Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå samferdselskomiteen om forskotsbompengar til Eiksund-sambandet.

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget.

Innleiing

       I proposisjonen blir det gjort framlegg om forskotsbompengar til rv 653 Eiksund-sambandet med verknad frå 1. juli 1997, eller så snart som det er praktisk mogeleg. Føremålet med forskotsbompengane er å finansiere vidare planlegging og å lette ei eventuell seinare finansiering av prosjektet.

       Eiksund-sambandet vil gje fast vegsamband mellom øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande med til saman om lag 22.000 innbyggjarar, og fastlandskommunane Ørsta og Volda med til saman om lag 18.000 innbyggjarar. Øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er i dag knytte saman med vegar og bruer, og mot omverda med fire ferjesamband og ei snøggbåtrute

       Samferdselskomiteen støtta prioriteringa av Eiksund-sambandet, jf. Innst.S.nr.232(1992-1993). Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007.

Omtale av prosjektet

       Alternativet som Vegdirektoratet har godkjent, tek av frå Eiksundet og går på ei 250  m lang fylling fram til ei bru over til øya Eika. Brua blir 368  m lang og har ei minste frie seglingshøgd på 16  m i ei breidd på 20  m. Alternativet omfattar vidare 130  m veg på Eika, og ein 6.440  m lang trefelts undersjøisk tunnel med 10  % stigning på begge sider av lågpunktet fram til Ytre Steinnes i Ørsta kommune. Tunnelen vil ha lågaste punkt 300  m under havoverflata. Det godkjende alternativet går vidare dels langs eksisterande veg, før det tek av og går vest for Hovdevatnet og fram til Furene i Volda kommune.

       Det godkjende alternativet har nokre negative konsekvensar for miljø og kulturminne. Vidare fører alternativet til konfliktar med kulturminne på Ytre Steinnes.

       Sambandet vil avløyse den 3,4  km lange ferjestrekninga mellom Eiksund og Rjånes. Overfartstida er i dag på om lag 13 minutt på strekninga.

       Utgangspunktet for planlegginga av Eiksund-sambandet har vore det lokale ynske om å knytte øykommunane på søre Sunnmøre til fastlandet med eit fast vegsamband.

       Av dei alternativa som er vurdere i hovudplanen, er det berre det eine ferjeinnkortingsalternativet som har samfunnsøkonomisk lønsemd.

       Kostnadsoverslaget for det alternativet som er vedteke på bakgrunn av lokal semje, er rekna til 620  mill. kroner på hovudplannivå. Om den undersjøiske tunnelen må forlengjast på grunn av konfliktane med kulturminne på Ytre Steinnes, reknar ein med at kostnadsoverslaget vil auke med 20  mill. kroner til totalt 640  mill. kroner.

       Driftskostnadene ved ein undersjøisk tunnel er førebels rekna til å kunne bli omkring 5  -  8  mill. kroner årleg. Ferja som trafikkerer sambandet i dag går utan driftstilskot.

       Netto nytte for det vedtekne alternativet er rekna til om lag -320  mill. kroner. Netto nyttekostnadsbrøk er rekna til -0,5.

       Vegdirektoratet har kvalitetssikra kostnadsoverslaget.

Bompengeordninga

       Eiksund-sambandet skal finansierast med ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar.

       Det er rekna med forskotsbompengar på ferjesambandet Eiksund - Rjånes ved at takstane blir heva frå takstsone 4 til takstsone 7.

       Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk på ferjesambandet Eiksund - Rjånes var i 1996 på 609 køyretøy pr. døgn. Det er lagt til grunn 5  % trafikkavvising ved innføring av forskotsbompengar. Det er lagt til grunn ei årleg bompengeinntekt på 2,4  mill. kroner.

       Om prosjektet ikkje blir realisert, skal ein først dekkje planleggingskostnadene, tilbakebetale aksjekapitalen og løyse opp selskapet. Eit eventuelt overskot skal nyttast vidare til gang- og sykkelvegar og miljø- og trafikksikringstiltak på Rv653.

       Det er førebels ved vurderinga av bompengeinntektene lagt til grunn ein eingongsauke i trafikken på om lag 30  % ved opninga, og ein trafikkvekst på 1  % pr. år. Om det blir lagt til grunn etterskotsbompengar i 15 år med bompengetakst svarande til takstsone 7 i riksvegferjeregulativet, kan bompengedelen av finansieringa bli på om lag 125  mill. kroner.

Lokale vedtak

       Spørsmålet om innkrevjing av bompengar til Eiksund-sambandet har vore lagt fram for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda kommune, som alle har slutta seg til framlegget.

       Møre og Romsdal fylkesting har mot ei stemme fatta vedtak om også å gå inn for saka.

Samferdselsdepartementet si vurdering

       Etter Samferdselsdepartementet sitt syn bør bompengeprosjekt i utgangspunkt vere samfunnsøkonomisk lønsame.

       Ut frå eit slikt syn knyter det seg ein del atterhald til prosjektet. Eiksund-sambandet har låg samfunnsøkonomisk lønsemd.

       Kostnadsoverslaget er på hovudplannivå og er difor usikkert. Dette har mellom anna samanheng med uvisse når det gjeld den undersjøiske tunnelen og traséval på grunn av konfliktar med kulturminne. Auke i kostnadene svekkjer og lønsemda i prosjektet enda meir.

       Bompengedelen er på 20  %, medan hovudregelen seier at det bør vere minst 50  % bompengedel.

