Vedlegg 3
Brev fra Kommunal- og arbeidsdepartementet, statsråden, til Stortingets kommunalkomité, datert 16. desember 1996.
Eg viser til brev frå Kommunalkomiteen av 13. desember.
Spørsmål 1.
Hvilke økonomiske følger vil det få om en gjør bostøtteordningen uavhengig av finansieringskilde?
Svar 1.
Om ein opphevar kravet til finansieringskjelde i bustøtteordninga vil det gje ein meirutbetaling på om lag 700 mill. kroner. Dersom ein samstundes krev at bustaden skal vere nøktern, vil meirutbetalinga bli på om lag 600 mill. kroner. Eg gjer merksam på at utrekningane er usikre.
Spørsmål 2.
Har departementet vurdert sonebegrensninger for boutgifter, ut fra det faktum at det er store forskjeller i boutgifter fra by til by og fra distrikt til distrikt?
Svar 2.
For nye bustadar varierer ikkje kostnadene mykje mellom geografiske område. Dette gjer at eg ikkje finn eit godt grunnlag for å skilje mellom buutgiftene for nye bustadar. Eg er klar over at det er store skilnader mellom prisen på brukte bustader og husleiga mellom dei geografiske områda. Dette har gort at eg nøye har vurdert om det er grunnlag for å skilje mellom dei geografiske områda. Dette har gjort at eg nøye har vurdert om det er grunnlag for å skilje mellom buutgiftene med omsyn til kvar ein bur.
Det er to forhold som gjer at eg ikkje kan tilrå ei slik løysing. For det fyrste er dei øvre grensene for buutgifter i dag svært nøkterne. Ein skilnad med omsyn til buutgiftene som vert lagte til grunn mellom ulike geografiske område vil gjere at mange av dei som i dag tek i mot støtte får reduksjon i støtte. Dette har samanheng med at når ein aukar buutgiftstaket for nokon må ein redusere buutgiftstaket for andre. For det andre varierer buutgiftene vel så mykje mellom ulike område innanfor den same kommunen. Som eit døme på dette kan eg nemne skilnaden mellom buutgiftene i Oslo med omsyn til kvar bustaden ligg. Buutgiftene er mykje høgare i Oslo vest enn i Oslo indre øst til dømes. Dette gjer at det vert vanskeleg å foreta ei god oppdeling av buutgiftene mellom ulike soner.
Eg vil likevel peike på at det er teknisk mogleg å gjere ei slik oppdeling av dei øvre grensene for buutgiftene med omsyn til ulike geografiske område, til dømes mellom bykommunar og andre kommunar.
Spørsmål 3.
Forutsatt at ordningen blir for omfattande ved å oppheve avgrensningen vedrørende finansieringskilden for barnefamilier og alders-, uføre- og etterlattepensjonister med inntekter over minstepensjon pluss 30 prosent, men at en likevel ønsker å oppheve avgrensningen for alders-, uføre- og etterlattepensjonister. Hvordan kan en slik sondring mellom pensjonister og barnefamilier komme til uttrykk i stortingsvedtaket, forutsatt at dette er en sondring som rent praktisk lar seg gjøre? Hvilke økonomiske følger vil en avgrensning som dette få?
Svar 3.
Ei oppheving av bustadavgrensninga for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar og ikkje for barnefamiliane krev ei endring av § 2 i stortingsvedtaket. Fyrste ledd, fyrste punktum vert då:
For barnefamilier gjelder følgende krav til boligen:
1) | Boliger som er oppført med lån fra Husbanken eller Bustadsbanken/ Landbruksbanken osv. ... |
Andre ledd, fyrste punktum vert då:
For husstander med alders-, uføre- og etterlattepensjonistar gjelder ikke noen boligavgrensning. Bostøtten gis ikke ... osv.
Ei oppheving av bustadavgrensninga kun for alders-, uføre- og etterlattepensjonistar inneber ei meirutbetaling av bustøtte på om lag 200 mill. kroner. Eg gjer merksam på at utrekninga er usikker.