1. Samandrag
1.1 Innleiing
Stortinget drøfta våren 1985 St.meld. nr. 70 (1993-1994) om verneplikt. Spørsmål om innhaldet i siviltenesta har seinare ikkje vore teke opp til drøfting i Stortinget. På denne bakgrunnen legg Regjeringa fram ei stortingsmelding med ein samla gjennomgang av den sivile tenesteplikta, m.a. sett i lys av endringar av den militære førstegongstenesta.
I meldinga vert m.a. fristaksordningane i andre land gjennomgått. Det vert vidare gjeve ei vurdering av dagens arbeidsoppgåver for sivile tenestepliktige. Departementet meiner at arbeidsoppgåvene i liten grad er målstyrte og det vert føreslått at siviltenesta skal vere samfunnsnyttig og vernerelevant i høve til alminneleg verneplikt. Departementet meiner det òg bør opnast for å gje kvalifiserte personar høve til å avtene delar av tenesta i utlandet når ein gjer teneste i ein hjelpeorganisasjon. Overordna i meldinga er at dei sivile tenestepliktige skal utgjere ein del av totalforsvaret. Arbeidet i fredstid skal vere ei førebuing og trening for dei funksjonar som skal fyllast under ei eventuell mobilisering.
På bakgrunn av dei endringane som har skjedd i Forsvaret vil departementet vurdere tenestetida for dei sivile tenestepliktige.
I meldinga vert det også gjort greie for førskulen for sivile tenestepliktige. Det vert stilt spørsmål ved den reelle nytteverdien av vesentlege delar av dagens undervisning, og dagens førskule framstår ikkje som noko varig løysing.
Meldinga tek vidare opp handsaminga av søknader om fritak. Det vil bli føreslått at vernepliktige skal kunne fritakast på bakgrunn av eigenerklæring om at dei ikkje kan utføre militærteneste, utan ei prøving av alvoret i overtydinga. Ordninga skal kunne gjerast om dersom Kongen vedtek det.
Departementet går inn for at administrasjonsordninga for dei sivile tenestepliktige held fram som i dag. Resultatet av ein mogleg reduksjon i lengda på tenestetida til t.d. fjorten månader, vil gje ei kostnadsinnsparing på 25,3 mill. kroner. Ein enklare søknadsprosedyre vil føre til vesentlege økonomiske innsparingar for politiet, for Regjeringsadvokaten og for domstolane.
1.2 Utvikling av den sivile tenesteplikta
I meldinga vert rettsutviklinga på militærnektarområdet fram til gjeldande lov av 19. mars 1965 gjennomgått. Det vert òg gjeve eit oversyn over arbeidsoppgåver frå 1920-åra og fram til i dag. Det framgår av oversynet at dei tenestepliktige tradisjonelt har vore sysselsette med gardsdrift og skogsdrift. Frå midten av 1960-åra har tenestepliktige i større grad fått oppgåver innan helsevesenet. Tidlegare kunne mannskap som vart pålagt tvangsmessig avtening av tenestetida setjast i fengsel. Denne ordninga vart oppheva frå 1991, og det vart opna for at tvangsmessig avtening kunne skje hjå ordinære oppdragsgjevarar. Gjeldande retningsliner for arbeidsoppgåver for dei sivile tenestepliktige byggjer i hovedusak på handsaminga av St.meld. nr. 37 (1966-1967).
1.3 Lovgjevinga i andre land
I NATO-landa er lengda av samfunnstenesta varierande - frå same tid som militær førstegongsteneste til meir enn det dobbelte. Innhaldet i tenesta varierer frå land til land.
I Danmark kan vernepliktstenesta avtenast i Forsvaret, i Sivilforsvaret, som bistandsarbeid i u-land, eller som sivilt arbeid. Det vert ikkje gjort noko prøving av alvoret i søkjaren si overtyding om å nekte militærteneste. Den militære førstegongstenesta i Danmark varierer frå fire til tolv månader. Lengda på det sivile arbeidet skal tilsvare tenestetida innan Forsvaret eller Sivilforsvaret som vedkomande er overført frå. Alle sivile tenestepliktige gjennomgår kurs ved skulen for dei sivile tenestepliktige. Dei tenestepliktige kan normalt velje arbeidsstad ut frå interesse, og vert plasserte i helsetenesta, ved kulturelle institusjonar, FN-organisasjonar, miljøvernorganisasjonar eller kyrkjelege organisasjonar.
