg om eit statleg omstillings- og strukturfond til bruk ved høve kor arbeidsplassar, komptetanse, marknadsleveransar osv. står i fare. »
Denne medlemen viser til at norsk næringsliv står overfor store utfordringar i høve til forsking, utvikling og nyskaping. Ei ordning omtala som « Såkorn-fond » kan etter denne medlemen si meining vere formålstenleg. Etter denne medlemen si oppfatning må eit slikt fond ligge som ein del av det samla verkemiddelapparatet. Det må organiserast og byggast opp lokalt i samband med det lokale apparatet. For å nå optimal effekt også nasjonalt må det knyttast sterke band til det statlege omstillings- og strukturfondet Sosialistisk Venstreparti gjer framlegg om.
Komiteen sin medlem frå Kristeleg Folkeparti ser på det statlege verkemiddelapparatet som viktig for å medverke til utvikling av eit næringsliv som er verdiskapande, nyttar naturressursane på ein for naturen berekraftig måte og som er ein sentral medverkar for å nå målsettinga om å oppretthalde desentralisert busetnad i landet.
Denne medlemen legg stor vekt på at for å få dette til er det naudsynt med ein regionalisert SND-organisasjon der SND har eit nært samarbeid med fylkeskommunen og dei lokale finansinstitusjonane. Det er også svært viktig at det vert utvikla enkle prosedyrar for sakshandsaming, og at næringslivet har ein stad å vende seg til i kvart fylke der opplysningar og råd vert gjevne.
Denne medlemen har merka seg at SNF i sin rapport « Fire gode år med SND » meiner at verksemda til SND har oppfylt målsettinga ut frå det fleirtalet i Stortinget la til grunn. Denne medlemen er samd i at vurderingane av næringslivsdelen syner at den i stor grad har vorte oppfylt. Medan distriktsdelen som SND skal ivareta - effekten for distrikta - ikkje i like stor grad er målt og evaluert. Denne medlemen deler dessutan synspunkta i SNF sin rapport der det vert påpeika svikt i oppfølging av programmet for bedrifts- og kompetanseutvikling.
Denne medlemen syner til at Kristeleg Folkeparti ved ulike høve har reist kritikk mot SND desse 4 åra for m.a. at sakshandsaminga har vore for sentralisert og for at viljen til å ta risiko ikkje har vore stor nok. Kristeleg Folkeparti har vore usamd med dei krav til avkasting departementet har stilt i høve til delar av SND organisasjonen.
Denne medlemen meiner det er steg i rett lei når det no frå Regjeringa vert lagt opp til ei styrking av SND sin regionale organisasjon og at dei små verksemdene i sterkare grad skal få merksemd. Denne medlemen legg stor vekt på at organiseringa i høve til fylkeskommunane vert lagt opp etter forhandlingar mellom fylka og SND.
Denne medlemen føreset at fylka sine strategiske næringsplanar vert lagt til grunn i det arbeidet SND-kontora skal gjere i det einskilde fylke. Dette er viktig ut frå å få samsvar mellom dei målsettingar for næringsutvikling fylka har, og ut frå nærleik til næringsliv og lokale finansinstitusjonar.
Denne medlemen er nøgd med at meldinga vier merksemd til nettverksbygging og styrking av kvinnearbeidsplassar. Denne medlemen syner til merknader andre stader i innstillinga om desse områda.
Denne medlemen meiner at verkemiddelapparatet i sterkare grad må ta utgangspunkt i små og mellomstore verksemder, fordi dei utgjer ein sentral del av verdiskapinga i norsk næringsliv. Desse verksemdene er lokalisert over heile landet og er ofte familieverksemder.
Denne medlemen syner til at familieverksemdene representerer stabile, gode arbeidsplassar fordi eigarane har utvikla verksemdene ved stadig å skyte inn store delar av overskotet i verksemdene. Denne medlemen ser det som viktig at SND også har merksemda retta mot denne type verksemder, fordi tilgang på risikovillig kapital kan vere eit hinder for nysatsing, modernisering og investeringar i slike verksemder.
Denne medlemen vil peike på at i levetida for ei verksemd er det oppstartingstida og kommersialiseringsfasen som er vanskelegast å kome igjennom. Derfor må verkemiddelapparatet vere innretta slik at ein kan møte desse utfordringane på ein god måte. I den samanheng vil denne medlemen syne til såkornfondet der både private investorar og det offentlege medverkar.
Denne medlemen har merka seg at Regjeringa legg opp til omorganisering av eigenkapitaldivisjonen slik at den vert skild ut som ei eiga juridisk eining. Denne medlemen er samd i det og syner til merknader annan stad i innstillinga.
Denne medlemen legg stor vekt på at ordningane med forskings- og utviklingskontrakter vert vidareført og forbetra.
Denne medlemen syner til at Kristeleg Folkeparti ved fleire høve har understreka at ansvarlege lån i sterkare grad burde nyttast då det er ei ordning som er godt tilpassa dei små verksemdene. Dette vert også teke fram i rapporten frå SNF.
Denne medlemen syner til at grunnfinansieringa har vore omstridt, og at komitéfleirtalet i sin merknad i Innst.S.nr.189(1996-1997) la premiss for korleis den eventuelt skulle vidareførast. Denne medlemen legg til grunn for vidareføring av ei slik ordning at den vert lagt om i tråd med det fleirtalet gav uttrykk for i Innst.S.nr.189(1996-1997). Det er etter denne medlemen sitt syn ikkje noko mål at SND skal ta dei lån som det private/lokale bankvesen eller andre finansinstitusjonar kan gje til ein for næringslivet fornuftig pris. Denne medlemen meiner derfor at nivået på grunnfinansieringsordninga i SND må tilpassast konjunktursituasjonen og at det er ei form for « prøving » av marknadssvikt før SND går inn med grunnfinansieringslån.
Denne medlemen meiner det er viktig at SND finn fram til samarbeidssystem i høve til lokale finansinstitusjonar ved risikoavlasting ved deler av eit eventuelt lån. Denne medlemen meiner også at SND ikkje i ettertid skal justere eit tilbod i meir positiv lei om verksemda får eit betre tilbod frå anna hald.
Denne medlemen legg til grunn at SND i årsmeldingane gjev merknader til måten grunnfinansiering er nytta. Denne medlemen har merka seg at SNF peikar på merknadssvikt på grunnfinansieringssida for enkelte bransjar og område. Det er derfor viktig at slike område og bransjar - ofte med låg annanhandsverdi - kan få tilbod om grunnfinansiering frå SND. Denne medlemen ser som ein konsekvens av det ovanfor nemnde at grunnfinansiering frå SND vil ha 2. prioritet i ein del tilfelle. Denne medlemen vil med desse premiss støtte at grunnfinansieringa i SND held fram som lågrisikoordning ut frå vurdering av trongen for slik finansiering. Denne medlemen syner til at saman med lågrisikoordning, som vert omtala annan stad i innstillinga, vil ei grunnfinansiering for fiskeflåten og for spesielle tilfelle gje eit godt grunnlag for finansiering av næringsverksemd.
Denne medlemen syner elles til merknader under dei einskilde avsnitta i innstillinga.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til partiets merknader og forslag i Innst.O.nr.78(1991-1992) Om lov om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Dette medlem er enig i at sammenslåingen av de fire tidligere institusjonene Distriktenes utbyggingsfond, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet har resultert i en effektivisering av det offentlige virkemiddelapparat og en bedre oversikt for brukerne. Dette medlem har registrert at det likevel ikke har manglet kritikk av den politikerskapte konstruksjonen SND. Dette medlem mener det statlige virkemiddelapparat fortsatt har mange uheldige sider, og at kritikken må rettes mot de politiske partier som gjennom vedtak ønsket en videreføring av ovennevnte statlige støtteordninger. Dette medlem står fast ved Fremskrittspartiets primære syn om en avvikling av SND. Milliardbeløpene som sirkulerer i SND-systemet, bl.a. i form av tilskudd, lån, garantier og egenkapital kunne med fordel benyttes til å bedre skatte- og avgiftsbetingelsene rent generelt. Dette medlem vil minne om at næringsutviklingen i Norge først og fremst er et resultat av bedriftenes generelle rammevilkår. Mange virksomheter sliter med et for høyt kostnadsnivå. Denne situasjonen bedres ikke gjennom dagens statlige virkemiddelapparat. Det politiske flertalls ønske om å bevare distriktssamfunnene tilnærmet slik de er, medfører enorme offentlige overføringer ikke bare gjennom SND, men også gjennom inntektsoverføringer til kommuner, subsidier til landbruk, fiske og subsidierte kraftpriser m.v. Dette medlem vil i denne forbindelse vise til formuleringen i SNDs formålsparagraf om å fremme tiltak som vil gi « varig og lønnsom sysselsetting i distriktene ». Dette medlem mener det er uheldig at det offentlige skal spille en sentral rolle i næringsutviklingen gjennom politiske prosesser som kommer til erstatning for markedet. På denne måten kan ulønnsom virksomhet oppmuntres fremfor mer kostnadseffektive prosjekter som har større forutsetninger for å skape et lønnsomt næringsliv i distriktene. Videre gjør dagens kostbare distriktspolitikk det umulig å vinne gehør for Fremskrittspartiets forslag om nødvendige skatte- og avgiftslettelser for næringslivet.
