1. Sammendrag
1.1 Innleiing
I meldinga omtalar Kommunal- og arbeidsdepartementet hovudtrekka i Husbankens verksemd i 1994 og 1995. Årsmeldingane følgjer som utrykte vedlegg. I meldinga vert det gitt ein nærare omtale av bruken av byfornyingstilskot og av bruken av tilskot til nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
Departementet viser elles til St.meld. nr. 43 (1994-1995) Om Husbankens rentevilkår og subsidieprofil og til nasjonal- og statsbudsjetta for 1994, 1995 og 1996.
1.2 Hovudtrekk i utviklinga i bustadsektoren 1994-95
Husbanken er det sentrale bustadpolitiske instrumentet for staten. Bustadproduksjonen og -marknaden svingar generelt meir enn produksjonen i dei fleste andre næringar. Husbankens utlånsrammer påverkar også nivået på den samla bustadbygginga. I nedgangskonjunkturen på slutten av 1980-talet ynskte Regjeringa å stabilisere nybygginga ved å auke utlånsrammene til Husbanken. Ein årsak til den store auken i utlånsrammene var at kredittmarknaden elles, som følgje av bankkrisa, ikkje fungerte særskilt bra.
I 1992 var Husbanken involvert i finansieringa av nærare 90 % av alle nye bustader, i all hovudsak med grunnfinansiering. Med rentefallet frå 1993 har bustadprisane og nybygginga teke seg opp, sjølv om oppgangen har vore meir dempa enn under førre oppgangsperiode på midten av 1980-talet. I 1993 vart det igangsett 16194 nye bustader og i 1994 vart det igangsett 21.240. Gjennom 1995 viste det seg å bli ei noko svakare utvikling enn venta: 20.011 bustader vart satt i arbeid. Forklaringa til dette ser ut til å vere tilhøve på tilbodssida i marknaden. Tidleg i konjunkturoppgangen var det relativt mange byggjeklare tomter, medan opparbeidinga av nye tomter var låg. Den auka etterspurnaden kunne derfor dekkjast på kort sikt, men i attraktive områder oppstod det etter kvart mangel på byggjeklare tomter.
I 1995 vart det ei noko ulik utvikling i talet på igangsette bustader og i bustadinvesteringane samanlikna med tidlegare år. Dette kan til dels forklarast ved at det tek tid frå eit omslag i igangsetjinga slår fullt ut i byggjeaktiviteten. Vekst i gjennomsnittleg storleik på dei bustadene som vart sette i arbeid er også ein forklaringsfaktor. Hovudforklaringa ligg nok likevel i marknaden for rehabiliteringar. Bedriftene i byggje- og anleggsnæringa rapporterer om ein oppgang på 44,5 % i ordrereservene for rehabilitering av bustader frå utgangen av 1993 til utgangen av 1995. (Kjelde: Statistisk sentralbyrå.)
Prisutviklinga både for nye og brukte bustader viser ein klar oppgang både i 1994 og 1995. SSBs prisindeks for nye einebustader auka med 4,5 % i 1994 og med 8,2 % i 1995. Prisindeksen for bruktbustader gjekk opp i alt med 13 % i 1994 og med 7,6 % i 1995.
I eit langsiktsperspektiv vil bustadprisane og nybyggingsaktiviteten utvikle seg i same retning. Det har vist seg å vere ein klar samanheng mellom endringar i realprisar på bustader og endringar i igangsetjing. Unntaket frå mønsteret er talet på bustader som vart sett i gang i løpet av 1995. Til trass for stigande bustadprisar fall igangsetjinga frå 1994 til 1995.
Tilhøve på arbeidsmarknaden, aukande bustadprisar, auka nominelle krav til eigenkapital, og aukande krav til å vere kredittverdig og ein strammare utleigemarknad, er alle faktorar som - saman med demografiske tilhøve - gir grunn til å rekne med at etableringsproblema heller vil vekse enn avta.
Talet på personar pr. hushald har blitt stadig lågare fram til 1995. Spesielt har det blitt fleire hushald med ein eller to personar. Ifølgje Boforholdsundersøkelsen 1995 utgjer åleinebuande i 1995 nærare 35 % av hushalda.
