Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kringkasting og dagspresse 1995 m.v.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 138 (1996-1997)
  • Kildedok: St.meld. nr. 12 (1996-97)
  • Dato: 27.02.1997
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Kulturdepartementet legg med dette fram ei stortingsmelding om kringkasting og dagspresse i 1995. Grunnlaget for meldinga er årsmeldingane frå Norsk rikskringkasting, TV2, P4 - Radio Hele Norge og Statens medieforvaltning. I samsvar med dei vedtekne prinsippa for denne typen meldingar, femner ho òg omtale av nokre andre mediepolitiske spørsmål.

Kringkastingsmarknaden

       Tilgjengeleg statistikk viser at det ikkje skjedde radikale endringar i radio- og fjernsynsforbruket i Noreg i 1995. Både for fjernsyn og radio er det eit positivt utviklingstrekk at dei norske allmennkringkastarene, sidan TV2 og P4 vart etablerte, samla sett har styrkt si stilling. På konkurranseområdet var hovudtendensen i 1995 at dei kommersielle riksdekkjande allmennkringkastarane, TV2 og P4 auka si oppslutning noko, medan særleg nærkringkastarane tapte terreng. NRK var i 1995 framleis den leiande kanalen både på radio- og fjernsynsmarknaden.

       Dersom ein samanliknar med 1994, tapar nærradioane i 1995 som gruppe framleis noko både i oppslutning og målt i prosent av samla lyttartid, men tendensen er no svak.

Gjennomsnittleg markedsandel (%) av total lyttartid radio.

    Totalt  
  1992 1993 1994 1995
NRK 66 66 60 62
P4 - 6 27 28
Nærradio 30 23 12 10
Total 96 95 99 100

Kjelde: NRK Forskningen.

Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av fjernsynssjåing i beste sjåartid (man.-søn. 19.00-23.00)

    Totalt  
  1992 1993 1994 1995
NRK 68 59 56 52
TV2 5 19 23 28
TVNorge 9 9 8 7
TV3 6 5 5 5
Andre 12 8 8 8
Total 100 100 100 100

Kjelde: NRK/Forskningen og MMI

Reklamemarknaden

       Reklameinntekter har over tid blitt ei alt viktigare inntektskjelde for norske medium.

Reklameomsetning i ulike mediekanalar 1994 og 1995 med prognose for 1996-1998. (Tal i mill. kroner - omsetning etter rabattar, men før provisjonar.)

Kanal 1994   1995   1996   1997   1998  
  kr % kr % kr % kr % kr %
Fjernsyn 1.050 17,2 1.210 18,4 1.330 19,2 1.410 19,7 1.500 20,5
Radio 295 4,8 350 5,3 390 5,6 430 6 450 6,2
Avis 3.700 61,9 3.925 59,8 4.100 59,3 4.200 58,7 4.200 57,5
Ukepresse 340 5,6 345 5,3 345 5 345 4,8 340 4,7
Fagpresse 450 7,4 460 7 465 6,7 465 6,5 460 6,3
Kino 50 0,8 55 0,8 55 0,8 60 0,8 65 0,9
Utendørs 135 2,2 140 2,1 145 2,1 150 2,1 150 2,1
Andre 75 1,2 75 1,4 80 1,2 100 1,4 145 2
Totalt 6095   6560   6910   7160   7310

Kjelde: Carat

       Prognosen spår at den markante auken i den samla rekalmeomsetninga som ein har vore vitne til dei siste fire-fem åra vil flate ut. Med den omorganiseringa som har funne stad i kringkastingssektoren, voksteren av nye riksdekkjande og lokale tilbod og nettbaserte reklamevindauge er det såleis grunn til å tru at konkurransen om reklameinntektene vil bli hard framover.

Allmennkringkasting

       I samsvar med stortingsfleirtalet sine føresetnader har departementet oppnemnt eit allmennkringkastingsråd med sju medlemer, med representantar for programråda for TV2 og P4 og Kringkastingsrådet. I tillegg er det oppnemnt medlemer frå kulturlivet og medieforskarmiljøa i Noreg til rådet.

       Som grunnlag for sine vurderingar er rådet i samråd med allmennkringkastarane i gang med å utarbeide kriterium for ei evaluering av allmennkringkasting. Kriteria vil bli endeleg fastsette av departementet.

       Rådet skal ikkje vurdere einskilde program, men ta stilling til i kva grad den samla programprofilen til selskapa er i samsvar med prinsippa for allmennkringkasting. Som ledd i denne vurderinga kan einskilde program bli nytta til å kaste lys over meir generelle trekk. Rådet skal kvart år leggje fram ein rapport som gjer greie for rådets vurderingar. Statens medieforvaltning er sekretariat for rådet.

Medieetiske spørsmål

Klagenemnda for kringkastingsprogram

       I 1995 fekk nemnda i alt 31 klager. Som tidlegare år har dei fleste klagene vore retta mot NRK og TV2. Dei fleste klagane retter seg mot innslag i nyhende- og aktualitetsprogram.

       I samsvar med Stortinget sine føresetnader (jf. St.meld. nr. 32 (1992-1993), Media i tida) nemnde departementet i 1994 opp eit utval for å vurdere prinsipielle og praktiske spørsmål knytt til ei ordning med medieombod i Noreg. Utvalet skulle vurdere om eit medieombod kan medverke til å styrkje det medieetiske arbeidet i Noreg og drøfta tilhøva mellom eit eventuelt medieombod og dei eksisterande medieetiske institusjonane, Klagenemnda for kringkastingsprogram og Pressens Faglige Utvalg. Innstillinga til utvalet vart avgitt til departementet 14. august 1996, jf. NOU 1996:12 . Departementet kjem tilbake til organiseringa av det medieetiske arbeidet etter at innstillinga har vore til høyring og saka er ferdig handsama.

Tekniske spørsmål

Digital lydkringkasting (DAB - Digital Audio Broadcasting)

       NRK, P4 og Telenor har sidan våren 1994 drive forsøk med DAB. NRK sin første digitale radiokanal « Alltid Klassisk » byrja prøvesendingar 2. oktober 1994. Denne kanalen vert også sendt ut over FM-nettet frå ein sendar i Oslo. P1, P2, Petre og P4 vert i dag sende i digital parallellsending over sendarar som ved årsskiftet 1995/96 hadde ein dekkingsgrad på om lag 30 % av befolkninga. Røynslene med prøvesendingane er så langt positive. Det finst førebels ikkje private mottakarar i Noreg, først og fremst fordi prisen enno ligg for høgt for vanlege forbrukarar. Det er førebels noko tidleg å si når prisen kjem ned på eit akseptabelt nivå for forbrukarane.

Digitalt fjernsyn (DVB - Digital Video Broadcasting)

       Med støtte frå den europeiske kringkastingsunionen EBU er det sett i verk eit europeisk DVB-prosjekt. Både NRK og Telenor deltek i arbeidet med å utvikle standardar for digitalt fjernsyn innanfor prosjektet.

       Både NRK, TV2 og Telenor har vist interesse for å starte forsøk med sending av digitalt fjernsyn. Statens teleforvaltning vurderer for tida frekvensspørsmål knytt til forsøksverksemd på området. Det er oppretta eit uformelt informasjon- og diskusjonsforum for digitalt fjernsyn der relevante fagmiljø og offentlege instansar er representerte.