Dette medlem vil hevde at utbyggingen av næringslivet og etablering av bedrifter må basere seg på reell lønnsomhet. Subsidierte lån og selektive støtteordninger m.v. gjennom et offentlig apparat er virkemidler som etter Fremskrittspartiets mening er uegnet for 90-årenes utfordringer i næringspolitikken. Bedrifter som ikke makter å reise egenkapital eller betjene renter og avdrag på lån i det ordinære lånemarkedet, vil sannsynligvis få problemer med å overleve på sikt. Dersom produktideer likevel er gode nok til å kunne utvikles til noe mer, må rammebetingelsene legges til rette fra myndighetenes side gjennom generelle virkemidler. Dagens høye nivå for subsidier og overføringer på kryss og tvers gjennom statsbudsjettet og samfunnet bidrar til å øke statens behov for skatteinntekter og derved til å svekke næringslivet fordi denne politikken er meget kostbar. Derfor mener dette medlem det er på høy tid å gjennomføre en radikal sanering av overføringsordningene, også de ordninger som vil hjelpe enkeltbedrifter på kort sikt. Dette medlem vil minne om at selv om Norge er et av verdens rikeste land målt i naturressurser, bevilges mer statsstøtte til egen industri enn i mange andre EØS-land. I den forbindelse vil dette medlem påpeke betydningen av å få synliggjort de samfunnsøkonomiske kostnadene av distriktspolitikken i statsbudsjettet og ikke som nå være innbakt i et stort antall budsjettposter.
Dette medlem vil understreke at Fremskrittspartiet er motstander av statlige banker og fond som kanaliserer risikokapital som i stor utstrekning er selektive, skattefinansierte garanti-, støtte- og låneordninger. I dagens avregulerte kredittmarked er det en oppgave for det private kapitalmarkedet og ikke statsinstitusjoner å foreta kredittformidling.
Dette medlem vil hevde at statlige finansieringsordninger kan virke til skade for konkurransen. Den statlige grunnfinansieringsordningen i SND konkurrerer i det ordinære kredittmarked med private kredittinstitusjoner om å yte kreditt. Forskjellen i rammevilkår, det direkte statlige engasjement og bredden i SNDs virkemidler utelukker konkurranse på like vilkår. Dette medlem mener derfor at den grunnfinansieringsordning som SND står for bør overtas av det ordinære kredittmarked.
Dette medlem registrerer at SNDs distriktsvirkemidler videreføres. Fremskrittspartiet har tidligere pekt på de uheldige sider ved distriktsordningene. Det finnes en rekke eksempler på at offentlig støtte til enkeltbedrifter har bidratt til at bedrifter som ikke får støtte og er lønnsomme, blir utkonkurrert, eller bedrifter flytter produksjonen til en annen kommune fordi man der får støtte. Dette medlem vil peke på det uheldige og de betydelige kostnader det medfører når bedriftene styres ut fra beliggenhet og politiske målsettinger.
Dette medlem mener det er viktig å oppnå større samsvar mellom mål og realiteter i distriktspolitikken. Da må ambisjonene for bevaringen av bosettingsmønsteret reduseres og det må i stedet settes opp målsettinger for næringsutvikling basert på lønnsomme bedrifter. Fremskrittspartiets distriktspolitikk vil oppmuntre til etablering av vekstsentra som kan gi ringvirkninger også for distriktene utenfor. En konsentrasjon av både bedriftsbeliggenhet, bosetting og arbeidsmarkeder er en forutsetning for at private virksomheter skal blomstre og bidra til utviklingen i distrikts-Norge. Dette medlem mener det offentlige styrings- og støtteapparat ikke representerer en fremtidsrettet næringsutvikling i distriktene og bør bygges ned. Dette medlem vil understreke nødvendigheten av å erstatte dagens statlige virkemidler med et mer næringsvennlig regelverk som gjør det mer attraktivt for finansinstitusjoner og private investorer å kanalisere kapital til bedriftene. Dette medlem vil hevde at det ikke eksisterer et kapitalproblem i Norge, men et kanaliseringsproblem. Aksjer, obligasjoner og bankinnskudd må ikke beskattes høyere i Norge enn i andre land, ellers uteblir risikoviljen og bedriftene, spesielt i distriktene, vil mangle kapital til vekst og utvikling. Dette medlem vil minne om at Fremskrittspartiet har fremmet en rekke forslag om reduserte skatter, avgifter, skjemavelde og om tiltakspakker for å bedre egenkapitaltilgangen til næringslivet.
2.3 Næringspolitiske mål
Komiteen er samd om at dei overordna måla i næringspolitikken bør vere:
- | at verdiskapinga i det fastlandsbaserte næringslivet må styrkast over heile landet |
- | samordne internasjonalt regelverk til beste for næringslivet sine konkurransevilkår |
- | styrke forsknings- og utviklingsinnsatsen i næringslivet |
- | utvikle IT-miljø |
Komiteen vil understreke at eit livskraftig næringsliv i alle delar av landet, må basere seg på ein effektiv utnytting av landets ressursar. Utviklinga i næringar eller bransjar må sjåast i eit nasjonalt perspektiv. Dei menneskelege ressursane får stadig større betydning for verdiskapinga og konkurranseevna i næringslivet nasjonalt som internasjonalt. Statlege verkemiddel er berre ein del av det som har stor betydning for næringspolitikken.
Komiteen vil syne til at Regjeringa varslar at dei vil fremje ei næringspolitisk melding til hausten. Komiteen ønskjer i det høvet å peike på kor viktig det er å ha ein godt utbygt infrastruktur i samferdsle og fysiske installasjonar for å bygge opp IT-miljø. Vidare er det viktig med forsking og utvikling, utdanning og kompetanseheving, og utforming av skatte-og avgiftspolitikken, arbeidsmarknadspolitikken, lover og reglar mellom anna.
Komiteen vil peike på at konkurransen i dag krev at næringslivet meistrar kravet til effektivitet, internasjonalisering og samstundes må vere mellom dei beste i verda.
Ved å bruke auka midlar til næringlivsforsking og forsking og utviklingskontraktar vil dette gje bidrag til teknologiske nyvinningar og nye produkt. Gjennom samarbeid med krevjande kundar og næringslivet vil dette kunne skape ei lønnsam utvikling.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, vil understreke den viktige rolla som SND kan spele for å stimulere til økt innovasjon og nyskaping i bedriftene, samstundes som dei må kunne vere den basen som kan samordne dei næringspolitiske verkemidla.
2.4 Distriktspolitiske mål
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd i at målet for distrikts- og regionalpolitikken må vere å halde på hovudtrekka i busetnadsmønsteret og utvikle robuste regionar i alle delar av landet. Fleirtalet er samd i at her må SND spele ei viktig rolle for å styrkje næringslivet og legge forholda til rette for ei utvikling av konkurransedyktige bedrifter.
Fleirtalet vil peike på at ved å utvikle robuste regionar er det særleg trong for ein ekstra innsats i område prega av store avstandar. Dei ulike regionane sine fortrinn må utviklast til beste for heile landet, med ein gjennomtenkt haldning til kva som er utviklingspotensialet i dei ulike regionar. Her vil fleirtalet peike på det særlege ansvar som kommunane har for tilrettelegging for næringsutvikling.
