Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at staten skal gje oppreising til tatrane som gruppe og skadebot til tatrar som har vore utsette for etnisk rensing eller andre overgrep utførte av statleg styresmakt eller av nokon som har handla på vegne av staten, og om at staten skal anerkjenne tatrane sine rettar som etnisk minoritetsgruppe

Innhold

       Stortingsrepresentant Erling Folkvord har den 6. mars 1996 sett fram følgjande forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om oppreisning for taterne som gruppe, og om erstatning til tatere (personer som tilhører Romanifolket) som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre typer overgrep fra den norske staten eller fra instanser som reellt har handlet på vegne av offentlig myndighet.
2. Fra og med neste års statsbudsjett bevilges midler til organisasjoner og tiltak som har til formål å ivareta taternes/Romanifolkets kultur og deres minoritetsrettigheter.
3. Stortinget anerkjenner at taterne/Romanifolket er en etnisk minoritet i Norge, adskilt fra både sigøynerne og andre nasjonale eller etniske minoriteter.»

       I grunngjevinga for forslaget vert det m.a. uttalt at norsk politikk overfor tatrane ikkje har endra seg mykje fram til vår tid. I 1897 vart «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet» danna. Den endra seinare namn til «Norsk misjon blant hjemløse» og vart lagt ned i 1986. Eitt av dei tiltaka organisasjonen sette i verk var å fjerna omstreifarbarn frå foreldra og hindra at barna fekk oppseding i samsvar med foreldra sin kultur.

       I mellomkrigstida resulterte nye teoriar om rasehygiene i at tatrar og andre omstreifarar vart utpeika som ei gruppe som hadde særleg dårlege arveeigenskapar. Undersøkingar har påvist fleire tilfeller av sterilisering av tatrar i perioden 1934-47 i medhald av steriliseringslova av 1934. Lova slo fast at verje eller institusjonsleiing kunne krevje sterilisering. For tatrane sitt vedkomande var det representantar for Misjonen som hadde lovheimel for å ta slikt initiativ. Det har vore hevda at minst 500 taterkvinner er vorte steriliserte på grunnlag av rase i perioden 1935-63.

       Arkiva frå Misjonen er sidan 1992 gjort tilgjengelege på Riksarkivet.

       Forslagsstillaren meiner det er utvilsamt at tatrar er blitt utsette for overgrep av ulikt slag fordi dei er tatrar. Dette tilseier at spørsmål om oppreising og skadebot må handsamast annleis enn ved individuelle overgrep mot einskildpersonar. Overgrep gjort av Misjonen bør likestillast med overgrep gjort av offentlege organ fordi Misjonen dreiv si verksemd i nær forståing med statlege styresmakter. Tatrane sitt arbeid med å klarleggje eigen slektshistorie og eige opphav må nå bli verdsett og få statleg stønad. Vidare må tatrane godkjennast som ein etnisk minoritet i Noreg.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, viser til at det i Noreg finst ei gruppe menneske som går under fleire nemningar, til dømes tater, omstreifar, splint, eller folk av reisande slekt. Fleirtalet vil her nytte nemninga « reisande ».

       Fleirtalet viser til at det ikkje finst ein eksakt oversikt over kor mange menneske som kan verte sett på som reisande. Det finst heller ikkje klare reglar eller kriterium for korleis ein skal avgjere om nokon tilhøyrer denne gruppa. Den einskilde si oppfatning av om ho/han er reisande, er det ein har lagt vekt på.

       Fleirtalet meiner det ikkje kan vere tvil om at mange av dei reisande har lidd urett, og at dei vart sett på som eit problem i samfunnet. Dei har vorte fengsla utan lov og dom. Familiar har vorte plassert på arbeidsleirar for å « venjast » til å bli bufaste og gå ifrå sine eigne tradisjonar og kultur. Mange reisande måtte bu i arbeidsleirar for periodar på inntil 5 år. Reiste dei før tida, vart borna tekne frå dei. Mange born vart tekne frå foreldra og sette bort til oppfostring i « norske » heimar eller på barneheimar. Ofte måtte desse borna flytte fleire gonger gjennom oppveksten, og nokon vart avvist av fosterforeldra når det vart kjent at dei var av reisande slekt. Omsorgsovertakinga vart ikkje alltid gjeve ei formell handsaming. Mange reisande har opplevd å bli skild frå slekta si, utan seinare å kunne oppspore dei.