Tabell 1 Nokre hovudtal for utviklinga i bustadsektoren dei seinare åra
1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | |
Bustadinvesteringar i løpande | ||||||
prisar (mrd kroner) | 25,3 | 19,9 | 18 | 17,4 | 24,3 | 28,7 |
Volumendring frå året | -17,8 % | -21,7 % | -10,6 % | -3,7 % | 34,9 % | 12,7 % |
Igangsette bustader | 21.830 | 17.261 | 15.600 | 16.194 | 21.240 | 20.011 |
Gjennomsnittleg igangsetting | ||||||
bruksareal (kvm) | 134,6 | 126,8 | 126,5 | 132,8 | 140,6 | 143,6 |
Årleg prisvekst nye | ||||||
einebustader | -3,2 % | -2,8 % | -0,1 % | -2,8 % | 4,5 % | 8,2 % |
Årleg vekst i byggjekostnadene | 3,5 % | 3,1 % | 0,7 % | 0,2 % | 3,6 % | 4,9 % |
Årleg prisvekst bruktbustader | ||||||
(sjølveigde) | -7 %* | -8 %* | -5 % | 0,8 % | 13 % | 7,6 % |
Kjelde: SSB og ECON (*)
1.3 Nærare om utviklingstrekk i verksemda til Husbanken
1.3.1 Bruk av lånerammer
Eit fleirtal av låna (Husbank I-lån) vart gitt med rentesubsidiar i form av ei rentetrapp dei første åra. Subsidiane var størst for dei selektive låneordningane og låneformåla. Husbank II-lån har vore gitt utan rentetrapp. I 1994 var topprenta på Husbank I-lån innvilga etter 1. januar 1993 og Husbank II-renta på 7,5 %, i 1995 var denne renta på 6 %.
Total disponibel utlånsramme for 1994 var på 11.930 mill. kroner. I 1995 var denne ramma redusert til 10.465 mill. kroner. Det var i hovudsak ramma til oppføringslån som vart kutta. Bakgrunnen var konjunkturoppgangen i den norske økonomien. Regjeringa hadde i denne samanhengen ynskje om å gi rom for auka privat finansiering av nye bustader.
I 1994 vart 78 % av utlånsramma disponert og i 1995 var tilsvarande tal 93 %. Husbankens disponible utlånsramme til oppføringslån vart redusert frå 8,6 mrd. kroner til 7,7 mrd. kroner i same periode.
Tabell 2 Disponerte utlånsmidlar i Husbanken (i mill. løpande kroner)
1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | |
Oppføringslån I | 5.665 | 5.990 | 4.272 | 4.731 | 5.059 | 5.621 |
- Nye bustader | 5.665 | 5.990 | 4.272 | 4.437 | 4.024 | 3.941 |
- Omsorgsbustader | - | - | - | - | 817 | 1.495 |
- Barnehagar | 510 | 559 | 384 | 294 | 218 | 185 |
Oppføringslån II | 2.043 | 1.831 | 3.240 | 3.072 | 2.009 | 1.686 |
- Utleigelån | 173 | 181 | 150 | 129 | 122 | 37 |
Utbetringslån I | 461 | 502 | 503 | 432 | 307 | 284 |
Utbetringslån II | 123 | 311 | 599 | 329 | 529 | 619 |
Etableringslån | 1.730 | 1.759 | 1.535 | 1.404 | 1.176 | 1.366 |
- Ordinære | ||||||
Etableringslån | 1.730 | 1.759 | 1.535 | 1.404 | 914 | 1.088 |
- Kjøpslån | 204 | 209 | 201 | 194 | 262 | 278 |
Etableringslån II | - | 445 | 798 | 796 | 269 | 169 |
Samla utlån | 10.909 | 11.787 | 11.682 | 11.087 | 9.349 | 9.745 |
Som det går fram av tabellen over vart det i 1994 gitt tilsegner om lån for 9.349 mill. kroner. Forbruket var i 1994 1.738 mill. kroner lågare enn året før. Dei fleste delrammene vart nær 100 % disponerte i 1995. Forbruket var om lag 400 mill. kroner høgare enn året før.