« Videotorg » - norsk prøveprosjekt for interaktivt fjernsyn

       Telenor sitt prøveprosjekt « Videotorg » er eit døme på ei ny type fjernsynsliknande teneste, såkalla « Video on Demand », video på bestilling, eller interaktivt fjernsyn. Denne typen teneste gjer det mogleg å overføre videoprogram over nettet på det tidspunktet som sjåaren ønskjer å sjå det.

Verksemda i Norsk rikskringkasting

       NRK sitt styre vedtok hausten 1995 eit nytt strategidokument som legg grunnlagt for verksemda til NRK i perioden 1996-2000. Dokumentet set opp desse hovudmåla;

- NRK skal vere det sentrale kringkastingsselskapet i landet med eit hovudansvar for norsk allmennkringkasting i radio og fjernsyn.
- NRK skal vere ei bedrift som sameinar radio og fjernsyn i ein desentralisert organisasjon som produserer og sender program både på riks-, region- og distriktsnivå.
- NRK si programverksemd byggjer på oppdraget som allmennkringkastar.
- NRK skal vere ein garantist for ytrings- og informasjonsfridommen.

Programverksemda

       NRK sende i 1995 til saman omlag 52.045 timar fjernsyn og radio. Samla inneber dette ein auke av sendetida på 1.886 timar frå 1994. Sendetida fordelte seg slik:

- 22.722 timar riksradio
- 3.609 timar riksfjernsyn
- 23.651 timar distriktsradio
- 1.359 timar samiske sendingar
- 156 timar distriktsfjernsyn
- 548 timar utanlandssending.

       I tillegg vart det sendt 2.160 timar digital radio på kanalen «Alltid klassisk». Tekst-TV-tenestene hadde eit tilbod på om lag 500 sider dagleg.

       Med unnatak for prioriteringa av Sàmi radio, som hadde ein auke i sendetida på 38 %, er auken i sendetida relativt jamt fordelt på dei andre einingane.

       NRK har frå 1995 endra systemet for føring av programstatistikk for radio når det gjeld ulike typar musikk. Det gjer det vanskeleg å sjå kva endringar som har funne stad innan denne typen program. Ein kan like fullt konstatere ein nedgang i den relative sendetida til sportssendingane samanlikna med 1994, noko som var venta etter OL. Kulturprogramma har òg fått redusert sendetid i 1995, noko som ikkje er tilfredsstillande.

       Den relative fordelinga mellom ulike programtilbod i NRK Fjernsynet var i 1995 stabil samanlikna med 1994. Også i NRK Fjernsynet gjekk den relative sendetida til sportsprogram monaleg attende etter OL-året 1994, men i motsetnad til radioen fekk kulturprogram og barne- og ungdomsprogram utvida sendetid.

       NRK har i samarbeid med ulike teknologiske miljø sett i gang prosjekt som tek sikte på å utvikle eit system som nyttar tekst-TV som verktøy for å gjere programtilbodet meir tilgjengeleg for svaksynte og blinde og for døve og hørselshemma.

       Bruken av nynorsk i NRK låg i 1995 om lag på same nivå som dei siste åra. Bruken av nynorsk i NRK er for låg i høve til Stortinget sine føresetnader. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskdelen i alle kanalar må halde fram.

Organisering og økonomi

       Rekneskapen for 1995 syner eit negativt årsresultat på vel 8 mill. kroner. Resultatet avvik ikkje mykje frå budsjettet for 1995, men er 36 mill. kroner lågare enn i 1994.

       NRK hadde i 1995 samla inntekter på 2.371 mill. kroner eksklusive finansinntekter, ein reduksjon på 132 mill. kroner frå 1994. Inntektene frå kringkastingsavgifta steig med 184 mill. kroner, dels som følgje av at lisensavgifta vart oppjustert med 95 kroner, dels som følgje av at talet på lisensabonnentar vart høgare enn budsjettert.

       Driftsutgiftene, unnateke avskrivingar, var i 1995 på 2.200 mill. kroner. Dette var ein reduksjon på 106 mill. kroner samanlikna med 1994. Dei totale driftsutgiftene inkludert avskrivingar auka frå 1994 til 1995 med 54 mill. kroner når ein ikkje reknar med utgiftene til ORTO (divisjonen som vart oppretta for å produsere og overføre dei internasjonale sendingane frå Lillehammer OL). Samanlikna med budsjettet viser resultatet eit positivt avvik på 49 mill. kroner.

       Eigenkapitalen er justert ned med 71 mill. kroner frå 1994 til 1995 på grunn av auka avsetjing til pensjonar og det negative resultatet i 1995. Totalt er eigenkapitalen pr. 31. desember 1995 på 1.599,943 mill. kroner.

       Likviditetsreserven er i 1995 redusert med 100 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av auka investeringar.

       Netto inntekter frå direkte sponsorverksemd i 1995 var 14.045.020 kroner. Sponsorinntektene utgjer med dette 0,59 % av dei samla driftsinntektene. Rekna ut frå relativ del av driftsinntektene utgjorde inntektene frå sponsing frå næringslivet 0,4 %, medan inntektene frå sponsing frå det offentlege utgjorde 0,19 %. Tabell 4 a), b) og c) på s. 8 i meldinga gir ei oversikt over dei einskilde sponsorprosjekta som NRK produserte i 1995 og kva kjelder inntektene kom frå.

       NRK har i eit brev til departementet uttalt at det ikkje er mogleg å gi eit fullgodt svar på omfanget av eksterne tilskott og ytingar som vil kunne falle inn under omgrepet indirekte tilskott til programproduksjonen. Brevet følgjer meldinga som trykt vedlegg nr. 1.

       Departementet meiner at dei døma som NRK trekk fram i sitt brev som tvilstilfelle ikkje er noka avgjerande argument mot at det er mogleg å gi eit fullgodt svar på kva sponsorinntekter utgjer. NRK bør, der dei meiner det rår tvil, setje opp eit sett kriterium for å avgrense kva som skal gjelde som sponsing og leggje desse kriteria fram i neste årsmelding. NRK vil slik sikre at praksis er i samsvar med Stortinget sine føresetnader og vil vere mogleg for framtida å avgjere kva som skal reknast som sponsing på førehand.

Verksemd dei neste åra

       NRK sitt hovudtilbod i perioden fram til år 2000 skal, ferdig utbygd, vere ei basisteneste som inneheld riksradio i tre profilerte kanalar, distriktsradio, riksfjernsyn i to kanalar, distriktsfjernsyn, ein landsdekkjande samisk radiokanal og tekst-TV.

       NRK utsette igangsettinga av NRK2 frå 1. mars 1996 til 31. august 1996. Dekkingsgraden er no nær 80 %, som Stortinget har føresett.

       NRK legg med det nye strategidokumentet opp til å føre vidare, utvikle og auke det noverande programtilbodet i tråd med oppdraget som allmennkringkastar. Sjølv om høg eigenproduksjon framleis skal vere eit prioritert mål, vil NRK på sikt leggje opp til at 10 % av det årlege norskproduserte programtilbodet i fjernsynet skal vere produsert av frittståande produksjonsselskap.