       Reisande som ønskte å bli bufaste, kunne oppleve at kommunen vegra seg mot at dei kjøpte eller leigde hus, og løyvde reisepengar for at dei skulle dra bort frå kommunen.

       I vårt hundreår vart det gitt reglar som opna for å tvangssterilisere kvinner. Ingen av vilkåra i lova var knytt til det å vere reisande, men vi veit at lova mellom anna vart nytta på reisande kvinner. Det er i dag ikkje mogleg å seie i kor stort omfang tvangssterilisering vart gjennomført, også overfor andre.

       Fleirtalet har merka seg at det i dag eksisterer fleire organisasjonar som arbeider for dei reisande sine interesser. Der er òg forskingsprosjekt i gang om dei reisande. Fleirtalet stiller seg positiv til at det vert gjeve midlar til forskning og tiltak som har til føremål å ivareta dei reisande sin kultur. Fleirtalet kunne t.d. tenke seg eit kultursenter som driv eit mangfaldig virke. Senteret kunne t.d. drive opplæring i språk, tradisjonelt handverk, musikk og historie, eller det kunne verte laga eit museum som viste dei reisande sitt levesett og kultur i gamle dagar. Regjeringa vert beden om å vurdere måtar dette kan gjerast på i praksis. Fleirtalet ser det som viktig at dei reisande sin historie får sin plass som ein del av den nyare norske historie.

       Fleirtalet ønskjer å presisere at den ser på dei reisande som gruppe som ein del av det norske samfunnet, og synest det er viktig at deira kultur, tradisjon og historie vert ivareteke.

       Fleirtalet er opptatt av at samfunnet også skal gje dei reisande i Noreg aksept og anerkjenning. Urett som er gjort tidlegare tar ein sterk avstand frå, og offentlege instansar må gjera det dei kan for at mobbing og nedvurdering sjølvsagt ikkje skal finne stad.

       Fleirtalet oppfattar forslagsstillar slik at han med oppreising i framlegget pkt. 1 ikkje har meint kollektivt økonomisk vederlag. Fleirtalet viser til det ein har sagt om kva haldningar og handlingar som dei reisande har vore møtt med. Fleirtalet viser til at desse utsegnene frå Stortinget gjev dei reisande som gruppe ei oppreising. Fleirtalet anser difor intensjonen i forslag 1 første del som oppfylt.

       Fleirtalet viser til forslag 1 andre del om erstatning. Fleirtalet meiner at ei eventuell erstatning bør gjevast på individuelt grunnlag til dei som personleg har vore utsett for urett. I utgangspunktet meiner fleirtalet at dette bør gjerast innanfor det allereie eksisterande system, til dømes ved skadeserstatning eller rettferdsvederlag frå staten.

       Fleirtalet viser i den samanhangen til St.prp. nr. 89 (1995-1996) om rettferdsvederlag som komiteen no har til handsaming. I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om at reisande skal få rettferdsvederlag for manglande skulegang.

       Fleirtalet viser òg til Innst.O.nr.18 (1995-1996) om endringar i lov om forelding av krav på skadebot. Komiteen understreka i denne innstillinga at staten bør følge en konsekvent praksis med å frafalle påstand om forelding når det gjeld krav om skadebot for feil eller forsømmingar som det offentlege har gjort mot barn eller ungdom.

       Fleirtalet viser til det som vert sagt ovanfor når det gjeld forslag nr. 2 om tiltak for å ivareta dei reisande sine tradisjonar og kultur.