Medan utlånsrammene i 1994 ga rom for finansiering av om lag 17.000 nye bustader, vart det gitt tilsegner om finansiering av 14.592 bustader (irekna nye sjukeheimsplassar). I 1995 ga utlånsrammene rom for finansiering av 16.000 nye bustader, medan det vart gitt tilsegner om finansiering av 14.313 bustader/bueiningar (irekna nye sjukeheimsplassar). Meir fellesanlegg i tilknyting til omsorgsbustadene ga mindre rom for finansiering av ordinære bueiningar.
I 1994 vart det oppretta ei ordning med lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i Husbanken. Desse bustadtiltaka vart prioriterte innanfor ramma for Oppføringslån I. Å skaffe ein første bustad for flyktningar var også ei prioritert oppgåve.
Både i 1994 og 1995 var det relativt liten etterspurnad etter ordninga med utbetringslån til byfornying - Utbetringslån I. Målt i kroner gjekk søknadsinngangen ned med om lag 10 % frå 1994 til 1995. I 1995 finansierte Husbanken utbetringa av rundt 300 færre bustader enn i 1994.
Interessa for Utbetringslån II tok seg derimot opp i denne perioden. Utbetringslånet på II-vilkår skulle i hovudsak finansiere bustad- og miljøfornying av heilårsbustader i tettbygde områder frå etterkrigstida (BOM-lån), og ordninga gjaldt først og fremst burettslag. Ved å måle både i talet på bustader og i kroner vart søknadsinngangen nær dobla frå 1994 til 1995.
Ordninga med utleigelån vart frå og med 1994 erstatta med ei ny tilskotsordning, Tilskot til utleigebustader. Talet på søknader gjekk kraftig tilbake både i 1994 og 1995. 430 bustader fekk innvilga tilsegner i 1994, i 1995 var talet 95 bustader.
Etableringslåna var og er eit sentralt verkemiddel i bustadpolitikken og gjer det mogleg for unge i etableringsfasen og andre prioriterte grupper å skaffe seg eigen bustad. Frå 1993 til 1994 var det svikt i etterspurnaden etter både Etableringslån I og II. I 1995 tok etterspurnaden seg noko opp etter Etableringslån I.
Dei samla disponible lånerammene har både i 1994 og 1995 vore tilstrekkeleg store til å møte etterspurnaden og å unngå kø ved lånetildelinga. Når det gjeld gjennomsnittslån og -storleik i tala for 1994 og 1995 er statistikken for låneordninga for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar utelaten.
1.3.2 Disponering av tilskotsmidlar
Tilskot til bustad- og bumiljøtiltak har som mål å medverke til ei god bustadfordeling, butryggleik og til bygging av gode bustader av god kvalitet i gode bumiljø. Både i 1994 og i 1995 vart løyvingane til tilskotsmidlar kraftig auka samanlikna med føregåande år. Samla tilskotsløyving kom på 587,4 mill. kroner i 1994. I 1995 auka løyvinga ytterlegare til 740,7 mill. kroner og auken var spreidd om lag jamt på dei ulike ordningane.
Frå 1994 vart det oppretta tilskotsordningar for å stimulere bygging av omsorgs- og utleigebustader. Tilskotsordninga for bygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er gitt ein eigen omtale i kapittel 5 i meldinga.
Frå 1995 vart dei personretta tilskotsordningane etableringstilskot, utleigetilskot og utbetringstilskot på sosialt grunnlag slegne saman til ei ordning med nemninga bustadtilskot. Føremålet var å får til ein meir fleksibel bruk av tilskotsmidlane og å gjere ordningane enklare og meir oversiktleg for brukarane. Vidare vart ein del miljørelaterte tilskot samordna og samla under budsjettposten tilskot til utvikling av bumiljø, lokal bustadforvalting og kommunal bustadpolitikk. Dette gjaldt m.a. tilskot til tilstandsvurdering av burettslag.