Førstegongstenesta i Sverige utgjer maksimalt 615 dagar med tillegg av repetisjonsøvingar avgrensa til 240 dagar. Den våpenfrie tenesta er inndelt i grunnutdanning og repetisjonsøvingar avgrensa til høvesvis 320 og 240 dagar. Den våpenfrie tenesta skal utførast i verksemd som har verdi for samfunnet under beredskap og krig, men mannskapet skal berre gjere teneste i Forsvaret dersom han sjølv er viljug til det. Alle skal gjevast ei utdanning som kan nyttast ved krigsplassering, og dei vert krigsplasserte i ein krigsorganisasjon.
Heller ikkje i Finland vert inhaldet og alvoret i søkjaren si overtyding prøvd. Den militære førstegongstenesta er frå 8 til 11 månader, og tenestetida for sivile tenestepliktige er som hovudregel 395 dagar. Tenesta skal vere samfunnsnyttig, og kan utførast i helse- og sosialsektoren, i undervisning eller innan kultur eller miljøvern. Dei tenestepliktige skal ikkje gjevast oppgåver som er i strid med deira overtyding. Sivilteneste kan ikkje utførast i utlandet.
1.4 Innhaldet i siviltenesta
Etter militærnektarlova § 10 skal siviltenesta vere av sivil karakter, og stå under sivil leiing. Dei tenestepliktige bør normalt ikkje gjevast oppdrag utan at oppdragsgjevar stiller kvarter til rådvelde. Dei kan ikkje utføre tenesta i si ordinære stilling og som hovudregel ikkje utanlands. Dei tenestepliktige må ikkje erstatte ordinær arbeidskraft. Dei kan få oppgåver innan ulike sektorar, og over halvparten av arbeidsoppdraga knyter seg til helse- og sosialsektoren. Eit anna stort område er humanitært arbeid.
Ved siviltenesteadministrasjonane på Hustad og Dillingøy var det i 1994 ei ventetid på om lag 9 månader frå overføring til sivilteneste til innkalling. Opphaldet i leirane er kortvarig. Om lag 80 % av mannskapa har vorte rulleførte i Sivilforsvaret etter endt sivilteneste.
I 1987 vart det innført ei prøveordning der sivile tenestepliktige skulle kunne gjere førstegongsteneste i Sivilforsvaret. Av evalueringa av prøveordninga framgår det at nytteverdien for Sivilforsvaret ikkje står i høve til ressursinnsatsen. Ein ønskjer derfor å innføre ein ny modell for tenesten med ein reduksjon av opplæringstida.
Om lag 8 % av dei tenestepliktige har forskingsprega arbeid. På grunn av den særlege fordelen slike oppdrag inneber, vart det gjort ei innstramming i høve til slik teneste etter Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 70 (1983-1984). Oppdrag som krev særleg kvalifisert personell, eller der det dreier seg om kompetanseoppbygging som har samanheng med mannskapet si utdanning, vert ikkje lenger godkjent.
Departementet meiner at siviltenesta i dag i liten grad er målstyrt og at ressursane bør nyttast meir målretta. Arbeidsoppgåvene i fredstid bør vurderast ut frå behov i ein krigs- eller krisesituasjon. Helse- og sosialsektoren er ein sektor som vil bli gitt høg prioritet ved mobilisering. Det gjeld og andre område som til dømes kraftforsyning, telekommunikasjon eller transport.
Vernepliktutvalet meinte at dei sivile tenestepliktige burde få ein meir vernerelevant teneste. Ein del av utvalet meinte at ein burde opprette eit sivilt katastrofekorps blant sivile tenestepliktige som skulle vere et supplement til Sivilforsvaret, og at dei tenestepliktige òg burde setjast til arbeid i organisasjonar med fredsbyggjande føremål i større grad enn i dag. Dei tenestepliktige meiner det er av stor verdi at ein set mål for tenesta. Dei tillitsvalde har gjeve uttrykk for at siviltenesta bør ha som mål å vere vernerelevant og samfunnsnyttig, at den ikkje skal konkurrere med vanlege arbeidsplassar, og at den må oppfattast som meiningsfylt av sivilarbeidarane. Av nye tenesteoppdrag meiner dei m.a. at fredsrelatert teneste i u-land bør vere aktuelt.
