1. Samandrag
1.1 Hovudtrekk i finanspolitikken
Innleiing
Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1995, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.
Ein arbeider med ei omlegging av meldinga. Omlegginga vil innebera at ein òg i statsrekneskapen i større grad vil prøve å rette søkelyset meir mot løyvingane på Regjeringa sine utvalde satsingsområder.
Siktemålet er at meldinga i større grad enn tidlegare skal reflektere framlegget til statsbudsjettet i Gul bok.
Statsrekneskapen for 1995 er send Riksrevisjonen innan den fristen som er fastsett i § 75 i Grunnlova.
Budsjettpolitikken
Då Regjeringa la fram St.prp. nr. 1 (1994-1995), vart det peika på at budsjettpolitikken må brukast aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og styrke sysselsettinga. Det vart òg understreka at budsjettutviklinga må vera forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.
- | Underskotet før lånetransaksjonar på statsbudsjettet vart i Gul bok rekna til om lag 17,4 mrd. kroner. |
- | Statens netto lånebehov vart rekna til 32 mrd. kroner. |
Nærare om utviklinga av budsjettet for 1995
I løpet av 1995 har løyvingane av inntekter ekskl. lånetransaksjonar auka med 18,2 mrd. kroner frå 349 mrd. kroner i Gul bok til 367,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett.
Utgiftsløyvingane ekskl. lånetransaksjonar har auka med 4,8 mrd. kroner frå 366,4 mrd. kroner i Gul bok til 371,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett.
Dette gir ei betring i budsjettbalansen. Overskott før lånetransaksjonar auka frå -17,4 mrd. kroner i Gul bok med 13,4 mrd. kroner til -4,0 mrd. kroner i nysaldert budsjett.
Rekneskapen syner eit overskott før lånetransaksjonar på 4,1 mrd. kroner før avsetting til Statens petroleumsfond. Det vart i 1995 avsett 2,0 mrd. kroner til Petroleumsfondet, slik at overskottet før lånetransaksjonar vart redusert til 2,1 mrd. kroner.
Lånebehovet har endra seg med -26,4 mrd. kroner frå 32 mrd. kroner i Gul bok til 5,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Rekneskapen for 1995 syner eit lånebehov på -4,3 mrd. kroner.
Tabell 1.3.1 Hovudtala i statsrekneskapen for perioden 1991-1995 (Mill. kroner)
Rekne- | Rekne- | Rekne- | Rekne- | S.III | Nysald. | Rekne- | Avvik | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
skap | skap | skap | skap | 1995 | bud- | skap | Rekne- | |
1991 | 1992 | 1993 | 1994 | sjett | 1995 | skap | ||
1995 | Nysal- | |||||||
dert | ||||||||
bud- | ||||||||
sjett |
Kjøp av varer | ||||||||
og tenester | ||||||||
ekskl statens | ||||||||
direkte | ||||||||
deltaking i | ||||||||
petroleums- | ||||||||
verksemda | 80.569 | 85.219 | 86.689 | 87.815 | 88.327 | 87.201 | 86.925 | -276 |
Renter av | ||||||||
statsgjeld | 16.585 | 17.575 | 19.516 | 20.653 | 19.841 | 20.449 | 20.455 | 6 |
Overføringar | ||||||||
til andre | ||||||||
inkl under- | ||||||||
skott i | ||||||||
statens | ||||||||
forretnings- | ||||||||
drift | 232.077 | 237.809 | 242.784 | 246.534 | 246.760 | 250.243 | 249.229 | -1.014 |
Utgifter | ||||||||
ekskl. lån og | ||||||||
petroleums- | ||||||||
verksemd | 329.231 | 340.603 | 348.989 | 355.002 | 354.928 | 357.893 | 356.609 | -1.284 |
Inntekter | ||||||||
ekskl. olje- | ||||||||