Etterspurnaden etter bustadtilskot til etablering som var retta mot funksjonshemma, flyktningar og sosialt vanskelegstilte, var særs stor i 1995. Det oppstod tidleg kø av prosjekt som var kvalifiserte til å få tilskot. Denne situasjonen vart møtt ved ei tilleggsløyving på 75 mill. kroner som gjorde det mogleg å dekke opp flesteparten av dei prosjekta som stod i kø.
Ved stortingshandsaminga av St.meld. nr. 27 (1993-1994) Om gjeldsordninger for borettslag omfattet av byfornyelsesvedtak, vart det 9. juni 1994 fastsett at det skulle opprettast ei tilskotsordning, tilskot til individuell gjeldssanering, for fråflytta opphavlege partshavarar i dei burettslaga som fekk gjeldssanering. Til dette vart det sett av 30 mill. kroner med maksimalt tilskot på 250.000 kroner. Tilskot for 18,3 mill. kroner vart løyvd til 110 personar med gjeld på tidlegare bustad i 1995. Av dei innvilga søknadene var det 30 % som hadde gjeld utover tilskotstaket.
Med unntak av ordninga for tilskot til individuell gjeldssanering vart løyvingane, irekna overføringar, disponerte bortimot fullt ut i 1995.
Tabell 3 Disponerte midlar på Husbankens tilskotsordningar 1994-1995. Alle tal i 1.000 kroner
1994 | 1995 | |
Tilskot til byfornying | 61.900 | 91.000 |
Bustadtilskot | 365.100 | 384.400 |
- Etablering | 248.000 | 315.200 |
- Utbetring | 82.300 | 61.400 |
- Utleige | 34.800 | 5.600 |
Tilskot til omsorgsbustader | 242.000 | 267.500 |
Tilskot til utvikling av bumiljø mv | 13.800 | 13.300 |
Tilskot til individuell gjeldssanering | - | 18.500 |
Totalt | 691.200 | 783.000 |
1.3.3 Bustøtte
Føremålet med bustøtteordninga er å hjelpe barnefamiliar, eldre og trygda med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller bli buande i ein tilfredsstillande bustad. I 1994 var det i alt 68.606 hushald som fekk bustøtte. I 1995 auka dette talet til 74.152.
Ut frå dei venta verknadene av regelendringa vart det løyvd 780 mill. kroner til bustøtte i 1994. Ved utgangen av året var det utbetalt 481,5 mill. kroner. Årsaka til den låge summen er at 3. termin, av administrative årsaker, måtte flytte utbetalingstidspunktet til 2. januar 1995. Irekna 3. terminutbetalinga ville total utbetaling i 1994 blitt på 731,6 mill. kroner. Flyttinga av utbetalinga i 3. termin til påfølgjande år er permanent.
I 1994 blei det foretatt store administrative endringar i bustøttesystemet, og det blei også gjennomført viktige regelendringar:
Framlegget i St.meld. nr. 34 (1988-1989) Boligpolitikk for 90-årene om overgang til bruk av faktiske utgifter i utrekninga av bustøtte vart gjennomført. Endringa leia til auka bustøtte til husstander med store faktiske låneutgifter til bustaden. For nyetablerte søkjarar med stor eigenkapital og lite gjeld på bustaden vart bustøtta redusert. Omfordelinga var ønskt for å nå låginntektsgrupper med høge låneutgifter på bustaden. For ytterlegare å styrke denne verknaden vart alle uføre med pensjon frå folketrygda gitt dispensasjon frå buutgiftstaket.
Ei anna viktig regelendring som kom til, denne med verknad frå 1. termin 1995, var at kommunale utleigebustader, uavhengig av finansiering, kom inn under ordninga. Dette for å stimulere kommunane sitt tilbod av eigna bustader.
Ved utgangen av 1995 var det utbetalt 757,7 mill. kroner. Denne summen omfattar 3. termin 1994 og 1. og 2. termin 1995.