       Om finansieringsgrunnlaget til statskanalen seier strategidokumentet at lisensinntektene framleis skal garantere drifta av NRK si basisteneste som allmennkringkastar og at NRK sjølv ikkje ønskjer reklamefinansiering av verksemda. Ein vil i staden vurdere å finne alternative inntektskjelder, til dømes betalingsfjernsyn, for eventuelle framtidige spesialkanalar som kjem i tillegg til basistilbodet, sal av verdiar som er bundne i bygningar, tomter og sendartekniske anlegg og utleie og sal av ulike tenester og produkt som ein disponerer i samband med kringkastingsverksemda.

       For å oppretthalde og styrke posisjonen som leiande allmennkringkastar, vil NRK inngå alliansar og samarbeid med andre verksemder for å sikre at sjåarar og lyttarar også i framtida får tilgjenge til ein allsidig meny av kvalitetsprogram. Departementet ser positivt på planane om eit breitt samarbeid med TV2 og intensjonen om lokale program- og frekvenssamarbeid med einskilde nærkringkastarar som står utanfor dei kommersielle nettverka.

Verksemda i TV2

Programverksemda

       TV2 hadde i 1995 til saman 4.787 sendetimar mot 3.700 i 1994. 54,5 % av sendetida var norskproduserte program. Nyhende og aktualitetar og « drama » vart høgt prioriterte i programverksemda til TV2.

       Konsesjonsvilkåra til TV2 føreset at programprofilen byggjer på prinsippa for allmennkringkasting og at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for så vel breie som smale sjåargrupper, blant anna den samiske befolkningsgruppa og minoritetar. Departementet viser til kapittel for etableringa av eit allmennkringkastingsråd og finn det riktig å overlate vurderinga av programprofilen til allmennkringkastarane i 1995 til dette rådet.

       Statistikken over programprofilen som blir presentert i årsmeldinga til TV2 er no meir detaljert enn i tidlegare årsmeldingar og gir eit betre grunnlag for å vurdere på kva måte TV2 held seg til konsesjonsvilkåra.

       Konsesjonsvilkåra krev at minst 50 % av TV2 sine program innan 8-9 år skal vere produserte i Noreg. 54 % av programma TV2 sende i 1995 var produserte i Noreg. Departementet finn det positivt at selskapet allereie etter 4 års drift har oppfylt konsesjonsvilkåra på dette punktet.

       Ein av Stortinget sine føresetnader for å opprette ein reklamefinansiert fjernsynskanal var at det ville styrkje sjølvstendige produsentar gjennom kjøp av program og tenester. TV2 melder at ein i 1995 held fram det nære samarbeidet med norske produksjonsselskap. Verdien av program, fjernsynsteknikk og teksttenester TV2 kjøpte av sjølvstendige norske verksemder i 1995 var på om lag 140 mill. kroner. Det vart i tillegg kjøpt inn filmar og seriar for mellom 60 og 70 mill. kroner frå utanlandske selskap.

Organisering, økonomi og eigartilhøve

       TV2 har utvida samarbeidet med NRK, særleg på det tekniske området. Fordi båe selskapa er medlemer av den europeiske kringkastingsunionen (EBU) er dei to selskapa no samde om å føre samtalar om deling av rettane til sportssendingar. Departementet ser positivt på at TV2 og NRK no har tatt initiativ til å samarbeide for å unngå prisdrivande konkurranse, slik Stortinget føresette ved etableringa av ein reklamefinansiert kanal.

       Rekneskapen for 1995 viser eit overskott på 107,1 mill. kroner mot 35,6 mill. kroner i 1994. Dei totale driftsinntektene viser ein solid auke frå 554 mill. kroner i 1994 til 784 mill. kroner i 1995. Driftskostnadene auka med om lag 160 mill. kroner til 670 mill. kroner samanlikna med 1994. Dominansen på reklamemarknaden og den sterke posisjonen TV2 har hos sjåarane gjer at kanalen har reklameinntekter som langt overstig prognosane som vart presenterte for Stortinget i samband med etableringa av selskapet (jf. Ot.prp. nr. 55 (1989-1990) ).

       Det har skjedd omfattande endringar i eigarsamansetninga i TV2 i 1995. Dei viktigaste endringane er at A-pressen AS og Norsk Aller AS har kjøpt seg inn i selskapet og no er tredje og fjerde største aksjonæren i TV2. Ved utgangen av året var dei seks største eigarane Schibsted ASA med 31,47 % av aksjane, Egmont A/S med 31,26 %, A-pressen AS 24,51 %, Norsk Aller AS 9,41 %, Tinius Nagell-Erichsen 1,71 % og Bergens Tidende 0,86 %. Totalt er det 81 aksjonærar i selskapet.

Verksemda dei neste åra

       Prognosar tyder på at reklameomsetninga for fjernsyn vil vekse vidare, om enn i ei noko lågare takt enn dei to siste åra. TV2 hadde i 1995 om lag 65 % av reklameomsetnaden for fjernsyn i Noreg. Trass i auka konkurranse om sjåarane er det ikkje noko som tyder på at reklameinntektene til TV2 vil bli lågare dei neste åra.

       TV2 legg ikkje opp til omfattande endringar i programprofilen i 1996. Satsinga på nyhende- og aktualitetsprofilen vil halde fram. Vidare tek TV2 sikte på å styrkje satsinga på underhaldning, drama og barneprogram.

       TV2 har ein dekning på 95 % av norske husstandar og legg ikkje opp til vidare utbygging av det jordbundne sendarnettet. Vidare auke av distribusjonen vil i hovudsak skje gjennom direkte mottak via parabolantenner og sal av satellittkort.

Radio Hele Norge AS (P4)

Programverksemda

       P4 melder at kjenneteiknet på deira programprofil er breie programflater med mykje musikk, der det er plass til innslag frå mange stoffområde. P4 vanta i 1995 eit system for registrering av programtilbodet. Det vert likevel lagt fram statistikk over programprofilen for to vilkårleg valde veker i 1995.

       Programstatistikk for 1996 vil etter planen bli utarbeidd på grunnlag av sendingar mellom kl. 06.00 og 24.00 i seks vilkårleg valde veker i løpet av året 1996. Departementet viser til at det i samband med etableringa av eit allmennkringkastingsråd, i samråd med allmennkringkastarane, vil bli utarbeidd eit sett kriterium for måling av allmennkringkasting som vil setje visse krav til programstatistikken.

       P4 sender i dag ikkje program for den samiske befolkninga eller språklege minoritetar, slik konsesjonsvilkåra føreset, men viser til at det krev store ressursar å lage eigne samiske sendingar, ressursar som hovudsakleg er å finne i NRK. P4 og NRK er samde i at det samiske programtilbodet totalt sett ikkje er tent med ein konkurranse om medarbeidarar. P4 legg med bakgrunn i dette, og etter oppmoding frå sitt eige programråd, fram to alternativ for samarbeid om samiske program som dei ber om synspunkt på:

1. Samarbeid med NRK om eit samisk programtilbod.
2. Samarbeid med samiske nærradioar.

       Sjølv tek P4 til orde for alternativ nr. 2, men strekar under at dersom konsesjonen er slik å tolke at det er eit krav at P4 skal sende på samisk over riksnettet, vil dette bli sett i verk snarast.

       Kulturdepartementet strekar under at konsesjonsvilkåra står fast. Same kva for løysing som blir valt, må P4 sende samiske program anten dei er eit resultat av samarbeid med NRK eller ein eller fleire samiske nærradioar.

