Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1995.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 15 (1996-1997)
  • Kildedok: St.meld. nr. 3 (1995-96)
  • Dato: 29.10.1996
  • Utgiver: finanskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

1.1 Hovudtrekk i finanspolitikken

Innleiing

       Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1995, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.

       Ein arbeider med ei omlegging av meldinga. Omlegginga vil innebera at ein òg i statsrekneskapen i større grad vil prøve å rette søkelyset meir mot løyvingane på Regjeringa sine utvalde satsingsområder.

       Siktemålet er at meldinga i større grad enn tidlegare skal reflektere framlegget til statsbudsjettet i Gul bok.

       Statsrekneskapen for 1995 er send Riksrevisjonen innan den fristen som er fastsett i § 75 i Grunnlova.

Budsjettpolitikken

       Då Regjeringa la fram St.prp. nr. 1 (1994-1995), vart det peika på at budsjettpolitikken må brukast aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og styrke sysselsettinga. Det vart òg understreka at budsjettutviklinga må vera forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.

- Underskotet før lånetransaksjonar på statsbudsjettet vart i Gul bok rekna til om lag 17,4 mrd. kroner.
- Statens netto lånebehov vart rekna til 32 mrd. kroner.

Nærare om utviklinga av budsjettet for 1995

       I løpet av 1995 har løyvingane av inntekter ekskl. lånetransaksjonar auka med 18,2 mrd. kroner frå 349 mrd. kroner i Gul bok til 367,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett.

       Utgiftsløyvingane ekskl. lånetransaksjonar har auka med 4,8 mrd. kroner frå 366,4 mrd. kroner i Gul bok til 371,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett.

       Dette gir ei betring i budsjettbalansen. Overskott før lånetransaksjonar auka frå -17,4 mrd. kroner i Gul bok med 13,4 mrd. kroner til -4,0 mrd. kroner i nysaldert budsjett.

       Rekneskapen syner eit overskott før lånetransaksjonar på 4,1 mrd. kroner før avsetting til Statens petroleumsfond. Det vart i 1995 avsett 2,0 mrd. kroner til Petroleumsfondet, slik at overskottet før lånetransaksjonar vart redusert til 2,1 mrd. kroner.

       Lånebehovet har endra seg med -26,4 mrd. kroner frå 32 mrd. kroner i Gul bok til 5,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Rekneskapen for 1995 syner eit lånebehov på -4,3 mrd. kroner.

Tabell 1.3.1 Hovudtala i statsrekneskapen for perioden 1991-1995 (Mill. kroner)

  Rekne- Rekne- Rekne- Rekne- S.III Nysald. Rekne- Avvik
  skap skap skap skap 1995 bud- skap Rekne-
  1991 1992 1993 1994   sjett 1995 skap
            1995   Nysal-
                dert
                bud-
                sjett
Kjøp av varer
og tenester
ekskl statens
direkte
deltaking i
petroleums-
verksemda 80.569 85.219 86.689 87.815 88.327 87.201 86.925 -276
Renter av
statsgjeld 16.585 17.575 19.516 20.653 19.841 20.449 20.455 6
Overføringar
til andre
inkl under-
skott i
statens
forretnings-
drift 232.077 237.809 242.784 246.534 246.760 250.243 249.229 -1.014
Utgifter
ekskl. lån og
petroleums-
verksemd 329.231 340.603 348.989 355.002 354.928 357.893 356.609 -1.284
Inntekter
ekskl. olje-
skattar og
petroleums-
verksemd 270.019 275.231 277.093 300.503 307.797 317.386 322.173 4.787
Oljekorrigert
overskott -59.212 -65.372 -71.896 -54.499 -47.131 -40.507 -34.436 6.071
Oljeskattar 32.093 25.484 26.614 24.497 24.900 27.656 27.637 -19
Utbytte frå
Statoil 1.500 1.400 1.250 1.075 1.600 1.614 1.614 0
Inntekter
frå statens
deltaking i
petroleums-
verksemda 12.874 15.331 16.766 18.446 20.050 20.574 20.933 359
Utgifter
til statens
deltaking i
petroleums-
verksemda 6.995 11.709 16.607 18.442 8.160 13.315 11.674 -1.641
Netto olje-
inntekter 39.472 30.506 28.023 25.576 38.390 36.529 38.510 1.981
Overskott
før låne-
transaksjonar
før avsetting
til Statens
petroleums-
fond -19.740 -34.866 -43.873 -28.923 -8.741 -3.978 4.074 8.052
Netto
overført til
Statens
petroleums-
fond 0 0 0 0 0 0 1.981 1.981
Overskott
før låne-
transaksjonar -19.740 -34.866 -43.873 -28.923 -8.741 -3.978 2.093 6.071
Utlån og av-
drag, brutto 45.922 67.191 37.592 53.828 29.957 43.185 39.895 -3.290
Tilbake-
betalingar 3.528 46.368 14.711 50.167 25.160 41.546 42.119 573
Utlån, netto 42.394 20.823 22.881 3.661 4.797 1.639 -2.224 -3.863
Samla finan-
sierings-
behov 62.134 55.689 66.754 32.584 13.538 5.617 -4.317 -9.934
Opptatte lån 39.606 41.739 100.197 5.221     16.917
Endring
i ymse
behaldningar -22.528 -13.950 33.443 -27.363     21.234

