Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om folkehøgskolen og utdanningssamfunnet.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 91 (1996-1997)
- Kildedok: St.meld. nr. 51 (1995-96)
- Dato: 12.12.1996
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Departementet legg fram ei eiga melding om folkehøgskolen slik Stortinget har bede om, jf. B.innst.S.nr.12 (1995-1996). Departementet syner til at utdanningssektoren er sterkt endra sidan folkehøgskolelova kom i 1984. Dette reiser spørsmålet om folkehøgskolen sin funksjon framover og skoleslaget sin plass i det samla utdanningsbildet. Departementet meiner det er naturleg å vurdere dette også i samband med ei samla gjennomgang av etter- og vidareutdanninga. Folkehøgskolane bør i framtida utvikle tilbod og verksemd i høve til både ungdom og vaksne sitt kompetansebehov.
Departementet går gjennom utvikling og status for folkehøgskolen i meldinga og peikar på at dei fleste elevane no er over 19 år, og at det har vore nedgang i elevtalet dei seinare åra. Men det er stor skilnad mellom skolane. Departementet meiner at skolar som ikkje har elevgrunnlag for forsvarleg drift, bør miste det offentlege tilskottet. Minimumsgrensa for å oppretthalde tilskottet er i dag at skolen har hatt gjennomsnittleg 35 elevar dei siste åra. Departementet meiner denne grensa bør hevast til 50.
Departementet meiner det ikkje ville være i samsvar med folkehøgskolen sin tradisjon som eit uavhengig og ubunde opplæringstilbod å innlemme skoleslaget i systemet med vekttal for høgre utdanning. Det bør heller ikkje gjeninnførast tilleggspoeng for tidlegare utdanning ved inntak mellom anna til høgre utdanning.
Departementet meiner tilskottsordninga til folkehøgskolane verkar administrativt godt. Driftstilskottet til godkjende folkehøgskolar vert delt med 5/6 på staten og 1/6 på fylket. Det omfattar basistilskott, tilskott på grunnlag av elevtal og kapitaltilskott. Både frå skolane og departementet si side er det behov for å finne fram til måtar å rekne ut kapitaltilskottet på som gir enklare og klarare forvalting. Departementet vil vurdere den framtidige utforminga av dette elementet i tilskottsordninga og eventuelt leggje fram forslag til endringar i budsjettsamanheng.
Departementet viser til at det er varsla ein gjennomgang av rammevilkåra for kursverksemda for å styrke kontrollen med at folkehøgskolane driv i samsvar med føresetnadene i regelverket, og for å auke fleksibiliteten så skolane kan utvikle og aktualisere tilboda sine til både ungdom og vaksne. Departementet meiner at forholda i dag gir eit tilfredsstillande økonomisk grunnlag for drifta av dei skolane som har tilfredsstillande elevtilgang, eit forsvarleg grunnlag for nybygg og utbygging, samt god økonomistyring.
Departementet held på med ei gjennomgang av heile kortkursverksemda i folkehøgskolen. Alle kurs må fylle allmenndanningskravet og vere pensum- og eksamensfrie. Departementet ser ikkje lenger grunn til å oppretthalde den ekstra vektinga av kortkurs som gjer at desse elevane utløyser større tilskott enn hovedkurselevane.
Departementet ser elles kortkursverksemda for pensjonistar som viktig og vil vurdere justeringar i regelverket i høve til spørsmålet om varige unntaksordningar. Når det gjeld dokumentert funksjonshemma, blir ein elev i tilskottsordninga for folkehøgskolen rekna som to elevar. Departementet meiner stønads- og tilskottsordningane for denne gruppa har vorte uoversiktlege og vanskelege å administrere og praktisere, og vil gjennomgå heile saksområdet grundig for å sikre formålstenlege og gode ordningar.
2.1 Innleiing
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kalhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Jon Lilletun og frå Framstegspartiet, Arve Lønnum, vil vise til B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, fremja følgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringa legge fram ei eiga melding i vårsesjonen 1996, med sikte på å avklare folkehøgskulen sin plass i utdanningssystemet. » |
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil understreke at ei eiga melding vil gi komiteen høve til å høyre og møte dei aktuelle skulane og Stortinget høve til å få drøfte folkehøgskolen si framtid i utdanningssamfunnet på eit breitt grunnlag.