       I dokumentet er det vidare føreslått at Stortinget skal anerkjenne dei reisande som etnisk minoritet. Fleirtalet viser til at det er uklart kva for kriterier som vert lagde til grunn for å rekne ei gruppe som ein etnisk minoritet. ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk seier i art. 1 nr. 1a at ein etnisk minoritet vert kjenneteikna ved: « stammefolk i selvstendige stater der sosiale, kulturelle og økonomiske forhold skiller dem fra andre deler av det nasjonale fellesskap og der deres status helt eller delvis er regulert av egne skikker, tradisjoner eller av særlige lover eller forskrifter ». Det vert vidare sagt i pkt. 2: « Egenidentifisering som urbefolkning eller stammefolk skal være et grunnleggende kriterium for å bestemme hvilke grupper bestemmelsene i denne konvensjonen skal gjelde for ». Konvensjonen seier i art. 4 at det skal treffast særlege tiltak på føremålstenleg måte for å sikre enkeltpersonar frå vedkomande folk og deira institusjonar, eigedom, arbeid, kultur og miljø.

       Fleirtalet viser til brev frå Justisdepartementet (jf. vedlegg 1), der det vert opplyst at Kommunal- og arbeidsdepartementet no arbeider med kven som skal anerkjennast som nasjonal eller etnisk minoritet i Noreg. Arbeidet skjer i samanhang med ei vurdering av om Noreg skal ratifisere Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Konvensjonen vart underteikna av Noreg den 1. februar 1995. Arbeidet vil vere klart i løpet av kort tid, og vil vere relevant for dei reisande.

       Fleirtalet meiner at denne utgreiinga er vesentleg for vurderinga av spørsmålet, og at det vil vere rett å sjå an dette arbeidet før ein tek stilling til saka.

       Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil understreke at ein reknar med at departementet samrår seg med representantar for dei reisande om korleis eit kultursenter skal utformast, og kva for oppgåver det skal ha. Desse medlemene reknar med at Regjeringa kjem attende med ei orientering om framdrifta i saka seinast i statsbudsjettet for 1998.

       Desse medlemene finn at dei heimlane Misjonen har hatt for å sette i verk tvangsåtgjerder mot reisande, har ført til trakassering og liding for dei reisande som har vori utsette for desse åtgjerdene. Desse medlemene meiner at slike åtgjerder i regelen bør gi grunnlag for skadebot frå staten.

       Desse medlemene går inn for at også pkt. 1 i dokumentet vert å oversende Regjeringa til utgreiing og uttale.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er ikke i tvil om at enkelte tatere i forrige århundre og et stykke inn i dette århundrede har vært utsatt for en behandling fra norske myndigheter som i lys av 1990-tallets humanisme vil bli sett på som inhuman. Samtidig finnes det åpenbart personer med samme etniske og kulturelle bakgrunn som har vært bra behandlet, og andre som etter datidens normer ble rimelig behandlet. Dette medlem finner også grunn til å minne om at mye av den politikken som ble ført i Norge rundt århundreskiftet og i mellomkrigstiden ikke tåler historiens lys når den blir vurdert etter nåtidens normer og standarder, samtidig som den i mange tilfeller kan ha hatt bred oppslutning blant flertallet i befolkningen i sin samtid. Dette medlem vil også peke på at det er vanskelig å fastslå om den behandlingen av tatere som blir kritisert med bakgrunn i nåtidens standarder, eks. tvangssterilisering, spesielt rammet tatere, eller om den rammet tatere på lik linje med andre nordmenn. Eksempelvis skriver Institutt for Øst- Europeiske og orientalske studier og Institutt for kriminologi ved Universitetet i Oslo i et brev til komiteen at det ikke er mulig ut fra den forskningen som foreligger å si i hvilket omfang sterilisering av tatere forekom, om tatere oftere ble utsatt for dette inngrepet sammenliknet med andre, om begrunnelsen for å sterilisere tatere var av en annen karakter enn ved sterilisering av andre, eller om denne begrunnelsen gjaldt alle steriliseringer av tatere. Historieforskningen vil sannsynligvis kunne kaste lys over disse hendelsene. Komiteen er gjennom det nevnte brevet gjort kjent med at det allerede er satt igang spesielle forskningsprosjekt som vil kaste nytt lys over taternes historie i Norge.

