Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

5. Dagspresse m.v.

Økonomisk utvikling

       Rekneskapstal for 1995 viser at den økonomiske utviklinga til nr. 2-avisene var betre enn i 1994. Dei nr. 2-avisene som fekk støtte, hadde i 1995 før støtte eit underskott på 149,5 mill. kroner, mot eit underskott på 185 mill. kroner i 1994. Etter støtte vart resultatet eit overskott på 5,6 mill. kroner i 1995, mot eit underskott på 29,5 mill. kroner i 1994. Dei gode resultata skuldast mellom anna betre resultat for einskilde aviser i gruppa riksspreidde meiningsberande aviser. Andre nr. 2-aviser kan òg vise til betre resultat i 1995.

       Dei totale inntektene til dagspressa auka frå om lag 9,4 mrd. kroner i 1994 til 10,1 mrd. kroner i 1995. Resultatet før støtte auka med om lag 165 mill. kroner, frå 821 mill. kroner i 1994 til 986 mill. kroner i 1995. Dette skuldast for ein stor del at annonseinntektene til avisene auka i 1995.

       Tal frå Norsk Reklamestatistikk viser at samla annonsevolum i norsk dagspresse auka med 20 % frå 1994 til 1995. Tala viser vidare at avisene framleis taper marknadsdelar samanlikna med radio og fjernsyn når det gjeld merkevareannonseringa. Avisene har no berre 37 % av merkevareannonseringa mot 39 % i 1994. Den totale merkevareannonseringa gikk opp med 25 % i 1995 og reklameomsetninga totalt auka med mellom 20 til 25 % fra 1994 til 1995.

Produksjonstilskottet

       I forskrifta som vil bli gjort gjeldande for 1996 vil det komme krav om at aviser som mottek pressestøtte må vere organiserte som aksjeselskap. For aviser som er del av eit konsern må revisoren til konsernet dokumentere at alle vesentlege transaksjonar i konsernet som omfattar aviser som har rett til produksjonstilskott, er gjennomførte på vanlege marknadsvilkår. Dette omfattar til dømes trykkeoppdrag, distribusjonstenester, konsulenttenester m.v. Frå inneverande år skal revisoren i alle aviser som har rett til produksjonstilskott stadfeste at motteke pressestøtte for 1994 er nytta til drift av avisa eller formål som kjem avisa direkte til gode. Avisene vart orienterte om desse endringane i eit eige rundskriv i januar 1996. Departementet vil i tillegg innføre ein regel om at aviser som driv tilleggsverksemd av stor omfang samanlikna med avisdrifta, skal skilje ut denne verksemda i eige selskap.

       I St.meld. nr. 18 (1995-1996) om verksemda i kringkasting og dagspresse i 1994, vart det meldt at departementet arbeider med å avklare nærmare sjølve definisjonen av omgrepet dagspresse i høve til forskrifta om produksjonstilskott. I dag krev forskriftene at ei avis må innehalde overvegande allment nyhende - og aktualitetsstoff for å kvalifisere til pressestøtte. Til no har dette vore tolka slik at dersom storparten av innhaldet er stoff som er henta frå ein bestemt sektor i samfunnet, vil avisa vere for « smal » til å bli definert som allmenn nyhendeavis. Frå presseorganisasjonane har det vore eit ønske at definisjonen blir gjort meir objektiv, slik at kriteria for tilskott ikkje er baserte på avisa sitt redaksjonelle innhald. Ei arbeidsgruppe med representantar frå presseorganisasjonane og Statens medieforvaltning har vurdert spørsmålet og forskingsavdelinga ved Institutt for Journalistikk har på oppdrag frå Statens medieforvaltning skrive ei utgreiing om problemstillinga. Departementet vil vurdere tilrådingane til arbeidsgruppa nærmare og vil komme attende til spørsmålet i budsjettproposisjonen for 1997.