Hovudtala i statsrekneskapen

       Når ein ser bort frå lånetransaksjonane og overføringane til og frå Statens petroleumsfond, var dei samla utgiftene for staten i 1995 på 368,3 mrd. kroner. Inntektene var på 372,4 mrd. kroner, noko som ga eit overskott i rekneskapen på 4,1 mrd. kroner. Av dette overskottet er 2,0 mrd. kroner sett av til Petroleumsfondet. Netto oljeinntekter var i 1995 på 38,5 mrd. kroner. Viss ein held utgiftene og inntektene knytta til utvinninga av petroleum utanom rekneskapen, viser den eit oljekorrigert underskott på 34,4 mrd. kroner. Samanlikna med 1994 har utgiftene, eksklusive petroleumsverksemd og lånetransaksjonar, gått opp med 1,6 mrd. kroner (1/2 pst). Rekna i reelle verdiar er det ein klar nedgang i utgiftene. Inntektene har auka med 21,7 mrd. kroner (om lag 7 pst). Det oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med om lag 20 mrd. kroner frå 1994 til 1995. Samtidig har netto oljeinntekter gått opp med 12,9 mrd. kroner. Til saman gjer dette at budsjettbalansen er betra med 33 mrd. kroner, frå eit underskott på 28,9 mrd. kroner til eit overskott på 4,1 mrd. kroner.

1.1.1 Avvik frå B.innst.S.nr.III og nysaldert budsjett

Tabell 1.3.2. Avvik mellom budsjettet og rekneskapen for 1995.

  SIII Nysaldert Avvik Rekneskap Avvik
  1 2 3=2-1 4 5=4-2
Overskott før lånetransaksjonar,
ekskl. petroleumsverksemda og
oljeskattar -47.131 -40.507 6.624 -34.436 6.071
Netto inntekter frå
petroleumsverksemda
og oljeskattar 38.390 36.529 -1.861 38.510 1.981
Overskott før lånetransaksjonar
og avsetting til Statens
petroleumsfond -8.741 -3.978 4.763 4.074 8.052
Avsetting til Statens
petroleumsfond 0 0 0 1.981 1.981
Overskott før lånetransaksjonar -8.741 -3.978 4.763 2.093 6.071
Utlån og avdrag, netto 4.797 1.639 -3.158 -2.224 -3.863
Finansieringsbehov 13.538 5.617 -7.921 -4.317 -9.934

Endringar frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett

       Den nysalderte budsjettet har eit oljekorrigert underskott som er 6,6 mrd. kroner mindre enn i vedteke budsjett (B.innst.S.nr.III) for 1995. Bak denne endringa ligg auka inntekter på 9,6 mrd. kroner og auka utgifter på 3,0 mrd. kroner. Vidare er netto oljeinntekter 1,9 mrd. kroner mindre enn i B.innst.S.nr.III, noko som gjer at det samla underskottet er redusert med 4,8 mrd. kroner i det nysalderte budsjettet.

Nærare om avviket mellom rekneskapen og nysaldert budsjett

       I rekneskapen er det oljekorrigerte underskottet 6,1 mrd. kroner mindre enn i det nysalderte budsjettet. Dette skuldast både mindre utgifter (1,3 mrd. kroner) og større inntekter (4,8 mrd. kroner) enn det var budsjettert med. I tillegg vart netto petroleumsinntekter 2,0 mrd. kroner større enn rekna med, slik at det budsjetterte underskottet på 4,0 mrd. kroner vart snudd til eit overskott på 4,1 mrd. kroner. Av dette overskottet vert 2,0 mrd. kroner sett av til Statens petroleumsfond. Det var ikkje lagt opp til noko avsetting til Petroleumsfondet i det nysalderte budsjettet. Det er i meldinga gjort greie for reduserte utgifter og auka inntekter fra nysalderinga til rekneskapen for 1995.