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet vil vise til same innstilling, der komiteen sine medlemmer frå Arbeidarpartiet meinte det ville vere riktig at folkehøgskolen si framtid vart drøfta i samband med eiga sak om vaksenopplæring. Det er likevel viktig å vurdere folkehøgskolen sin plass i det framtidige utdanningssystemet ut frå også andre utdanningstilbod.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, vil vise til lov om folkehøgskolar 8. juni 1984 der det i § 2 om føremål heiter:
« Folkehøgskolen skal i samsvar med sine tradisjonar fremje allmenndanning på ulike alders- og utdanningssteg. Innan dei rammer dette gjev, fastset skoleeigar verdigrunnlag og målsetjing. » |
Folkehøgskolen var tidlegare eit skoleslag for « vaksen ungdom », inntil dette omgrepet seinare vart teke ut av lovformuleringa og endra til « med ulike alders- og utdanningssteg ». Dette opna for eit pedagogisk virkefelt som omfatta breiare aldersgrupper frå ungdom i tenåra til pensjonistar.
Folkehøgskolen er i dag eit viktig skuleslag innafor vaksenopplæring og folkeopplysning som har eksistert sidan 1864.
Fleirtalet vil slå fast at folkehøgskolen framleis skal vere ein sjølvstendig, ubunden og eksamensfri skole. Skoleslaget skal stå fram som ei eiga søyle i utdanningssamfunnet med vekt på å utvikle sosial kompetanse og evne til samarbeid gjennom samtale og dialog. Folkehøgskolen er eit inkluderande skoleslag som fungerer som møteplass for grupper som ofte elles vert skilde etter alder, fag og interesse. Gjennom foredrag, programkveldar, kor- og musikkarbeid underviser folkehøgskolen tverrfagleg og integrerande og gjer slik eit viktig demokratibyggjande arbeid der kultur og religionsgrenser vert kryssa.
Fleirtalet viser til dei lange tradisjonar vi har for denne type skolar her i landet. Den første skolen vart starta på Hamar i 1864. I 1870-årene vart tanken om å starte offentlege amtskolar teken opp i Stortinget. I 1949 fekk vi den første lovheimelen for folkehøgskolar.
Fleirtalet viser til at ei ny lov om folkehøgskolar blei vedteke i 1984. Loven auka ansvaret og arbeidsområdet til styret for skolen, og førde over oppgåver frå departementet til dei einskilde skolane og til andre organ. Departementet verka som overstyre for den einskilde folkehøgskolen fram til 1985. Fylkeskommunane har ikkje lenger tilsyn med skolane. Dette blei i lov av 1949 ført over til ein eigen tilsynsmann i departementet. Statens utdanningskontor har teke over ein del kontrollfunksjonar og andre oppgåver. Folkehøgskolerådet representerer skoleslaget i skolepolitiske og administrative spørsmål. Styret for kvar einskild skole « har ansvar for at skolen vert driven i samsvar med lov, føresegner og målsetjing », jf. folkehøgskoleloven § 4.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet gir uttrykk for sitt syn på folkehøgskolen og utdanningssamfunnet i en samlet merknad under punkt 2.6 nedenfor og viser til dette.
2.2 Utvikling og status for folkehøgskolen
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, viser til at det i dag er 82 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Fleire av skolane er små og ligg i utkantstrok. Tyngda av skolane har valt å ha eit elevtal frå 60 til 100, nokre er mindre og ein del skolar har elevtal over 100.
Fleirtalet meiner at skoleslaget må ta vare på særpreget sitt, og at det i ei nyskapingsfase bør vere rom for eksperimentering og svingingar i høve til elevtalet, og går inn for at minimumsgrensa for å oppretthalde tilskottet skal vere 35 elevar i gjennomsnitt dei fire siste åra, jf. utkast til vedtak I.
