Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. IMF si rolle ved lette i gjeldsbetalinga for dei fattigaste landa

Samandrag

       Stor gjeld seinkar den økonomiske utviklinga i mange fattige land. Det er brei semje om at røynslene syner at det har vore naudsynt å leggje om den økonomiske politikken for å komme ut av desse vanskane og sikre ei berekraftig utvikling.

       Analysar som IMF og Verdsbanken har gjort indikerte at eit ikkje uvesentleg tal land hadde ein gjeldssituasjon som ikkje kunne handterast. Dette resulterte i at Interimkomitéen og Utviklingskomiteen oppmoda Bretton Woods-institusjonane om å sjå nærare på problemstillinga med sikte på å forme eit felles, konkret forslag. Bretton Woods-institusjonane la i byrjinga av mars 1996 fram ei skisse til forsterking av gjeldsstrategien. Denne skissa blei akseptert av Interimkomiteen og av Utviklingskomiteen hausten 1996.

       Hovudformålet med det nye gjeldsinitiativet frå Bretton Woods-institusjonane er å tilby land som fører ein fornuftig økonomisk politikk over tid, tryggleik for at den totale gjelda dei har vil komme ned på eit akseptabelt nivå innan ei rimeleg tid.

Hovudprinsipp
- Nye tiltak er aktuelle berre for land som kan dokumentere evne og vilje til å arbeide seg over i ein meir haldbar situasjon ved ein fornuftig økonomisk reformpolitikk. Dette elementet byggjer på tidlegare røynsler om at vanskelege problem ikkje kan løysast utan at det blir ført ein fast økonomisk politikk over ein lengre periode. Debitorlanda må sjølve ta hovudansvaret for å få gjeldssituasjonen over på eit berekraftig grunnlag. Kreditorane bør gi ny finansiering til gunstige vilkår som stør opp om arbeidet landet gjer for å føre ein fornuftig reformpolitikk og økonomisk politikk.
- Særlege tiltak for problemtilfella bør vere koordinerte mellom dei aktuelle kreditorane, inklusiv Parisklubben, som handsamar spørsmål om å ettergi og forlenge løpetida på offentleg gjeld. Alle kreditorgruppene bør bere ein rimeleg del av finansieringa. Men tiltak for å redusere multilateral gjeld bør samstundes ta vare på dei multilaterale institusjonane sin finansielle integritet og deira prioriterte kreditorstatus og vere konsistent med statuttane for institusjonane. Slik sikrar ein institusjonane si evne til å halde fram med finansiering på gunstige vilkår. Ettergiving av gjeld frå multilaterale institusjonar er ikkje aktuelt, m.a. fordi dette vil verke demoraliserande for andre land som har makta å komme seg ut av ein vanskeleg situasjon gjennom hardt arbeid. Ettergiving av gjeld ville dessutan gjort Bretton Woods-institusjonane mindre kredittverdige på den internasjonale kredittmarknaden. Eit slikt tiltak ville òg krevje endringar i statuttane for IMF. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har likevel akseptert eit avgrensa sal av IMFs gull for å sikre at naudsynt finansiering kjem på plass (jf. omtale nedanfor).

Forslaga til prosedyrar
- Ein tenkjer seg at første fase for land som vil gjere bruk av gjeldsinitiativet er ein prøveperiode på 3 år, der landa må demonstrere vilje og evne til å følgje ein økonomisk politikk som kan gi grunnlag for ei berekraftig utvikling. I denne perioden får ikkje landa lette i gjeldsbetalinga ut over ordningane dei alt har. Land som alt fører ein slik fornuftig politikk og som fullt ut har utnytta dei gjeldsletteordningane som gjeld i dag, kan gå direkte over i neste fase.
- Etter første fase gjennomfører IMF og Verdsbanken i fellesskap ei omfattande evaluering av gjeldssituasjonen i landet i eit 20-års perspektiv. Dersom omlegging av den økonomiske politikken og full utnytting av eksisterande ordningar etter den første fasen viser seg å vere utilstrekkeleg for å få kontroll over gjeldssituasjonen, går landet over til andre fase. Ein vil følgje ei land-for-land-tilnærming, og praktisere noko fleksibilitet.
- I andre fase skal landet gjennomføre tilpassingstiltak for 3 nye år. Under denne fasen skal kreditorane gi tilbod om gunstigare vilkår enn dei som gjeld i dag. IMF eller Verdsbanken har som føresetnad at Parisklubben gir opptil 90 % lette i løpande betalingsplikter. Ein reknar òg med at andre kreditorar gir tilsvarande vilkår. Parisklubben har på si side så langt berre vedteke å gi slik lette på maksimum 80 %
- Dersom ein etter ei samla vurdering finn at landet ved avslutninga av den andre fasen ikkje har fått gjeldsbøra ned på eit akseptabelt nivå, kjem multilaterale institusjonar inn med supplerande finansieringstiltak. IMF vil kunne gi eit spesielt ESAF-lån, eller ei gåve vil bli innbetalt til ein spesiell konto som i nokon mon kan dekkje gjeldsbetalinga til IMF. Parallelt vil det på Verdsbanksida bli etablert eit Trust Fund for å ettergi gjeld til Banken. Dette vil bli supplert med bruk av delar av Verdsbanken sitt nettooverskott. For Verdsbanken er det tale om bruk av delar av løpande overskott til dette formålet. Finansieringstiltaka frå Bretton Woods-institusjonane skjer likevel først etter at ein meiner at ein har oppnådd tilstrekkelege tilsegn frå andre kreditorar/donorar.

