1. Innleiing
Etter at St.prp. nr. 89 (1995-1996) om rettferdsvederlag vart fremma for Stortinget har Rettferdsvederlagsutvalet handsama 248 søknader. 156 søknader er avslått, medan det i 92 saker er tilstått vederlag. I ei sak har utvalet kome med tilråding overfor Stortinget. Utvalet har gitt rettferdsvederlag med til saman kr 7.285.000. Dei einskilde vederlaga ligg mellom 30.000 og 250.0000 kroner.
Utskrift av vedtaka i Rettferdsvederlagsutvalet og dokumenta i sakene er lagt ved proposisjonen som utrykte bilag.