Fleirtalet vil peike på at mangfaldet må styrkast og slik legge grunnlag for vekst og sysselsetting i distrikta. Det må her leggast stor vekt på dei utfordringar som små og mellomstore bedrifter møter. Mellom anna er det framheva i SND sin formålsparagraf det ansvar institusjonen har for å fremje tiltak som kan gje varig og lønsam sysselsetting i distrikt med særlege sysselsettingsvanskar eller svakt utbygd næringsliv. SND skal spele ein nøkkelrolle som statens finansieringsorgan i distrikts- og regionalpolitikken.
Fleirtalet forventar at institusjonan SND framleis skal vere ein pådrivar og initativtaker for nyskapning, utvikling og omstilling av næringslivet i distrikta. Fleirtalet vil likefullt peike på det regionale ansvar som kviler på fylkespolitiske organ for å gje føringar i høve til nærings- og fylkesplandokument, eller regionale utviklingsprogram.
Fleirtalet vil peike på at SND har ei rekkje verkemiddel som kan brukast overfor det regionale næringslivet, men vil spesielt peike på tilbodet om kompetanseprogram retta mot distriktsbedriftene.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegsspartiet, er einig med Regjeringa om å vidareutvikle eit SND med ein sterk distriktspolitisk profil. Dette fleirtalet meiner at dette best kan gjerast gjennom sterkare desentralisering av dei ulike ordningane innan verkemiddelapparatet. Vidare må verkemidlane ikkje bli nytta i strukturpolitisk samanheng kor konsekvensane er ytterlegare sentralisering av norsk næringsliv og busetting.
Dette fleirtalet meiner at dette særleg gjeld eigenkapitalordninga og grunnfinasieringsordninga.
Verkemidlane må sjølvsagt nøye sjåast i samanheng med dei generelle politiske verkemidla, løyvingar og rammevilkår som til eikvar tid rår i samfunnet. I lag med statlege verkemiddel til næringslivet er det viktig at det einskilde lokalsamfunn har tilgang til naudsynt offentleg infrastruktur; t.d. samferdsel, utdanning, kultur, offentlege tilbod i brei forstand.
2.5 Kvinnene sin plass i ei nærings- og distriktspolitisk målsetjing
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, vil særleg peike på at det blir viktig å få politisk merksemd på kvinnene sin plass i utviklinga av nærings- og distriktspolitikken. Dagens kvinner tek høgre utdanning og er ein arbeidskraftressurs for det norske næringsliv. Men då må det leggast til rette både for at dei kan utvikle eigen arbeidsplass i eiga bedrift, og som tilsette i det private næringsliv. Det må fremjast vilkår som gjer at det vert like attraktivt å busette seg over heile landet. Det må leggast til rette for tilfredsstillande ordningar for barnepass som vil gjere det mogeleg for kvinner å ta del i yrkesaktivt arbeid.
Fleirtalet vil peike på at kvinner som vil etablere eiga verksemd må få særleg merksemd frå det statlege systemet som igjen kan ta vare på kreativitet og tiltakslyst.
Fleirtalet vil understreke at med fleire kvinner i næringslivet vil mangfaldet og kreativiteten vekse. Dette er naudsynt i eit samfunn som vert meir differensiert og globalisert.
Fleirtalet vil peike på at ein måte å få fleire kvinner aktive i næringsutvikling, er å utvikle nye verkemiddel eller betre tilpasse eksisterande ordningar. Fleirtalet vil syne til dei gode erfaringane ein har hatt med reine program for kvinner som t.d. kompetanseutviklingsprosjekt. Fleirtalet er av den oppfatning at dagens verkemiddel med auka merksemd kan brukast aktivt til å få fleire kvinnelege etablerarar.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil peike på at det er viktig å få felles oppfatning av den framtidige kvinnesatsinga i distrikta og elles i heile landet. SNDs fylkeskontor må ha eit spesielt ansvar for kvinnene, for å oppnå lik forståing, lik handsaming og ansvar. For å nå eit slikt mål må det setjast i gong eit internt program for alle nivå i SND sin organisasjon, for å oppnå lik forståing og service overfor kvinner i heile landet.
Dette fleirtalet vil òg be om at det vert sett igang eit prosjekt for å sjå på kvinnene sin plass i norsk næringsliv og deira vilkår for etablering av eigne tiltak, med spesiel merksemd på dei distriktspolitiske utfordringane.
Dette fleirtalet ser det som viktig å få starta opp arbeidet for å få fleire kvinner som etablerarar og difor er Nettverkskreditt ein viktig start. Gjennom eit fellesnettverk får kvar etablerar kr 50.000, som i felleskap legg grunnlaget for å oppretthalde arbeidsplassar der dei kan tenkje seg å bu. Nettverkssystemet har gitt positive ringverknader for medlemene og for lokalsamfunn.
Dette fleirtalet er einig i Regjeringa si styrking av kvinneprofilen i SND. Etter dette fleirtalet si oppfatning må denne styrkinga gjenspegle seg i kor stor risiko SND er villig å ta på seg i høve til slike prosjekt. Det må stillast krav til dei einskilde prosjekta at dei gir reelle virkningar i høve til SND sin kvinneprofil. Dette må etter dette fleirtalet si oppfatning både gjelde talet på kvinnelege sysselsette, kvinnelege næringsaktørar, kvinnelege leiarar og auke SND sin andel av verkemidla som går til slike prosjekt.
Dette fleirtalet stør difor forslaget om at SND tek i bruk eit slikt verkemiddel.
Dette fleirtalet ser positivt på at ein del av midlane til nettverkskreditt vert øyremerka til kvinneretta prosjekt.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre legger vekt på en vridning i SNDs virkemiddelbruk over fra sene til tidlige faser i bedriftenes liv. Disse medlemmer viser til at dette innebærer en sterkere satsing blant annet på tilskudd. Disse medlemmer mener imidlertid at den beste bruken av tilskuddsmidlene vil være at disse fordeles etter kriterier som viser prosjektenes potensial for å skape lønnsomme og robuste arbeidsplasser. Disse medlemmer vil ikke binde seg til at deler av midlene skal øremerkes innenfor dette spesielt til kvinnerettede tiltak. Disse medlemmer forventer at Regjeringen kommer tilbake med en nærmere vurdering av dette temaet i forbindelse med statsbudsjettet for 1998, hvor det vil være mulig å se denne satsingen i sammenheng med helheten i SNDs budsjettmidler.
2.6 Fiskeripolitiske mål
Komiteen vil peike på at dette er ei av dei distriktspolitiske næringane som har det største utviklingspotensial i seg i forhold til vekst, sysselsetting og eksport.
Komiteen vil peike på at dagens struktur er prega av små og mellomstore einheiter, både innafor flåte, industri og oppdrett. Komiteen er samd i at det må vere ei sentral målsetting å halde fast på og legge til rette for ein variert struktur innafor fiskeri- og havbruksnæringa.
Komiteen er samd i at det er trong for fornying og oppgradering av fiskeflåten, både for å skape effektiv drift og lønsemd, og eit godt samspel mellom fangstleddet og foredlingsindustrien. Komiteen syner elles til dei respektive partia sine merknader i Innst.S.nr.193(1996-1997) om fornying av fiskeflåten.
Komiteen er samd i at det er viktig å ha ein variert flåtestruktur. Komiteen vil understreke at det er viktig å føre fangsten til land for bearbeiding då dette vil gje størst sysselsettingseffekt. Ein lønsam og omstillingsdyktig fiskeforedlingsindustri med stabil og heilårs drift er viktig for sysselsettinga og busetnaden langs kysten. Difor blir det viktig å bygge opp ein flåte som kan ivareta kravet til levering av råstoff heile året.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at Stortinget nylig behandlet et forslag fra Høyre om endringer og forenklinger i regelverket for kontrahering og kontraheringstilskudd for fiskefartøy, jf. Dok.nr.8:44(1996-1997) og Innst.S.nr.193(1996-1997). Disse medlemmer viser til at endringer i tråd med dette forslaget ville innebære likestilling av norske fiskere med utenlandske, og bidra til en raskere fornying av fiskeflåten. Disse medlemmer viser til at dette forslaget fikk meget begrenset støtte, til tross for den store enigheten som tilsynelatende er til stede på Stortinget for en raskere fornying av fiskeflåten.
Disse medlemmer viser til at en fornying av fiskeflåten er av stor betydning for næringsliv og bosetting i kystdistriktene.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti vil streka under at dei prinsipielle haldningane kva gjeld dei einskilde sektorane, t.d. for fiskerinæringa, som Sosialistisk Venstreparti har lagt til grunn for verkemidelapparatet sine ordningar, også må spegle seg i den praksis SND lokalt legg seg på.
Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti sine merknader og framlegg om eit eige fond for fornying av fiskeflåten. Framlegget vil bli teke opp igjen ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett. Denne medlemen viser i denne samanhengen til merknader og framlegg i B.innst.S.nr.6 og B.innst.S.nr.8(1996-1997).
Denne medlemen vil vise til Innst.O.nr.29(1996-1997) kor Sosialistisk Venstreparti la inn sine føresetnader for samanslåinga av Statens Fiskarbank og SND og korleis statlege virkemidlar skulle nyttast ovafor fiskeflåten. Denne medlemen vil særleg åtvare mot å nytte offentlege subsidiar til fartøy som kan drive ombordproduksjon nasjonalt eller globalt.
2.7 SND sine verkemiddel
2.7.1 Risikolåneordninga
Komiteens fleirtall, alle unntatt medlemene frå Fremskrittspartiet, vil syne til at risikolån skal nyttast til prosjekt som har som formål utviding, modernisering, omstilling, produktutvikling og nyetablering. Eit prioritert område er finansiering av nyskapnings- og produktutviklingstiltak. Fleirtallet vil understreke at her kan bruk av ansvarlege lån med rentefrie perioder vere med å styrke små og mellomstore bedrifter sin eigen kapitalsituasjon.
Fleirtalet seier seg samd i at det vert lagt til rette for ei risikolåneordning med differensierte vilkår i forhold til den risikoklasse lånet høyrer heime i, med tilhøyrande tapsfond.
Fleirtalet vil elles peike på at det blir viktig å inkludere kunnskapsintensive, forretningsmessige og tenesteytande næringar i det statlege verkemiddelapparatet.
Fleirtalet vil peike på den stadig viktigare verdi og rolle det tjenesteytande næringsliv vil spele i norsk næringsliv, samt trongen for finansiering. SND må difor få styrka sitt engasjement overfor dei kunnskaps-intensive tjenesteytande næringane. Dette må skje mellom anna i utviklingsprogram med vekt på kunnskap om og nettverk for denne bransjen. Kravet frå denne bransjen om tempo og « timing » er ei utfordring i tillegg til kravet om kunnskap i samband med internasjonaliseringsprosessen.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at SND i aukande grad bør nytte seg av å konvertere lån til aksjekapital ved større engasjement og visse formål som t.d. produktutviklingslån til nyetablerte bedrifter.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at SNF har vurdert ønsket om å konvertere risikolån til aksjekapital for å gi SND større andel av avkastning/verdiskapning i prosjektene, ikke bare være långiver og investor. SNF-rapporten fastslår at få prosjekter egner seg for en slik konverteringsrett. Disse medlemmer peker videre på faren for habilitetsproblemer hvis SND skal forvalte tilskudd etc. til en bedrift de har eierinteresser gjennom en evt. konverteringsrett. Dette vil i så fall kunne gi de samme habilitetskonflikter som egenkapitalordningen. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn ikke anbefale lån med konverteringsrett som virkemiddel.
Disse medlemmer peker på at SNF fastslår at låneformen ansvarlige lån er lite brukt for risikolån, dvs. under 1 % av risikolånene i den landsdekkende ordningen. Disse medlemmer er enig i SNFs forslag om økt bruk av ansvarlig lån for å styrke egenkapitalen i små og mellomstore bedrifter. Disse medlemmer peker på at økt bruk av ansvarlige lån vil styrke bedriftenes egenkapitalsituasjon, idet ansvarlige lån i mange sammenhenger vil bli medregnet på linje med vanlig egenkapital.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti er derfor enig med SNF i at mye taler for økt bruk av ansvarlige lån, f.eks. som to alternative former:
- | Ansvarlig Lån I, med 5 års avdragsfri periode og deretter nedbetaling over 5-10 år og rente noe over renten på ordinære risikolån. |
- | Ansvarlig Lån II, som I, men med 5 års rentefrihet der den rentefrie perioden kan forlenges dersom bedriften har dårlig inntjening. |
Disse medlemmer peker på at ansvarlig lån I kan erstatte risikolån, mens ansvarlig lån II kan erstatte tilskudd og forutsetter at bevilgninger til tilskudd erstattes av bevilgninger til rentestøtte.
Disse medlemmer støtter også SNFs forslag til opprettelse av en mer nyansert tapsfondsordning, der avsetningssatsen er betinget av hvilken risikoklasse lånet hører hjemme i.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet vil syne til at begge de to risikolåneordningene fyller viktige behov i utviklinga av næringsliv i alle deler av landet. Desse medlemene vil klage over at både tilsagnsrammene, og tapsfondet har blitt ein god del redusert sidan 1993. Desse medlemene syner vidare til at den distriktsretta risikolåneordninga er eit av to verkemiddel som er særleg retta mot distrikta. Desse medlemene vil vidare syne til den uttalte distriktssatsinga i St.meld. nr. 51 (1996-1997), noko som etter desse medlemene sitt syn ikkje kan einast med at tilsagnsramma for dei distriktsretta risikolåna har blitt redusert frå 984 mill. kroner i 1993, til 484 mill. kroner i inneverande år. Desse medlemene vil òg streka under at reduksjonen i tilhøyrande tapsfond frå 30 til 25 % frå 1. januar 1996 også har gjort sitt til å redusere tilgangen til ordninga. Desse medlemene vil arbeide for at både rammene til risikolåneordninga vert auka, samstundes som det tilhøyrande tapsfondet blir satt til 35 % av den totale ramma.
Komiteens medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjer slikt framlegg:
« Tapsfondet for den distriktsretta og den landsdekkande risikolåneordninga vert auka frå 25 til 35 % av den totale låneramma. »
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at SNDs årlige portefølje for risikolån er 2,8 mrd. kroner. Disse fordeler seg på 4 låneformer; pantelån, gjeldsbrevlån, ansvarlig lån og produktutviklingslån - hvorav pantelånsformen er den klart dominerende.
Lånene har som formål å delfinansiere prosjekter (gi toppfinansiering) som er samfunnsøkonomisk lønnsomme, men hvor det er vanskelig å finne tilstrekkelig risikovillighet i det private markedet. Et av risikolånene er landsdekkende og forvaltes av SND sentralt, den andre delen er distriktsrettet og forvaltes på fylkesnivå. De landsdekkende risikolånene har økt relativt i perioden 1993-1996. Disse medlemmer er enig i denne vridningen, ut fra ønsket om å realisere gode prosjekter uavhengig av hvor i landet de er lokalisert.
Disse medlemmer viser til SNFs forslag om sammenslåing av landsdekkende og distriktsrettede risikolån. Disse medlemmer er enig i dette.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støttar at den landsdekkjande risikolån- og garantiordninga blir ført vidare. Viljen til å ta ein større risiko må etter desse medlemene si meining spegle seg i kor stor avsetning til eventuelle tap ein gjer. Desse medlemene viser til våre tidlegare merknader og framlegg om kor høg avsetninga til tap bør vere.
Desse medlemene viser til at Regjeringa vil føre vidare ordninga med distriktsutviklingstilskott innanfor dei same rammene som i dag. Desse medlemene vil streke under at ordninga med distriktsutviklingstilskott er den viktigaste delen i SND. I dag opererer ein med ulike satsar for kor høge andelar av tilskott næringslivet kan få alt etter kor ein er i landet. Desse medlemene vil be Regjeringa vurdere om ein ikkje bør auke dei høgste tilskottssatsane i dei områda i landet kor fråflyttinga er størst og det er størst behov for å etablere nye arbeidsplassar.
Vidare må ein når det einskilde prosjektet blir vurdert søke å nytte dei høgaste satsane for tilskott. I dag er det berre eit fåtal, om nokon, som når dei høgaste tilskottssatsane.
Risikolåneordninga, garantiar og tilskottsordninga må sjåast i samanheng. Desse medlemene vil streke under at verksemder som har motteke støtte, lån eller garantiar frå verkemiddelordninga ikkje vilkårslaust kan legge ned, flytte eller redusere verksemda i dei lokalsamfunn dei er etablerte. Det må vurderast om ein ikkje bør legge klare vilkår for å kunne motta støtte frå dei ordningane som SND eller andre offentlege støtteordningar. Eit slikt vilkår bør etter desse medlemene si oppfatning vere at offentleg støtte, garantiar eller lån heilt eller delvis må førast tilbake til det einskilde lokalsamfunnet dersom verksemda utan skjellig grunn legg ned, flytter eller reduserer aktiviteten.
