Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen er samd med forslagsstillarane i at den kriminaliteten ein har sett i tilknyting til enkelte MC-miljø er urovekkjande. Komiteen er også samd i at ein må føreta ein gjenomgang av regelverket vårt med sikte på å sjå om dette er godt nok i kampen mot denne forma for kriminalitet. Komiteen vil likevel peika på at regelverket må utformast generelt og må rettast mot dei aktuelle typar lovbrot, og ikkje mot lovbrytarar som kan knyttast til spesielle grupper eller miljø

       Som nemnt i bakgrunnen for forslaget har Regjeringa alt sett i gang eit arbeid for å imøtekomma dette behovet. Komiteen har merka seg at justisministeren ved fleire høve, m.a. ved svar på spørretimespørsmål og i interpellasjonsdebatt i Stortinget har stadfesta at det pågår ein gjennomgang av regelverket med sikte på revidering av dette.

       Komiteen er også kjend med at Justisdepartementet og politiet i Norge deltar i eit nært og omfattande samarbeid med dei andre nordiske landa for å få bukt med denne forma for kriminalitet. Dette samarbeidet omfattar også ein gjennomgang av regelverket i dei ulike landa. Komiteen ser det som ein sjølvsagt ting at nødvendige forslag for å få bukt med denne forma for kriminalitet vert lagt fram så snart råd er.

       Komiteen er difor av den oppfatning at intensjonane i forslaget alt er ivareteke gjennom det arbeidet Regjeringa har sett i gang. Forslaget vert oversend Regjeringa til utgreiing og uttale.