Fleirtalet meiner at folkehøgskolelandskapet ikkje skal vere statisk, men utvikle seg etter dei behov som melder seg når det gjeld godkjenning av nye skolar. Fleirtalet ber departementet leggje vekt på den tilråding Folkehøgskolerådet og fylkeskommunane gir ved handsaming av slike saker.
Rekruttering, etablering og avvikling av skolar
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, har merka seg at elevsøknaden til folkehøgskolane går i bølgjedalar. Folkehøgskolane hadde minkande elevsøknad frå 1946 til 1955, men fekk ei betring frå 1960 til 1975. I 1980-åra gjekk rekrutteringa til folkehøgskolane sterkt ned av di fleire fekk høve til vidaregåande opplæring og studium ved universitet og høgskolar. Rekrutteringssituasjonen gjorde det naudsynt med ei gjennomtenking av status og framtid for skoleslaget, kompetansespørsmålet kom sterkare på dagsorden, og det pedagogiske utviklingsarbeidet i skoleslaget blei styrkt.
Fleirtalet tek på alvor at det har funne stad ein nedgang dei siste åra i rekrutteringa til skoleslaget samla. Samstundes vil fleirtalet streke under at mykje tyder på at det viktigaste for rekrutteringa er om den einskilde skolen maktar å byggje opp tilbod med relevans og kvalitet og å marknadsføre desse på ein god måte.
Fleirtalet har vidare merka seg ei undersøking frå 1993-94 som viser at om lag 70 % av elevane ved folkehøgskolane var 19 år eller eldre. Berre 6 % var 16 år og kom direkte frå grunnskolen. Denne endringa i alderssamansettinga i retning av eldre elevar har funne stad dei siste tiåra.
Fleirtalet viser til at det er opp til eigarane å starte og å leggje ned skolar, medan det er departementet som eventuelt godkjenner for offentlege tilskott - og med det for bruken av namnet folkehøgskole.
Fleirtalet har merka seg at det sidan 1975 er oppretta fem nye skolar, medan 11 skolar er nedlagde.
Fleirtalet viser til at folkehøgskolane er internatskolar. Fleirtalet meiner at internatkapasiteten ved den enkelte skole ikkje skal vere statisk, men ta utgangspunkt i faktisk kapasitet. Fleirtalet meiner at det må lagast enkle reglar for fastsetjing av internatkapasitet, og at maksimalt elevtal blir vidareført som i dag med 120 % av internatkapasiteten.
Fleirtalet vil òg vise til at Folkehøgskolerådet som er eit frittståande organ samansett av representantar frå kvar av dei to folkehøgskoleorganisasjonane er eit særs nyttig rådsorgan i skolepolitiske, administrative og økonomiske spørsmål.
Fleirtalet er òg kjent med at departementet dei siste åra har overført ein del praktiske og administrative oppgåver til Folkehøgskolerådet, og ser det som viktig at rådet blir sikra tilfredsstillande økonomiske rammer til å gjere dei pålagde oppgåvene.
2.3 Innhald, tilbod og kursordningar
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, vil vise til at gjennom lovarbeidet til lov om folkehøgskolar 1984 vart folkehøgskolane oppmoda til å leggje til rette for eit samla pedagogisk program. Fleirtalet vil streke under folkehøgskolen sin idé om tileigning av folkelege forbilete og røynsle, av kunnskap og kynde hjå kvardagsmenneske. Her kan kvar skole ha sine særmerke. Allmenndanning er sentral. Allmenndanning som mogning - å få nye interesser, å utvikle dømekraft, dugleik og livssyn. Allmenndanning som personleg påverknad - den nære omgangen med andre, så vel elevar som lærarar. Og allmenndanning gjennom deltaking i felles oppgåver saman med andre. Sliping av personlegdomen gjennom dagleg omgang med andre i internat er eit særdrag ved ein folkehøgskole. Fleirtalet er kjent med at ein del skolar har satsa på kortare kurs, ofte i samarbeid med organisasjonar og lag, ut frå tanken om å drive allmenndanning og personlegdomsutvikling på ein anna måte enn gjennom dei tradisjonelle årskursa. Enkelte skolar har og bygd eigne kortkursinternat for å leggje forholda til rette for slik verksemd.