Desse medlemene gjer slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa vurdere å stille som vilkår om heil eller delvis tilbakeføring av innvilga SND-støtte til det einskilde lokalsamfunn dersom verksemda utan skjellig grunn ønsker å redusere, legge ned eller flagge ut verksemda. »
2.7.2 Lågrisikoordning/grunnfinansiering
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, syner til Innst.S.nr.189(1996-1997) der eit fleirtal i Stortinget, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, gjekk inn for å avvikle ordninga med grunnfinansiering. Komitéfleirtalet la i nemnde innstilling ein del føringar på den vidare utviklinga.
Fleirtalet meiner det er viktig å legge til rette for eit best mogleg samarbeid mellom SND og dei øvrige finansinstitusjonane. Dette vil vere i næringslivets klåre interesse, og sikrar dessutan ei best mogleg utnytting av dei statlege verkemidla.
Fleirtalet syner til at eit fleirtal i fleire offentlege utval har understreka at konkurranse i det private kredittmarkedet no fungerer tilfredsstillande. Fleirtalet vil syne til at eit betydeleg mindretal i Henriksen-utvalet og SNF-rapporten peikte på at i nokre geografiske områder og næringar er grunnfinanseringa ein viktig del av SNDs samla tilbod til næringslivet. Slike tilfelle oppstår når dei ordinære finansinstitusjonane ikkje gjev tilbod om grunnfinansering på vanlege vilkår. Fleirtalet er kjent med at dette kan være tilfelle i verkstedindustrien, reiseliv og fiskenæringa. Låg andrehandsverdi av bygg og produksjonsutstyr er ofte ei viktig forklåring på problema med manglande finansiering.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og medlemen frå Framstegspartiet, meiner SND skal etablere ei lågrisikoordning for prosjekt med lågare risiko enn dei som er meint å gå inn under dagens risikolån.
Denne ordninga plasserer seg mellom grunnfinansiering med vanleg 1. prioritet og risikolåneordning. Lånevilkår, rente og prioritet må avtalast i det einskilde tilfelle.
Rente og øvrige lånevilkår for lågrisikolån må vere betydeleg meir gunstig enn for gjeldande risikolåneordning. Ramma for ei slik lågrisikoordning bør vere minst på storleik med det som har vore vanlege rammer for gjeldande grunnfinansieringsordning, men må kunne tilpassast konjunktursituasjonen. Dette fleirtalet legg til grunn at lågrisikolåna, i likheit med dagens risikolån, vert gjevne i samarbeid med aktørane som yter grunnfinansering som 1. prioritet pantelån.
Grunnfinansieringsdivisjonen i SND vert å føre vidare og skal ha som oppgåve å administrere den attverande delen av grunnfinansieringsordningen for fiskeflåten, førsteprioritets lån for utsette bransjer og bedrifter, samt den nye lågrisikolåneordningen. SND skal kunne tilby fullfinansiering i form av så vel førsteprioritet som lån mot dårlegare sikkerheit. Rente- og andre lånevilkår må tilpassast den sikkerheita som vert stilt.
Dette fleirtalet fremmer følgjande forslag:
« Det vert oppretta ei lågrisikoordning som erstatning for nåverande grunnfinansieringordning. Det må førast vidare ei ordning som sikrar finansiering av fiskefartøy og verksemder innan utsette bransjar og distrikt, der dei private kredittilbod ikkje er tilfredsstillande. »
Komiteens medlemmer fra Høyre kan ikke støtte opprettelsen av en ny lavrisikolåneordning, fordi disse medlemmer mener det er uklart hvordan denne ordningen skal skille seg fra eksisterende risikolåneordninger med hensyn til tildelingskriterier, tapsrammer og risikonivå. Det er bl.a. uklart om tildeling skal skje etter bedriftsøkonomiske eller distriktspolitiske kriterier.
Disse medlemmer mener opprettelsen av en ny ordning med uklart kriterier vil være uheldig for finansmarkedets virkemåte i forhold til småbedrifter, og at en slik ny, uklar definert ordning vil kunne bidra til konkurransevridning og dårligere muligheter for samarbeid mellom SND og andre finansinstitusjoner, jf. ønsket fra flertallet. Dette vil i siste instans gå ut over bedriften.
Disse medlemmer viser til sin motstand mot å opprette en ny ordning med uklare kriterier, og mener forslaget om at også 1. prioritets lån skal kunne tilbys, illustrerer dette.
Komiteen syner til at Statens Fiskarbank er overført til SNDs grunnfinansieringsordning.
Komiteen vil vise til at lønsemda i fiskeflåten og næringa er sterkt utsett for dei svingningar som skjer i marknadene og tilgjengelege ressursar. Komiteen ser det difor riktig for utviklinga av ein moderne fiskeflåte at denne ordninga er fleksibel og kan gje fiskerinæringa like vilkår som næringslivet elles oppnår i marknaden.
Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og medlemen frå Framstegspartiet, vil peike på at grunnfinansieringsordninga vil kunne verte eit sentralt verkemiddel for å sikre kapitaltilførselen til fiskeflåten under SND - systemet.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, vil også syne til Innst.S.nr.241(1995-1996) Hvor farty flyte kan, der dei uttala følgjande:
« Flertallet mener det er viktig å opprettholde SNDs næringsnøytrale virkemiddelbruk.Dette må også innebære at en næring som rederidrift,fraktefartøy m.v. registrert i NOR skal sees som en naturlig del av den maritime næringsvirksomheten i Norge, og ikke ekskluderes fra SNDs ansvarsområde. » |
Dette fleirtalet vil be om at det vert vurdert å legge kystfraktebåtane inn under SND si låneordning og i tilfelle følgje opp med løyvingar slik at dette ikkje går på bekostning av tiltak i høve til små og mellomstore bedrifter i distrikta.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyres forslag om avvikling av grunnfinansieringen ikke gjelder Fiskarbankens tidligere virksomhet.
Disse medlemmer viser til at SNDs grunnfinansieringsordning er rettet inn for å hjelpe bedrifter i konsolideringsfasen. Grunnfinansieringsporteføljen var ved utgangen av 1996 på 6,6 mrd. kroner, ifølge SNF 2-3 % av totale næringskreditter i Norge.
Disse medlemmer peker på at grunnfinansieringsordningen ble opprettet som en følge av fusjonen mellom Industribanken, Industrifondet, Småbedriftsfondet og DU i en tid like etter en nasjonal bankkrise hvor markedssvikten i kredittmarkedet var merkbar. I dag er situasjonen vesentlig forandret. Disse medlemmer viser til at situasjonen for årene foran oss ikke vil preges av markedssvikt i kredittmarkedet, men som SNF har påpekt snarere i kompetansemarkedet og i bedriftenes nyskapingsfase. Disse medlemmer har merket seg at så vel Henriksenutvalget som Bankforeningen, HSH og Sparebankforeningen har foreslått en avvikling av grunnfinansieringsordningen til fordel for andre og høyere prioriterte næringsvirkemidler.
Disse medlemmer har merket seg at SNF-rapporten foreslår å redusere utlånsrammene til grunnfinansieringsordningen i gode tider, uten å foreslå en full avvikling av ordningen. I SNF-rapporten s. 98 sies det bl.a.:
« Under behandling av finanskomiteens budsjettinnstilling i Stortinget høsten 1996 ble det ytret ønske fra et flertall om å fjerne grunnfinansieringsordningen til SND. På kort sikt vil en slik beslutning trolig ha små negative konsekvenser for tilgangen på grunnfinansieringskreditter til norsk næringsliv, men på noe lenger sikt, når økonomien kommer inn i en nedgangskonjunktur, kan vi ikke utelukke at kostnaden på grunnfinansiering til deler av norsk næringsliv (små sykliske bedrifter i distriktene) vil bli høyere enn det den ellers ville ha vært. » |
Disse medlemmer merker seg at SNF her fastslår at på kort sikt vil en beslutning om å avvikle grunnfinansieringsordningen trolig ha små konsekvenser, og peker på at det i eventuelle fremtidige økonomiske nedgangstider alltid vil være mulig løpende å vurdere behovet for offentlige tiltak for å avhjelpe en evt. markedssvikt.
Disse medlemmer har merket seg at bl.a. TBL-bedriftene har anført at deres bransje er særlig syklisk og risikoutsatt, og at dette gir spesielle behov for en offentlig grunnfinansieringsordning.
