4. Nasjonale rammer for regional planlegging
Departementet syner i meldinga til at den regionale planlegginga er eit viktig styringsreiskap for kommunar og fylkeskommunar for å sikre ei ynskt samfunnsutvikling og arealbruk innan eige geografisk område. Denne planlegginga skal òg ta vare på nasjonale mål og interesser som er utforma av Regjeringa og Stortinget. Ein syner til at det er ei utfordring å få god samordning og godt samspel mellom dei nasjonale måla og interesser og dei regionale og lokale tilpassingar til nasjonal politikk. Regjeringa peikar i denne samanhengen på at ein aktiv bruk av rundskriv for å gjere nasjonal politikk kjend på førehand av fylkes- og kommuneplanlegginga, og for å klårgjere arbeidsopplegg og samarbeidsliner i fylkesplanlegginga, vil kunne gjere Regjeringa si godkjenningshandsaming av fylkesplanane meir målretta og effektiv. Tilsvarande vil dette kunne redusere behovet for at statlege og fylkeskommunale styresmakter tek til motmæle mot arealplanar i kommunane.
Det vert i meldinga lagt opp til ei omfattande vegleiing og opplæring av alle dei partane det vedkjem om avgjerdene om konsekvensutgreiingar, og departementet føreset at fylkeskommunane og fylkesmennene hjelper kommunane. Ein vil etablere eit system for løpande evaluering av dei nye avgjerdene, slik at moglege endringar som er påkravde kan gjerast i seinare revisjonar. Ei ytterlegare samordning av avgjerdene om konsekvensutgreiingar og planavgjerdene i plan- og bygningslova og kommunehelsetenestelova vil bli vurdert. I denne samanhengen vert det arbeidd spesielt med å utvikle miljøkonsekvensutgreiingar i den kommunale arealplanlegginga. Departementet syner elles til at ved planar som tek opp spørsmål som vedkjem rikspolitiske retningsliner (RPR), er det vesentlege at konsekvensar i høve til desse retningslinene vert klårgjorde, og at det òg vert utgreidd alternativ i samsvar med retningslinene dersom planstyresmaktene går inn for løysingar der retningslinene ikkje vert følgt.
Komiteen sine merknader
Komiteen viser til at Rikspolitiske Retningsliner (RPR) er eit alternativ til andre og meir tradisjonelle måtar å formidle og fremje nasjonal politikk på. Det er den politiske tyngda som vert lagd i retningslinene som i praksis avgjer kor sterke nasjonale føringer RPR gir. Komiteen meiner at RPR kan vere eit eigna verkemiddel i ein del samanhengar.
Komiteen er samd med Miljøverndepartementet i at det bør utvisast stor varsemd med bruken av rikspolitiske retningslinjer (RPR). Slike retningsliner bør ta utgangspunkt i stortingsdokument og brukast i samanhengar med klåre, nasjonale interesser og store krav til politisk samordning og avveging av samansette problem. Samtidig bør dei vere mest mogleg konkrete, dei må vere målretta, skikka for operativ oppfølging og dei må kunne etterprøvast for å måle oppfølginga. Rundskriv vil i mange høve vere eit godt alternativ. Komiteen vil likevel streke under at gjeldande RPR har hatt ein viktig funksjon.Ved evalueringa av gjeldande rikspolitiske retningsliner bør det vurderast om RPR for å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga også bør utvidast til andre grupper med særlege behov, herunder dei funksjonshemma. Likeins bør RPR for verna vassdrag evaluerast med tanke på om dei har fungert i samsvar med Stortinget si uttrykte målsetting.
Komiteen viser til at etter lova har statlege fagstyresmakter, fylkeskommunen og grannekommunane høve til å fremje motsegn i arealsaker. Komiteen er samd i at Miljøverndepartementet bør leggje større vekt på å få fram ei felles forståing for bruken av motsegn og såleis medverke til at motsegnsretten vert praktisert meir einsarta.
Komiteen ser det som viktig at ved store utbyggingstiltak skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar med grundige vurderingar der føre-var-prinsippet og eit langsiktig økologisk tidsperspektiv må leggjast til grunn.