Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Utlånsverksemda i 1994 og 1995

       Kommunalbanken si ramme for løyvingar av nye lån blei i Nasjonalbudsjettet 1994 sett til 3,1 mrd. kroner. I 1995 var denne ramma 2,8 mrd. kroner. Rammene blei nytta fullt ut, jf. tabell 1 i meldinga.

       I desember 1994 blei dei kvalitative retningslinene for banken si prioritering av lån endra, jf. omtale i Salderingsproposisjonen 1995.

       Kommunalbanken si utlånsportefølje er jamt delt på fylkeskommunar og kommunar i heile landet. Såleis har banken òg i 1994 og 1995 prioritert små og mellomstore kommunar fordi desse ikkje får like gode rentevilkår i marknaden som større kommunar med store lånebehov. Banken sin strategi er difor å by låntakarane sine mest mogleg likeverdige lånevilkår.

       I 1994 og 1995 gjekk ein vesentleg del av utlånsramma til skulebygg, miljøinvesteringar og vassforsyning.

       Frå og med 1991 har Kommunalbanken sjølv kunne fastsetje utlånsrenta si. Banken innførte i september 1994 eit nytt lånetilbod (« kort p.t. rente ») som byggjer på kostnadene ved innlån med kortsiktig rentebinding.

       Kommunalbanken sine to andre p.t. produkt (gamal og lang p.t. rente) byggjer på kostnadene ved innlån med ei rentebindig på 3-8 månader.

       Banken auka i 1995 sine utlånstilbod til òg å gjelde lån med flytande rente knytta til 3-månaders NIBOR pengemarknadsrente.

       Banken tilbyr òg lån til fast rente med bindingstid frå 1 til 10 år. Desse utlåna finansierast hovudsakleg med obligasjonar, og rentetilboda skiftar frå dag til dag, avhengig av utviklinga i obligasjonsrentene.

       Uteståande garantiar frå Kommunalbanken for lån i andre kredittinstitusjonar til skular gjekk i 194 ned med om lag 87 mill. kroner til 140 mill. kroner. I 1995 gjekk garantiansvaret ytterlegare ned til 92 mill. kroner. Departementet sende 7. august 1996 på høyring forslag om å oppheve denne garantiordninga. Ein vil kome tilbake til Stortinget med denne saka.

Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende utlånsvirksomheten i 1994 og 1995 til orientering.