Disse medlemmer har videre merket seg at mange av de bedrifter som de 4 årene SND har eksistert har mottatt grunnfinansieringslån fra SND har uttrykt tilfredshet med ordningen. Disse medlemmer er enig i at det var en viss markedssvikt for grunnfinansieringslån i årene etter bankkrisen, men har ikke mottatt dokumentasjon på forventet markedssvikt av vesentlig betydning i grunnfinansieringsmarkedet for 1997 og årene fremover. Disse medlemmer har derfor etter en helhetsvurdering funnet det riktigere å satse på andre og viktigere offentlige finansieringsordninger for nyskapning i Småbedrifts-Norge, enn det grunnfinansieringsordningen representerer.
Disse medlemmer viser til omtale annet sted i disse merknader, der det fremheves at nyskapning og kommersialisering er de vanskeligste fasene i bedriftens liv, og at SND bør konsentrere sine virkemidler til disse fasene. Her vil direkte tilskudd være det sterkeste virkemiddel, dernest kan « gjødsling » skje med ansvarlige lån, f.eks såkornkapitalmodellen hvor 1 statlig krone utløser 1 privat krone. Disse medlemmer mener at virkemidler innrettet mot disse fasene av bedriftenes liv bør styrkes.
Disse medlemmer viser til at den grunnfinansieringsramme som ble vedtatt i Statsbudsjettet for 1997 omfattet 850 mill. kroner hvorav 400 mill. kroner var innvilgningsrammen for tidligere Statens Fiskarbank, som nå er innlemmet i SND. Disse medlemmer betrakter den generelle rammen på 450 mill. kroner som ble bevilget til ordinære grunnfinansieringslån i SND for 1997 som en overgangsbevilgning på vei mot full avvikling av ordningen. Dette gjelder ikke rammen knyttet til Fiskerbankens tidligere virksomhet. Disse medlemmer peker på at her må virkningen av den nylig gjennomførte fusjonen få virke, før det er naturlig å vurdere om det er behov for evt. endringer.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til dei kritiske haldningane som er komne fram mot SND si grunnfinansieringsordning, særleg frå delar av bankvesenet. Denne medlemen har ingen prinsipielle motforestillingar til at staten gjennom ulike ordningar opptrer som ein vanleg bank. Føresetnaden for slik verksemd må etter denne medlemen si oppfatning vere at ein gjennom dei ulike ordningane sikrar aktørar minst like gode vilkår som private bankar uansett kor i Noreg eller i kva sektor ein talar om. Ein annan viktig føresetnad må vere at grunnfinansieringsordninga ikkje svekker grunnlaget for busetjingsmønsteret og eit robust næringsliv i distrikta. Det er viktig at ein søker å oppnå eit best mogleg samarbeid mellom SND og det øvrige bankvesen både sentralt og lokalt. Denne medlemen vil åtvare mot at ordninga blir nytta til prosjekt som vil ha ein sentraliserande effekt. Denne medlemen vil i denne samanheng vise til vårt framlegg om eit statleg omstillings- og strukturfond.
2.7.3 Utviklingstilskot
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet er samd i at SND sine ordningar med utviklingstilskot både til sentrale strok og distrikta må halde fram.
Fleirtalet meiner det er viktig at dei nye fylkeskontora til SND også kan nytte seg av midlar til bedriftsutvikling for sentrale strok.
2.7.4 Distriktsutviklingstilskot
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti syner til at Kommunal- og arbeidsdepartementet ifølgje St.meld. nr. 51 (1996-1997) « ser på distriktsutviklingstilskudd som et meget viktig virkemiddel for å fremme utviklingen av konkurransedyktig og lønnsomt næringsliv i distrikter med særlige sysselsettingsvansker. Ordningen er SND's viktigste og tyngste virkemiddel for å bidra til nyetableringer og videre utvikling og omstilling av eksisterende bedrifter i distriktene. »
Desse medlemene syner vidare til at denne ordninga, til tross for Kommunal- og arbeidsdepartementet sin tunge argumentasjon for kor viktig dette er, har gjennomgått omfattande reduksjonar i ramma sidan 1993. Desse medlemene syner vidare til pressemelding frå Nærings- og handelsdepartementet av 12. mai 1997 der det heiter at « blant de samfunnsmessige hensynene som SND skal ivareta, står distriktshensynene i en særstilling ». På denne bakgrunn finn desse medlemene grunn til å streka under at det er gap mellom Regjeringa si uttalte satsing på distrikta samstundes som det viktigaste verkemidlet blir gjenstand for budsjettmessige reduksjonar. Desse medlemene vil derfor arbeide for å styrke denne ordninga.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at SND har både landsdekkende og distriktsrettede tilskudd.
Disse medlemmer støtter SNFs anbefaling om redusert bruk av distriktsutviklingstilskudd, og mer satsing på landsdekkende ordninger.
De landsdekkende tilskuddene er:
- | utviklingstilskudd |
- | tilskudd til OFU-kontrakter |
- | tilskudd til IFU-kontrakter |
- | bedriftsutviklingstilskudd |
Disse medlemmer viser til at utviklingstilskuddene skal delfinansiere tiltak og prosjekter som kan bedre lønnsomheten og konkurranseevnen i norsk næringsliv, OFU/IFU-tilskuddene kan omfatte fasene fra forprosjekt til prototyp knyttet til utviklingskontraktene, og bedriftsutviklingstilskudd er rettet mot små og mellomstore bedrifter utenfor sonene for distriktsrettede virkemidler.
Disse medlemmer er positive til en videreutvikling av disse virkemidlene.
De distriktsrettede tilskuddene er forbeholdt bedrifter i de tidligere DU-områdene, og omfatter:
- | investeringstilskudd til bygninger, maskiner og utstyr |
- | bedriftsutviklingstilskudd til bedriftsrettede ut-viklingstiltak |
Disse medlemmer viser til at utviklingen fra 1993-1996 i forholdet mellom de landsdekkende ordningene og de distriktsrettede ordningene er en vridning i retning av førstnevnte, i tråd med anbefalingene fra SNF.
2.7.5 Garantiordninga
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd i at ordninga fortsett som i dag og at garantiar vert gjevne til dei same formål som fell innafor risikolåneordninga. Normale lån må sikrast med pant, kausjon eller på anna måte.
Fleirtalet synar til at SND har ein landsdekkande garantiordning for lån til driftskreditt og realinvesteringar i utbyggings-, moderniserings-, omstillings-, utviklings-, og nyetableringsprosjekt. Løyvinga til tapsavsetningar avgjer ramene for garantiar. Garantiramene har sunke monaleg og vert i 1996 samla vel 1/3 av kva dei var i 1993. Fleirtalet har ingen merknader til dette, og synar til at ramene for heile perioden har vore høgare enn det SND har gitt tilsagn om å garantere.
2.7.6 Forskings- og utviklingskontrakter.
Komiteen syner til at SND i dag har tre program for å auke bedriftene sin innsats innan forsking og utvikling: OFU-kontraktene, IFU-kontraktene og NT-programmet (nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg). I tillegg har TI utvikla og driv to program for bedriftsutvikling: Nettverksprogrammet og FRAM-programmet. SNDs rolle er å yte hjelp med finansiering og oppfølging av desse programma. Komiteen vil understreke at framtidas næringspolitikk må få verkemiddel som er meir retta inn mot trongen for kompetanse i bedriftene og for kompetanse gjennom egna program.
Komiteen meiner at det er viktig med eit nært samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og styresmaktene. Ordninga med OFU- og IFU-kontrakter har synt gode resultat. Komiteen syner også til at ordninga for ein stor del har kome små bedrifter til gode. Denne ordninga må difor vere eit prioritert område.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd i at gjennom utviding av IFU og OFU kontrakter til nye områder som helse- og tjenesteyting kan vi få auka vekst i produksjon og tjenester. Dette vil styrke bedriftene, sysselsettinga og veksten i samfunnet.
Fleirtalet vil peike på at SND her har eit stort ansvar for å leggje til rette for nyskaping, vere ein god lyttepost og kunne koordinere tjenestene mellom ulike aktørar.
