Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Verksemda hos allmennkringkastarane

Verksemda i Norsk rikskringkasting

       NRK sitt styre vedtok hausten 1995 eit nytt strategidokument som legg grunnlagt for verksemda til NRK i perioden 1996-2000. Dokumentet set opp desse hovudmåla;

- NRK skal vere det sentrale kringkastingsselskapet i landet med eit hovudansvar for norsk allmennkringkasting i radio og fjernsyn.
- NRK skal vere ei bedrift som sameinar radio og fjernsyn i ein desentralisert organisasjon som produserer og sender program både på riks-, region- og distriktsnivå.
- NRK si programverksemd byggjer på oppdraget som allmennkringkastar.
- NRK skal vere ein garantist for ytrings- og informasjonsfridommen.

Programverksemda

       NRK sende i 1995 til saman omlag 52.045 timar fjernsyn og radio. Samla inneber dette ein auke av sendetida på 1.886 timar frå 1994. Sendetida fordelte seg slik:

- 22.722 timar riksradio
- 3.609 timar riksfjernsyn
- 23.651 timar distriktsradio
- 1.359 timar samiske sendingar
- 156 timar distriktsfjernsyn
- 548 timar utanlandssending.

       I tillegg vart det sendt 2.160 timar digital radio på kanalen «Alltid klassisk». Tekst-TV-tenestene hadde eit tilbod på om lag 500 sider dagleg.

       Med unnatak for prioriteringa av Sàmi radio, som hadde ein auke i sendetida på 38 %, er auken i sendetida relativt jamt fordelt på dei andre einingane.

       NRK har frå 1995 endra systemet for føring av programstatistikk for radio når det gjeld ulike typar musikk. Det gjer det vanskeleg å sjå kva endringar som har funne stad innan denne typen program. Ein kan like fullt konstatere ein nedgang i den relative sendetida til sportssendingane samanlikna med 1994, noko som var venta etter OL. Kulturprogramma har òg fått redusert sendetid i 1995, noko som ikkje er tilfredsstillande.

       Den relative fordelinga mellom ulike programtilbod i NRK Fjernsynet var i 1995 stabil samanlikna med 1994. Også i NRK Fjernsynet gjekk den relative sendetida til sportsprogram monaleg attende etter OL-året 1994, men i motsetnad til radioen fekk kulturprogram og barne- og ungdomsprogram utvida sendetid.

       NRK har i samarbeid med ulike teknologiske miljø sett i gang prosjekt som tek sikte på å utvikle eit system som nyttar tekst-TV som verktøy for å gjere programtilbodet meir tilgjengeleg for svaksynte og blinde og for døve og hørselshemma.

       Bruken av nynorsk i NRK låg i 1995 om lag på same nivå som dei siste åra. Bruken av nynorsk i NRK er for låg i høve til Stortinget sine føresetnader. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskdelen i alle kanalar må halde fram.

Organisering og økonomi

       Rekneskapen for 1995 syner eit negativt årsresultat på vel 8 mill. kroner. Resultatet avvik ikkje mykje frå budsjettet for 1995, men er 36 mill. kroner lågare enn i 1994.

       NRK hadde i 1995 samla inntekter på 2.371 mill. kroner eksklusive finansinntekter, ein reduksjon på 132 mill. kroner frå 1994. Inntektene frå kringkastingsavgifta steig med 184 mill. kroner, dels som følgje av at lisensavgifta vart oppjustert med 95 kroner, dels som følgje av at talet på lisensabonnentar vart høgare enn budsjettert.

       Driftsutgiftene, unnateke avskrivingar, var i 1995 på 2.200 mill. kroner. Dette var ein reduksjon på 106 mill. kroner samanlikna med 1994. Dei totale driftsutgiftene inkludert avskrivingar auka frå 1994 til 1995 med 54 mill. kroner når ein ikkje reknar med utgiftene til ORTO (divisjonen som vart oppretta for å produsere og overføre dei internasjonale sendingane frå Lillehammer OL). Samanlikna med budsjettet viser resultatet eit positivt avvik på 49 mill. kroner.

       Eigenkapitalen er justert ned med 71 mill. kroner frå 1994 til 1995 på grunn av auka avsetjing til pensjonar og det negative resultatet i 1995. Totalt er eigenkapitalen pr. 31. desember 1995 på 1.599,943 mill. kroner.