       I oktober 1994 oppnemnde Kulturdepartementet eit eige programråd for P4 som skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i P4, og om programsaker som administrerande direktør for P4 legg fram for rådet. Styret og direktøren kan også be rådet uttale seg om administrative og økonomiske saker. Programrådet har hatt to møter i 1995 der det vart drøfta spørsmål knytte til både råde si eiga verksemd og verksemda til P4.

Organisering og økonomi

       I samsvar med konsesjonen og Stortinget sine føresetnader har P4 oppretta hovudkontor på Lillehammer. Eit underkontor, marknadsavdelinga og salsavdelinga ligg i Oslo. Det er oppretta eit lokalkontor i Tromsø og avtalar med korrespondentar i Bergen og Trondheim. P4 sysselsette ved årsskiftet 1995/1996 65 faste medarbeidarar, femten fleire enn ved utløpet av 1994. Det er oppretta eit formalisert samarbeid med ei rekkje nærradioar i Noreg. Fleire nærradioar som ikkje har faste avtaler har dessutan levert innslag til P4.

       P4 har denne eigarsamansetninga: Kinnevik AS 23,32 %, Tharald Brøvig og Endre Røsjø AS 20 % kvar av aksjekapitalen, AB Kinnevik, Stormbull og Per M. Solvang med 10 % kvar, og tilsette og tillitsvalde med til saman 6,7 % av aksjane. Den utanlandskkontrollerte eigardelen utgjorde med dette 33,32 % av aksjane.

       Med ei omsetning på 164 mill. kroner bokførte P4 i 1995 eit positivt resultat før skatt på 44 mill. kroner. P4 gir ikkje prognosar for utviklinga på reklamemarknaden for radio, eller kanalen sine inntekter frå sal av reklame. Vi viser elles til drøftinga av reklamemarknaden i kapittel 2.1 i meldinga.

Verksemda dei neste åra

       Planane for 1996 inneber at selskapet vil bli introdusert på Oslo Børs. Siktemålet er primært eit ønske om å få ein noko meir spreidd eigarstruktur i selskapet. Styret og administrasjonen i P4 har komme fram til at det ikkje er rom for å ekspandere på radiomarknaden i Noreg og vil i staden satse internasjonalt gjennom eit heileigd dotterselskap, P4 International AS i Finland, Sverige og Sør-Afrika. Departementet føreset at P4 sine aktivitetar utanlands ikkje går ut over arbeidet med å oppfylle pliktene som følgjer av konsesjonsvilkåra.

       P4 tek sikte på ei utbygging av sendarnettet ut over krava i konsesjonen. Fleire sendarar blir vurderte og vil truleg bli sette i drift i 1996.

       1. januar 1995 vart ansvaret for fleire forvaltningsoppgåver på presseområdet overførte frå Kulturdepartementet. Hovudoppgåvene omfattar:

- løyving av konsesjonar til drift av nærkringkasting
- løyving av konsesjonar til å opprette og drive anlegg for vidaresending av nærkringkasting
- tilsyn med at kringkastingsselskapa held seg til reglane om reklame i kringkasting i kringkastingslova
- tilsyn med at det ikkje oppstår eigarkonsentrasjon i strid med reglane om eigarskap i kringkastingslova
- administrere pressestøtte slik at ho fremmer og held ved lag ei differensiert dagspresse.

Nærkringkastingsspørsmål

       Kulturdepartementet sette i 1995 av 7,6 mill. kroner til nærkringkastingsformål via Audiovisuelt prduksjonsfond. Statens medieforvaltning er sekretariat for fagutvalet for nærkringkastingssaker som er innstillande organ for Audiovisuelt produksjonsfond i løyvingar til nærkringkastingsformål. Fondet gjorde i 1995 vedtak om å tildele totalt 6,8 mill. kroner til nærkringkastingsformål. 1,1 mill. kroner som er innbetalt uteståande reklameavgift er overført til fondet. Av løyvingane til nærkringkastingsformål vart om lag 3,4 mill. kroner gitt som støtte til produksjonar med lokal vinkling i nærradio og lokalfjernsyn. Produksjonane vil bli evaluerte i 1996. Om lag 1,2 mill. kroner vart fordelt til kompetansehevande tiltak for tilsette i nærradioføretak, mellom anna ved Institutt for Journalistikk. Det er òg gitt støtte til nærkringkasting som kjem etniske og språklege minoritetar til gode.

       I 1996 vil Audiovisuelt produksjonsfond gi eit eingongstilskott til nærradioar som slår seg saman om ein felles konsesjon for den nye konsesjonsperioden.

       Under behandlinga av Kulturdepartementets budsjett for 1997, uttrykte eit fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen følgjande:

       « Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av medlemene frå Arbeidarpartiet, viser til Innst.S.nr.190 (1994-1995) om dei oppgåvene nærkringkastinga kan få støtte til. Fleirtalet meiner at lokalkringkastingsføremål framleis skal ha om lag 1/4 av den statlege delen av AV-fondet », jf. B.innst.S.nr.2 (1996-1997).

       Den særskilde avgifta på reklame i nærkringkasting er oppheva. Denne avviklinga har såleis vore med på å betre økonomien i nærkringkastingssektoren. Løyvingane til nærkringkastingsføremål frå AV-fondet har vore om lag 7 mill. kroner årleg dei to siste åra, eller om lag dobbelt så mykje som føremålet var då fondet vart etablert.

       Synspunktet frå fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om at lokalkringkastingsføremål framleis skal ha ¼ av den statlege delen av AV-fondet vil innebere ein svært stor auke i midlane til nærkringkasting. Konsekvensen vil òg vere at midlane til produksjon av filmar som høver både for kino og fjernsyn ville bli tilsvarande reduserte. Departementet ser dette som kulturpolitisk svært uheldig.

       Etter vedtektene for fondet er det departementet som fastset fordelinga mellom nærkringkastingsføremål og andre føremål etter framlegg frå styret for fondet. Departementet meiner den mest tenlege modellen for tildeling av midlar til nærkringkasting er at fondsstyret sjølv - innanfor dei overordna retningslinene som ligg til grunn for fondet - gjer ei vurdering av kva som er dei verkelege behova i bransjen. Dette vil være ein meier fleksibel modell enn ei prosentvis øyremerking av midlar til nærkringkastingsføremål.

Nærradio

       Ved årsskiftet 1995/1996 var det 369 konsesjonærar for nærradio i til saman 198 konsesjonsområde. Det vart gitt 14 nye konsesjonar i område utan nærradiotilbod, medan 31 konsesjonar av ulike årsaker vart sletta i 1995. Netto vart det såleis 17 færre nærradiokonsesjonærar i 1995. Den økonomiske situasjonen var også i 1995 vanskeleg for bransjen. Nye konsesjonærar som kom til i 1995 erstatta i hovudsak einekonsesjonærar som hadde gått konkurs. Dei samla lyttartala for sektoren ser ut til å ha stabilisert seg og ligg noko i overkant av 10 % på nasjonalt plan.

       Statens medieforvaltning gav i 1995 løyve til 25 samsendingsprosjekt mellom nærradioar i tilgrensande geografiske område. I tillegg er det sett i verk eit prøveprosjekt mellom NEA radio i Sør-Trøndelag og NRK.