       Rekneskapen for 1995 viser at utgiftene til utlån og avdrag vart 3.290 mill. kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. I dette talet ligg ein reduksjon i dei løyvingane som er overførte til neste år på 23 mill. kroner, medan mindreutgiftene er på 3.313 mill. kroner.

       I Innst.S.nr.24 (1993-1994) om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1992, uttala finanskomiteen at avviket mellom rekneskap og nysaldert budsjett var stort, og ba Regjeringa vurdere om det er mogleg å få til eit større samsvar mellom nysaldering og rekneskap.

       I St.meld. nr. 3 (1993-1994) Statsrekneskapen for 1993 kommenterte departementet merknaden til finanskomiteen slik:

       « Departementet vil vurdere kva som kan gjerast for å kome fram til sikrare overslag i budsjettarbeidet, og vil kome attende til saka i nysalderinga for 1994. »

       I St.prp. nr. 21 (1994-1995) om nysaldering av budsjettet for 1994 uttala departementet mellom anna at det er tre hovedkomponentar som forklarer endringar i underskott før lånetransaksjonar frå nysaldert budsjett til rekneskap:

1. Avvik mellom løyvingar overført til rekneskapsåret og løyvingar overført frå rekneskapsåret
2. Generelt meir- og mindreforbruk
3. Endringar i inntekter

       Konklusjonen i kommentaren var at det ikkje er mogleg å garantere at avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap vert mindre enn det har vore dei siste åra, men at ein vil arbeide vidare med å gjere denne differansen mindre.

       Departementet er framleis oppteken av problemet. I det nye statsrekneskapssystemet legg ein m.a. opp til at ein skal kunne få hyppigare ajourføring og raskare oppdatering av rekneskapen. Dette vil vere eit viktig bidrag for å auke kvaliteten i anslaga.

Utviklinga i nokre ordningar under folketrygda

       Etter fleire år med nedgang i sjukefråveret, auka dette i slutten av 1994 og auken har vorte sterkare i 1995. Frå 1994 til 1995 auka folketrygdas utgifter til sjukepengar med totalt 9,0 % (nominelt) og 6,9 % i faste 1995-kroner. Rekneskapen for 1995 viser at utgiftene vart 1.044 mill. kroner høgare enn B.innst.S.nr.III -95. Av dette skuldast om lag 180 mill. kroner høgare løns- og sysselsettingsvekst enn føresetnaden i B.innst.S.nr.III.

       Attføring omfattar både yrkesretta attføring (under Kommunal- og arbeidsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og Helsedepartementet). Utgiftene til medisinsk rehabilitering har gått ned med 28,6 % frå 1994 til 1995, medan dei for yrkesretta attføring har gått opp med 6,6 %, alle målte i løpande kroner.

       Endringane for medisinsk rehabilitering har vist seg å ha følgjer for talet på uførepensjonistar. Medan auken frå 1993 til 1994 var på 0,6 %, var talet frå 1994 til 1995 om lag 1,1 %. Utgiftene steig med 5,3 %, målt i løpande kroner.

       Det har vore ein auke i talet på alderspensjonistar det siste året òg, med ca 0,1 %. Utgiftene syner ein auke på 2,1 %. Sidan 1990 har auken vore på litt under 2 %. Utgiftene har derimot vakse med 27,2 % i løpande kroner, 13,1 i faste kroner. Dette illustrerer at dei nye pensjonistane har større opparbeidde rettar til tilleggspensjon enn « gårsdagens » pensjonistar. Dette tilhøvet gjeld for andre pensjonsytingar òg, som til dømes uførepensjon.

       Ein ventar ein nedgang i veksten av alderspensjonistar dei næraste åra, innan dei store etterkrigskulla vert pensjonerte rundt år 2010.

       Refusjon av legemiddel på blå resept synte ein auke på 9,6 %, målt i faste kroner. Hovudårsaka er nye og dyrare legemiddel, som til dømes at Imigran vart ført inn på blå-resept-lista. Totalt vart utgiftene til legemiddel i 1995 3.665 mill. kroner, mot 3.264 mill. kroner i 1994.

       Trygdeetaten har eit prosjekt gåande som ser på legers takstbruk, mellom anna for å kartleggje refusjonsordninga. Utgiftene til refusjon til spesialister og allmennleger har auka med respektive 5,7 og 4,3 % siste året, medan det var ei nedgang på 9,1 % til fastlønstilskotet frå 1994 til 1995, alt målt i faste kroner.

       Ein laga framskriving av utgiftene i folketrygda i 1997 både i 1995 og 1996. Framskrivinga som vart utarbeidd i 1996 ligg om lag 1,1 mrd. høgare enn prognosen frå året før (samla for programområda 29 og 30). Auken kjem av i hovudsak større venta utgifter til sjukepengar.

Finansinntekter og finansutgifter

       Staten hadde i 1995 netto renteinntekter på 22.538 mill. kroner og renteutgifter på 20.454 mill. kroner. Frå 1994 til 1995 auka renteutgiftene på innanlands statsgjeld med 341 mill. kroner, noko som for det meste skuldast ein auke innanlands statsgjeld. Renter på utanlands statsgjeld minka med 540 mill. kroner i 1995, hovudsakleg fordi utanlands statsgjeld vart redusert i denne perioden.

       Renteinntektene frå statsbankane minka med 2.047 mill. kroner frå 1994 til 1995. Dette kan både forklarast med ein reduksjon i rentesatsen på diverse lån til statsbankane og ein reduksjon i utlån til statsbankane.

Statens balansekonto

Tabell 5.2. Statens eignelutar og gjeld (mill. kroner)

  1994 1995 Endring
Eignelutar:         
Bank- og postgirokonti m.m. 78.007 100.649 22.642
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar 8.090 9.386 1.296
Verdipapir 11.500 11.478 -22
Utlån og uteståande krav 190.422 181.911 -8.511
Forskott 803 705 -98
Kapital i statsbankane 7.561 7.561   
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 35.743 36.610 867
Fast kapital i statsbedriftene 119.373 131.847 12.474
Valutautbyte -1.124 -2.956 -1.832
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs -4.324 -3.458 866
Valutakursregulering, statens
utanlandsgjeld   -4.621 -4.621
  446.051 469.112 23.061
Gjeld:         
Statsgjelda 290.216 290.758 542
Kontolån frå fond under
Finansdepartementets forvaltning 3.612 3.358 -254
Deposita og avsetjingar 9.324 12.805 3.481
Utferda gjeldsbrev for den ikkje betalte
delen av grunnfond i statsbankane 3.541 3.541   
Overførte utnytta løyvingar 9.089 11.760 2.671
Avslutningskonto 130.269 146.890 16.621
  446.051 469.112 23.061


       Statens balansekonto omfattar ikkje investeringar i t.d. bygging av vegar, flyplassar og sjukehus. Slike investeringar vert tekne til utgift i det året aktiviteten går føre seg, og kjem derfor ikkje til uttrykk på balansekontoen. Investeringar i forretningsdrifta vert derimot aktiverte og kjem med på balansekontoen for fast kapital.

       I 1995 var statens totale inntekter 451.006 mill. kroner og dei totale utgiftene 446.689 mill. kroner. Dette gav eit finansieringesoverskott på 4.317 mill. kroner.

       Finansieringsoverskottet og statslånemidler på 16.917 mill. kroner gav ein auke i ymse behaldningar på 21.234 mill. kroner. Totalt auka sum eigneluter med 23.061 mill. kroner, kor dei største endringane skuldast auken i bank og postgiro på 22.642 mill kroner og auken i statens faste kapital på 12.474 mill. kroner. Auken i statens faste kapital skriv seg for det meste frå ein netto auke i investeringar på 10,4 mrd. kroner i Statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       I 1995 minka utlån og uteståande krav med 8.511 mill. kroner. Av dei var 570 mill. kroner avdrag betalt av SF Statkraft. Frå 1994 til 1995 auka deposita og avsetjingar med om lag 3.481 mill. kroner. Av dette skriv 1.464 mill. kroner seg frå ein auke i avsetting til Statens petroleumsforsikringsfond og ei avsetting til Statens petroleumsfond på 1.981 mill. kroner i 1995. Overførte unytta løyvingar auka med 2.671 mill. kroner frå 1994 til 1995.

       Finansdepartementet har i 1995 sett i verk ei vurdering av statens kapitalrekneskap (balanse) med målsetting å forbetre presentasjonen og kvaliteten av dei data som ligg inne i denne balansen.