Fleirtalet viser til det framtidige behovet for å gi vaksne etter- og vidareutdanningstilbod. For enkelte gjeld det omskolering, for andre tilbod om etterutdanning for å bli yrkesaktiv igjen. I mange høve vil tilbod til vaksne dreie seg om samhandling og nærvere med andre menneske med sikte på å betre sin eigen livskvalitet. Folkehøgskolen har både fysiske ressursar i form av bygningar og utstyr og personlege ressursar å tilby i form av personale med fagkunnskap og livsrøynsle.
Fleirtalet er kjent med at kortkurselevane vert omrekna til heilårselevar gjennom eit eige regelverk der kursa vert vekta ut frå dagtal og tal på deltakarar, og meiner at denne ekstra vektinga av kortkursa skal oppretthaldast på lik line med noverande ordning, jf. utkast til vedtak II.
Fleirtalet viser til at lova gir folkehøgskolane fridom til å realisere idé og innhald og at kortare og lengre kurs bør vere ein integrert del av skolane si verksemd. Formålet og kvaliteten på kursa må vere det avgjerande for om kurset kan godkjennast. Skolane har eit sjølvstendig ansvar for dette.
Fleirtalet er kjent med at i tillegg til kortkurs vil hovudkursa gjennom halvårskurs og årskurs utgjere hovudstamma av tilbodet i folkehøgskolen. Same kva kursform ein har, skal alle kurs nytte ut skolane sine eigne lærarkrefter spesielt med sikte på å sikre ein eigen folkehøgskoleprofil. Regelen om at 35 % av undervisninga på eit kurs skal haldast av skolane sine eigne lærarkrefter, skal gjelde på årsbasis. Fleirtalet meiner at det skal vere høve til å leige inn andre kvalifiserte lærekrefter, og ser på dei tilsette i andre nordiske folkehøgskolar som ein ressurs på line med skolane sine eigne lærarar. Fleirtalet viser til utkast til vedtak III.
Fleirtalet ser positivt på den tradisjon folkehøgskolane har med opptak av elevar frå ulike nasjonar. Slike tiltak er med å fremje ei fleirkulturell forståing og gir unge ei verdfull røynsle om likskap og ulikskap som kan fremje arbeidet om fredeleg sameksistens.
Fleirtalet føreset at dei elevane som treng opphaldsløyve for eit studieår ved ein folkehøgskole vert handsama i samsvar med gjeldande regelverk, og at slike saker blir avklara før skoleåret tek til.
Fleirtalet ser på det tilbodet enkelte folkehøgskolar legg til rette for funksjonshemma elevar, som eit viktig tiltak som ledd i å integrere desse.
Fleirtalet vil be departement vidareføre eksisterande økonomisk ordning slik at desse skolane kan gi funksjonshemma elevar eit tilpassa tilbod.
2.4 Folkehøgskulen sin plass i utdanningssamfunnet
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, meiner at folkehøgskolen skal formidle folkeleg danning, vekkje interesse for arbeid og engasjement og stimulere til ansvarskjensle og sjølvstendiggjering. Slik kan folkehøgskolen bli ei god førebuing med tanke på vidare studium. Folkehøgskolen skal først og fremst drive livsopplysning og vere ein skole som gir impulsar til eit aktivt virke for arbeid og fritid, og som er open for dei utfordringane ei ny tid krev ved å binde saman fortid, notid og framtid.
Fleirtalet meiner at folkehøgskolelova gir skolar med ulikt verdigrunnlag ein rett til å setje verdispørsmål på dagsorden, til å stimulere menneske til gjennomtenking av eigen ståstad, og gi retning til verdiengasjement i samfunnet. Demokrati og livssyn er døme på område med behov for breitt folkeleg engasjement.
Fleirtalet viser òg til at folkehøgskolen gjennom internatskoletanken er ein skole der både fagleg, personleg og sosial læring blir sett i sentrum og som slik gir den enkelte elev ei god førebuing for vidare utvikling.
