Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
NN, fødd 1927, har søkt om rettferdsvederlag etter at han vart skadd då han som 12-åring vart behandla for stivkrampe. Frå 1962 har han brukt rullestol og han har hatt ei lang rad sjukehusopphald. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde vore særleg uheldig i sitt møte med helsestellet fordi sjukehuset nytta ei uprøvd og eksperimentelt prega behandlingsform. Tilsynet tilrådde rettferdsvederlag med kr 150.000. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga. Rettferdsvederlagsutvalet innvilga vederlag med kr 150.000 som var den høgaste summen utvalet kunne tilstå. Utvalet tilrår at det vert gitt ytterlegare vederlag med kr 100.000.
Komiteen stør framlegget frå utvalet og tilrår at rettferdsvederlag vert innvilga med totalt kr 250.000.