       Dette medlem er under alle omstendigheter imot å gi generelle oppreisningserstatninger til grupper av befolkningen. Det er urimelig fordi alle medlemmer av en gruppe ikke er blitt behandlet likt. Det vil dessuten by på umulige avgrensningsproblemer å finne ut hvem som er medlem av en slik gruppe. Dette medlem mener at eventuelle oppreisningserstatninger må gis direkte til de personene som dokumentert er blitt urimelig behandlet av offentlige myndigheter. De nålevende tatere som måtte føle seg diskriminert og urimelig behandlet av norske myndigheter må søke enkeltvis om billighetserstatning, og sakene må behandles individuelt. Dette medlem kan derfor ikke støtte forslag nr. 1 fra representanten Erling Folkvord.

       Dette medlem kan heller ikke støtte forslaget om å anerkjenne taterne/Romanifolket som en etnisk minoritet i Norge. Det vil etter dette medlems vurdering være like urimelig som å anerkjenne pakistanere, tyrkere, kurdere eller andre grupper av befolkningen som har egen etnisk og kulturell bakgrunn, som etniske minoriteter med helt spesielle rettigheter. En oppstykking av den norske befolkningen i etniske minoritetsgrupper vil være ødeleggende for samholdet og enheten i den norske befolkningen, og ødelegge enhver mulighet for en harmonisk integrering av de ulike innvandrergruppene som allerede oppholder seg i Norge, hvorav mange er norske statsborgere. Dette medlem vil dessuten peke på at det er delte syn blant tatere selv om de er en etnisk minoritet eller ikke. For noen vil det være viktig å bli akseptert som en etnisk minoritet, mens andre vil oppleve en slik status som et nytt overgrep, og som manglende anerkjennelse av at de er likeverdige med andre nordmenn. Dette medlem viser for øvrig til brevet fra Universitetet i Oslo der det reises spørsmål ved om Stortinget har et statsrettslig grunnlag til å innvilge eller eventuelt frata en gruppe dens etniske identitet. Dette medlem minner om at manglende anerkjennelse som etnisk minoritet selvsagt ikke betyr at de personene blant taterne som føler seg som en egen gruppe ikke har anledning til å utgi sine egne bøker på sitt eget språk, snakke sitt eget språk i sine hjem, eller dyrke sin kultur, så lenge de holder seg innenfor rammen av norsk lovgivning, slik det gjelder for alle andre kulturelle og etniske minoritetsgrupper i Norge.

       Dette medlem vil heller ikke støtte forslaget om at det fra og med neste års statsbudsjett skal bevilges midler til organisasjoner og tiltak som har til formål å ivareta taternes/Romanifolkets kultur og deres minoritetsrettigheter. Dette medlem vurderer en slik støtte til kulturtiltak til ulike interesseorganisasjoner for forskjellige etniske grupper i Norge som et spørsmål som må vurderes av Kulturdepartementet og Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité, men Fremskrittspartiets syn er at det ikke er rom for slik støtte over statsbudsjettene.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn foreslå at Dok.nr.8:62 (1995-1996) fra stortingsrepresentant Erling Folkvord avvises.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:

Forslag 1

       Pkt. 1 i Dok.nr.8:62 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at staten skal gje oppreisning til tatrane som gruppe, og skadebot til tatrar som har vore utsette for etnisk rensing eller andre overgrep gjort av statleg styresmakt eller av nokon som har handla på staten sin vegne og om at staten skal anerkjenne tatrane sine rettar som etnisk minoritetsgruppe vert å sende Regjeringa til utgreiing og uttale.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 2

       Pkt. 2 og 3 i Dok.nr.8:62 (1995-1996) - forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om at staten skal gi oppreisning til taterne som gruppe og erstatning til tatere som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre overgrep begått av statlig myndighet eller av noen som har handlet på statens vegne, og om at staten skal anerkjenne taternes rettigheter som etnisk minoritetsgruppe - avvises.

       Komiteen viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

I.