skattar og | ||||||||
petroleums- | ||||||||
verksemd | 270.019 | 275.231 | 277.093 | 300.503 | 307.797 | 317.386 | 322.173 | 4.787 |
Oljekorrigert | ||||||||
overskott | -59.212 | -65.372 | -71.896 | -54.499 | -47.131 | -40.507 | -34.436 | 6.071 |
Oljeskattar | 32.093 | 25.484 | 26.614 | 24.497 | 24.900 | 27.656 | 27.637 | -19 |
Utbytte frå | ||||||||
Statoil | 1.500 | 1.400 | 1.250 | 1.075 | 1.600 | 1.614 | 1.614 | 0 |
Inntekter | ||||||||
frå statens | ||||||||
deltaking i | ||||||||
petroleums- | ||||||||
verksemda | 12.874 | 15.331 | 16.766 | 18.446 | 20.050 | 20.574 | 20.933 | 359 |
Utgifter | ||||||||
til statens | ||||||||
deltaking i | ||||||||
petroleums- | ||||||||
verksemda | 6.995 | 11.709 | 16.607 | 18.442 | 8.160 | 13.315 | 11.674 | -1.641 |
Netto olje- | ||||||||
inntekter | 39.472 | 30.506 | 28.023 | 25.576 | 38.390 | 36.529 | 38.510 | 1.981 |
Overskott | ||||||||
før låne- | ||||||||
transaksjonar | ||||||||
før avsetting | ||||||||
til Statens | ||||||||
petroleums- | ||||||||
fond | -19.740 | -34.866 | -43.873 | -28.923 | -8.741 | -3.978 | 4.074 | 8.052 |
Netto | ||||||||
overført til | ||||||||
Statens | ||||||||
petroleums- | ||||||||
fond | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 1.981 | 1.981 |
Overskott | ||||||||
før låne- | ||||||||
transaksjonar | -19.740 | -34.866 | -43.873 | -28.923 | -8.741 | -3.978 | 2.093 | 6.071 |
Utlån og av- | ||||||||
drag, brutto | 45.922 | 67.191 | 37.592 | 53.828 | 29.957 | 43.185 | 39.895 | -3.290 |
Tilbake- | ||||||||
betalingar | 3.528 | 46.368 | 14.711 | 50.167 | 25.160 | 41.546 | 42.119 | 573 |
Utlån, netto | 42.394 | 20.823 | 22.881 | 3.661 | 4.797 | 1.639 | -2.224 | -3.863 |
Samla finan- | ||||||||
sierings- | ||||||||
behov | 62.134 | 55.689 | 66.754 | 32.584 | 13.538 | 5.617 | -4.317 | -9.934 |
Opptatte lån | 39.606 | 41.739 | 100.197 | 5.221 | 16.917 | |||
Endring | ||||||||
i ymse | ||||||||
behaldningar | -22.528 | -13.950 | 33.443 | -27.363 | 21.234 |
Hovudtala i statsrekneskapen
Når ein ser bort frå lånetransaksjonane og overføringane til og frå Statens petroleumsfond, var dei samla utgiftene for staten i 1995 på 368,3 mrd. kroner. Inntektene var på 372,4 mrd. kroner, noko som ga eit overskott i rekneskapen på 4,1 mrd. kroner. Av dette overskottet er 2,0 mrd. kroner sett av til Petroleumsfondet. Netto oljeinntekter var i 1995 på 38,5 mrd. kroner. Viss ein held utgiftene og inntektene knytta til utvinninga av petroleum utanom rekneskapen, viser den eit oljekorrigert underskott på 34,4 mrd. kroner. Samanlikna med 1994 har utgiftene, eksklusive petroleumsverksemd og lånetransaksjonar, gått opp med 1,6 mrd. kroner (1/2 pst). Rekna i reelle verdiar er det ein klar nedgang i utgiftene. Inntektene har auka med 21,7 mrd. kroner (om lag 7 pst). Det oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med om lag 20 mrd. kroner frå 1994 til 1995. Samtidig har netto oljeinntekter gått opp med 12,9 mrd. kroner. Til saman gjer dette at budsjettbalansen er betra med 33 mrd. kroner, frå eit underskott på 28,9 mrd. kroner til eit overskott på 4,1 mrd. kroner.
1.1.1 Avvik frå B.innst.S.nr.III og nysaldert budsjett
Tabell 1.3.2. Avvik mellom budsjettet og rekneskapen for 1995.