Departementet fremmer forslag om følgjande målformulering for innhaldet i den sivile tenesteplikta: « Siviltjenesten skal være samfunnsnyttig og herunder vernerelevant i forhold til den alminnelige verneplikt. »
Tenesta bør ta sikte på vern om spesielt utsette grupper, vern om natur og miljø, internasjonal solidaritet og vern i relasjon til samfunnets infrastruktur. Dei sivile tenestepliktige bør søkjast krigsdisponerte til sivile oppgåver. Tenesta bør knytast til følgjande hovudsektorar: helse- og sosialsektoren, natur- og miljøvernsektoren og katastrofe- og krigsberedskap i inn- og utland medrekna Sivilforsvaret. Også kulturelle, humanitære eller vitskaplege føremål skal kunne få sivile tenestepliktige. Når det gjeld førstegongstenesta i Sivilforsvaret, meiner departementet at den framleis må baserast på frivillig deltaking. Det bør dessutan opnast for å la dei tenestepliktige få utplassering i samband med katastrofe- og kriseberedskap til eksisterande hjelpeorganisasjonar. Einskilde personar kan få utanlandsteneste i område der hjelpeorganisasjonen driv humanitært arbeid. I hovudsak skal likevel tenesta avviklast innanlands. Sivile tenestepliktige kan i dag som hovudregel ikkje utføre teneste utanlands. Departementet meiner ein bør opne for denne typen praksis i eit avgrensa omfang. For ikkje å få nokon ugunstig forfordeling av sivile tenestepliktige, kan det vere aktuelt å auke tenestetida for slike oppdrag.
Eit overordna mål er at dei sivile tenestepliktige skal utgjere ein del av totalforsvaret. Departementet tek derfor sikte på å gjennomføre rulleføring av sivile tenestepliktige, slik at desse på line med militært mannskap er disponerte for teneste i ein krigs- eller krisesituasjon, men til sivile føremål. Ein tek sikte på å vidareføre dagens ordning slik at mannskap ikkje vert gjeve rett til å reservere seg mot slik rulleføring i Sivilforsvaret etter avslutta førstegongsteneste. Dei tenestepliktige bør som eit utgangspunkt krigsdisponerast innan den sektoren der dei har gjort førstegongsteneste. Det vil framleis vere eit utgangspunkt at dei tenestepliktige ikkje skal stengje ute ordinær arbeidskraft.
Dei framtidige hovudarbeidsoppgåvene skal relaterast til dei hovudsektorane som er skisserte ovanfor. Det vert likevel føreslått at ein og opnar for å prøve ut alternative tenesteområde og andre former for tenesteplassering, t.d. ved å opprette prosjekt der det synes tenleg. Ved slike tenesteoppdrag bør tenesteadministrasjonane ha rett til heilt eller delvis å sjå vekk frå gjeldande rammer for tenesteplassering, t.d. reglane om betaling av oppdragsgjevar, hybelhald, osb.
Merknader frå komiteen
Etter komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti si meining skal prinsippet om allmenn verneplikt innebera at og sivilarbeidarar som hovudregel skal vera pliktige å delta i landsvern i vidaste forstand i krigs- og krisesituasjonar.
Fleirtalet meiner difor at siviltenesta skal ta utgangspunkt i førebyggjande fredsarbeid og i trongen for førebuingar til krigs- og krisedisponering. Sivilarbeidarane utgjer ein stor forsvars- og samfunnsressurs som eit samfunn med så vidt mange uløyste oppgåver ikkje har råd til å kasta vrak på. Dette inneber at det må verta lagt langt meir vekt på innhaldet i tenesta, der dei tenestepliktige kan få opplevinga av å ha utført eit meiningsfullt arbeid.
Vern av landet kan skje på mange ulike måtar. Vernebegrepet må omfatta meir enn den tradisjonelle, militaristiske definisjonen. Den må favna både førebyggjande fredsarbeid og landsvern utan våpen i ein krigs- eller krisesituasjon ved sida av det militære forsvaret. Ein slik utvida definisjon av verneomgrepet kan også føra til færre totalnektarar.
Fleirtalet stør departementet si inndeling i sektorvise arbeidsoppgåver, men vil tilrå at fredsarbeid vert definert som eigen sektor. Det innanlandske fredsarbeidet vil i stor grad omhandla valdsførebyggjande tiltak mellom barn og unge. Fleirtalet reknar med at offentleg sektor og friviljuge organisasjonar samarbeider så breitt som mogleg om den praktiske tilrettelegginga, men likevel slik at begge kan stå uavhengig ansvarlege for prosjekta. Fleirtalet er nøgd med at departementet opnar for at siviltenesta kan avtenast utanlands.
