Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Arealbruk og arealplanlegging utanfor byar og tettstader

       Departementet syner i meldinga til at det i distrikts- og regionalpolitikken vert lagt vekt på samanhengen mellom by og land som innbyrdes utfyller kvarandre. Det er i meldinga drøfta kva for nasjonale mål og interesser innanfor arealpolitikken som særleg bør takast i vare i den regionale planlegginga i ulike typar regionar i landet. Departementet syner til at det er viktig å få klårlagt dei nasjonale verneinteressene som bør takast vare på gjennom den regionale planlegginga i fylka og kommmunane i landet. Føremålet er at desse verneinteressene skal best mogleg takast vare på, men òg at det skal leggjast til rette for ei rask og effektiv planlegging av areal som skal brukast til utbyggingsføremål. Departementet ønskjer at det vert lagt vekt på utsiktene for kombinert utnytting av areal til bruks- og verneføremål.

       Departementet syner til at for å nå målsettingane om å gjere presset på natur- og kulturmiljøet mindre, ta vare på biologisk mangfald og ta vare på dei naturgjevne og menneskeskapte ressursene, må merksemda rettast spesielt mot område med stor økologisk verdi og naturvenleik, og ein rik kulturell og arkitektonisk arv. Departementet vil difor leggje auka vekt på registrering og kartlegging av natur- og kulturlandskap, slik at det vert teke vare på kvalitet og mangfald. Departementet meiner vidare at ved handsaming av plan- og inngrepssaker må det leggjast til grunn ei brei forståing av landskapet sin verdi, samstundes bør samordninga mellom sektorane sin verkemiddelbruk og godkjende arealplanar etter plan- og bygningslova styrkast.

       Meldinga drøftar nasjonale rammer for planlegging av arealbruk i tillegg til by- og tettstadsregionar i følgjande typar regionar:

- Regionar med store landbruksinteresser og kulturlandskapsverdiar,
- store samanhengande naturområde, spesielt i fjellområde og langs større vassdrag,
- regionar i kystsona.

       Departementet syner til at i slike område er hovudutfordringa for den regionale planlegginga å vidareutvikle eit naturressursbasert næringsliv og halde oppe busetjinga, samstundes som store verneinteresser må takast vare på. Utfordringane vert sjeldan avgrensa til ein kommune, og det inneber at fylkesplanlegginga vert stadig viktigare for planlegginga og styringa i slike regionar.

       Det vert i meldinga synt til at Regjeringa strekar under behovet for eit sterkt jordvern ved at arealpolitikken i framtida legg større vekt på sikring av dyrka og dyrkbare areal. Ved praktiseringa av jordvernet vil kvaliteten og produksjonspotensialet ved dyrka og dyrkbar jord vere eit viktig grunnlag ved avveging i arealbrukskonfliktar. Det vert vidare synt til dei rikspolitiske retningslinene for samordna areal- og transportplanlegging som gjev retningsliner for avveging mellom verne- og bruksinteresser ved forvaltinga av areal.

       Departementet syner til at det spesielt i omlandet til byar og tettstader der utbyggingspresset er sterkt, vil bli lagt auka vekt på å sikre variasjonsrikdomen og det kulturhistoriske og økologiske perspektivet på kulturlandskapet. Arealplanlegginga i slike regionar vil krevje spesiell merksemd i framtida. Det vert vidare lagt vekt på at statlege sektorar og etatar skal ta aktiv del i planlegginga av dei store samanhengande naturområda. Det vert i meldinga òg synt til eit utviklingsprosjekt for regional kystsoneplanlegging som vert utført innanfor rammene av fylkesplanlegginga, og kor fylkeskommunane gjennom fylkesplanlegginga spelar ein meir aktiv rolle i kystsoneplanlegginga. Føremålet er å utvikle gode eksempel på samordna regionale retningsliner og samarbeidsrutinar for planlegging og utvikling i kystsona.

       Departementet syner til at arealplanlegging i sjø reiser andre problemstillingar enn planlegging på land, og at plan- og bygningslova gjeld berre sjøområde ut til grunnlina. Vidare har kommunane ikkje plikt til å ta sjøareala med i kommuneplanane. I sjø vert utfordringa i større grad å vurdere korleis arealplanlegginga etter plan- og bygningslova på ein god måte kan utfylle viktige sektorlover som styrer og forvaltar verksemd i sjø. Det vert elles synt til St.meld. nr. 48 (1994-1995) Om havbruk.

Komiteen sine merknader

       Komiteen er samd i at gjennom landbruk skogbruk og fiske skal naturressursane forvaltast på ein økologisk rett måte, jorda haldast i hevd og kulturlandskapet oppretthaldast. Samspelet mellom natur, busetting, kulturminne og næringsverksemd gjev dette landet ein eineståande posisjon. Det har vakse fram ein bygdekultur i innlandet og på kysten med store skilnader i levemåten. Dette kulturelle mangfaldet er av stor verdi og må takast vare på. Komiteen meiner at det er ei hovudutfordring i arealforvaltinga å syte for at det produktive jord- og skogbruksarealet også i framtida kan nyttast til produksjon av varer for å dekkje grunnleggjande, menneskelege behov. Matkornjorda, som for ein stor del ligg i dei folkerike områda, har vore og er spesielt utsett for inngrep, noko som mellom anna må motverkast gjennom langsiktig planlegging. Ei utfordring vert difor å tilretteleggje for utviklingspotensialet som føreligg når det gjeld næringsutvikling, serviceutbygging og bustadbygging samstundes som ein tek vare på det ressursbaserte produksjonsgrunnlaget.

       Komiteen ser nasjonale og regionale verneplanar som viktige, men desse gjev ikkje i seg sjølv godt nok grunnlag til å ta vare på berekraftige økosystem og biologisk produksjon og mangfald. Utanom særlovgjevinga er plan- og bygningslova den viktigaste, generelle lova for å ivareta verneinteressene i arealforvaltninga. Det er etter komiteen sitt syn rett å styrkje dette verkemiddelet som strategisk verkty. Dette kan sikre ei betre avveging av konfliktar og betre samanheng i målsetjingane. Ved også å samordne dei regionale interessene regionalt, vil dessutan den kommunale forvaltninga stå sterkare i høve til statlege sektorinteresser og fagstyresmakter.

       Komiteen er samd med Miljøverndepartementet i at det bør rettast større merksemd mot kombinert utnytting av areal til bruks- og verneføremål.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og medlemen Hillgaar vil i framhald av dette synet åtvare mot å leggje for einsidig vekt på vern av samanhengande naturområde. Omsynet til det biologiske mangfaldet kan i einskilde høve også ivaretakast gjennom eit godt samspel mellom vern og bruk.

       Desse medlemene vil peike på at ved ei evaluering av dei rikspolitiske retningslinene må ein leggje til grunn ei differensiert forvalting der ein tek omsyn til at vassdraga kan vere svært ulike med tanke på plassering og inngrep, og at det einskilde vassdraget gjerne er samansatt av fleire vassdragsbelte. Det bør vere ein høgare terskel før ein aksepterer inngrep i tidlegare inngrepsfrie naturområde enn i kulturområde der jord- og skogbruk har hevdvunne tradisjonar for å gjere seg bruk av vassressursane og dei tilliggande areala.

       Komiteen har merka seg at DN og NVE samarbeider om å samanstille og informere om verneverdiane i verna vassdrag, for å betre grunnlaget for planlegginga. Komiteen har elles merka seg mellom anna Guddalsvassdraget i Sogn og Fjordane som eksempel på at det biologiske mangfaldet kan ivaretakast gjennom kommunedelplanar.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det er viktig å leggje vekt på vern av samanhengande naturområde for å bevare det biologiske mangfaldet og for å sikre at arter som ikkje finst i kulturlandskap får gode nok overlevingsvilkår. Det er difor viktig at ein i tillegg til å verne dyrkbar jord, kulturlandskap og kulturminne også løpande vurderer behovet for fleire nasjonalparkar, gjennomfører verneplanen for barskog og vern av vassdragsnatur i tilknyting til verna vassdrag. Det er i tillegg nødvendig å få etablert klarare vernereglar for viktige friluftsområde anten dei er i offentleg eller i privat eige.

       Komiteen ser positivt på at Regjeringa vil vurdere endringar i arealbrukskategoriane innan LNF-områda for mellom anna å sikre verdiskaping og arbeid i distrikta, sikre det langsiktige ressursgrunnlaget, biologisk mangfald samt natur- og friluftsinteresser elles.

       Komiteen vil peike på at kulturlandskapsverdiar til vanleg er mest truga der utbyggingspresset er stort. Men også nedbygging og opphøyr av drift kan forringe eller truge natur- og kulturminneverdiar som er avhengige av aktiv bruk og vedlikehald. Eit viktig mål må difor vere å gjennomføre ein jord- og skogbrukspolitikk som reduserer slik avvikling av drifta til eit minimum utan at ein her tek stilling til korleis dette reint landbrukspolitisk kan realiserast.

       Komiteen har merka seg at Miljøverndepartementet, Fiskeridepartementet og Administrasjonsdepartementet har starta eit utviklingsprosjekt for regional kystsoneplanlegging, og at det mot denne bakgrunnen er sett i gang arbeid med å lage fylkesdelplan for kystsonen i interesserte fylke. Komiteen ser også positivt på at Miljøverndepartementet og Fiskeridepartementet har teke initiativ overfor kommunane for å betre den kommunale planprosessen og klårgjere spesielle tilhøve knytta til den kommunale kystsoneplanlegginga. Dette er tiltak som kan betre den lokale deltakinga og auke kompetansen både lokalt og regionalt når det gjeld forvaltinga i kystsona. Dette kan også vere eit steg i rett lei for å dempe konfliktar i samband med sentralt vedtekne verneplanar, der lokalsamfunna ofte føler at synsmåtane deira har vorte teke lite omsyn til.