Løyving av butilskot
Husbanken overtok handsaminga av butilskot frå Sosial- og helsedepartementet frå 1994. Overføringa var eit ledd i eit ynskje frå Stortinget om ei samordning av butilskot og bustøtte. Løyvinga til butilskot var på 554 mill. kroner i 1994 og dekningsprosenten vart utrekna til 56,89 og sett lik for alle stønadsgruppene. I 1995 var løyvinga på 604,6 mill. kroner, inklusive 7,6 mill. kroner som vart overførte frå året før, og dekningsprosenten vart sett til 58,56 for alle grupper mottakarar.
1.3.4 Misleghald og tap
Sjølv om Husbanken i hovudsak yter 1. prioritetslån, har banken også låneordningar med dårlegare prioritet. Sjølv om desse låna skal ligge innanfor eigedomens omsetningsverdi, vil dei framleis vere tapsutsette dersom låntakar ikkje klarer å betale sine renter og avdrag og dermed må selje eigedomen. Tapsrisikoen vil vere relativt stor ved desse ordningane fordi dei kan innebere fullfinansiering, og også fordi låntakar ofte kan vere vanskelegstilt i utgangspunktet.
Frå 1993 til 1994 gjekk talet på misleghaldne lån ned med 2.200, og misleghaldet omfatta ved slutten av 1994 rundt 9.000 lån. Dette representerer ein nedgang på 0,4 prosentpoeng i løpet av året. Nedgangen vart ytterlegare forsterka gjennom 1995.
I tillegg til ein generelt betra situasjon når det gjeld arbeidsløyse og folks betalingsevne, m.a. som følgje av ein generell rentenedgang, er også det auka rådgjevingsarbeidet i banken og tilbode om betalingsavtalar og større fleksibilitet i nedbetalingsordningane ein medverkande årsak til denne positive utviklinga.
Det er også i pakt med utviklinga i bustadmarknaden at talet på tvangsovertekne eigedomar har gått ned. Banken har også i aukande grad unnlate å overta bustader i områder der ein ikkje kan vente at eit seinare sal vil gi betre dekning av bankens krav. I 1994 overtok Husbanken 99 eigedomar, medan 173 vart selde vidare, slik at behaldninga vart redusert til 173 eigedomar. Tale på overtekne eigedomar i forvalting ved utgangen av 1995 var 101.
Snøggare kontakt og oppfølging av misleghaldssakene har ført til at talet på krav om tvangssal er redusert frå 3.254 i 1994 til 2.101 i 1995. Faktisk gjennomførte tvangssal gjekk ned frå 938 i 1994 til 832 i 1995.
Husbanken har dei siste åra skrive av store summar som tap. Dette har samanheng med ordinære tapsavskrivingar, og at banken har gjennomført spesielle gjeldsordningar for burettslag i byfornyingsområdet i samsvar med Stortingets vedtak.
Tap på ikkje-personlege låntakarar kom på 345,7 mill. kroner i 1994. Av desse var 289,5 mill. kroner knytta til ordninga med gjeldssanering av byfornya burettslag. Det bokførte tapet på lån til ikkje-personlege låntakarar utgjorde 229,8 mill. kroner i 1995. Av dette var om lag 160 mill. kroner knytta til den gjennomførte gjeldssaneringsordninga for byfornya burettslag.
På bakgrunn av St.meld. nr. 27 (1993-1994) Om gjeldsordninger for borettslag omfattet av byfornyelsesvedtak vedtok Stortinget 9. juni 1994 ei gjeldsordning for utbetra burettslag i byfornyinga.
Gjeldssaneringsordninga vart gjennomført av Husbanken i 1994 og 1995. Dei burettslaga som fekk gjeldssanering omfatta 2373 bustader. Ordninga har ført til at Husbanken har sanert gjeld til 448 mill. kroner, og andre kreditorar har sanert 21 mill. kroner i gjeld. Burettslag i Oslo fekk heile 94 % av saneringa. Om lag 40 % av dei som fekk sanering hadde kjøpt seg inn etter utbetringsarbeidet var gjennomført. I snitt vart det sanert gjeld på 188803 kroner pr. bustad og 2.873 kroner pr. m2 (BRA).