       På årsmøtet i IMF og Verdsbanken hausten 1996 blei gjeldsinitiativet endeleg godkjent. Nokre få land kan allereie no oppfylle krava til gjeldslette. Uganda er det landet som har kome lengst, og landet vil venteleg nå andre fase våren 1998.

       Det har vore omfattande drøftingar om institusjonane sine bidrag frå eigne ressursar. Verdsbanken vil bruke midlar frå eige nettooverskott (500 mill. dollar frå siste års overskott). Intensjonen er at bidraget frå Verdsbanken etter kvart skal komme opp i 2 mrd. dollar.

       For IMF sin del er drøftingane om korleis organisasjonen skal finansiere sitt bidrag til gjeldsinitiativet enno ikkje avslutta. Leiaren i IMF, Michel Camdessus, har gjort framlegg om at bilaterale givarar bør stå for ei vesentleg påfylling av kapital og subsidiar til ESAF-ordninga. Han har òg reist spørsmålet om medlemslanda kan gi avkall på midlar som tidlegare er sette av som reservar, slik at dei kan brukast til å avvikle restansar til IMF. Spørsmål om gullgarantiar og sal av ein del av IMF si gullbehaldning har vore reist. Dei frigjorde midlane skulle investerast og avkastninga var tenkt til bruk for å sikre fullfinansiering av ei utviding av ESAF. Finansieringa er så langt ikkje klarlagt ut over at medlemslanda generelt har garantert for at heile finansieringa skal falle på plass.

       Innstramming i budsjetta i mange land reduserer utsiktene for store nasjonale bidrag til ESAF. Institusjonelle og legale forhold i fleire land, legg hindringar i vegen for å frigi noko av dei reservemidlane som er sette av for å gardere seg mot tap under ordninga for å avvikle restansar til IMF. Eit forslag om sal av delar av IMFs gullbehaldning vil bli gjennomført dersom ein kan samle 85 % fleirtal bak forslaget. Tyskland, Italia og Sveits har så langt sagt nei til dette. Eit førebels resultat av drøftingane er ein uttrykt intensjon om å « optimalisere avkastninga på IMFs reservar ». Om dette ein gong vil innebere gullsal eller om IMF vil gi utvida gullgarantiar til innskytarar av kapital til ei vidareføring av ESAF, er førebels uklart. Gullgarantiar møter innvendingar i lys av at dette vil binde ein del av gullbehaldninga til IMF.

       Noreg stør det nye gjeldsinitiativet fordi det grip tak i gjeldsproblema på ein heilskapleg måte, samstundes som opplegget byggjer på føresetnader om at debitorlanda skal gjere ein vesentleg eigeninnsats for å arbeide seg ut av gjeldsuføret gjennom ein vedvarande fornuftig økonomisk politikk. Når det gjeld finansieringa har Noreg gitt uttrykk for vilje til å yte sin del av kostnadene. Hovuddelen av finansieringa når det gjeld vidareføring av ESAF bør etter Noregs syn skje gjennom bilaterale bidrag. Saman med fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har Noreg likevel akseptert eit avgrensa gullsal for å sikre at naudsynt finansiering kjem på plass.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, viser til at utenlandsgjelden er en stor byrde for en del fattige land. En løsning på gjeldsproblemet er en forutsetning for at disse landene skal komme seg ut av fattigdommen og starte utviklingsprosessen. Slike tiltak bør imidlertid inngå i en helhetlig utviklingsstrategi for landene som kan legge grunnlaget for langsiktig økonomisk vekst.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, viser til det arbeid bl.a. IMF har startet for å redusere eller slette gjelden for de fattigste landene og legger til grunn at Norge vil være en pådriver i slike spørsmål.

       Flertallet viser til at Norge sammen med flertallet i den nordisk-baltiske valgkretsen har akseptert et avgrenset gullsalg for å sikre at nødvendig finansiering kommer på plass.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar ellers redegjørelsen i meldingen til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke betydningen av å håndtere enkelte lands gjeldsbyrde på en solidarisk måte. Disse medlemmer går inn for gjeldslette som en viktig del av norsk bidrag til internasjonal solidaritet. Verdensbanken bør ha et eget ansvar her for å bruke deler av sitt årlige overskudd til å finansiere gjeldsforhandlinger. Disse medlemmer er enig i at IMF omsetter deler av sin gullbeholdning for å finansiere gjeldsletteprogrammer. Dessuten er det viktig å høste erfaringer for å unngå at land på ny kommer i en bunnløs gjeldssituasjon.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse mener at IMFs politikk har ført til at mange u-land har blitt gjeldsslaver. De såkalte gjeldsordninger som er omtalt i dette kapittelet vil ikke lette situasjonen vesentlig for disse landene. Dette medlem går derfor inn for å slette gjelden til u-landene. Norge bør derfor påvirke IMF og Verdensbanken til å føre en politikk som gir reell bistand til u-land og ikke gjøre dem til gjeldsslaver.