       Pkt. 1 i Dok.nr.8:62 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at staten skal gje oppreisning til tatrane som gruppe, og skadebot til tatrar som har vore utsette for etnisk rensing eller andre overgrep gjort av statleg styresmakt eller av nokon som har handla på staten sin vegne og om at staten skal anerkjenne tatrane sine rettar som etnisk minioritetsgruppe - vert å avvise.

II.

       Pkt. 2 og 3 i Dok.nr.8:62 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om at staten skal gje oppreisning til tatrane som gruppe og skadebot til tatrar som har vore utsette for etnisk rensing eller andre overgrep utførte av statleg styresmakt eller av nokon som har handla på staten sine vegne og om at staten skal anerkjenne tatrane sine rettar som etnisk minoritetsgruppe - vert å sende Regjeringa til utgreiing og uttale.

Oslo, i justiskomiteen den 21. november 1996.

Lisbeth Holand, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.

Brev fra Justisdepartementet v/statsråden til justiskomiteen, datert 30. mai 1996:

Dok.nr.8:62 - Forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om erstatning og oppreisning til taterne m.m.

       Jeg viser til komiteens brev av 25. april 1996.

       En del av taterne (heretter kalt omstreiferne) har utvilsomt kommet i en spesielt vanskelig situasjon, f eks på grunn av tapt skolegang, og i ekstreme tilfeller, lobotomi eller tvangssterilisering. Jeg viser her til billighetserstatningsordningen og til vårens proposisjon som fremmes om kort tid.

       Verken Grunnloven eller lovverket ellers benytter begrepet « etnisk minoritet ». FN-konvensjonen om sivile og politiske rettigheter av 16. desember 1966 inneholder imidlertid følgende bestemmelse i artikkel 27:

       « I de stater hvor det finnes etniske, religiøse eller språklige minoriteter, skal de som tilhører slike minoriteter ikke nektes retten til, sammen med andre medlemmer av sin gruppe, å dyrke sin egen kultur, bekjenne seg til og utøve sin egen religion, eller bruke sitt eget språk. »

       Til tross for dens negative ordlyd, er bestemmelsen i praksis blitt tolket slik at statene om nødvendig må iverksette positive tiltak for å beskytte retten for personer som tilhører slike minoriteter til å dyrke sin egen kultur mv. FNs barnekonvensjon av 20. november 1989 inneholder en tilsvarende bestemmelse i artikkel 30. Statens forpliktelser overfor minoriteter er utdypet i FN- erklæringen av 18. desember 1992 om rettighetene til personer som tilhører nasjonale eller etniske, religiøse og språklige minoriteter, som riktignok ikke i seg selv er folkerettslig bindende.

       Den 1. februar 1995 undertegnet Norge Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoriteter. Spørsmålet om ratifisering av konvensjonen er for tiden til behandling i Utenriksdepartementet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer i den forbindelse hvem som skal anses som en nasjonal eller etnisk minoritet i Norge. Dette er et omfattende spørsmål som må utredes nærmere. Konvensjonen er det første rettslig bindende multilaterale instrument om beskyttelse av nasjonale minoriteter i sin alminnelighet, og antas som sådant å utgjøre et viktig supplement til eksisterende rettslige og politiske normer på dette feltet.

       Jeg er ikke kjent med at det finnes spesielle organisasjoner eller ordninger for å styrke eller ivareta omstreifernes kultur. Jeg kan imidlertid opplyse at Norges forskningsråd har under oppstart et forskningsprosjekt, « Velferd og samfunn », som har til formål å se på omstreiferne og deres situasjon i det norske samfunnet. Midler til prosjektet er bevilget av Sosial- og helsedepartementet, og arbeidet er antatt å ha en tidsramme på ca 3 år. Muligheten for å styrke eller sette i verk tiltak som ivaretar omstreifernes kultur, vil være avhengig av kunnskap om omstreifernes bakgrunn, deres språk og kultur. Det er også viktig med kunnskap om omstreifernes eget syn på ulike tiltak. Intervjuer med omstreifere vil være ett av forskningsprosjektets fire hoveddeler. Resultatet av forskningsprosjektet kan følgelig være et viktig skritt i det videre arbeid.