Tilskot til gjeldssanering for parteigarar som har flytta frå utbetra burettslag vart gjennomført av Husbanken i 1995. Det vart totalt løyvd tilskot på nær 18,5 mill. kroner. Gjennomsnittleg tilskot var på 168.000 kroner, og 35 personar fekk det maksimale tilskotsbeløpet på 250.000 kroner.
1.3.5 Forvaltning av SIFBO-bustader
Husbanken tok over totalt 2.500 bustader frå det tidlegare Selskapet for innvandrar- og flyktningebustader (SIFBO) i 1992, i samband med at SIFBO vart avvikla. Etter retningslinene skulle desse bustadene vere selde over ein periode på fem år. I 1994 vart 691 bustader selde, medan det var budsjettert med 500 bustader. Ved årsskiftet 1994/95 var behaldninga av tidlegare SIFBO-bustader 807. I 1995 vart det seld 656 bustader og dermed stod det att berre 151 bustader å selje ved utgangen av året.
Det er i perioden 1992-95 teke tap på SIFBO-engasjement for til saman 523 mill. kroner.
På engasjementa til det tidlegare Selskapet for innvandrar- og flyktningebustader, er det i 1994 bokført tap på bustadsal, etableringslån og garantiar på til saman 174,6 mill. kroner.
Bokført tap i 1995 er på 95,1 mill. kroner der mellom anna 61,2 mill. kroner skriv seg frå sjølve salet av desse bustadene og 29,3 mill. kroner er tap på etableringslån. Storleiken på desse tapa var lågare enn venta. Gjennomsnittleg tap på sal av bustader var i 1994 på 120.000 kroner og i 1995 på 93.000 kroner.
Ei arbeidsgruppe har vurdert kvaliteten på utlånsporteføljen, og har konstatert at einskilde utlånsordningar er særs tapsutsette. Det gjeld spesielt dei rente- og avdragsfrie utleigelåna gitt til skipnader i perioden 1987-93 og etableringslån som er vidareutlåna frå tidlegare SIFBO. Likevel er tapsutviklinga samla sett positiv.
1.3.6 Ekstraordinære innbetalingar
I dei siste åra har det vorte færre ekstraordinære innbetalingar til Husbanken. I 1994 mottok banken ekstraordinære avdrag og innfriingar for 11,2 mrd. kroner fordelte på 46.744 lån. Det er særleg kommunane som har betalt ned sine lån i Husbanken. I 1995 er det naturleg å sjå dei høge innbetalingane i samanheng med høgre renter på eldre lån frå 1. januar 1996. I alt vart over 25.000 lån ekstraordinært innfridd i 1995 og ekstraordinære innfriingar og avdrag kom på 9,3 mrd. kroner. I perioden 1993-95 vart 105.000 lån for 26 mrd. kroner innfridde ekstraordinært.
Summen av ekstraordinære og ordinære innbetalingar var i stor grad større enn utlånet både i 1994 og 1995. Dei høge innbetalingane førte til at banken dekte alle utbetalingane av lån utan nye låneopptak, og i 1995 vart Husbankens innlån frå staten av denne grunn redusert med 3,3 mrd. kroner.
Tabell 4 Nøkkeltal låneengasjement (alle tal ved utgangen av året)
1993 | 1994 | 1995 | |
Uteståande lån | |||
- Talet | 194.935 | 169.651 | 152.781 |
- Beløp (mill. kroner) | 91.070 | 85.559 | 83.069 |
- Samla innlån (mill. kroner) | 91.990 | 86.660 | 83.330 |
- Utbetalte lån - beløp | 9.123 | 7.581 | 7.884 |
Avdrag og innfriingar (alt i mill. kroner) | |||
- Ordinære | 1.715 | 1.916 | 1.455 |
- Ekstraordinære | 13.308 | 11.162 | 8.764 |
- Renteinntekter | 8.889 | 6.296 | 5.756 |
- Renteutgifter | 11.367 | 9.695 | 8.359 |
- Rentestøtte | 2.478 | 3.399 | 2.603 |
Pr. 31. desember 1994 var Husbankens samla utlån på 85.559 mill. kroner mot 91.069 mill. kroner eitt år tidlegare. Både dei høge innbetalingane og det lågare utlånet heng i stor grad saman med Husbankens rentevilkår i 1994. Ved utgangen av 1995 var bankens samla utlån på 83.069 mill. kroner.