Fleirtalet vil understreke at alle bedrifter, små som store må ha sin plass i dette viktige satsingsområde.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti ser positivt på at Regjeringa vil føre vidare ordninga med OFU- og IFU-kontrakter. Desse ordningane er særs viktige for norsk næringsliv og for offentleg sektor. Ordningane er imidlertid avhengige av at nivået på løyvingane er tilpassa behovet. Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti m.a. B.innst.S.nr.8(1996-1997) kor Sosialistisk Venstreparti har gjort framlegg om sterk auke i løyvingane til OFU- og IFU-kontrakter. Næringslivet sin satsing på forsking og utvikling gjennom OFU og IFU-kontrakter må etter denne medlemen si meining oppmuntrast hovudsakleg gjennom tilskotsordningar. Denne medlemen viser for øvrig til andre merknader og framlegg i denne innstillinga.
2.7.7 Eigenkapitalordninga
Komiteen vil peike på at eigenkapitalverksemda har vore underlagt SND sidan 1993. SND sin eigenkapitaldivisjon har som oppgåve å investere i aksjer, primært i små og mellomstore bedrifter, samt bedrifter som ikkje er børsnoterte.
Komiteen har merka den uro det har vore rundt habilitetskravet til organisasjonen og til bruken av midlane. SNFs evalueringsrapport om SND konkluderer med at ein gjennom arbeidet med evalueringa ikkje fann grunnlag for påstandane om brot på habiliteten.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, vil likefullt støtte Regjeringa sitt forslag om å skille ut eigenkapitalordninga som eiga juridisk eining, men eigd av SND. Fleirtalet er samde om at eigen kapitalordning vert skilt ut frå SND som ein eigen juridisk einheit.
Komiteen føreset her at dei ansvarsmessige forhold vert avklåra før den nye organisasjonsmodellen vert sett i verk.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er også samde om at eigenkapitalordninga må målrettast meir mot små og mellomstore bedrifter slik at ordninga vert retta inn mot unoterte og mindre selskap. Fleirtalet erkjenner at det vil vere dyrare å gå inn i mange små bedrifter, enn i få store, ikkje minst av omsyn til oppfølging. Fleirtalet ser det difor som naturleg å vurdere om SND bør få eit administrasjonstilskot eller bli tildelt eit tapsfond til å dekke tap som skuldast at det ikkje er rekningssvarande aktivt å følgje opp mange og små engasjement. Fleirtalet syner til at Regjeringa føreslår at prinsippet for utbytte frå eigenkapitalordninga vert endra, og at utbytte vert fastsett til 75 % av årsresultatet, for å gje ordninga ein sterkare småbedriftsprofil. Fleirtalet er samde i denne endringa.
Fleirtalet vil understreke at målsettinga om å satse i små og mellomstore bedrifter i distrikta må få høg prioritet ved vidareføringa av eigenkapitalordninga, og at SND må stå fram som ein langsiktig investor i høve til denne gruppa.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, ser det som særs viktig å få desentralisert mest mogeleg av verkemidla i det statlege systemet og legg til grunn at ein følgjer opp dei enkelte avtalene som er underteikna med SND og fylkeskommunen også når det gjeld eigenkapitaldivisjonen.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet har ved fleire høve uttala seg kritisk om eigenkapitaldivisjonen, men er ikkje motstandar av ei slik ordning av prinsipielle grunnar. Det er likevel desse medlemene si klåre oppfatning at eigenkapitalordninga sin verkemåte pr. i dag ikkje er forenleg med Senterpartiets næringspolitiske prioriteringar.
Desse medlemene har vore særleg skeptiske til den samanblandinga som har skjedd i dei høva der staten som deleigar i ei verksemd i kraft av investeringar over egenkapitalordninga, samstundes har handsama søknader om andre verkemiddel som lån og tilskot. Dette har etter desse medlemene sitt syn vore ein heilt uakseptabel praksis pga. habilitetsomsyn. Desse medlemene er difor nøgde med at Regjeringa i meldinga har vedgått dette problemet, men desse medlemene seier seg leie for at tilstrekkjelege tiltak ikkje vert sett i gang. Desse medlemene vil i utgangspunktet stø Regjeringa sitt forslag om å omgjere eigenkapitaldivisjonen til ei eiga juridisk eining, og at eigenkapitaldivisjonen framleis vert ein del av SND sitt verkemiddelsett. Desse medlemene vil likevel gå imot at styret i denne eininga skal oppnemnast av styret i SND, og vil difor gå inn for at dette styret vert oppnemd av Regjeringa. Desse medlemene vil samstundes gå inn for at andelen av styrerepresentantar i den nye juridiske eininga som kjem frå SND, ikkje må vere over 30 %. Dei andre styrerepresentantane kan ikkje vere tilsette i SND eller vere medlem av dei fylkesoppnemnde styra for distriktskontora. Desse medlemene syner vidare til at det etter opplysningar frå Brønnøysund registra har skjedd at leiande personar innan eigenkapitaldivisjonen sit som fast medlem eller varamedlem i fleire konkurrerande bedriftstyre innan same bransje som representantar for SND sin eigenkapitaldivisisjon. Dette er etter desse medlemene sitt syn uheldig, og dei vil difor be om at Regjeringa vurderar å fremja avgrensingar på dette punktet.
Desse medlemene syner vidare til at eigenkapitaldivisjonen har gått inn med tunge aksjepostar i verksemder som, etter Senterpartiets syn, ikkje har trong for statlege midlar, som m.a. Norway Seafoods. Dette kan etter desse medlemene sitt syn medverka til å svekkje moglegheitene for mindre verksemder som konkurrerer i same bransje, samstundes som ein sentraliserer dei næringane som eigenkapitaldivisjonen er tungt inne i, t.d. fiskerinæringa. På denne bakgrunnen vil desse medlemene fremja forslag om at det i eigenkapitaldivisjonen sine vedtekter vert slått fast at eigenkapitaldivisjonen sine investeringar skal skje med varsemd, og utan at desse investeringane verkar konkurransevridande i disfavør av mindre verksemder i same bransje. Desse medlemene vil vidare redusere maksimalgrensa for den summen eigenkapitaldivisjonen kan investere i i ei og same verksemd, slik at ho vert sett til 35 mill. kroner mot 50 mill. kroner i dag. Desse medlemene vil vidare peike på at også eigenkapitalordninga bør desentraliserast til fylkesnivå, og at investeringane i distrikta bør aukast noko til fordel for investeringar i det sentrale Austlandsområdet.
Desse medlemene vil på denne bakgrunnen fremje følgjande forslag:
« Stortinget ber om at styret i eigenkapitaldivisjonen vert utpeika etter forslag frå Regjeringa. »
« Stortinget ber Regjeringa om å redusere maksimalbeløpet for eigenkapitaldivisjonen sine investeringar i ei verksemd frå 50 mill. kroner til 35 mill. kroner. »
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til sine respektive merknader og fremmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringa om å syte for at eigenkapitaldivisjonen si verksemd vert desentralisert til fylkesnivå på lik line med andre verkemiddel i SND. »
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti er tilfreds med at departementet i meldingen følger opp den kritikken som har vært reist av stortingsflertallet i form av konkrete forslag om utskillelse som egen juridisk enhet.
Disse medlemmer viser til at SNDs eierandel i bedriftene i gjennomsnitt er 20 %. Eierandelen er i noen tilfeller over 35 %
Disse medlemmer vil peke på at et nivå på 20 % i gjennomsnitt synes rimelig, men disse medlemmer er kritisk til en offentlig eierandel som gir styringsrett (negativt flertall) over private bedrifter.
Disse medlemmer viser dessuten til disse partiers respektive merknader om statlig eierskap i norsk næringsliv i innstillingen til Langtidsprogrammet Innst.S.nr.211(1996-1997).
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti har ingen prinsipielle innvendingar til eit verkemiddelapparat som har ordningar som både går inn på eigarsida og som kan yte lån, tilskott og/eller garantiar til den einskilde verksemda. Inhabilitetsproblemet må sjølvsagt løysast. Men det er etter denne medlemen si meining ikkje naudsynt å skilje ut delar av verksemda for å løyse problemet med inhabilitet. Sosialistisk Venstreparti sine innvendingar mot SND sin eigenkapitaldivisjon går i hovudsak på to område. For det første ønsker vi å desentralisere ordninga mest mogleg. Det er etter denne medlemen si oppfatning positivt at verkemiddelapparatet har ordningar som tillét ein å gå inn i det einskilde prosjekt på eigarsida, for kortare eller lenger tid. For det andre har den praksis EK-divisjonen til no har fylgt gjennom sine investeringar i norsk næringsliv ikkje tent dei mål for ein god distriktspolitikk som Sosialistisk Venstreparti har satt seg. Denne medlemen viser til øvrige merknader og framlegg i denne innstillinga. Dette gjeld mellom anna vårt framlegg om eit statleg omstillings- og strukturfond.
