Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Integrering av region Fornebu og region Gardermoen i Oslo Hovedflyplass AS

6.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om integrering av region Fornebu og region Gardermoen i Oslo Hovedflyplass AS.

       Det går fram av St.prp. nr. 90 (1991-1992) Utbygging og finansiering av hovedflyplass på Gardermoen, at Oslo Hovedflyplass AS skal gå over til driftsselskap når bygginga av flyplassen er ferdig.

       Styret for Luftfartsverket har i samråd med styret for Oslo Hovedflyplass AS vedteke at drifta av regionane Fornebu og Gardermoen skal integrerast så raskt som mogleg i den framtidige driftsorganisasjonen for hovudflyplassen. Oslo Hovedflyplass AS har etter dette søkt om konsesjon for drift av Oslo Lufthavn, Fornebu, og dagens Oslo Lufthavn, Gardermoen.

       Når den nye hovudflyplassen på Gardermoen opnar 4. oktober 1998, skal Oslo Hovedflyplass AS utføre dei oppgåvene som i dag blir gjort av dei tilsette i regionane Fornebu og Gardermoen. Det er dei tilsette ved disse regionane som innanfor rammevilkåra for Oslo Hovedflyplass AS vil utgjere kjernen i den framtidige driftsorganisasjonen på den nye hovudflyplassen.

       Departementet har funne det organisasjonsmessig ønskeleg å leggje det samla ansvaret for drift og utbygging på toppnivå til ein og same organisasjon, dvs. Oslo Hovedflyplass AS, for å unngå eventuelle organisatoriske kompetanseproblem mellom ein driftsorganisasjon og ein utbyggingsorganisasjon.

       Ettersom Oslo Hovedflyplass AS er eit privat rettssubjekt må selskapet ha konsesjon for å byggje og drive landingsplass, jf. § 7 - 5 i lov av 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart. Ein føreset at konsesjon for drift av Oslo lufthavn, Fornebu, og for Oslo lufthavn, Gardermoen, blir gitt før ein set oppdragsavtalen i verk, og at konsesjon blir gitt på dei vilkåra som Kongen finn å krevje.

       Når det gjeld oppdragsavtalen mellom Luftfartsverket og Oslo Hovedflyplass AS, kan det visast til pkt. 3.4.3 i proposisjonen. Samferdselsdepartementet vil streke under at oppdragsavtalen ikkje fører med seg delegering av styresmakt som er tillagt forvaltningsbedrifta Luftfartsverket.

       Dei tilsette i region Fornebu og region Gardermoen har fått tilbod om overgang til Oslo Hovedflyplass AS. Arbeidstakarane har akseptert tilbodet og vil etter at oppdragsavtalen er sett i verk ikkje lenger vere tilsette i statstenesta.

       Ein føresetnad for oppdragsavtalen mellom Luftfartsverket og Oslo Hovedflyplass AS er at alle inntekter frå drifta av flyplassane skal tilførast Luftfartsverket slik som tidlegare. Oppdragsavtalen vil dermed kunne gjennomførast utan å påverke inntektene til Luftfartsverket.

       Integrasjonen vil med dette ikkje ha noen budsjettverknad ut over dei fullmakter Luftfartsverket har til å fravika sitt eige drifts- og investeringsbudsjett.

6.2 Komiteens merknader

       Komiteen vil vise til mottatt brev av 15. mai 1996 fra Samferdselsdepartementet der det blir gjort kjent at Styret for Oslo Hovedflyplass AS 10. mai 1996 vedtok å endre navnet på aksjeselskap til Oslo Lufthavn AS. Komiteen tar dette til følge og vil nytte det nye navnet i forslag til vedtak.

       Komiteen har ingen merknader til at region Fornebu og region Gardermoen allerede nå blir integrert i Oslo Hovedflyplass AS (Oslo Lufthavn AS), dvs. før bygginga av flyplassen er ferdig og Oslo Hovedflyplass AS etter planen i St.prp. nr. 90 (1991-1992) skulle gå over til driftsselskap når bygginga av flyplassen er ferdig.

       Komiteen har merket seg at integreringa som foreslås gjennomført tidligere enn opprinnelig planlagt, ikke vil ha noen budsjettvirkninger utover de fullmakter Luftfartsverket har til å fravike sitt drifts- og investeringsbudsjett.

       Komiteen har merket seg at de ansatte har fått tilbud om overgang til Oslo Hovedflyplass AS og har akseptert tilbudet.