1.3.7 Administrasjon
I meldinga vert det også gjort greie for fleire administrative forhold som budsjett og personalforvaltning, endringar i leiinga, EDB-verksemda med nye system som forenklar og effektiviserer saksgangen og er med på å betre tenesteytinga til publikum, samt den nye gjeldsforsikringsavtala som er inngått med UNI Storebrand livsforsikring AS.
1.4 Nærare om tilskot til byfornying
Departementet legg til grunn at tilskot til byfornying er eit naudsynt verkemiddel for å stimulere storbykommunane til vidare satsing for å betre levekår og butilhøve i særleg utsette byområde. Tilskot til byfornying skal medverke til gjennomføring av varige, miljøbetrande tiltak, og sikre at bustadene vert fornya på eit slikt vis at det sikrar god kvalitet til akseptable buutgifter.
Departementet omtalar i meldinga tilhøva innanfor byfornyingsarbeidet Oslo, Bergen og Trondheim i første halvpart av 90-talet. Tilskotet til byfornying vart meir enn dobla frå 1993 til 1994. I 1993 var løyvinga på 30 mill. kroner, og i 1994 vart det løyvd 64 mill. kroner. Dette året vart det også gitt tilskot til eit prosjekt i Hammerfest. Forbruket var 62 mill. kroner, altså mindre enn løyvinga. I 1995 vart det ytterlegare ein vesentleg auke, til 90 mill. kroner, medan forbruket var 91,5 mill. kroner.
I meldinga går departementet nærare inn på fordelinga av tilskot til byfornying i dei tre byane Oslo, Bergen og Trondheim. I sin konklusjon viser departementet til at i starten på 1990-talet var byfornyingsverksemda gjennomgåande låg i dei tre største byane, sjølv om store oppgåver framleis stod uløyste, særskilt i Oslo, men også i einskilde område i Bergen og Trondheim. Fordi arbeidet tidlegare vart organisert på ulikt vis, og kommunane gjennom nedgangstida valde ulike løysingar, trengte ein også ulike strategiar for å kome vidare. Omlegginga av tildelingsforma har gitt byane høve til å kome vidare med sine strategiar, og auken i byfornyingstilskotet har gitt byane høve til å auke omfanget av byfornyingsarbeidet. Tabell 5 viser fordeling av tilskot til byfornying mellom Oslo, Bergen og Trondheim.
Tabell 5 Fordeling av tilskot til byfornying og føremål mellom dei tre byane (alle tal i 1.000 kroner)
Føremål | Oslo | Bergen | Trond- | Sum |
heim | ||||
Erstatning og riving | 5.210,4 | 2.869,2 | 48 | 8.127,6 |
Opparbeiding av gardsrom | 21.297,1 | 0 | 9.094 | 30.391,1 |
Uteområde, parkar, leikeplassar, gatetun | 17.186 | 17.616,8 | 18.424 | 53.226,8 |
Utbetring av skuleplassar | 1.455 | 1.520 | 0 | 2.975 |
Felleshus/bydelshus | 846 | 0 | 243 | 1.089 |
Nedskriving av kjøpskostnader | 3.165,3 | 21.678,4 | 0 | 24.843,7 |
Dyr nybygging | 13.246 | 0 | 0 | 13.246 |
Dyr utbetring | 7.257 | 7.332,4 | 105 | 14.694,4 |
Andre tiltak | 331,1 | 403 | 990 | 1.724,1 |
Sum | 69.993,9 | 51.419,8 | 28.904 | 150.317,7 |
Åra 1994 og 1995 må på denne bakgrunn sjåast på som unntaksår med omsyn til bruken av tilskotet, og effekten av det. Norges Byggforskningsinstitutt har undersøkt bruken av tilskotet i dei tre byane, og særskilt vurdert kvaliteten på dei uteområda som har fått tilskot. Fordi bystruktur, bustadtypene og byfornyingsproblema i dei tre byane har så ulike særtrekk, blir løysinga også ulike. Ein hovudkonklusjon frå Byggforsk er at mange enkeltprosjekt no tar lengre tid, men byfornyingsarbeidet går fortare. Det tyder på at omlegginga til programtilskot, saman med den auka løyvinga for byfornyingstilskotet har gitt kommunane større handlekraft til å gjennomføre det byfornyingsarbeidet som står att, og på den måten betre levekåra til dei som bur i desse områda.