       Likviditetsreserven er i 1995 redusert med 100 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av auka investeringar.

       Netto inntekter frå direkte sponsorverksemd i 1995 var 14.045.020 kroner. Sponsorinntektene utgjer med dette 0,59 % av dei samla driftsinntektene. Rekna ut frå relativ del av driftsinntektene utgjorde inntektene frå sponsing frå næringslivet 0,4 %, medan inntektene frå sponsing frå det offentlege utgjorde 0,19 %. Tabell 4 a), b) og c) på s. 8 i meldinga gir ei oversikt over dei einskilde sponsorprosjekta som NRK produserte i 1995 og kva kjelder inntektene kom frå.

       NRK har i eit brev til departementet uttalt at det ikkje er mogleg å gi eit fullgodt svar på omfanget av eksterne tilskott og ytingar som vil kunne falle inn under omgrepet indirekte tilskott til programproduksjonen. Brevet følgjer meldinga som trykt vedlegg nr. 1.

       Departementet meiner at dei døma som NRK trekk fram i sitt brev som tvilstilfelle ikkje er noka avgjerande argument mot at det er mogleg å gi eit fullgodt svar på kva sponsorinntekter utgjer. NRK bør, der dei meiner det rår tvil, setje opp eit sett kriterium for å avgrense kva som skal gjelde som sponsing og leggje desse kriteria fram i neste årsmelding. NRK vil slik sikre at praksis er i samsvar med Stortinget sine føresetnader og vil vere mogleg for framtida å avgjere kva som skal reknast som sponsing på førehand.

Verksemd dei neste åra

       NRK sitt hovudtilbod i perioden fram til år 2000 skal, ferdig utbygd, vere ei basisteneste som inneheld riksradio i tre profilerte kanalar, distriktsradio, riksfjernsyn i to kanalar, distriktsfjernsyn, ein landsdekkjande samisk radiokanal og tekst-TV.

       NRK utsette igangsettinga av NRK2 frå 1. mars 1996 til 31. august 1996. Dekkingsgraden er no nær 80 %, som Stortinget har føresett.

       NRK legg med det nye strategidokumentet opp til å føre vidare, utvikle og auke det noverande programtilbodet i tråd med oppdraget som allmennkringkastar. Sjølv om høg eigenproduksjon framleis skal vere eit prioritert mål, vil NRK på sikt leggje opp til at 10 % av det årlege norskproduserte programtilbodet i fjernsynet skal vere produsert av frittståande produksjonsselskap.

       Om finansieringsgrunnlaget til statskanalen seier strategidokumentet at lisensinntektene framleis skal garantere drifta av NRK si basisteneste som allmennkringkastar og at NRK sjølv ikkje ønskjer reklamefinansiering av verksemda. Ein vil i staden vurdere å finne alternative inntektskjelder, til dømes betalingsfjernsyn, for eventuelle framtidige spesialkanalar som kjem i tillegg til basistilbodet, sal av verdiar som er bundne i bygningar, tomter og sendartekniske anlegg og utleie og sal av ulike tenester og produkt som ein disponerer i samband med kringkastingsverksemda.

       For å oppretthalde og styrke posisjonen som leiande allmennkringkastar, vil NRK inngå alliansar og samarbeid med andre verksemder for å sikre at sjåarar og lyttarar også i framtida får tilgjenge til ein allsidig meny av kvalitetsprogram. Departementet ser positivt på planane om eit breitt samarbeid med TV2 og intensjonen om lokale program- og frekvenssamarbeid med einskilde nærkringkastarar som står utanfor dei kommersielle nettverka.

Verksemda i TV2

Programverksemda

       TV2 hadde i 1995 til saman 4.787 sendetimar mot 3.700 i 1994. 54,5 % av sendetida var norskproduserte program. Nyhende og aktualitetar og « drama » vart høgt prioriterte i programverksemda til TV2.

       Konsesjonsvilkåra til TV2 føreset at programprofilen byggjer på prinsippa for allmennkringkasting og at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for så vel breie som smale sjåargrupper, blant anna den samiske befolkningsgruppa og minoritetar. Departementet viser til kapittel for etableringa av eit allmennkringkastingsråd og finn det riktig å overlate vurderinga av programprofilen til allmennkringkastarane i 1995 til dette rådet.