2.7.8 Såkornfond
Komiteen syner til at såkornfondet skal bestå av kapital frå så vel staten som private investorar. Komiteen syner til at det vert ført forhandlingar mellom staten og private investorar vedrørande organisering av fondet. Det er SND som forhandlar på vegne av staten. Komiteen syner til at Regjeringa i samband med budsjettet for 1998 vil gjere greie for organisasjonsforma for såkornfondet.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet syner til at Stortinget i B.innst.S.nr.II (1996-1997) slutta seg til Regjeringa sitt forslag om å løyva 200 mill. kroner til eit såkornkapitalfond og eit tapsfond på 50 mill. kroner for såkornkapitalordninga. Regjeringa føreslo at kapitalen vart fordelt sentralt og regionalt. Det vart lagt opp til at fonda skulle vera uavhengige, men med eit nettverkssamarbeid for å utnytta ekspertisen hjå kvarandre. Det vart lagt opp til samarbeid med private investorar.
Desse medlemene meiner at organiseringa er viktig for at fonda skal kunna fungera som bindeledd mellom forskingsmiljø, nyetablerarar og private investorar. Desse medlemene meiner at ei slik organisering vil sikra at den statlege kapitalen er med på å hjelpa grundarar i alle landsdelar. Desse medlemene reknar med at ordninga vert etablert i samsvar med Stortinget sine føresetnader.
Desse medlemene syner elles til sine merknader i B.innst.S.nr.II (1996-1997) der desse medlemene tilrådde at det vart etablert regionale fond med eigne styre med tilknyting til forskingsparkane i Tromsø/Narvik, Stavanger, Trondheim, Bergen og Oslo/Ås.
Desse medlemene meiner at det sentrale og dei regionale fonda må knytast tett saman. Dei regionale fonda skal ha eigne styre med representantar for private investorar og frå forskingsparkane. Desse må ha høve til å ta avgjere samt ansvar for å fylgja opp dei enkelte bedriftene der fondet er med.
2.7.9 Organiseringa av SND
Komiteen vil be Regjeringa vurdere kva plass rettleiingstjenesta skal ha i høve til næringslivet og dei statlege verkemidla i meldinga om næringspolitikk. Komiteen finn det naturleg at det innan 4 år vert føreteke ei ny evaluering av organiseringa og verkemidla til næringslivet, for å følgje opp næringslivet og kva verkemiddel som det er trong for til ei kvar tid.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet, syner til dei friviljuge avtalene mellom SND og 11 fylkeskommunar om oppretting av eigne distriktskontor. Fleirtalet ser det som ei styrking av den distriktspolitiske og den regionale næringsutviklinga at SND får eigne fylkeskontor. Distriktskontora forvaltar eit bredt spekter av verkemiddel for næringslivet og avstanden til næringsutøvarane vert nærmare. Med det desentraliserte apparat som SND her byggjer opp, legg ein grunnlaget for ei desentralisering også av verkemiddel som andre statlege etatar har hand om i dag.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet syner til sine merknader i B.innst.S.nr.8(1995-1996) der det kjem fram kva som er desse medlemene si haldning til organisasjonsmodellen for SND. Det er sentralt i denne modellen at fylkeskommunane utgjer SND sitt ytre apparat og at regionkontora skal nedleggjast. Desse medlemene meiner at fylkeskommunane må ha større ansvar i nærings- og distriktspolitikken for å kunna fylgja opp kvar enkelt fylkesplan. Fylkeskommunane må ha ansvar for både dei landsomfattande og dei distriktspolitiske verkemidla, lån, garantiar og tilskot for småbedriftene. Samstundes skal fylkeskommunane ha lokalt tapsansvar.
Desse medlemene syner til « modell B » i utgreiinga om organiseringa av SND sitt ytre apparat. Denne modellen samsvarar med desse medlemene sitt syn på organiseringa av SND. Derfor bør fylkeskommunane ha fridom til å velja den modellen som høver dei best. Med bakgrunn i dette vert fylgjande forslag fremja:
« Stortinget ber Regjeringa gjera det mogleg for fylkeskommunane å prøva ut andre modellar for organisering av SND sitt ytre apparat i tråd med « modell B » i samsvar med utgreiinga om organiseringa av SND sitt ytre apparat. »
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til Sosialistisk Venstreparti sin RUS-modell for det statlege verkemiddelapparatet og eit statleg omstillings- og strukturfond. Vidare viser denne medlemen til våre prinsipielle merknader og framlegg om å desentralisere mest mogleg av verkemiddelapparatet. Denne medlemen tar til etterretning den lokale organisering ein har valt kva gjeld desse ordningane. Uansett korleis ein vel å organisere ordningane lokalt skal dei lokale styra etter Sosialistisk Venstreparti si oppfatning vere samansett slik at fleirtalet er politisk oppnemnt av den einskilde region/fylke.
Komiteen sin medlem frå Kristeleg Folkeparti syner til denne medlemen sine generelle merknader annan stad i denne innstillinga.
2.7.10 Samspel med andre
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, ser utveksling av informasjon mellom dei ulike organa på fylkesnivå som formålstjenleg ved tildeling av BU-midlane.
Fleirtalet er samd i at det er viktig at SND samarbeider med private kredittinstitusjoner i saker der dette er formålstjenleg for norsk næringsliv og kan kome fram til sams finansieringsløysingar.
Fleirtalet ser det som viktig at SND har høve til å skyte inn kapital i private investeringar/såkornfond. Gjennom slike disposisjonar er det lagt grunn for utnytting av kompetanse, kapital og lokalt eigarskap.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, er samd i at det ikkje vert gjort endringar i forvaltinga av bygdeutviklingsmidlane (BU). Midlane vert i dag forvalta etter foremålet.
Komiteens medlemmer fra Høyre peker på SNF-rapportens anbefaling av sammenslåing mellom SND og BU. Begge ordningene har samme målsetning, nemlig å skape varig og lønnsom næringsutvikling. SNDs tilskuddsmidler vil bli formidlet desentralt på fylkesnivå, Nord-Trøndelag modellen, mens hoveddelen av BU-midlene i dag forvaltes og administreres av fylkesmennenes landbruksavdelinger. Den viktigste forskjellen mellom BU-systemet og SND er at SND har virkemidler innrettet mot alle næringer, mens BU-midlene er innrettet selektivt mot personer som har tilknytning til landbrukseiendom i distriktene.
Disse medlemmer støtter SNFs påpekning av at det vil være enklere for brukere å forholde seg til ett og ikke flere systemer når det søkes om bedriftsrettede støttemidler. Det at enkeltsøkere og næringer behandles likt vil dessuten øke sannsynligheten for at de mest levedyktige prosjektene vinner frem i konkurransen om tilskuddsmidler. Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn at BU overføres fra fylkesmennenes landbruksavdelinger til SNDs regionale kontorer.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til våre merknader og framlegg i samanheng med dei årlege landbruksoppgjer og budsjettframlegg. Det er Sosialistisk Venstreparti si haldning at bygdeutviklingsmidlar o.l. (BU) ikkje skal nyttast for tilsynelatande å auke dei økonomiske rammene for landbruket. BU-midlar o.l. bør etter denne medlemen si oppfatning løyvast og nyttast i samanheng med dei generelle distriktspolitiske verkemidla. Denne medlemen vil ikkje slå BU-ordninga saman med dei øvrige ordningane i SND. Det bør imidlertid etter denne medlemen si oppfatning vurderast å opprette eit eige BU-styre i nær tilknyting til det lokale verkemiddelapparatet. Her kan BU-midla bli løyva til dei ulike prosjekt utifrå dei generelle vilkår som til einkvar tid gjeld for verkemiddelapparatet.
2.7.11 Invest in Norway
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er klar over at Norge ligg på Europa-toppen når det gjeld utanlandsk eigarskap i den børsnoterte delen av næringslivet. Dette er nå i stadig auke. Det finst difor ikkje nokon god grunn for at det er naudsynt med statlege verkemiddel til dette føremålet. Med bakgrunn i dette kan ikkje desse medlemene sjå føremålet med å oppretthalda « Invest in Norway », og vil difor gjere framlegg om at denne avdelinga vert nedlagd.
Desse medlemmer gjer følgjande framlegg:
« Invest in Norway vert nedlagt. »