       Eit eventuelt vedtak om å byggje prosjektet vil binde store statlege midlar i eit fylke med mange uløyste oppgåver når det gjeld riksvegane.

       Departementet si grunngjeving for å likevel å leggje fram forslag om forskotsbompengar har samanheng med omsynet til distriktet og det lokale næringslivet.

       Departementet vil seinare kome attende til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging.

       I ein eventuell bompengeproposisjon vil kostnadsoverslaget vere basert på vedtekne reguleringsplanar.

Avtale

       Etter at Stortinget har gjort vedtak om forskotsbompengar til Eiksund-sambandet, vil det bli inngått avtale i samsvar med standardavtale mellom Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet og bompengeselskapet Eiksund-sambandet A/S.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til at departementet går inn for at det skal bli høve til å krevje inn forskotsbompenger for å finansiere vidare planlegging av riksvegprosjektet Eiksund-sambandet i Møre og Romsdal.

       Fleirtalet ser det som ønskjeleg at øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande får fast vegsamband med fastlandskommunane Ørsta og Volda. I dei nemnde kommunar er det om lag 40.000 innbyggjarar.

       Fleirtalet har merka seg at spørsmålet om innkrevjing av bompengar har vore lagt fram for dei nemnde kommunar og Møre og Romsdal fylkesting som alle har slutta seg til framlegget. Samferdselskomiteen har tidlegare støtta prioriteringa av Eiksund-sambandet, jf. Innst.S.nr.232(1992-1993). Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007.

       Fleirtalet er merksam på at planlegginga førebels berre er på hovudplannivå. I samband med reguleringsplanarbeidet vil ein få avklara dei uløyste problema i høve til kulturminne og miljø. Ein vil òg få avklara den økonomiske ramma for prosjektet. Departementet vil seinare kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging.

       Fleirtalet sluttar seg til departementet si grunngjeving for å leggje fram forslag om forskotsbompengar og omsynet til distriktet og det lokale næringsliv, særleg for industrien. Prosjektet vil betre infrastrukturen i området og kan vere med på å utvide arbeidsmarknaden. Prosjektet vil difor vere med på å styrke næringsutvikling og busetnad.

       Fleirtalet vil med denne bakgrunn gå inn for forskotsbompengar i prosjektet Eiksund-sambandet.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil ut fra ei helhetsvurdering av prosjektet gå mot departementets forslag om forhåndsinnkreving av bompenger.

       Dette medlem vil vise til St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 hvor det heter: « Møre og Romsdal har store bindinger fra inneværende vegplanperiode. »

       Dette sammen med mange andre uløste vegbehov for Møre og Romsdal som flaskehalser, rasproblematikk, dårlig vegstandard, miljøtiltak m.m på så vel stam- og riksveger som fylkesveger er hovedbegrunnelsen for å si nei til prosjektet. Dette medlem viser til at Eiksund-sambandet vil kreve 490  mill. kroner i statlige bevilgninger.

       Dette medlem vil prioritere å nytte disse midler til andre nødvendige tiltak i fylket og vil vise til bl.a. til følgende prosjekt:

- Rv661 Skodje bru
- Rassikring bl.a. Austefjorden, Stordalsveien, Hellesylt
- Flaskehalsløsninger som Rv662 Haukebøen, Rv70 Meisingseth-Tingvoll
- Parkeringsplass ferje/hurtigbåtkai Hareid
- Ombygging/tilpassing ferjeleier
- Rv9 Miljølokk ved Volsdalen
- Rv680 Imarsundet
- Rv9 Lerstadveien, innfartsvei med store miljøproblemer
- Todalsvegen (opprusting)

       Dette medlem vil videre vise til at det er behov for fast vegdekke på en rekke grusveger og trafikksikkerhetstiltak, samt at det er behov for en rekke store fylkesvegprosjekter, bl.a. Langøy-brua og Langøy-brua - Hendstraumen.

       Dette medlem vil også vise til at fra regionalt hold har det vært framheva betydninga av prosjektet for et felles arbeidsmarked og for næringslivets tilgjengelighet. Dette medlem er av den oppfatning at et oppgradert ferjesamband med hyppigere avganger og nattavganger Eiksund-Rjånes, oppgradering av ferjesambandet Hareid-Sulesund og evt. Årvika-Koparnes er alternativ til Eiksund-sambandet.

       Dette medlem vil videre vise til at det er en del miljøkonflikter knytta til Eiksund-sambandet, konflikter vedr. kulturminne (Ytre Steinnes), miljøulemper vedrørende utfylling av Eiksundet

       Dette medlem vil fremme følgende forslag:

«1. Bompengeselskapet gis ikke rett til å kreve inn forhåndsbompenger
2. Ferjesambandene oppgraderes
3. Den statlige andel av prosjektet brukes til andre vegformål i Møre og Romsdal.»

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

1. Bompengeselskapet gis ikke rett til å kreve inn forhåndsbompenger
2. Ferjesambandene oppgraderes
3. Den statlige andel av prosjektet brukes til andre vegformål i Møre og Romsdal.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker i at:

1. Bompengeselskapet får rett til å kreve inn forskotsbompengar til delvis finansiering av Rv653 Eiksund-sambandet etter vilkåra i St.prp. nr. 75 (1996-1997) og Innst.S.nr.265(1996-1997).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og å gi nærare reglar for finansieringsordninga.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 11. juni 1997.

Magnus Stangeland, Magnar Sætre, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.