Fleirtalet meiner òg at folkehøgskolen er eit godt supplement til det offentlege skoleverket, og at folkehøgskolen er eit positivt alternativ og supplement både før, under og etter vidaregåande skole.
Fleirtalet meiner at i eit skoleslag der meiningsbryting om tru og tvil og andre samfunnsspørsmål av ulikt slag kan drøftast, vil verdefull livskompetanse bli utvikla.
Fleirtalet er kjent med Kompetanseprosjektet for folkehøgskolane og skolane sitt eige vurderingsarbeid om dokumentasjon som syner at folkehøgskolane er ein god læringsarena for handlings-, lærings- og livskompetanse.
Fleirtalet meiner at eit folkehøgskoleår i seg sjølv gir ungdom moglegheit til å skaffe seg ei god allmenndanning og betre avklare eigen situasjon og mål for vidare studiar.
Fleirtalet har òg merka seg at ein del ungdomar vel folkehøgskolen med sikte på seinare høgre utdanning og ser positivt på at unge vel eit folkehøgskoleår, framfor forbetring av einskildkarakterar og studium på høgre nivå for å skaffe seg ekstra konkurransepoeng.
Fleirtalet er kjent med at studium på universitet eller høgskole på eitt år eller meir gir maksimalt to konkurransepoeng. Halvårig studium gir eitt poeng. Slike studium er i seg sjølv kompetanse- og ansiennitetsgivande.
Fleirtalet ønskjer å stimulere til at fleire unge kan velje eit folkehøgskoleår framfor å ta opp ein studieplass ved dei åpne universitetsstudia for å skaffe seg konkurransepoeng for opptak til eit profesjonsstudium.
Fleirtalet er kjent med at gjennom dokumentasjonsprosjektet som er i gang ved skolane, arbeider ein m.a. med område som målsetting, innhald, elev- og lærarføresetnader, arbeidsmåtar, rammefaktorar og vurdering.
Fleirtalet vil på bakgrunn av dette gjere framlegg, jf. utkast til vedtak IV, om at eit år på folkehøgskole skal gi utteljing i form av konkurransepoeng i tillegg til alderspoeng under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert elevframmøte på 90 % og etter følgjande opplegg:
- | For elevar som har studiekompetanse gir eit folkehøgskoleår på 33 veker tre konkurransepoeng i tillegg til alderspoenga. |
- | For elevar som seinare skaffar seg studiekompetanse etter eit år på folkehøgskole gir eit folkehøgskoleår på 33 veker tre konkurransepoeng i tillegg til alderspoenga. |
Fleirtalet viser til at det ved innføring av felles reglar i 1992 for opptak til regionale høgskolar blei gjort ein gjennomgang av ordninga med tilleggspoeng ut over generell studiekompetanse. Bakgrunnen var eit behov for å rydde opp i eit utal av opptaksreglar, med m.a. 50 alternativ for å berekne tilleggspoeng. Gjennomgangen førde til ei sanering av systemet med konkurransepoeng. Ved sida av alderspoeng vert det i dag gjeve maksimalt to konkurransepoeng for studium ved universitet eller høgskole og eitt poeng for avlagd sivil eller militær førstegongsteneste. Det kan i tillegg gjevast poeng på grunnlag av fordjupingsfag frå vidaregåande skole og til søkjarar av det kjønnet som er underrepresentert bland studentar eller yrkesutøvarar frå ei utdanning.
Fleirtalet meiner det er naudsynt med ein stor grad av atterhald i høve til å dele ut konkurransepoeng ut over generell studiekompetanse. Tildeling av poeng til folkehøgskoleutdanning bør etter fleirtalet si meining ikkje føre til gjenopning av ei generell ordning med tilleggspoeng frå ei rad utdanningar. Fleirtalet vil difor be Regjeringa å gjere ein gjennomgang og vurdering av bruken av konkurransepoeng og fremjer forslag om dette, jf. utkast til vedtak VII.
Fleirtalet meiner at som dokumentasjon på avslutta skolegang har eleven krav på vitnemål utforma av den enkelte skole. Vitnemålet skal innehalde ein felles presentasjon av skoleslaget og gi ein del sentrale opplysningar om læringsprogrammet til skolen, om eleven sitt nærvere og fråvere.
