Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Hallgrim Berg, Anders C Sjaastad og Kristin Krohn Devold om tiltak for å bekjempa kriminalitet i delar av MC-miljøet.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 101 (1996-1997)
- Kildedok: Dokument nr. 8:13 (1996-97)
- Dato: 23.01.1997
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Stortingsrepresentantane Hallgrim Berg, Anders C Sjaastad og Kristin Krohn Devold har den 1. november 1996 sett fram følgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringen om så snart som mulig å legge frem nødvendige forslag for å få kontroll med kriminaliteten i deler av MC-miljøet. »
I grunngjevinga for framlegget vert det vist til at det den seinare tida har vore alvorlege konfliktar mellom grupperingar i det organiserte MC-miljøet. Det vert òg vist til at Danmark i haust vedtok ei lov som opna for å nekta MC-bandar tilhald i tettbygde strøk. Forslagsstillarane meiner det er viktig å få fortgang i arbeidet med naudsynte mottiltak for å få MC-krigen i Noreg under kontroll. Hensikten med framlegget er ikkje generelt å ramma organisert MC-verksemd, men å bekjempa den alvorlege kriminelle verksemda som eksisterer i visse delar av desse miljøa.
Komiteen er samd med forslagsstillarane i at den kriminaliteten ein har sett i tilknyting til enkelte MC-miljø er urovekkjande. Komiteen er også samd i at ein må føreta ein gjenomgang av regelverket vårt med sikte på å sjå om dette er godt nok i kampen mot denne forma for kriminalitet. Komiteen vil likevel peika på at regelverket må utformast generelt og må rettast mot dei aktuelle typar lovbrot, og ikkje mot lovbrytarar som kan knyttast til spesielle grupper eller miljø
Som nemnt i bakgrunnen for forslaget har Regjeringa alt sett i gang eit arbeid for å imøtekomma dette behovet. Komiteen har merka seg at justisministeren ved fleire høve, m.a. ved svar på spørretimespørsmål og i interpellasjonsdebatt i Stortinget har stadfesta at det pågår ein gjennomgang av regelverket med sikte på revidering av dette.
Komiteen er også kjend med at Justisdepartementet og politiet i Norge deltar i eit nært og omfattande samarbeid med dei andre nordiske landa for å få bukt med denne forma for kriminalitet. Dette samarbeidet omfattar også ein gjennomgang av regelverket i dei ulike landa. Komiteen ser det som ein sjølvsagt ting at nødvendige forslag for å få bukt med denne forma for kriminalitet vert lagt fram så snart råd er.
Komiteen er difor av den oppfatning at intensjonane i forslaget alt er ivareteke gjennom det arbeidet Regjeringa har sett i gang. Forslaget vert oversend Regjeringa til utgreiing og uttale.
Komiteen viser til dokumentet og til det som står framanfor og rår Stortinget til å gjere følgjande
Dok.nr.8:13 (1996-1997) - forslag frå stortingsrepresentantane Hallgrim Berg, Anders C Sjaastad og Kristin Krohn Devold om tiltak for å bekjempa kriminalitet i delar av MC-miljøet - vert å oversenda Regjeringa til utgreiing og uttale.
Oslo, i justiskomiteen, den 23. januar 1997. |
Lisbeth Holand, | Olav Akselsen, |
leiar. | ordførar og sekretær. |