       Ved handsaminga av St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting i juni 1995, vart det opna for å løyve konsesjonar i mindre område, t.d. ein kommune. Det var òg ein føresetnad at godt fungerande bygderadioar skulle få halde fram med sendingar i sine område. Statens medieforvaltning har i samråd med Statens teleforvaltning og Norsk Nærradioforbund (no Norsk Lokalradioforbund) utarbeidd eit framlegg som omfattar totalt 140 nye konsesjonsområde. I 12 område er det meier enn eitt sendarnett. Framlegget inneber likevel ein reduksjon samanlikna med dei 198 områda som eksisterer i dag. Det har vore ein føresetnad at lydkvaliteten i områda skal vere god.

       Fristen for å søkje konsesjon til nærradiodrift i den nye konsesjonsperioden var 16. februar 1996. Det kom inn vel 400 søknader. Statens medieforvaltning reknar med at det reelle talet eksisterande konsesjonærar som har søkt ny konsesjon er om lag 335. 86 søkjarar må kunne reknast som nye. Handsaminga av søknadene vil truleg vere avslutta hausten 1996.

Lokalfjernsyn

       Ved handsaminga av St.meld. nr. 42 (1993-1994) om kringkasting og dagspresse m.v. og St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting gjorde fleirtalet i Stortinget i juni 1995 vedtak om at lokalfjernsynskonsesjonærar kunne formidle vidare reklamefinansierte satellittkanalar fram til 1. oktober 1995. Stortinget påla samstundes Kulturdepartementet å ta initiativ andsynes TV2 om å starte tingingar om samarbeid med lokalfjernsynsselskapa. Tingingane resulterte i ein intensjonsavtale mellom TV2 og lokalfjernsynsselskapa om samarbeid. Resultatet av tingingane vart lagt fram for Stortinget, jf. St.meld. nr. 13 (1995-1996) Lokalfjernsyn, som drøfta og forkasta avtalen i desember 1995 (jf. Innst.S.nr.95 (1995-1996). Fleirtalet i Stortinget opna likevel for at lokalfjernsynskonsesjonærane i den nye konsesjonsperioden, på visse vilkår, skulle kunne formidle vidare reklamefinansierte satellittkanalar som ein del av si verksemd. Samarbeidsavtalar om dette skal vere godkjende av Statens medieforvaltning. Reglane for ordninga er nedfelte i ein forskrift til kringkastingslova som tok til å gjelde frå 10. januar 1996. Programselskapet som får sine sendingar formidla vidare lokalt skal ikkje kunne oppnå ei samla dekning på meir enn 75 % av husstandane i Noreg.

       Fristen for å søkje ny konsesjon for lokalfjernsyn var 1. oktober 1995. Det vart utlyst konsesjonar for bakkesendt allment lokalfjernsyn, undervisningsfjernsyn, lokalfjernsyn i avgrensa kabelnett og kommunale informasjonskanalar i kabelnett. Statens medieforvaltning mottok 76 søknader om bakkesendt allment lokalfjernsyn, 17 søknader om undervisningsfjernsyn, 64 søknader om lokalfjernsyn i kabel og ein søknad om kommunal informasjonskanal.

       Det vart fastsett totalt 30 konsesjonsområde i eiga forskrift. I arbeidet med fastsetjing av nye konsesjonsområde vart det lagt vekt på Stortinget sine føresetnader om at områda må få eit befolkningsgrunnlag som sikrar lønsam drift og levedyktige verksemder.

       Statens medieforvaltning har prioritert handsaminga av søknader om bakkesendt allment lokalfjernsyn. Eit konsesjonsråd oppnemnd av Kulturdepartementet har lagt fram innstilling til Statens medieforvaltning om tildeling av konsesjonar. I tillegg til dei økonomiske og faglege føresetnadene til søkjarane er det lagt vekt på programplanane og planane for distribusjon av sendingane. Konsesjonsrådet la fram ei samrøystes innstilling og Statens medieforvaltning gjorde vedtak i samsvar med innstillinga. Det er komme til saman 21 klager over løyvinga av konsesjonar i 14 område. To klager blir trekt attende. Alle klagene er no endeleg behandla av Kulturdepartementet.

       Aviser var representerte på eigarsida blant fleirtalet av søkjarane i konsesjonsområda for bakkesendt allment lokalfjernsyn. Aviser var medeigarar i 19 av dei 30 søkjargruppene som fekk konsesjon 16. januar 1996. Norsk Lokal TV AS var representerte på eigarsida i åtte område. I tråd med Stortinget sine føresetnader er det berre tildelt ein konsesjon for bakkesendt allmennfjernsyn i kvart område.

Økonomisk utvikling

       Rekneskapstal for 1995 viser at den økonomiske utviklinga til nr. 2-avisene var betre enn i 1994. Dei nr. 2-avisene som fekk støtte, hadde i 1995 før støtte eit underskott på 149,5 mill. kroner, mot eit underskott på 185 mill. kroner i 1994. Etter støtte vart resultatet eit overskott på 5,6 mill. kroner i 1995, mot eit underskott på 29,5 mill. kroner i 1994. Dei gode resultata skuldast mellom anna betre resultat for einskilde aviser i gruppa riksspreidde meiningsberande aviser. Andre nr. 2-aviser kan òg vise til betre resultat i 1995.

       Dei totale inntektene til dagspressa auka frå om lag 9,4 mrd. kroner i 1994 til 10,1 mrd. kroner i 1995. Resultatet før støtte auka med om lag 165 mill. kroner, frå 821 mill. kroner i 1994 til 986 mill. kroner i 1995. Dette skuldast for ein stor del at annonseinntektene til avisene auka i 1995.

       Tal frå Norsk Reklamestatistikk viser at samla annonsevolum i norsk dagspresse auka med 20 % frå 1994 til 1995. Tala viser vidare at avisene framleis taper marknadsdelar samanlikna med radio og fjernsyn når det gjeld merkevareannonseringa. Avisene har no berre 37 % av merkevareannonseringa mot 39 % i 1994. Den totale merkevareannonseringa gikk opp med 25 % i 1995 og reklameomsetninga totalt auka med mellom 20 til 25 % fra 1994 til 1995.

Produksjonstilskottet

       I forskrifta som vil bli gjort gjeldande for 1996 vil det komme krav om at aviser som mottek pressestøtte må vere organiserte som aksjeselskap. For aviser som er del av eit konsern må revisoren til konsernet dokumentere at alle vesentlege transaksjonar i konsernet som omfattar aviser som har rett til produksjonstilskott, er gjennomførte på vanlege marknadsvilkår. Dette omfattar til dømes trykkeoppdrag, distribusjonstenester, konsulenttenester m.v. Frå inneverande år skal revisoren i alle aviser som har rett til produksjonstilskott stadfeste at motteke pressestøtte for 1994 er nytta til drift av avisa eller formål som kjem avisa direkte til gode. Avisene vart orienterte om desse endringane i eit eige rundskriv i januar 1996. Departementet vil i tillegg innføre ein regel om at aviser som driv tilleggsverksemd av stor omfang samanlikna med avisdrifta, skal skilje ut denne verksemda i eige selskap.