2.5 Om økonomiske og administrative spørsmål
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, seier seg samd med departementet i at ansvarsdelinga med omsyn til fordeling av tilskott med 5/6 på staten og 1/6 på fylka er ei god ordning som bør halde fram.
Fleirtalet vil understreke at det offentlege tilskottet skal vere av ein slik storleik at det dekkjer utgiftene til undervisninga, slik at elevane sin del av utgiftene blir avgrensa til opphald, skolemateriell, ekskursjonar og liknande. Det samla tilskottsystemet skal heller ikkje favorisere skolar av ein bestemt storleik, men dekkje kostnader for alle elevgrupper.
Fleirtalet vil spesielt understreke behovet for å dekkje kostnadene for dei sosialt, fysisk, psykisk og språkleg funksjonshemma - slik at folkehøgskolane kan vere eit reelt tilbod ved sida av det ordinære skoleverket.
Eit fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil vise til B.innst.S.nr.12 (1996-1997) der fleirtalet, medlemmene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til budsjettinnstilling for 1995 der følgjande vart sagt:
« Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemmet Christiansen, viser til Innst.S.nr.101 (1993-1994) der komiteen slutta seg til departementet sitt forslag om at elevar som avslutta VKII i eit fireårig løp, får rett til utvida minstestipend til dei er 20 år. Fleirtalet gjer framlegg om at dei som vel å ta folkehøgskule det siste året i eit fireårig vidaregåande løp, også skal ha rett til utvida stipend til dei er 20 år, jf. kap. 2410. » |
Det same fleirtalet uttala i same budsjettinnstilling:
« Fleirtalet vil fremje følgjande forslag om utvida minstestipend med verknad frå skuleåret 1997-98 for dei som vel folkehøgskule det siste året i eit fireårig løp: |
|
Dette fleirtalet viser til at Stortinget gjennom budsjettvedtak i samsvar med dette har teke avgjerd om at elevar som tek folkehøgskole, har rett til utvida minstestipend til dei er 20 år. Dette fleirtalet fremjer i samsvar med dette utkast til vedtak V.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil vise til at desse medlemene ikkje støtta forslaget i B.innst.S.nr.12 (1996-1997) om utvida minstestipend for dei som vel folkehøgskole det siste året i eit utdanningsløp.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemet frå Framstegspartiet, vil gå inn for at basistilskottet til skolane blir vidareført som i dag med ein lik kronesum til alle skolar.
Fleirtalet meiner at eksisterande ordning med tilskot på grunnlag av elevtal blir vidareført ut frå ein lik kronesum, eit relasjonstal og talet på godkjende tilskotselevar, og til dekning av dei oppgåver som går fram av meldinga.
Fleirtalet er kjent med at basistilskottet og tilskott på grunnlag av elevtal dei siste åra ikkje er justert i samsvar med den reelle løns- og prisutviklinga. Fleirtalet vil vise til lov om folkehøgskular der det i § 17 Driftstilskot mellom anna vert sagt:
« Satsane for driftstilskottet vert justert kvart år, med utgangspunkt i løns- og kostnadsutviklinga. » |
Fleirtalet vil kome tilbake til løyvingane til folkehøgskolen i samband med dei årlege budsjetta.
Fleirtalet er kjent med at kapitaltilskottet er meint å skulle gi skolane hjelp til finansiering av nybygg og dekkje ein del kostnader i samband med opprusting av skolane som følgje av lovpålegg eller for å gjere ei kvalitetsforbetring av eksisterande bygningar som alternativ til nybygg.
Fleirtalet er kjent med at kapitaltilskottet i dag er avgjerande for skolane sin økonomi, og at nedskriving av kostnadsramma på 25 år fører til at skolane betaler ned lån innafor ei rimeleg tid. Dette er ei god og rettvis ordning som gir både staten og skolane ei god oversikt over utgiftene på kapitalsida.
Fleirtalet er einig med departementet i at det kan vere behov for å vurdere romprogammet med sikte på å gjere noverande ordning meir tenleg i forhold til dei nye areal- og kvalitetskrav som blir sett til internat og skolebygg.