SIII | Nysaldert | Avvik | Rekneskap | Avvik | |
1 | 2 | 3=2-1 | 4 | 5=4-2 | |
Overskott før lånetransaksjonar, | |||||
ekskl. petroleumsverksemda og | |||||
oljeskattar | -47.131 | -40.507 | 6.624 | -34.436 | 6.071 |
Netto inntekter frå | |||||
petroleumsverksemda | |||||
og oljeskattar | 38.390 | 36.529 | -1.861 | 38.510 | 1.981 |
Overskott før lånetransaksjonar | |||||
og avsetting til Statens | |||||
petroleumsfond | -8.741 | -3.978 | 4.763 | 4.074 | 8.052 |
Avsetting til Statens | |||||
petroleumsfond | 0 | 0 | 0 | 1.981 | 1.981 |
Overskott før lånetransaksjonar | -8.741 | -3.978 | 4.763 | 2.093 | 6.071 |
Utlån og avdrag, netto | 4.797 | 1.639 | -3.158 | -2.224 | -3.863 |
Finansieringsbehov | 13.538 | 5.617 | -7.921 | -4.317 | -9.934 |
Endringar frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett
Den nysalderte budsjettet har eit oljekorrigert underskott som er 6,6 mrd. kroner mindre enn i vedteke budsjett (B.innst.S.nr.III) for 1995. Bak denne endringa ligg auka inntekter på 9,6 mrd. kroner og auka utgifter på 3,0 mrd. kroner. Vidare er netto oljeinntekter 1,9 mrd. kroner mindre enn i B.innst.S.nr.III, noko som gjer at det samla underskottet er redusert med 4,8 mrd. kroner i det nysalderte budsjettet.
Nærare om avviket mellom rekneskapen og nysaldert budsjett
I rekneskapen er det oljekorrigerte underskottet 6,1 mrd. kroner mindre enn i det nysalderte budsjettet. Dette skuldast både mindre utgifter (1,3 mrd. kroner) og større inntekter (4,8 mrd. kroner) enn det var budsjettert med. I tillegg vart netto petroleumsinntekter 2,0 mrd. kroner større enn rekna med, slik at det budsjetterte underskottet på 4,0 mrd. kroner vart snudd til eit overskott på 4,1 mrd. kroner. Av dette overskottet vert 2,0 mrd. kroner sett av til Statens petroleumsfond. Det var ikkje lagt opp til noko avsetting til Petroleumsfondet i det nysalderte budsjettet. Det er i meldinga gjort greie for reduserte utgifter og auka inntekter fra nysalderinga til rekneskapen for 1995.
Rekneskapen for 1995 viser at utgiftene til utlån og avdrag vart 3.290 mill. kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. I dette talet ligg ein reduksjon i dei løyvingane som er overførte til neste år på 23 mill. kroner, medan mindreutgiftene er på 3.313 mill. kroner.
I Innst.S.nr.24 (1993-1994) om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1992, uttala finanskomiteen at avviket mellom rekneskap og nysaldert budsjett var stort, og ba Regjeringa vurdere om det er mogleg å få til eit større samsvar mellom nysaldering og rekneskap.
I St.meld. nr. 3 (1993-1994) Statsrekneskapen for 1993 kommenterte departementet merknaden til finanskomiteen slik:
« Departementet vil vurdere kva som kan gjerast for å kome fram til sikrare overslag i budsjettarbeidet, og vil kome attende til saka i nysalderinga for 1994. » |
I St.prp. nr. 21 (1994-1995) om nysaldering av budsjettet for 1994 uttala departementet mellom anna at det er tre hovedkomponentar som forklarer endringar i underskott før lånetransaksjonar frå nysaldert budsjett til rekneskap:
1. | Avvik mellom løyvingar overført til rekneskapsåret og løyvingar overført frå rekneskapsåret |
2. | Generelt meir- og mindreforbruk |
3. | Endringar i inntekter |
Konklusjonen i kommentaren var at det ikkje er mogleg å garantere at avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap vert mindre enn det har vore dei siste åra, men at ein vil arbeide vidare med å gjere denne differansen mindre.
Departementet er framleis oppteken av problemet. I det nye statsrekneskapssystemet legg ein m.a. opp til at ein skal kunne få hyppigare ajourføring og raskare oppdatering av rekneskapen. Dette vil vere eit viktig bidrag for å auke kvaliteten i anslaga.