       I St.meld. nr. 18 (1995-1996) om verksemda i kringkasting og dagspresse i 1994, vart det meldt at departementet arbeider med å avklare nærmare sjølve definisjonen av omgrepet dagspresse i høve til forskrifta om produksjonstilskott. I dag krev forskriftene at ei avis må innehalde overvegande allment nyhende - og aktualitetsstoff for å kvalifisere til pressestøtte. Til no har dette vore tolka slik at dersom storparten av innhaldet er stoff som er henta frå ein bestemt sektor i samfunnet, vil avisa vere for « smal » til å bli definert som allmenn nyhendeavis. Frå presseorganisasjonane har det vore eit ønske at definisjonen blir gjort meir objektiv, slik at kriteria for tilskott ikkje er baserte på avisa sitt redaksjonelle innhald. Ei arbeidsgruppe med representantar frå presseorganisasjonane og Statens medieforvaltning har vurdert spørsmålet og forskingsavdelinga ved Institutt for Journalistikk har på oppdrag frå Statens medieforvaltning skrive ei utgreiing om problemstillinga. Departementet vil vurdere tilrådingane til arbeidsgruppa nærmare og vil komme attende til spørsmålet i budsjettproposisjonen for 1997.

       Komiteen viser til at mange av dei spørsmåla og problemstillingane som er omtalte i meldinga, nyleg har vore handsama i Stortinget, jf.

- lokalfjernsynsmeldinga jf. Innst.S.nr.95 (1995-1996),
- tilleggskanal for NRK-fjernsynet, jf. Innst.S.nr.94 (1995-1996),
- omgjering av NRK til aksjeselskap, jf. Innst.O.nr.16 (1995-1996).

       Komiteen viser til at spørsmål om eigarskap i media, mediaombod m.m. snart vil bli lagde fram for Stortinget.

Allmennkringkasting

       Komiteen sitt fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, har merka seg dei norske allmennkringkastarane har styrkt si samla stilling frå 1992 og utover. Det gjeld både for radio og fjernsyn. Oppslutnaden om allmennradioen har auka frå 66 til 90 %, medan dei tilsvarande tala for allmennfjernsynet er 73 og 80 %

       Fleirtalet ser det som verdfullt at samfunnet medverkar til breidde og mangfald i medietilbodet. Fleirtalet vil vise til den stadig sterkare internasjonale konkurransen på medieområdet. Fleirtalet har merka seg at dei nasjonale allmennkringkastingsselskapa omstiller seg rundt heile Europa for å møte denne situasjonen, og at dei samarbeider i større grad enn før både for å møte både økonomiske, programpolitiske og tekniske utfordringar.

       Fleirtalet vil streke under den verdien allmennkringkastarane har for språk og identitet, informasjon og kulturliv i dei einskilde nasjonane.

       Komiteens medlem, representanten Roy N Wetterstad, viser til at ny teknologi og økt internasjonal konkurranse gir publikum et stadig bedre fjernsyns- og radiotilbud. Det forventes at den forestående digitaliseringen vil bidra ytterligere til en slik utvikling. Dette medlem vil uttrykke håp om at det skal bli vanskeligere å bruke nasjonale reguleringer og favorisering av statsstyrte selskaper for å hemme utviklingen.

NRK

Profil

       Komiteen sitt fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, viser til omdanninga av NRK frå stifting til aksjeselskap, jf. Innst.O.nr.16 (1995-1996). Fleirtalet ser det som positivt at vedtektene fastset at NRK har plikt til å følgja prinsippa for allmennkringkasting. Fleirtalet vil streke under at NRK sin profil må leggjast slik at lisensordninga kan forsvarast, dvs. at dei grunnleggjande målsetjingane for allmennkringkastinga må haldast oppe. Fleirtalet minner om at alle grupper lisensbetalarar over tid skal få oppleve program som er interessante og gjevande for sin del. Fleirtalet er samd med departementet i at det ikkje er tilfredsstillande at kulturprogramma fekk redusert sendetid i meldingsåret, ikkje minst sett på bakgrunn av dei måla som vart sette i den førre årsmeldinga.

Økonomi

       Komiteen sitt fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, ser det som avgjerande at NRK held fram som eit reklamefritt alternativ i ein stadig meir kommersielt prega mediesituasjon.

       Fleirtalet ser det som uheldig dersom uro omkring sponsorspørsmåla fører til mindre oppslutning om den lisensfinansieringa som er det økonomiske hovudgrunnlaget for NRK. Bl.a. difor bør det visast stor varsemd med sponsorverksemd.

       Fleirtalet sluttar seg til departementet si vurdering at det hittil ikkje er gjeve fullgodt svar på kva sponsorinntektene utgjer. Fleirtalet stør også departementet i synspunktet at NRK i neste årsmelding må leggja fram eit sett kriterium for å kunne avgrense kva som skal gjelda som sponsing, slik at det samsvarar med Stortinget sine føresetnader og gjer det mogleg å avgjera på førehand kva som skal reknast som sponsing eller ikkje.

       Fleirtalet vil streke under at sponsing i NRK må avgrensast til eit minimum, og er samtidig klar over at det ligg føre tolkingsvanskar i det reglementet som no finst.

       Fleirtalet er kjend med at Statens Medieforvaltning, NRK og TV2 ser på praktiseringa av sponsorreglane og vil legge eit forslag om reviderte forskrifter fram for departementet.

       Komiteens medlem, representanten Roy N Wetterstad, viser til at han har gått inn for å avvikle lisensfinansieringsordningen over en periode på fem år. Ordningen bør erstattes med frivillig brukerbetaling (betalingsfjernsyn/abonnement) og reklame- og sponsorfinansiering. Dette medlem har støttet omgjøringen av NRK til aksjeselskap, men har samtidig gått inn for å åpne for salg av aksjer til private. Dette medlem mener NRK må underlegges strenge sponsorregler så lenge lisensfinansieringsordningen består.

Språk

       Komiteens fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, har merka seg at bruken av nynorsk ligg på eit nokolunde stabilt nivå frå år til år totalt sett. Fleirtalet sluttar seg til departementet sitt syn om at bruken av nynorsk er for låg i høve til Stortinget sine vedtekne føresetnader, og at det difor er eit ansvar for kvar einskild kanal å styrke nynorskdelen.

       Fleirtalet vil gje honnør til det språklege rettleiingsarbeidet som går føre seg i institusjonen, og vil streke under kor viktig det er med gode språklege førebilete i NRK, noko som gjeld for begge målformer.

Andre spørsmål

       Komiteen ser positivt på utviklinga av eit teknologisk system som nyttar tekst-TV som verktøy for å gjera programtilbodet meir tilgjengeleg for svaksynte og blinde og for døve og hørselshemma: den første gruppa gjennom utvikling av ein prototype talegenerator; den andre gjennom eit databasert system som kan kjenne att og omsetja tale til tekst.

TV2

       Komiteen konstaterer at TV2 på kort tid har vore med å auke medietilbodet i Noreg monaleg.

       Komiteen har merka seg den harde konkurransen internasjonalt når det gjeld rettane til populære sportssendingar, der resultatet ofte er at prisane for slike program blir drivne i veret i ein slik grad at mindre nasjonale selskap ikkje lenger kan rekne med å få tilslaget på det økonomiske bodet. Komiteen ser det difor som gledeleg at TV2 og NRK samarbeider teknisk og økonomisk om innkjøp av denne type program, slik at norske sjåarar kan rekne med god dekning av sentrale sportshendingar på dagens kanalar også i framtida.