Fleirtalet meiner at ordninga med kapitaltilskott og kostnadsramme skal oppretthaldast og vidareførast på noverande nivå, jf. utkast til vedtak VI.
Fleirtalet viser til at folkehøgskolen er eit privat skoleslag som er heimla i eiga lov. Folkehøgskolen har tradisjon for å ha pedagogisk og administrativ fridom. Styret ved den einskilde skolen er ansvarleg for at den samla drifta er i samsvar med dei lovene og reglane som gjeld for skoleslaget si verksemd og den einskilde skolen. Departementet har tilsyns- og forvaltingsansvaret, medan Folkehøgskolerådet representerer alle folkehøgskolane i skolepolitiske og administrative spørsmål. Også på dette området meiner fleirtalet at dei reglane for ansvarsdeling som ein har i dag, fungerer tilfredsstillande.
2.6 Samla merknad frå mindretal
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at det ikke kan forsvares å opprettholde dagens bevilgningsnivå til folkehøyskolene dersom det faglige inneholdet i skolegangen ikke jevnt over holder et garantert faglig minimumsnivå, og at selve faginndelingen innrettes i henhold til et relevanskrav for yrkeslivet eller senere utdannelser. En viktig reservasjon i dette hovedsyn må gjøres i forhold til elever med et spesielt opplærings- og tilpasningsbehov i det senere liv.
Dette medlem har inntrykk av at det faglige innholdet og andre verdier knyttet til skolegangen er svært varierende på de ulike folkehøyskolene. Dette medlem har spesielt merket seg at enkelte folkehøyskoler har utarbeidet etter forholdene ambisiøse læreplaner hvor det er beskrevet hvilket faglig nivå elevene forventes å kunne oppnå i løpet av et års skolegang.
Dette medlem har også merket seg at det innenfor folkehøyskoleideen har vist seg fullt mulig å gi elevene tilbud om vitnemål med karakterer som er fremkommet gjennom et evalueringssystem basert på resultater over året og prøveresultater. Dette medlem mener at kun de folkehøyskoler som har utarbeidet relevante og forpliktende læreplaner, og som faktisk følger disse, og der elevene som et minimum får tilbud om en gradert evaluering, skal kunne være berettiget til offentlig støtte. I dette hovedprinsippet gjøres det også den reservasjon at relevante og samfunnsnyttige opplæringsprogrammer for spesielle elevgrupper, f.eks. funksjonshemmede, kvalifiserer særskilt og at dette gjerne kan skje i kombinasjon med undervisning etter de alminnelige planer.
For dette medlem er hovedpoenget at staten spesifiserer hvilke mål som søkes oppnådd, og dernest foretas en kvalifisert virkemiddelutvelgelse for å finne frem til de best egnede måter å nå målene på. For dette medlem synes det ganske klart at man ikke kan oppnå en effektiv ressursutnyttelse og gode resultater for flest mulig gjennom en opprettholdelse av dagens tilskuddssystem.
Også på dette området mener dette medlem at det offentlige, etter å ha spesifisert hvilke tjenester man egentlig ønsker for alle millionene som stilles til rådighet for formålet, tar i bruk et stykkprisfinansieringssystem som stimulerer til valgfrihet, effektiv ressursutnyttelse og kvalitetsutvikling på hver enkelt skole. Det må tas i bruk forskjellige stykkprissatser ved ulike fagretninger og opplæringsprogrammer ut fra et realistisk ressursbehov, ut fra kravet til kvalitet i undervisningen kombinert med en effektiv ressursutnyttelse. I denne sammenheng er det viktig å påse at stykkprissatsene til skoler som har gode programmer for funksjonshemmede elever, tar høyde for det særskilte ressursbehov som vil være til stede for å gi disse elevene utbytte av skolegangen.
