Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Luftfartens rolle i norsk samferdsel

3.1 Sammendrag

Trafikkutvikling og prognosar

       Flytransport vinn marknad i persontransportsektoren. Frå 1991 og fram til 1995 har persontrafikk med fly (målt i personkilometer) hatt ein høgare vekst enn den totale persontrafikken. Marknadsdelane har auka frå 5,1 til 6,5 %. Dette utgjer ein årleg auke i perioden 1991-95 på 7,2 %, mens den totale årlege veksten i marknaden for same periode var på 1,2 %.

       Mange av dei viktigaste faktorane som fører til auka etterspurnad etter flyreiser, er venta å utvikle seg positivt i perioden. Sentralt i berekningane av prognosane er bruttonasjonalprodukt (BNP) og inntektsutviklinga som dei viktigaste drivkreftene for utviklinga i flytrafikken. Ei vidare utvikling av norsk luftfart basert på dei rammevilkåra som gjeld i dag, tilseier at passasjerar komne og reiste i Noreg totalt, vil auke frå 23,7 mill. (estimert) i 1996 til om lag 36,8 mill. i år 2007. Dette tilsvarar ein trafikkvekst for heile planperioden (1998-2007) på om lag 51 %. Totalt for stamruteplassane viser prognosane ein årleg vekst på 4,1 %, og for dei regionale flyplassane 2,5 % i planperioden 1998-2007.

Sysselsetjing og verdiskaping i luftfarten

       I absolutte tal skapar luftfartssektoren direkte vel 13.000 arbeidsplassar, der om lag 11.000 er i flyselskapa og om lag 2.200 i Luftfartsverket. Tar ein utgangspunkt i data for produktinnsatsen i flyselskapa, kan samla sysselsetjing i flyselskapa og i tilknytta verksemder reknast til vel 23.000 personar, mens det for Luftfartsverkets del kan reknast til om lag 3.500. Flyrutetilboda medverkar til å betre det totale transportsambandet for næringslivet, og fører til at regionale og nasjonale senter samt knutepunkt i utlandet blir meir tilgjengelege. God tilgang til ei lufthamn og eit godt flyrutetilbod verkar positivt for befolknings- og næringsutviklinga i influensområdet. Luftfartssektoren si totale verdiskapning i % av BNP er omlag dobbel så stor som verdiskapninga i jernbane- og bussnæringa til saman.

Verdien av kort reisetid

       Luftfarten sitt store fortrinn er kort reisetid på lange avstandar. Ved auka verdi av spart tid, vil også omfanget av luftfart auke. Eit grovt estimat viser at verdien av spart tid ved flyreiser i Noreg ligg på om lag 9 mrd. 1995-kroner. Ein stor del av reisene går føre seg på strekningar som er lengre enn Oslo-Trondheim og der geografiske tilhøve medfører at landbasert transport kjem dårlegare ut enn mellom desse to byane.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til merknader i pkt. 1.2.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at Senterpartiet under behandlingen av Revidert nasjonalbudsjett for 1997 vil vurdere tiltak for å dempe avgiftene for landinger med charterfly på Banak lufthavn for å styrke reiselivstrafikken til Nordkapp.

       Disse medlemmer viser til at landingsavgiftene for charterfly er dobbelt så høye på Banak lufthavn som ved lufthavnen i Ivalo på finsk side av grensen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på de negative virkninger avgiftene på chartertrafikken får for norsk turistnæring. De norske fiskalavgiftene medfører bl.a. at utenlandske charterturister til Nord-Norge lander på finske lufthavner, overnatter der og gjør innkjøpene i Finland.

       Disse medlemmer viser til at avgifter i luftfarten må ha forurensningsbegrensende målsettinger og må samordnes med våre samarbeidsland for å unngå konkurransevridninger.