4. Innlånsverksemda og økonomisk resultat i 1994 og 1995
Samandrag
Banken hadde ved utgangen av 1994 uteståande 14,5 mrd. kroner i innanlandske sertifikatlån, og 10,5 og 1,7 mrd. kroner i hhv. innanlandske og utanlandske obligasjonslån. Ved utgangen av 1995 var tilsvarande tal i same følgd 14,8 mrd. kroner, og 9,6 og 1,3 mrd. kroner. Banken si innlånsverksemd har i 1994 og 1995 gått føre i åpne obligasjons- og sertifikatlån.
Rekneskapen for 1994 viste eit årsoverskot på 188,6 mill. kroner. Banken si verksemd ga ei avkasting på den disponible delen av eigenkapitalen på 9,82 %. I Nasjonalbudsjettet 1995 blei det lagt til grunn at banken skulle betale eit utbyte til staten på 170 mill. kroner for rekneskapsåret 1994. Banken sin forvaltingskapital auka med 3,4 mrd. kroner i 1994 til 31,8 mrd. kroner. Driftskostnadene i prosent av forvaltingskapitalen utgjorde 0,08 %.
Rekneskapen for 1995 viste eit årsoverskot på 176,2 mill. kroner. Dette representerte ei avkasting på den disponible eigenkapitalen på 9,18 %. Det blei òg i Nasjonalbudsjettet 1996 lagd til grunn at banken skulle betale eit utbyte til staten på 170 mill. kroner. Pr. 31. desember 1995 var forvaltingskapitalen 31,2 mrd. kroner. Driftskostnadene i 1995 utgjorde 0,08 % av forvaltingskapitalen.
Stortinget vedtok i samband med Salderingsproposisjonen 1996 at banken frå og med 1996 skal betale ei garantiprovisjon til staten på 0,15 % p.a. av uteståande innlån. Stortinget vedtok samstundes å føre over 1.100 mill. kroner av banken sitt reservefond til statskassa.
I Statsbudsjettet 1997 blir spørsmålet om framtidige krav til Kommunalbanken om avkasting og utbyte drøfta.
Finansdepartementet viser elles til dei opplysningane som Kommunalbanken har gjeve om sine lån i årsmeldingane, jf. vedlegg 1 og 5 til meldinga.
Merknader frå komiteen
Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kommunalbankens innlånsvirksomhet og økonomisk resultat i 1994 og 1995 til orientering.