Dette medlem fremmer således følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen utarbeide et tilskuddssystem til folkehøyskolene basert på at disse mottar en stykkpris pr. elev som tilbys godkjent utdannelsesprogram. Stykkprissatsene skal ta utgangspunkt i en realistisk vurdering av ressursbehovet på de godkjente fagretninger for de vedkommende elevgrupper. Det skal spesielt tas hensyn til de funksjonshemmedes behov. »
Dette medlem er enig med folkehøyskolene i at det med hensyn til tildeling av konkurransepoeng må være en forskjell mellom passivitet og aktivitet, og at elevens initiativ ved å gå et år på folkehøyskole således bør gi en viss konkurransemessig uttelling.
Dette medlem mener imidlertid ikke at det skal gis konkurransepoeng for deltakelse på perifere fagretninger. Det bør heller ikke gis poeng til elever som ikke benytter muligheten til å bli gjenstand for en gradert evaluering fra skolen. Karakteren skal stå på vitnemålet.
Dette medlem fremmer følgende forslag:
« Med virkning fra og med skoleåret 1997-98 skal elever som gjennomfører et folkehøyskoleår på 33 uker og som underkaster seg et gradert evalueringssystem med karakterer på vitnemålet, få uttelling i form av 2 konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning i tillegg til alderspoeng, under forutsetning av skoledokumentasjon og registrert elevfremmøte på 90 %.
Elever som ikke underkaster seg gradert evaluering, gis uttelling i form av ett konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning i tillegg til alderspoeng, under forutsetning av skoledokumentasjon og registrert elevfremmøte på 90 %. »
Framlegg frå Framstegspartiet:
Framlegg 1
Stortinget ber Regjeringen utarbeide et tilskuddssystem til folkehøyskolene basert på at disse mottar en stykkpris pr. elev som tilbys godkjent utdannelsesprogram. Stykkprissatsene skal ta utgangspunkt i en realistisk vurdering av ressursbehovet på de godkjente fagretninger for de vedkommende elevgrupper. Det skal spesielt tas hensyn til de funksjonshemmedes behov.
Framlegg 2
Med virkning fra og med skoleåret 1997-98 skal elever som gjennomfører et folkehøyskoleår på 33 uker og som underkaster seg et gradert evalueringssystem med karakterer på vitnemålet, få uttelling i form av 2 konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning i tillegg til alderspoeng, under forutsetning av skoledokumentasjon og registrert elevfremmøte på 90 %.
Elever som ikke underkaster seg gradert evaluering, gis uttelling i form av ett konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning i tillegg til alderspoeng, under forutsetning av skoledokumentasjon og registrert elevfremmøte på 90 %.
Komiteen viser til det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget ber Regjeringa vidareføre dagens ordning for folkehøgskolen med ei minimumsgrense for tilskott på 35 elevar i gjennomsnitt dei fire siste åra.
Stortinget ber Regjeringa oppretthalde ekstravekting av kortkurs for folkehøgskolen etter noverande ordning.
Med verknad frå skoleåret 1997-98 skal 35 %-regelen m.o.t. skolane sine eigne lærerkrefter på kortkurs gjelde som snitt på årsbasis og lærarar ved andre nordiske folkehøgskolar bli godkjende på lik line med eigne lærarar.
Med verknad frå og med skoleåret 1997-98 skal elevar som gjennomfører eit folkehøgskoleår på 33 veker, få utteljing i form av tre konkurransepoeng ved opptak til høgre utdanning i tillegg til alderspoeng, under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert elevframmøte på 90 %.
Med verknad frå og med skoleåret 1997-98 skal elevar som vel å ta folkehøgskolen som siste året i eit fireårig løp, ha rett til å utvida minstestipend til dei er 20 år.
Stortinget ber Regjeringa oppretthalde og vidareføre driftstilskottet i samsvar med § 17 i lov om folkehøgskolar.
Stortinget ber Regjeringa gjere ein gjennomgang og ei vurdering av bruk av poeng for andre utdanningstilbod m.v. enn folkehøgskolane ved opptak til høgre utdanning. Dette vert å leggje fram som sak for Stortinget.
St.meld. nr. 51 (1995-1996) - om folkehøgskolen og utdanningssamfunnet - vert lagd ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 12. desember 1996. |
Jon Lilletun, | Trond Mathisen, | Siri Frost Sterri, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |