Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Arealpolitikken

       Departementet syner til at gjennom arealpolitikken legg styresmaktene rammer for utviklinga av arealbruken slik at den i størst mogleg grad fremjer dei samla interessene i samfunnet, gjennom å definere mål og verkemiddel og gjennomføre tiltak for å fremje ei ynskt forvalting av areala til så vel vern som bruk. Hovudlinene i arealpolitikken ligg fast, men Regjeringa markerer i meldinga at følgjande politiske premissar skal vektleggjast i den regionale planlegginga:

- Omsynet til biologisk mangfald,
- omsynet til effektiv utbyggingspolitikk og transportsystem,
- omsynet til sterkt og differensiert jordvern,
- omsynet til estetikk og landskapsbilete,
- omsynet til funksjonshemma.

       Vidare vil det bli lagt vekt på å styrke arealovervaking og dokumentasjon for å effektivisere planprosessane, førebyggje konfliktar og evaluere effekten av den arealplanlegginga ein har i dag. Det vil bli lagt fokus på:

- Auka basiskartlegging og betre dataforvalting på alle nivå,
- løpande arealbruksdokumentasjon,
- arealkartlegging og verdiklassifisering av biologisk mangfald.

Komiteen sine merknader

       Komiteen er samd med Regjeringa si auka vektlegging av omsynet til det biologiske mangfaldet. Komiteen ser trongen for at ein legg meir vekt på oppfølginga av dei rikspolitiske retningslinene for samordna areal- og transportplanlegging, mellom anna gjennom opplegg for miljørevisjon av arealplanar. Komiteen viser til at RPR for samordna areal- og transportplanlegging føreset at transportbehovet kan avgrensast men at dette omsynet skal avvegast i høve til vern av jordbruks- og naturområde. Komiteen er samd i dette, men vil presisere at omsynet til effektiv transport ikkje må medføre at det vert vanskeleg å dele frå tomter til bustadføremål og næringsføremål i område med spreidd busetnad. Slike område står overfor heilt andre problem enn tettfolka område og verkemidla må tilpassast utfordringane her. Å auke utflyttingspresset gjennom ei restriktiv areal- og transportplanlegging i slike område, vil medføre auka arealbehov i tilflyttingsområda. Komiteen viser i den samanhengen til at i dei mest tettfolka områda, har vi for ein stor del også den beste matkornjorda.

       Komiteen vil likevel understreke at omsynet til trafikktryggleik og eventuell kollektivtrafikk må ivaretakast også i desse områda.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen Hillgaar, viser til at dei siste 50 åra er det bygd ned om lag I mill. dekar dyrka og dyrkande jord i beste matkornsonene. Vidare nedbygging av slik jord vil få alvorlege konsekvensar for landet si samla evne til å produsere matkorn, frukt og grønsaker. Føre-var-prinsippet tilseier ein arealpolitikk som vil kunne møte framtidige svingingar i den globale matvaresituasjonen.

       Komiteen har merka seg at Regjeringa føreset at omsynet til jordvernet må sjåast i samanheng med og avvegast mot andre, høgt prioriterte samfunnsinteresser. Dette gjeld særskilt omsynet til å få eit utbyggingsmønster og eit transportsystem i byregionane som reduserer transportbehovet og mogleggjer kollektive transportløysingar, jf. RPR for areal- og transportplanlegging.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og medlemen Hillgaar, er samd i dette og føreset at det er mogleg å styrke jordvernet utan å svekke dei omsyn som skal ivaretakast gjennom RPR.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti går mot at jordvernet vert praktisert mindre strengt innan såkalla gangavstand til knutepunkt i kollektivnettet, dersom denne jorda er tenleg til matkornproduksjon.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og medlemmet Hillgaar mener at det innenfor en generelt streng jordvernpolitikk fortsatt må være rom for fornuftige tilpasninger som bl.a. tar hensyn til en rimelig rasjonell by- og tettstedsutvikling.