Departementet, Husbanken og Oslo, Bergen og Trondheim kommunar har i 1996 starta opp eit særskilt statistikkprosjekt for byfornying. Eit mål er å kunne måle effekten av byfornyingstilskotet på lengre sikt, og å utvikle betre målemetodar, mellom anna effekten av statlege tilskot på kommunale og private investeringar, eigedomsprisar m.m. Dette skal danne grunnlag både for betre løpande rapportering, og meir omfattande evalueringar med nokre års mellomrom.
To grunnleggjande føresetnader i samband med tilskotsordninga er at kommunane har god styring med bruken av statlege midlar og at dei butilboda som vert etablerte kjem den aktuelle målgruppa til gode. I dagens retningslinjer skal kommunen kunne disponere tilbodet i minst 8 år.
1.5 Nærare om tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar
Frå 1994 fekk Husbanken ei ny ordning med oppstartingstilskot til etablering av omsorgsbustader og einsengsrom i sjukeheimar. Ordninga vart etablert på grunn av det store behovet for gode, tilrettelagde butilbod i kommunane. 242 mill. kroner vart sette av til føremålet i 1994. Ramma vart auka til 267 mill. kroner i 1995. Tilskotet, som Husbanken berre kan gje til kommunane, var i 1994/95 90.000 kroner for kvar omsorgsbustad, 120.000 kroner for sjukeheimsplassar og 30.000 kroner ved omgjering av fleirsengsrom til einsengsrom. Det har vore stor interesse for ordninga i kommunane, og budsjettramma er nytta fullt ut i begge åra.
I 1994 fekk 111 kommunar tilsegner om tilskot til omsorgsbustader og 40 til sjukeheimsplassar. I 1995 var talet på kommunar som fekk tilsegn om tilskot 117. Mange nye butilbod for eldre og andre med behov for heildøgns pleie og omsorg har vorte etablerte. Samstundes har kommunane nytta ordninga til å betre kvaliteten på dei eksisterande sjukeheimane slik at netto nye einsengsrom ikkje svarar til talet på tilskot som er gitt til sjukeheimar.
I 1994 vart det gitt tilsegner til i alt 2.609 bustader/plassar. Av dei var 1.880 omsorgsbustader. Dei fleste av desse var sjølvstendige bustader (1.363), medan 517 var bustader med fellesskapsløysingar. 729 sjukeheimsplassar fekk tilsegner om tilskot. I 1995 vart det gitt tilskot til 2.804 bustader/plassar. 1.863 tilskot vart gitt til bustader, der 858 av desse var med fellesskapsløysingar, og i 941 til sjukeheimsplassar. Berre 203 av dei til saman 1.670 tilskota som vart gitt til sjukeheimar i løpet av 1994 og 1995 gjaldt tilskot på kr 30.000 til omgjering frå fleirsengsrom til einsengsrom. Årsaka er at kommunane sjeldan ser seg i stand til å prioritere auka kvalitet i det eksisterande tilbodet når dette fører med seg lågare butilbod for dei eldre ved at plassar i fleirsengsrom vert borte.
I samarbeid med Sosial- og helsedepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet har Husbanken utforma visse kvalitetskrav til omsorgsbustader og sjukeheimar som kan få tilskot.
I 1995 eigde kommunane 75 % av bustadene/plassane som fekk tilsegner om tilskot, burettslag stod bak 11 % og skipnader bak 10 %. Kommunen eig ein langt større del av sjukeheimane enn av omsorgsbustadene, 87 % eigarskap mot berre 57 % av omsorgsbustadene.