       Komiteen vil at TV2 skal tevle med NRK om å laga gode sendingar for publikum; det er difor ein fordel at programprofilane er ulike og utfyller kvarandre.

       Komiteen sitt fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, vil streke under at programprofilen vert lagt slik at dei grunnleggande målsettingane for allmennkringkastinga vert nådde.

       Fleirtalet føreset at selskapet held seg til og oppfyller konsesjonskrava. Fleirtalet meiner det er prinsipielt riktig at konsesjonsvilkåra vert oppfylte så snart økonomi og praktiske tilhøve legg til rette for det.

P4

       Komiteen sitt fleirtal, alle utanom representanten Roy N Wetterstad, er kjent med at P4 i dag ikkje sender program for den samiske folkegruppa, slik konsesjonsvilkåra føreset. Fleirtalet ber om at det vert funne ei løysing på dette, til dømes gjennom teknisk og økonomisk samarbeid, og/eller kjøp av samisk programstoff frå NRK Sami Radio, samiske nærradioar eller frå andre produksjonsmiljø. Fleirtalet ventar at P4 innan kort tid sender program også for den samiske folkegruppa.

       Det vil vere opp til allmennkringkastingsrådet å vurdera om konsesjonsvilkåra vert oppfylte på dette punktet.

Nærkringkasting

AV-fondet

       Komiteen viser til dei store problema det har vore å få til eit landsdekkjande mønster med levedyktige lokalradioar og lokalfjernsyn. Det har vore ein føresetnad frå alle regjeringar sidan 1981 at det ikkje skal gjevast ordinær driftsstøtte til dei nye elektroniske media. Derimot har det vore brei semje om at nærkringkastinga har stor trong for kompetanseheving, kursverksemd, prosjektstøtte, samarbeidstiltak, særlege produksjonar, utstyr, osv.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og representanten Roy N Wetterstad, viser til handsaminga av kulturbudsjettet for 1997 ( B.innst.S.nr.2 (1996-1997)) og sin merknad:

       « Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av medlemene frå Arbeiderpartiet, viser til Innst.S.nr.190 (1994-1995) om dei oppgåvene nærkringkastinga kan få støtte til. Fleirtalet meiner at lokalkringkastingsføremål framleis skal ha om lag ¼ av den statlege delen av AV-fondet ».

       Fleirtalet vil streke under at oppgåvene for lokalkringkastinga ikkje er blitt mindre eller lettare sidan 1993, og at det er kulturpolitisk viktig å utvikle desse lokale og regionale tiltaka også kvalitativt. Fleirtalet vil peike på at satsing og utvikling i nærkringkastingssektoren skapar ei rekke positive verknader, også i form av idéskaping og rekruttering til andre delar av dei audiovisuelle produksjonsmiljøa i Noreg. På denne bakgrunnen stadfester dette fleirtalet at det er både tenleg og rimeleg at nærkringkastingsformål vert tildelt om lag ein firedel av dei statlege midla i AV-fondet. Samstundes reknar fleirtalet med at det i eit tillitssamarbeid mellom fleire partar vert vist naudsynt fleksibilitet frå år til anna, dersom særlege omsyn skulle tilseia det.

       Fleirtalet vil gjera følgjande framlegg:

       « Ved tildeling av midlar frå AV-fondet vert det lagt til grunn at nærkringkastingsformål skal tilgodesjåast med om lag ein firedel av dei statlege midla. »

       Komiteens mindretall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, minner om at styret i AV-fondet er satt sammen av representanter for ulike faggrupper. Disse skal sammen finne fram til en helhetlig utvikling innenfor medieområdet, og det er viktig at miljøene jobber sammen på tross av interessekonflikter.

       Mindretallet ser at det vil være problematisk å nå overordnede kulturpolitiske målsettinger for AV-fondet dersom en legger en prosentfordeling til grunn for midler til de ulike gruppene i stedet for en kvalitetsfordeling på prosjekter. Utviklingen i bransjen er uforutsigbar, og fordeling må skje gjennom oppfølging og kontroll av kvalitet, ikke etter rutine.

Direkte videresending

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti legger også til grunn at støtten til nærkringkasting må sees i lys av bransjens økte inntjeningsmuligheter som en følge av den nye konsesjonsordningen.

       Flertallet viser til B.innst.S.nr.2 (1996-1997) hvor medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti går imot direkte videresending av program for nærradioene.

       Videre presiseres det at radioer med lave lyttertall og/eller små ressurser kan søke om utvidelse over 25 % av eksternt programstoff. Flertallet vil understreke at et forslag om at 25 % av stoffet i nærradioene skal kunne sendes direkte og uendret fra sentrale leverandører, vil medføre en svekking av den lokale tilknytningen som er lokalradioenes varemerke. Grensen på 25 % vil være vanskelig å kontrollere. Utvikling av riksdekkende radiosendinger kan være en konsekvens. Det bør etter flertallet mening sees i lys av de forpliktelsene som en har i forhold til P4s rettigheter. Flertallet viser i den forbindelse til brev fra P4 datert 24. februar 1997 og fra kulturministeren datert 24. februar 1997. Begge brevene er tatt inn som vedlegg.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad viser til Innst.S.nr.190 (1994-1995) der det vart lagt vekt på at lokalt produsert stoff skulle vera grunnlaget i programprofilen til lokalradioane. Desse medlemene viser til at for mange nærradioar, ikkje minst dei med småe ressursar, er det ein føremon å kunne ta ned sentralt programstoff som kan vera med og betra det totale programtilbodet. Desse medlemene meiner det er viktig å styrke lokalradioen som institusjon, og ser at eit slikt høve til direkte videreformidling vil kunne styrke nærradioane. Desse medlemene kan ikkje sjå at dette vil gå ut over reklameinntektene i P4. Med bakgrunn i tidlegare positive signal og etter ei samla vurdering finn desse medlemene det tenleg og rimeleg at grensa for den delen av stoffet som kan sendast vidare direkte og uendra frå sentral leverandør, vert sett til 25 %, uavhengig av distribusjonsform, og gjer følgjande framlegg:

       « Uavhengig av distribusjonsform kan inntil 25 % av programstoffet i lokalradioane bli sendt vidare uendra frå sentral leverandør. »

Dagspresse

       Komiteen viser til at det er stor semje om verdien av ei differensiert og mangfaldig presse, men at det samstundes er klar usemje om produksjonstilskott og andre former for pressestøtte.

       Komiteen viser til den relativt omfattande gjennomgangen av desse spørsmåla i B.innst.S.nr.2 (1996-1997).

       Komiteen har merka seg at den økonomiske utviklinga i dagspressa har vore jamntover tilfredsstillande i meldingsåret.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og representanten Roy N Wetterstad viser til dei store omskifta i presse- og medieutviklinga i dei seinaste åra, som gjer at forholdet mellom mål og midlar i pressepolitikken stadig endrar seg. Desse medlemene er prinsipielt mot pressestøtte, men så lenge systemet står ved lag, vil desse medlemene suubsidiært gje til kjenne at dagens ordningar kan betrast, m.a. gjerast meir rettferdig.

