Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Samandrag

       Melding om verksemda til Noregs Kommunalbank skal leggjast fram for Stortinget anna kvart år. Finansdepartementet legg no fram melding om verksemda til Kommunalbanken i 1994 og 1995. Det er på nokre område i meldinga tatt med opplysningar fram til hausten 1996.

       I samsvar med § 9 i lov av 15. juli 1949 om Noregs Kommunalbank har banken 8. februar 1995 lagt fram årsmeldinga om verksemda i 1994. Årsmeldinga for 1994 er trykt som vedlegg 1, rekneskapen som vedlegg 2 og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda som vedlegg 3 og 4 til meldinga. Årsmeldinga om verksemda i 1995 blei lagt fram 8. februar 1996. Årsmeldinga for 1995 er trykt som vedlegg 5, rekneskapen som vedlegg 6, og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda for 1995 er trykte som vedlegg 7 og 8 til meldinga.

       Departementet viser òg til dei særtrykka av årsmeldinga som banken sjølv har gjeve ut og sendt til Stortinget.