2. Komiteen sine merknader
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Meløy, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, vil peika på at norsk næringsliv treng god tilgang på investeringskapital for vidareutvikling og etablering av nye arbeidsplassar og for å sikra dei eksisterande arbeidsplassane. Denne kapitalen må koma frå både innanlandske og utanlandske investorar.
Dei store norske bedriftene vil dessutan trenge eigarar som i tillegg til kapital kan tilføra industriell kompetanse, kunnskap og tilgang til marknader og bedriftsnettverk.
Fleirtalet vil syna til at mange av landa det er naturleg for Norge å samanlikna seg med, har reglar som tek sikte på å stilla krav til eigarskapet i næringslivet sitt.
Fleirtalet meiner det er viktig at vi har eit lovverk som gjer det mogleg å ivareta nasjonale mål for den næringspolitiske utviklinga. Det er til dømes svært viktig å sikra seg mot utflytting og nedlegging av levedyktige bedrifter. Vi må derfor ha reguleringsformer som tek sikte på å hindra « stripping » m.a. av eksisterande bedrifter eller flytting av produksjon og utstyr ved oppsplitting av konsern.
Fleirtalet ser det også som nasjonal interesse å halda oppe spesiell kompetanse på produksjon og motverka oppkjøp som kan føra til at nasjonal kunnskap og teknologi vert ført ut av landet. Samstundes er det viktig å bevara sterke norske forskings- og utviklingsmiljø for å oppnå vekst i næringslivet vårt.
Fleirtalet syner til at både LO, NHO og andre sentrale aktørar innan arbeidslivet har understreka kor viktig det er å oppretthalda norsk eigarskap i næringslivet. Det blir m.a. gitt uttrykk for at tilhøyring til eigarskapet er avgjerande når den enkelte bedrifta står overfor viktige vegval.
Fleirtalet syner vidare til at Norge har ein høg andel av utanlandsk eigarskap og ligg nå på Europatoppen med 1/3 utanlandsk eigarandel av selskapa på Oslo Børs. Dette er ei sterk utfordring til utforminga av norsk næringspolitikk, slik at det sikrar stabilt eigarskap med ei hovudvekt på norske eigarar og investeringar i Fastlands-Norge.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til dokumentet og gir fylgjande tilråding:
« Dok.nr.8:83 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen og Erik Solheim om å be Regjeringen fremme forslag om endringer i lov om ved erverv av næringsvirksomhet - vert avvist. »
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti syner til Innst.O.nr.16 (1995-1996) om lov om erverv av næringsvirksomhet 1994-95 som gjev styresmaktene rett til å gripe inn dersom det utviklar seg ein struktur i enkeltbedrifter eller i enkeltsektorar som vil kunne gje sterk markedsmakt og/eller strategisk kontroll over konkurrentar.Desse medlemene vil peike på at det er viktig å ha eit godt lovverk som tek vare på nasjonale mål for næringsutviklinga og informasjonsplikta til dei mange sysselsette i bedriftene. Desse medlemene syner vidare til at dagens lov, førearbeid og premiss tek vare på desse interessene.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er svært viktig å ha eit lovverk som kan gi nasjonale fortrinn for å sikra norsk eigarskap i næringslivet og sikra nasjonal kontroll med forvaltinga av dei rikaste naturressursane. Det er nettopp nasjonal styring som har skapt grunnlag for velstand og jamn fordeling i Norge.
Desse medlemene ser det som uheldig at styresmaktene ikkje har nokon strategi for eigarskap i næringslivet, og ser fram til at Stortinget skal få ei melding på dette for å få drøfta dette skikkeleg. Her er det viktig å unngå at nasjonalt eigarskap må vika på grunn av utanlandske oppkjøp av norsk industri.
Desse medlemene fryktar at nåverande lovgiving kan gi store fylgjer for sysselsettinga ved at meldeplikta for erverv er sett så høgt. Overtaking av store eigarposisjonar i eit selskap kan derfor gjerast utan nokon samfunnsmessig kontroll av oppkjøparane.
Med denne bakgrunn vil desse medlemene støtta det framlagde forslaget i Dok.nr.8:83 (1995-1996).
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet tar utgangspunkt i de utfordringer Norge står overfor med hensyn til å være et interessant investeringsområde for såvel norske som for utenlandske investorer. I denne sammenheng vil disse medlemmer vise til sine merknader i Innst.O.nr.16 (1994-1995).
Disse medlemmer viser videre til at forslaget omtaler fare for privat eierkonsentrasjon og manglende statlige styringsmuligheter som en begrunnelse for forslaget, jf. omtalen under avsnittet « Finanslovgivningen ». Disse medlemmer er av den oppfatning at dette ikke er et problem i forhold til eierskap i Norge i dag. Etter disse medlemmers mening er det virkelige problem i Norge i dag den eier- og maktkonsentrasjon som forefinnes på statens hånd, og den sterke styringsvilje som staten i dag uttrykker.
Disse medlemmer tar avstand fra en utvikling hvor politikere og fagforeninger tilriver seg ytterligere makt på bekostning av eierne av norske bedrifter. Disse medlemmer ønsker et næringsliv hvor eierne tar flere avgjørelser og politikerne færre avgjørelser enn i dag.
Disse medlemmer understreker at den viktigste forutsetningen for å beholde store privateide bedrifter under norsk kontroll, og styrking av norske eiermiljøer og stimulere til langsiktige investeringer er at norske investorer møter vilje til positiv tilrettelegging fra myndighetenes side, som kan sikre langsiktig konkurranseevne.
Disse medlemmer mener at det fremlagte forslag ikke på noen måte har denne intensjonen, og vil på denne bakgrunn stemme imot forslaget.
Komiteen syner elles til dei ulike partia sine merknader i Innst.O.nr.16 (1994-1995) om lov om erverv av næringsvirksomhet.