Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

       Stortingsrepresentant Erling Folkvord har den 6. mars 1996 sett fram følgjande forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om oppreisning for taterne som gruppe, og om erstatning til tatere (personer som tilhører Romanifolket) som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre typer overgrep fra den norske staten eller fra instanser som reellt har handlet på vegne av offentlig myndighet.
2. Fra og med neste års statsbudsjett bevilges midler til organisasjoner og tiltak som har til formål å ivareta taternes/Romanifolkets kultur og deres minoritetsrettigheter.
3. Stortinget anerkjenner at taterne/Romanifolket er en etnisk minoritet i Norge, adskilt fra både sigøynerne og andre nasjonale eller etniske minoriteter.»

       I grunngjevinga for forslaget vert det m.a. uttalt at norsk politikk overfor tatrane ikkje har endra seg mykje fram til vår tid. I 1897 vart «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet» danna. Den endra seinare namn til «Norsk misjon blant hjemløse» og vart lagt ned i 1986. Eitt av dei tiltaka organisasjonen sette i verk var å fjerna omstreifarbarn frå foreldra og hindra at barna fekk oppseding i samsvar med foreldra sin kultur.

       I mellomkrigstida resulterte nye teoriar om rasehygiene i at tatrar og andre omstreifarar vart utpeika som ei gruppe som hadde særleg dårlege arveeigenskapar. Undersøkingar har påvist fleire tilfeller av sterilisering av tatrar i perioden 1934-47 i medhald av steriliseringslova av 1934. Lova slo fast at verje eller institusjonsleiing kunne krevje sterilisering. For tatrane sitt vedkomande var det representantar for Misjonen som hadde lovheimel for å ta slikt initiativ. Det har vore hevda at minst 500 taterkvinner er vorte steriliserte på grunnlag av rase i perioden 1935-63.

       Arkiva frå Misjonen er sidan 1992 gjort tilgjengelege på Riksarkivet.

       Forslagsstillaren meiner det er utvilsamt at tatrar er blitt utsette for overgrep av ulikt slag fordi dei er tatrar. Dette tilseier at spørsmål om oppreising og skadebot må handsamast annleis enn ved individuelle overgrep mot einskildpersonar. Overgrep gjort av Misjonen bør likestillast med overgrep gjort av offentlege organ fordi Misjonen dreiv si verksemd i nær forståing med statlege styresmakter. Tatrane sitt arbeid med å klarleggje eigen slektshistorie og eige opphav må nå bli verdsett og få statleg stønad. Vidare må tatrane godkjennast som ein etnisk minoritet i Noreg.