       Komiteen føreset at staten legg opp til sjølv å praktisere det same strenge jordvernet som ein etter meldinga vil påleggje kommunar og fylkeskommunar.

       Komiteen viser til at om lag 18 % av folkesetnaden er varig funksjonshemma grunna allergi, rørslehemming, syn, høyrsel eller redusert evne til å oppfatte informasjon. Komiteen har merka seg at byggjeføresegnene tek omsyn til dei særlege behova som dei funksjonshemma har, men at behova til desse gruppene vert dårlegare ivaretekne i den meir overordna, strategiske planlegginga. Komiteen ser betra tilgang til friluftsområde som eksempel på viktige tiltak som kan gje eit rikare liv for ei stor og viktig gruppe funksjonshemma. Ein medviten storbypolitikk der ein gjennom aktiv innsats reduserer luftureininga er viktig for å redusere eit generelt helseproblem og eit globalt miljøproblem. For allergikarar kan luftureiningsnivået vere heilt avgjerande for ein god livssituasjon.

       Komiteen meiner at det bør startast eit aktivt opplærings- og utviklingsarbeid for betre å ivareta omsynet til dei funksjonshemma i den regionale planlegginga. Dette må skje i nært samarbeid med organisasjonane til dei funksjonshemma.

       Komiteen føreset at omsynet til grøntareal for barns leik vil vere ein viktig politisk premiss ved utforminga av utbyggingspolitikken og transportsystema.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til tidlegare vedtak om at ureiningslova skal gjerast gjeldande for samferdselssektoren. I denne samanhengen meiner desse medlemene at det er særs uheldig at Regjeringa har vedteke grenseverdiar som ligg langt under tilrådingane frå WHO og EU, og viser til Innst.S.nr.114 (1995-1996). Dette vil ikkje bidra til ein betre luftkvalitet i byar og tettstader.

       Komiteen meiner det bør vurderast om byområde bør få høve til ein eigen kategori i arealdelen av kommuneplanen for markering av område med særleg verdi for friluftsliv, rekreasjon og helse.

       Komiteen vil peike på at den allmenne ferdselsretten, ein allemannsrett regulert av friluftslova, er knytta til omgrepa innmark og utmark. Ferdselsretten gjeld generelt ikkje på t.d. hustomt. I delar av landet kan dette føre til at sjøberg og strandområde er vanskeleg tilgjengelege eller tilgjenget er lite samanhangande. Komiteen ber Regjeringa vurdere tiltak som kan betre den allmenne ferdselsretten i slike område.

       Komiteen ser positivt på at Miljøverndepartementet i samarbeid med andre departement legg opp til å byggje opp eit grunnlag av felles geografisk basisinformasjon (digitalt kartverk) og at det vert organisert ei felles dataforvalting i kvart fylke. Komiteen føreset at departementet vil følgje opp med framlegg om løyvingar slik at prosjektet kan realiserast snarast. Komiteen ber departementet om å vurdere dagens kartpolitikk der arbeidet for ein stor del vert finansiert av brukarane. Komiteen har merka seg at med dagens framdrift vil det ta om lag 25 år før det er etablert kartdata med ein kvalitet i samsvar med behovet i dag.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil streke under at arbeidet med oppfølginga av plan- og bygningslova sine vedtak når det gjeld estetiske omsyn er særs viktig. Fleirtalet meiner at det også kan vere nødvendig med andre verkemiddel for å forbetre kvaliteten på bygg og omgjevnadsforming i brei forstand. I denne samanhengen vil det vere naudsynt med ein gjennomgang av anna lovverk som har verknader for estetiske omsyn i lokalmiljøa. Dette gjeld mellom anna veglova, jernbanelova, og regelverket for statlege bygg.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og medlemmet Hillgaar mener det er viktig at estetiske hensyn blir tillagt stor vekt når f.eks. betingelser for byggeløyver blir fastlagt. Disse medlemmer vil likevel peke på at dette er et lokalt ansvar og at utøvelse av skjønn i så måte ikke lar seg lovfeste.