       Statistikken over programprofilen som blir presentert i årsmeldinga til TV2 er no meir detaljert enn i tidlegare årsmeldingar og gir eit betre grunnlag for å vurdere på kva måte TV2 held seg til konsesjonsvilkåra.

       Konsesjonsvilkåra krev at minst 50 % av TV2 sine program innan 8-9 år skal vere produserte i Noreg. 54 % av programma TV2 sende i 1995 var produserte i Noreg. Departementet finn det positivt at selskapet allereie etter 4 års drift har oppfylt konsesjonsvilkåra på dette punktet.

       Ein av Stortinget sine føresetnader for å opprette ein reklamefinansiert fjernsynskanal var at det ville styrkje sjølvstendige produsentar gjennom kjøp av program og tenester. TV2 melder at ein i 1995 held fram det nære samarbeidet med norske produksjonsselskap. Verdien av program, fjernsynsteknikk og teksttenester TV2 kjøpte av sjølvstendige norske verksemder i 1995 var på om lag 140 mill. kroner. Det vart i tillegg kjøpt inn filmar og seriar for mellom 60 og 70 mill. kroner frå utanlandske selskap.

Organisering, økonomi og eigartilhøve

       TV2 har utvida samarbeidet med NRK, særleg på det tekniske området. Fordi båe selskapa er medlemer av den europeiske kringkastingsunionen (EBU) er dei to selskapa no samde om å føre samtalar om deling av rettane til sportssendingar. Departementet ser positivt på at TV2 og NRK no har tatt initiativ til å samarbeide for å unngå prisdrivande konkurranse, slik Stortinget føresette ved etableringa av ein reklamefinansiert kanal.

       Rekneskapen for 1995 viser eit overskott på 107,1 mill. kroner mot 35,6 mill. kroner i 1994. Dei totale driftsinntektene viser ein solid auke frå 554 mill. kroner i 1994 til 784 mill. kroner i 1995. Driftskostnadene auka med om lag 160 mill. kroner til 670 mill. kroner samanlikna med 1994. Dominansen på reklamemarknaden og den sterke posisjonen TV2 har hos sjåarane gjer at kanalen har reklameinntekter som langt overstig prognosane som vart presenterte for Stortinget i samband med etableringa av selskapet (jf. Ot.prp. nr. 55 (1989-1990) ).

       Det har skjedd omfattande endringar i eigarsamansetninga i TV2 i 1995. Dei viktigaste endringane er at A-pressen AS og Norsk Aller AS har kjøpt seg inn i selskapet og no er tredje og fjerde største aksjonæren i TV2. Ved utgangen av året var dei seks største eigarane Schibsted ASA med 31,47 % av aksjane, Egmont A/S med 31,26 %, A-pressen AS 24,51 %, Norsk Aller AS 9,41 %, Tinius Nagell-Erichsen 1,71 % og Bergens Tidende 0,86 %. Totalt er det 81 aksjonærar i selskapet.

Verksemda dei neste åra

       Prognosar tyder på at reklameomsetninga for fjernsyn vil vekse vidare, om enn i ei noko lågare takt enn dei to siste åra. TV2 hadde i 1995 om lag 65 % av reklameomsetnaden for fjernsyn i Noreg. Trass i auka konkurranse om sjåarane er det ikkje noko som tyder på at reklameinntektene til TV2 vil bli lågare dei neste åra.

       TV2 legg ikkje opp til omfattande endringar i programprofilen i 1996. Satsinga på nyhende- og aktualitetsprofilen vil halde fram. Vidare tek TV2 sikte på å styrkje satsinga på underhaldning, drama og barneprogram.

       TV2 har ein dekning på 95 % av norske husstandar og legg ikkje opp til vidare utbygging av det jordbundne sendarnettet. Vidare auke av distribusjonen vil i hovudsak skje gjennom direkte mottak via parabolantenner og sal av satellittkort.

Radio Hele Norge AS (P4)

Programverksemda

       P4 melder at kjenneteiknet på deira programprofil er breie programflater med mykje musikk, der det er plass til innslag frå mange stoffområde. P4 vanta i 1995 eit system for registrering av programtilbodet. Det vert likevel lagt fram statistikk over programprofilen for to vilkårleg valde veker i 1995.

