1. Samandrag
Innleiing
I proposisjonen blir det gjort framlegg om forskotsbompengar til rv 653 Eiksund-sambandet med verknad frå 1. juli 1997, eller så snart som det er praktisk mogeleg. Føremålet med forskotsbompengane er å finansiere vidare planlegging og å lette ei eventuell seinare finansiering av prosjektet.
Eiksund-sambandet vil gje fast vegsamband mellom øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande med til saman om lag 22.000 innbyggjarar, og fastlandskommunane Ørsta og Volda med til saman om lag 18.000 innbyggjarar. Øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er i dag knytte saman med vegar og bruer, og mot omverda med fire ferjesamband og ei snøggbåtrute
Samferdselskomiteen støtta prioriteringa av Eiksund-sambandet, jf. Innst.S.nr.232(1992-1993). Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007.
Omtale av prosjektet
Alternativet som Vegdirektoratet har godkjent, tek av frå Eiksundet og går på ei 250 m lang fylling fram til ei bru over til øya Eika. Brua blir 368 m lang og har ei minste frie seglingshøgd på 16 m i ei breidd på 20 m. Alternativet omfattar vidare 130 m veg på Eika, og ein 6.440 m lang trefelts undersjøisk tunnel med 10 % stigning på begge sider av lågpunktet fram til Ytre Steinnes i Ørsta kommune. Tunnelen vil ha lågaste punkt 300 m under havoverflata. Det godkjende alternativet går vidare dels langs eksisterande veg, før det tek av og går vest for Hovdevatnet og fram til Furene i Volda kommune.
Det godkjende alternativet har nokre negative konsekvensar for miljø og kulturminne. Vidare fører alternativet til konfliktar med kulturminne på Ytre Steinnes.
Sambandet vil avløyse den 3,4 km lange ferjestrekninga mellom Eiksund og Rjånes. Overfartstida er i dag på om lag 13 minutt på strekninga.
Utgangspunktet for planlegginga av Eiksund-sambandet har vore det lokale ynske om å knytte øykommunane på søre Sunnmøre til fastlandet med eit fast vegsamband.
Av dei alternativa som er vurdere i hovudplanen, er det berre det eine ferjeinnkortingsalternativet som har samfunnsøkonomisk lønsemd.
Kostnadsoverslaget for det alternativet som er vedteke på bakgrunn av lokal semje, er rekna til 620 mill. kroner på hovudplannivå. Om den undersjøiske tunnelen må forlengjast på grunn av konfliktane med kulturminne på Ytre Steinnes, reknar ein med at kostnadsoverslaget vil auke med 20 mill. kroner til totalt 640 mill. kroner.
Driftskostnadene ved ein undersjøisk tunnel er førebels rekna til å kunne bli omkring 5 - 8 mill. kroner årleg. Ferja som trafikkerer sambandet i dag går utan driftstilskot.
Netto nytte for det vedtekne alternativet er rekna til om lag -320 mill. kroner. Netto nyttekostnadsbrøk er rekna til -0,5.
Vegdirektoratet har kvalitetssikra kostnadsoverslaget.
Bompengeordninga
Eiksund-sambandet skal finansierast med ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar.
Det er rekna med forskotsbompengar på ferjesambandet Eiksund - Rjånes ved at takstane blir heva frå takstsone 4 til takstsone 7.
Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk på ferjesambandet Eiksund - Rjånes var i 1996 på 609 køyretøy pr. døgn. Det er lagt til grunn 5 % trafikkavvising ved innføring av forskotsbompengar. Det er lagt til grunn ei årleg bompengeinntekt på 2,4 mill. kroner.
Om prosjektet ikkje blir realisert, skal ein først dekkje planleggingskostnadene, tilbakebetale aksjekapitalen og løyse opp selskapet. Eit eventuelt overskot skal nyttast vidare til gang- og sykkelvegar og miljø- og trafikksikringstiltak på Rv653.
Det er førebels ved vurderinga av bompengeinntektene lagt til grunn ein eingongsauke i trafikken på om lag 30 % ved opninga, og ein trafikkvekst på 1 % pr. år. Om det blir lagt til grunn etterskotsbompengar i 15 år med bompengetakst svarande til takstsone 7 i riksvegferjeregulativet, kan bompengedelen av finansieringa bli på om lag 125 mill. kroner.
Lokale vedtak
Spørsmålet om innkrevjing av bompengar til Eiksund-sambandet har vore lagt fram for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda kommune, som alle har slutta seg til framlegget.
Møre og Romsdal fylkesting har mot ei stemme fatta vedtak om også å gå inn for saka.
Samferdselsdepartementet si vurdering
Etter Samferdselsdepartementet sitt syn bør bompengeprosjekt i utgangspunkt vere samfunnsøkonomisk lønsame.
Ut frå eit slikt syn knyter det seg ein del atterhald til prosjektet. Eiksund-sambandet har låg samfunnsøkonomisk lønsemd.
Kostnadsoverslaget er på hovudplannivå og er difor usikkert. Dette har mellom anna samanheng med uvisse når det gjeld den undersjøiske tunnelen og traséval på grunn av konfliktar med kulturminne. Auke i kostnadene svekkjer og lønsemda i prosjektet enda meir.
Bompengedelen er på 20 %, medan hovudregelen seier at det bør vere minst 50 % bompengedel.
Eit eventuelt vedtak om å byggje prosjektet vil binde store statlege midlar i eit fylke med mange uløyste oppgåver når det gjeld riksvegane.
Departementet si grunngjeving for å likevel å leggje fram forslag om forskotsbompengar har samanheng med omsynet til distriktet og det lokale næringslivet.
Departementet vil seinare kome attende til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging.
I ein eventuell bompengeproposisjon vil kostnadsoverslaget vere basert på vedtekne reguleringsplanar.
Avtale
Etter at Stortinget har gjort vedtak om forskotsbompengar til Eiksund-sambandet, vil det bli inngått avtale i samsvar med standardavtale mellom Samferdselsdepartementet ved Vegdirektoratet og bompengeselskapet Eiksund-sambandet A/S.