       Desse medlemene ser at stadig fleire aviser blir medlemer i konsern som legg reint økonomiske vurderinger til grunn for sine opplegg. Desse medlemene ser det difor slik at integreringa av dagspressa i store mediekonsern snarast bør føre til ei fordomsfri gjennomdrøfting av korleis produksjonsstøtte og andre støtteformer kan tilgodesjå meinings-, verdisyns- og debattberande aviser som er i ein utsett posisjon framfor konserntilknytta aviser.

Framlegg frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Roy N Wetterstad:

       Uavhengig av distribusjonsform kan inntil 25 % av programstoffet i lokalradioane bli sendt vidare uendra frå sentral leverandør.

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Ved tildeling av midlar frå AV-fondet vert det lagt til grunn at nærkringkastingsformål skal tilgodesjåast med om lag ein firedel av dei statlege midla.

II.

       St.meld. nr. 12 (1996-1997) om kringkasting og dagspresse 1995 m.v. - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 27. februar 1997.

Grethe G Fossum, Hallgrim Berg, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.

Brev til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen fra P4 Radio Hele Norge AS v/radiosjefen, datert 24. februar 1997.

Ad.: Stortingets behandling av St.meld. nr. 12 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v.

       Jeg viser til komiteens behandling av St.meld. nr. 12 (1996-1997) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v. Jeg viser forøvrig også til vår høring i komiteen.

       P4 er av den oppfatning at vi på den nevnte høring fikk lagt fram de synspunkter som er av betydning for P4 og som omtales i stortingsmeldingen. Et punkt som ikke direkte ble berørt, og som heller ikke er direkte omtalt i departementets melding, er muligheten for nærradioene til å samarbeide og utvikle et nettverksamarbeid via satellitt. Vi har merket oss at dette spørsmålet ble berørt i B.innst.S.nr.2 (1996-1997).

       Spørsmålet er bl.a. aktualisert gjennom en søknad fra P5 Norge AS om konsesjon for satellittformidling av programstoff til lokalradioer. Denne søknaden ble sendt Kulturdepartementet i slutten av januar d.å. Såvidt vi forstår, har P5 Norge AS til hensikt å levere riksnyheter og annet programstoff til lokalradioene i Norge via satellitt. Såvidt vi forstår, er konseptet i mangt og meget likt Radio Nettverk, dog med den forskjell at det her i tillegg til nyheter også skal formidles annet programstoff.

       P4 har tidligere tatt opp spørsmål om nettverksamarbeid mellom lokalradioer med Kulturdepartementet - konkret i forbindelse med Radio Nettverk og oppbyggingen av Radio 1-stasjoner rundt om i landet. I brev fra departementet av 11. oktober 1993 ble det vist til at det nettverksamarbeid som er oppbygd gjennom Radio Nettverk, allerede var etablert og akseptert da konsesjonsinnbydelse til en ny, riksdekkende kanal ble sendt ut. Det var imidlertid en forutsetning at dette nettverksamarbeid kun gjaldt korte nyhetssendinger, jf. St.meld. nr. 32 (1992-1993) Media i tida. I nevnte brev uttalte imidlertid departementet:

       « Dersom nærradioene benytter seg av lange programflater fra satellitt, vil dette imidlertid være i strid med intensjonen for nærkringkasting. Stortinget har også understreket at det er viktig at nærradioene ikke utvikler seg til kjeder eller sendeselskaper, som i realiteten blir riksdekkende. Forøvrig vil all samkjøring på programsiden mellom ulike nærradioer, det være seg over satellitt eller på annen måte, være i strid med forutsetningene for nærradiovirksomheten. »

       Det er da også dette grunnsyn som departementet har videreført i de forskrifter om nærkringkasting som ble vedtatt ved Kgl.res.. januar 1996. Her heter det i § 7 Nærradio - programprofil, videresending m.v.:

       « Med unntak for korte nyhetssendinger, kan det i nærradio ikke benyttes programmateriale som innebærer at det skjer en samtidig og uendret videresending av programmateriale mottatt via satellitt. »

       Som nevnt på høringen i komiteen, er P4 av den oppfatning at vi ikke har mange uavklarte spørsmål med myndighetene når det gjelder rammen for P4s konsesjon og tolkning av konsesjonsvilkårene. Vi vil imidlertid bemerke at det dersom det blir tillatt med en betydelig utvidet form for nettverkssamarbeid mellomlokalradioer, eller grupper av slike, vil dette av P4 kunne oppfattes som endrede rammebetingelser i forhold til det som var forutsetning for konsesjonstildelingen og Stortingets behandling av denne.

       Vi antar at Stortinget nå ikke har til hensikt å drøfte og vedta rammebetingelser for nettverkssamarbeid på lokalradiosiden, som vil forrykke det grunnlag P4s konsesjon ble gitt på. Vi har den tillit til politikerne og Stortinget at de står fast på tidligere vedtatte avtaler og forutsetninger.


Brev til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen fra Kulturdepartementet, datert 24. februar 1997.

Direkte bruk av sentralt produsert programstoff i nærradio

       Det vises til komiteens brev av 17. februar d.å.

       Direkte videresending av satellittprogram i nærradio via jordbundet nett vil, avhengig av antallet nærradioer som videresender, kunne utgjøre en noe nær riksdekkende sending. Avhengig av når slik videresending skjer, åpner den for nær riksdekkende sendinger i videresending i tidsrom som utgjør « beste sendetid » for radio, selv om det legges en begrensning på 25 % av programstoffet i nærradioen. Det vil trolig være svært vanskelig å kontrollere at eventuelle « kvotekrav » følges.

       Dersom det derfor blir åpnet ytterligere for direkte videreformidling av satellittprogram i nærradio, vil det kunne bli oppfattet som å undergrave den posisjon P4 Radio Hele Norge A/S fikk da selskapet 15. januar 1993 ble tildelt konsesjon til å etablere og drive riksdekkende reklamefinansiert radio. Det var da ikke forutsatt at andre selskaper også kunne få samme muligheten over analogt jordbundet nett.

       Da det ble åpnet for at lokalfjernsynsselskapene skulle kunne foreta direkte videresending av satellittkanaler i lokalfjernsyn, førte dette til at TV2 gikk til søksmål mot staten. En slik situasjon bør helst unngås.

       Etter departementets mening vil også nærradioenes lokale profil svekkes dersom det åpnes for at 25 % av programstoffet blir direkte videresendt fra en sentral aktør. En direkte videresending fratar den enkelte konsesjonær muligheten til å selv å bearbeide programstoffet og tilpasse det til lokale forhold. Det programmessige mangfoldet vil også bli svekket ved at en rekke nærradiostasjoner samtidig sender ut de samme program som er produsert av samme sentrale programprodusent.

       En slik ordning vil også styrke tendensene til kjededannelser innen nærradioområdet. Stortinget har tidligere vært meget opptatt av å motarbeide slike tendenser. Det vises i denne forbindelse til Innst.S.nr.190 (1994-1995) side 19 hvor komiteen uttaler:

       « Fleirtalet ser med uro på dei særlege problema som dei opprinnelege nærradioane har fått, også ved at kommersielt kjedesamarbeid er blitt så sterkt. Fleirtalet viser til Innst.S.nr.223 (1992-1993), der eit breitt fleirtal meinte det var viktig at « nærradioene ikke utvikler seg til kjeder eller sendeselskaper som i realiteten blir riksdekkende. » »