Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Verksemda til kommunalbanken

Samandrag

       Samla utlån frå banken ved utgangen av 1994 på om lag 25,2 mrd. kroner, og ved utgangen av 1995 om lag 25,7 mrd. kroner. Desse utlåna blir finansierte ved statsgaranterte innlån i den norske marknaden.

       Kommunalbanken har òg i 1994 og 1995 administrert tilskotsordninga for kommunale avløpstiltak for Miljøverndepartementet. Tilskota kan samordnast med banken sine utlån til dei same føremåla.

       Kommunalbanken driv ei eiga rådgjevingsteneste retta mot kommunane.

       Rådgjevingstenesta er skild ut som eiga resultatavdeling i banken, og avdelinga må svare for eigne inntekter og kostnader.

       Kommunalbanken oppretta i desember 1993 dotterselskapet NKB Fondsforvaltning AS. NKB Fondsforvaltning gjev kommunar og kraftselskap tilbod om å plassere midlar i ulike pengemarknads- og obligasjonsfond. Det første fondet blei åpna i juli 1994, og ved slutten av dette året var fire rentefond verksame med eit samla innskot på 222 mill. kroner. Selskapet sin samla forvaltningskapital blei i løpet av 1995 auka til 1 307 mill. kroner.

       Finansdepartementet gav i januar 1996 Kommunalbanken konsesjon med heimel i § 1 i kommunalbanklova til å etablere eit dotterselskap med føremål å drive investeringstenester i tilknyting til kommunal økonomiforvalting, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1996.

Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kommunalbankens virksomhet til orientering.