Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til at departementet går inn for at det skal bli høve til å krevje inn forskotsbompenger for å finansiere vidare planlegging av riksvegprosjektet Eiksund-sambandet i Møre og Romsdal.

       Fleirtalet ser det som ønskjeleg at øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande får fast vegsamband med fastlandskommunane Ørsta og Volda. I dei nemnde kommunar er det om lag 40.000 innbyggjarar.

       Fleirtalet har merka seg at spørsmålet om innkrevjing av bompengar har vore lagt fram for dei nemnde kommunar og Møre og Romsdal fylkesting som alle har slutta seg til framlegget. Samferdselskomiteen har tidlegare støtta prioriteringa av Eiksund-sambandet, jf. Innst.S.nr.232(1992-1993). Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007.

       Fleirtalet er merksam på at planlegginga førebels berre er på hovudplannivå. I samband med reguleringsplanarbeidet vil ein få avklara dei uløyste problema i høve til kulturminne og miljø. Ein vil òg få avklara den økonomiske ramma for prosjektet. Departementet vil seinare kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging.

       Fleirtalet sluttar seg til departementet si grunngjeving for å leggje fram forslag om forskotsbompengar og omsynet til distriktet og det lokale næringsliv, særleg for industrien. Prosjektet vil betre infrastrukturen i området og kan vere med på å utvide arbeidsmarknaden. Prosjektet vil difor vere med på å styrke næringsutvikling og busetnad.

       Fleirtalet vil med denne bakgrunn gå inn for forskotsbompengar i prosjektet Eiksund-sambandet.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil ut fra ei helhetsvurdering av prosjektet gå mot departementets forslag om forhåndsinnkreving av bompenger.

       Dette medlem vil vise til St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 hvor det heter: « Møre og Romsdal har store bindinger fra inneværende vegplanperiode. »

       Dette sammen med mange andre uløste vegbehov for Møre og Romsdal som flaskehalser, rasproblematikk, dårlig vegstandard, miljøtiltak m.m på så vel stam- og riksveger som fylkesveger er hovedbegrunnelsen for å si nei til prosjektet. Dette medlem viser til at Eiksund-sambandet vil kreve 490  mill. kroner i statlige bevilgninger.

       Dette medlem vil prioritere å nytte disse midler til andre nødvendige tiltak i fylket og vil vise til bl.a. til følgende prosjekt:

- Rv661 Skodje bru
- Rassikring bl.a. Austefjorden, Stordalsveien, Hellesylt
- Flaskehalsløsninger som Rv662 Haukebøen, Rv70 Meisingseth-Tingvoll
- Parkeringsplass ferje/hurtigbåtkai Hareid
- Ombygging/tilpassing ferjeleier
- Rv9 Miljølokk ved Volsdalen
- Rv680 Imarsundet
- Rv9 Lerstadveien, innfartsvei med store miljøproblemer
- Todalsvegen (opprusting)

       Dette medlem vil videre vise til at det er behov for fast vegdekke på en rekke grusveger og trafikksikkerhetstiltak, samt at det er behov for en rekke store fylkesvegprosjekter, bl.a. Langøy-brua og Langøy-brua - Hendstraumen.

       Dette medlem vil også vise til at fra regionalt hold har det vært framheva betydninga av prosjektet for et felles arbeidsmarked og for næringslivets tilgjengelighet. Dette medlem er av den oppfatning at et oppgradert ferjesamband med hyppigere avganger og nattavganger Eiksund-Rjånes, oppgradering av ferjesambandet Hareid-Sulesund og evt. Årvika-Koparnes er alternativ til Eiksund-sambandet.

       Dette medlem vil videre vise til at det er en del miljøkonflikter knytta til Eiksund-sambandet, konflikter vedr. kulturminne (Ytre Steinnes), miljøulemper vedrørende utfylling av Eiksundet

       Dette medlem vil fremme følgende forslag:

«1. Bompengeselskapet gis ikke rett til å kreve inn forhåndsbompenger
2. Ferjesambandene oppgraderes
3. Den statlige andel av prosjektet brukes til andre vegformål i Møre og Romsdal.»