       Programstatistikk for 1996 vil etter planen bli utarbeidd på grunnlag av sendingar mellom kl. 06.00 og 24.00 i seks vilkårleg valde veker i løpet av året 1996. Departementet viser til at det i samband med etableringa av eit allmennkringkastingsråd, i samråd med allmennkringkastarane, vil bli utarbeidd eit sett kriterium for måling av allmennkringkasting som vil setje visse krav til programstatistikken.

       P4 sender i dag ikkje program for den samiske befolkninga eller språklege minoritetar, slik konsesjonsvilkåra føreset, men viser til at det krev store ressursar å lage eigne samiske sendingar, ressursar som hovudsakleg er å finne i NRK. P4 og NRK er samde i at det samiske programtilbodet totalt sett ikkje er tent med ein konkurranse om medarbeidarar. P4 legg med bakgrunn i dette, og etter oppmoding frå sitt eige programråd, fram to alternativ for samarbeid om samiske program som dei ber om synspunkt på:

1. Samarbeid med NRK om eit samisk programtilbod.
2. Samarbeid med samiske nærradioar.

       Sjølv tek P4 til orde for alternativ nr. 2, men strekar under at dersom konsesjonen er slik å tolke at det er eit krav at P4 skal sende på samisk over riksnettet, vil dette bli sett i verk snarast.

       Kulturdepartementet strekar under at konsesjonsvilkåra står fast. Same kva for løysing som blir valt, må P4 sende samiske program anten dei er eit resultat av samarbeid med NRK eller ein eller fleire samiske nærradioar.

       I oktober 1994 oppnemnde Kulturdepartementet eit eige programråd for P4 som skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i P4, og om programsaker som administrerande direktør for P4 legg fram for rådet. Styret og direktøren kan også be rådet uttale seg om administrative og økonomiske saker. Programrådet har hatt to møter i 1995 der det vart drøfta spørsmål knytte til både råde si eiga verksemd og verksemda til P4.

Organisering og økonomi

       I samsvar med konsesjonen og Stortinget sine føresetnader har P4 oppretta hovudkontor på Lillehammer. Eit underkontor, marknadsavdelinga og salsavdelinga ligg i Oslo. Det er oppretta eit lokalkontor i Tromsø og avtalar med korrespondentar i Bergen og Trondheim. P4 sysselsette ved årsskiftet 1995/1996 65 faste medarbeidarar, femten fleire enn ved utløpet av 1994. Det er oppretta eit formalisert samarbeid med ei rekkje nærradioar i Noreg. Fleire nærradioar som ikkje har faste avtaler har dessutan levert innslag til P4.

       P4 har denne eigarsamansetninga: Kinnevik AS 23,32 %, Tharald Brøvig og Endre Røsjø AS 20 % kvar av aksjekapitalen, AB Kinnevik, Stormbull og Per M. Solvang med 10 % kvar, og tilsette og tillitsvalde med til saman 6,7 % av aksjane. Den utanlandskkontrollerte eigardelen utgjorde med dette 33,32 % av aksjane.

       Med ei omsetning på 164 mill. kroner bokførte P4 i 1995 eit positivt resultat før skatt på 44 mill. kroner. P4 gir ikkje prognosar for utviklinga på reklamemarknaden for radio, eller kanalen sine inntekter frå sal av reklame. Vi viser elles til drøftinga av reklamemarknaden i kapittel 2.1 i meldinga.

Verksemda dei neste åra

       Planane for 1996 inneber at selskapet vil bli introdusert på Oslo Børs. Siktemålet er primært eit ønske om å få ein noko meir spreidd eigarstruktur i selskapet. Styret og administrasjonen i P4 har komme fram til at det ikkje er rom for å ekspandere på radiomarknaden i Noreg og vil i staden satse internasjonalt gjennom eit heileigd dotterselskap, P4 International AS i Finland, Sverige og Sør-Afrika. Departementet føreset at P4 sine aktivitetar utanlands ikkje går ut over arbeidet med å oppfylle pliktene som følgjer av konsesjonsvilkåra.

       P4 tek sikte på ei utbygging av sendarnettet ut over krava i konsesjonen. Fleire sendarar blir vurderte og vil truleg bli sette i drift i 1996.