       Komiteen har elles merka seg positive røynsler med kystsoneplanlegging, mellom anna frå eit samarbeidsprosjekt mellom 18 kommunar på Helgelandskysten.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til at utbyggingsmønster og utbyggingsform verkar inn også på forbruket av stasjonær energi og kva for nokre energikjelder som kan takast i bruk. Ein av føresetnadene for større utnytting av nye, fornybare energikjelder som bioenergi, solvarme og vindkraft er utbygging av vassboren varme eller fjernvarme. Ei slik utbygging vil òg medverke til større energieffektivitet.

       Desse medlemene meiner at det er særs uheldig at det ikkje er incentiv til slik utbygging i samband med nye reguleringar eller nye større bygg i Noreg. Fjernvarme eller vassboren varme er ofte dyrare i investeringsfasen, men vesentleg billigare i drift. Gjennom krav om gjennomføring av konsekvensutgreiingar for energi, ved reguleringsplanar og ved etablering av bygg over ein viss storleik, vil utbygging av fjernvarme kunne vurderast som eit reelt og lønnsamt alternativ. Desse medlemene viser til at ein bør nytta heimelen i plan- og bygningslova § 33-4 m.v. til å påleggje kommunane å gjennomføre slike konsekvensutgreiingar. I den grad det er lovheimel for det, bør denne typen krav også gjerast gjeldande for eksisterande bygningsmasse t.d. i samband med renovering eller bruksendringar.

       Desse medlemene viser til det nyoppnemnde energiutvalet sitt arbeid med Energi 2020. Desse medlemene vil be om at utvalet får i oppgåve å gjennomgå lov og regelverk, inkludert plan- og bygningslova med føresegner og staten sitt eige regelverk for eigne bygg, for å få til større utnytting av potensialet for energiøkonomisering og fornybare energikjelder. Høvet til å innarbeide tidlegare krav om energiplanar (jf. fjernvarmelova) i alle kommunar i det nye energipolitiske rammeverket bør òg vurderast.

       Desse medlemene fremjer følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa, gjennom føresegner til plan- og bygningslova, syte for at kommunane gjennomfører konsekvensutgreiingar for energi ved reguleringsplanar og etablering av bygg over ein viss storleik. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil vise til at vannbårne oppvarmingssystem er en forutsetning for økt energifleksibilitet, herunder introduksjon av nye, fornybare energiformer som bio-energi, varmepumper m.m.

       Disse medlemmer forutsetter at slike problemstillinger blir nærmere drøftet i arbeidet med Energi 2020.

       Komiteens medlem Hillgaar vil peke på de uheldige konflikter som tidligere tiders hyttebygging i 100 metersbeltet har skapt i enkelte kommuner og regioner langs Skagerrak og ytre Oslofjord. En del steder er allmennhetens tilgang til strandsonen sterkt innskrenket. Andre steder er strandsonebebyggelsen til hinder for en fornuftig utnyttelse av bakenforliggende arealer og for en samlet arealplanlegging. Den spredte hyttebebyggelsen kan for øvrig på enkelte, belastede steder medføre at utslipp og renovasjon blir et problem. I kommuneplanene for slike helt spesielle områder bør det kunne innføres saneringssoner, som tilkjennegir at vedkommende kommune i et langsiktig perspektiv ønsker å gjøre visse soner av 100 meters beltet frie for hyttebebyggelse.

       Dette medlem vil peke på at slike saneringssoner kan kobles sammen med praktiske erstatningsordninger med tilbud om erstatningshytter/hyttetomter i regulerte « hyttebyer ». Slike hyttebyer er i dag bygget i Gjeving v/Lyngør i Tvedestrand kommune og ved Portør, Kragerø kommune. Hyttebykonseptet kombinerer lokal stilart, tett bebyggelse, høy tomteutnyttelse med tidsmessig renseanlegg og ordnet parkering. De gir flere mennesker et fritidstilbud på vesentlig mindre areal. Dette medlem mener at en politikk for sanering av de verste feil i tidligere tiders hyttebygging kan gi hytteferie og meningsfull fritid for mange flere dersom innføring av begrensede saneringssoner kobles sammen med hyttebykonseptet.

       Innføring av saneringssoner i deler av 100 metersbeltet vil over en 50-års periode kunne gi de berørte kystsamfunnene tilbake en viktig livskvalitet uten å miste næringsinntekter. Forutsetningen er konsekvent håndtering av strenge reguleringsbestemmelser, herunder nei til gjenoppbygging og nei til utvidelser/endringer av eksisterende fritidsbebyggelse i sonene. Forutsetningen er også krav til regulering av alternative hyttebyer til erstatning, stimuleringsordninger m.v.

       Dette medlem innser at en løsning som skissert oppfattes som radikal. Men radikalismen i tanken er ikke reguleringsteknisk. Det radikale er ønsket om å innføre en planhorisont på 50 år.