1. Samandrag
Departementet legg fram ei eiga melding om folkehøgskolen slik Stortinget har bede om, jf. B.innst.S.nr.12 (1995-1996). Departementet syner til at utdanningssektoren er sterkt endra sidan folkehøgskolelova kom i 1984. Dette reiser spørsmålet om folkehøgskolen sin funksjon framover og skoleslaget sin plass i det samla utdanningsbildet. Departementet meiner det er naturleg å vurdere dette også i samband med ei samla gjennomgang av etter- og vidareutdanninga. Folkehøgskolane bør i framtida utvikle tilbod og verksemd i høve til både ungdom og vaksne sitt kompetansebehov.
Departementet går gjennom utvikling og status for folkehøgskolen i meldinga og peikar på at dei fleste elevane no er over 19 år, og at det har vore nedgang i elevtalet dei seinare åra. Men det er stor skilnad mellom skolane. Departementet meiner at skolar som ikkje har elevgrunnlag for forsvarleg drift, bør miste det offentlege tilskottet. Minimumsgrensa for å oppretthalde tilskottet er i dag at skolen har hatt gjennomsnittleg 35 elevar dei siste åra. Departementet meiner denne grensa bør hevast til 50.
Departementet meiner det ikkje ville være i samsvar med folkehøgskolen sin tradisjon som eit uavhengig og ubunde opplæringstilbod å innlemme skoleslaget i systemet med vekttal for høgre utdanning. Det bør heller ikkje gjeninnførast tilleggspoeng for tidlegare utdanning ved inntak mellom anna til høgre utdanning.
Departementet meiner tilskottsordninga til folkehøgskolane verkar administrativt godt. Driftstilskottet til godkjende folkehøgskolar vert delt med 5/6 på staten og 1/6 på fylket. Det omfattar basistilskott, tilskott på grunnlag av elevtal og kapitaltilskott. Både frå skolane og departementet si side er det behov for å finne fram til måtar å rekne ut kapitaltilskottet på som gir enklare og klarare forvalting. Departementet vil vurdere den framtidige utforminga av dette elementet i tilskottsordninga og eventuelt leggje fram forslag til endringar i budsjettsamanheng.
Departementet viser til at det er varsla ein gjennomgang av rammevilkåra for kursverksemda for å styrke kontrollen med at folkehøgskolane driv i samsvar med føresetnadene i regelverket, og for å auke fleksibiliteten så skolane kan utvikle og aktualisere tilboda sine til både ungdom og vaksne. Departementet meiner at forholda i dag gir eit tilfredsstillande økonomisk grunnlag for drifta av dei skolane som har tilfredsstillande elevtilgang, eit forsvarleg grunnlag for nybygg og utbygging, samt god økonomistyring.
Departementet held på med ei gjennomgang av heile kortkursverksemda i folkehøgskolen. Alle kurs må fylle allmenndanningskravet og vere pensum- og eksamensfrie. Departementet ser ikkje lenger grunn til å oppretthalde den ekstra vektinga av kortkurs som gjer at desse elevane utløyser større tilskott enn hovedkurselevane.
Departementet ser elles kortkursverksemda for pensjonistar som viktig og vil vurdere justeringar i regelverket i høve til spørsmålet om varige unntaksordningar. Når det gjeld dokumentert funksjonshemma, blir ein elev i tilskottsordninga for folkehøgskolen rekna som to elevar. Departementet meiner stønads- og tilskottsordningane for denne gruppa har vorte uoversiktlege og vanskelege å administrere og praktisere, og vil gjennomgå heile saksområdet grundig for å sikre formålstenlege og gode ordningar.