       Ein førebels gjennomgang syner at det vil kunne vere behov for å regulere einskilde kapitalrekneskapspostar under nokre av departementa.

       Finansdepartementet vil komme med ei nærare orientering om arbeidet og resultatet av gjennomgangen for Stortinget.

Garantiar

       Garantiane hadde ved utgangen av 1995 ei samla ramme på 141,2 mrd. kroner og eit samla ansvar på 104,8 mrd. kroner.

       Samla utbetalingar var på 422,0 mill. kroner i 1995.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for garantiar under GIEK.

       Den nye alminnelege garantiordninga er samansett av ein Forretningsdel for kortsiktig eksportkredittforsikrings- og garantiverksemd, samt ein Samfunnsdel for dei øvrige garantitilboda. GIEK kunne i 1995 i tillegg gi garantiar under Tilbodsgarantiordninga. Garantiordninga for investeringar i og eksport til utviklingsland ( « NORAD-ordninga »), samt dei særskilde garantiordningane for SUS/Baltikum, Øst-Europa og Polen (« Polen II »).

Offentlege fond

       Rekneskapen for 1995 omfattar 105 fond, mot 106 i 1995.

       Det har i 1995 kome til 3 nye fond:

- Fond for regional utvikling i fylke og kommunar
- Kriminalomsorgsfondet
- Prisreguleringsfondet

       Med rekneskapen for 1995 fell desse fonda bort:

- Hvalkonsesjonsavgiftsfondet
- Nærfjernsynsfondet
- Nærradiofondet
- Produksjonsfondet for kino og fjernsynsfilm

       Fonda har i 1995 hatt ei samla inntekt på 43.124 kroner og ei samla utgift på 43.449 mill. kroner. Det gjev eit samla driftsunderskott på 325 mill. kroner.

       Samla kapital i fonda pr. 31. desember 1995 er 5.696 mill. kroner. Andre kreditorar utgjer til saman 1.705 mill. kroner.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun og Signe Øye, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, og representanten Stephen Bråthen, tar redegjørelsen i meldingen vedrørende statsregnskapet for 1995 til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Klara G Tveit, og Rød Valgallianse, Erling Folkvord, har merket seg de betydelige avvik mellom det vedtatte statsbudsjettet og statsregnskapet. Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen i sin retorikk overfor opposisjonen på Stortinget vektlegger budsjettbalanse og ansvarlighet i forhold til de tall Regjeringen legger til grunn i sitt fremlegg til nasjonalbudsjett for 1997. Det er i den sammenheng interessant å se hvilke historiske erfaringer man har i forhold til avvik mellom budsjett og regnskap, slik St.meld. nr. 3 gir adgang til.

       Disse medlemmer mener at både Regjeringens formaninger i høstens budsjettdebatt og den betydning som tillegges de til dels små beløp i budsjettforhandlingene, får andre proporsjoner når man sammenlikner med de betydelige avvik mellom statsregnskap og statsbudsjett. Avvik mellom statsbudsjett og statsregnskap for 1995 illustrerer hvilke endringer statsfinansene kan tåle uten at det oppstår vesentlige merkbare økonomiske virkninger. Underskuddet før lånetransaksjoner, eksklusive petroleumsvirksomheten og oljeskatter ble f.eks. redusert med 12.695 mrd. kroner fra B.innst.S.nr.III til statsregnskapet for 1995.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til Høyres budsjettalternativ for 1995 slik det fremgår av B.innst.S.nr.I (1994-1995). Dette alternativet ville sikret en lavere vekst i statsbudsjettets utgifter og et større overskudd enn det som nå er resultatet. Det faktum at statsbudsjettets balanse er blitt vesentlig bedre enn det som lå til grunn ved budsjettbehandlingen viser viktigheten av å konsentrere oppmerksomheten om en kontroll med statsbudsjettets utgifter. Det sterke innslaget av petroleumsinntekter på statsbudsjettets inntektsside gjør at balansen blir et resultat av pris- og produksjonsutviklingen innenfor petroleumssektoren .

       Disse medlemmer vil videre peke på at det marginale overskuddet regnskapet for 1995 viser ikke på noen måte står i forhold til de fremtidige forpliktelsene staten har bygget opp gjennom 1995, blant annet gjennom folketrygden, og som ikke fremkommer av statsregnskapet.

       Komiteen viser til meldinga og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 3 (1995-1996) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda for budsjett-terminen 1995 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 29. oktober 1996.

Bjørnar Olsen, Per-Kristian Foss,
leder og ordfører. sekretær.