Fleirtalet legg vidare avgjerande vekt på at det utanlandske fredsarbeidet skal skje i eit samarabeid mellom organisasjonane og Siviltenesteadministrasjonen. Det er viktig at organisasjonane har innverknad på både innhaldet i arbeidet og kven som kan delta i slikt arbeid. Fleirtalet legg og til grunn at utanlandsk fredsarbeid ikkje utelukkande tyder bistandsarbeid, men og demokratibyggjing og anna internasjonalt solidaritetsarbeid. Fleirtalet går i tillegg ut frå at aktuelle hjelpeorganisasjonar vert særskild godkjende av departementet som mottakarar av sivile tenestepliktige.
Fleirtalet kan elles ikkje sjå at det skal vera naudsynt å ha lengre tenestetid for dei som har tenesta si i utlandet, bortsett frå eventuell tid som går med til ekstraordinær opplæring.
Fleirtalet legg til grunn at og tenestepliktige som nektar teneste i Sivilforsvaret skal utføra teneste som leiar fram til krigs- og krisedisponering. Desse skal likevel vera fritekne for teneste som vil koma i konflikt med nektingsgrunnlaget deira, til dømes innafor kommunikasjonsverksemder.
Fleirtalet går vidare ut frå at det kan bryta med prinsippet om førebuing til krigs- og krisedisponering å avgje personell til utprega kulturelle og vitskaplege føremål. Fleirtalet oppfordrar difor departementet om ikkje å avgje personell til desse oppgåvene med mindre dei kan definerast innafor ramma av førebuande eller fredsskapande teneste. Fleirtalet bed og departementet om å gjera ein ny gjennomgang av kva som kan vera passande arbeid i tråd med dette prinsippet. Å finna fram til nye former for eigna arbeid er og viktig for ikkje å koma i konflikt med prinsippet om at siviltenestepliktige ikkje skal erstatta ordinær arbeidskraft. Fleirtalet ser med uro på at nokre av dei eksisterande arbeidsoppgåvene ikkje møter dette kravet.
Fleirtalet er oppteken av at det norske forsvaret må kunna byggja på to pilarar, der både det militære og det sivile forsvaret har ein naturleg plass. Fleirtalet er òg kjend med at dei tenestepliktige som har førstegongstenesta si innafor Sivilforsvaret stort sett er positive til denne tenesta, og fleirtalet ynskjer difor å oppretthalda denne ordninga. Fleirtalet vil likevel leggja vekt på at dei tenestepliktige skal kunna kreva ei fullgod opplæring til den tenesta dei skal stå i, og er difor skeptisk til ein reduksjon i opplæringstilbodet for denne gruppa. Det må vere mogeleg å reservera seg frå å utføra siviltenesta i Sivilforsvaret.
Fleirtalet er elles einig i at det i einskilde høve skal vera mogleg for tenesteadministrasjonen å fråvika reglane om gjeldande rammer for tenesteplassering under utprøving av nye tenesteområde.
Det er etter fleirtalet si vurdering åpenbart at det eksisterer store ikkje-militære trugsmål mot både samfunn, innbyggjarar og miljø. Omfattande miljøproblem, det internasjonale fattigdomsproblemet, angrep på verdifulle og verneverdige demokratiske og etiske verdiar samt opplevinga av aukande vald i samfunnet er nokre eksempel på trugsmål som er svært reelle. Innafor desse områda bør ei vernerelatert sivilteneste kunna ha ei stor oppgåve som konfliktførebyggjar. Siviltenesta kan sjølvsagt òg ha ein rolle å spela som konfliktførebyggjar og -løysar i dei meir tradisjonelle konfliktane.
Fleirtalet meiner at sivilarbeiderane må sjåast på som ein ressurs som skal brukast i forsvaret av Noreg, både mot militære og ikkje-militære fiender. Samstundes er det svært viktig for eit demokrati at ein ikkje set dei sivile tenestepliktige til oppgåver som er i strid med deira grunnleggjande overtyding i vitale samvetsspørsmål.
Fleirtalet meiner vidare at det er svært viktig å ta utgangspunkt i sivilarbeiderane sine kvalifikasjonar og nytta desse fullt ut. I dag nyttar Forsvaret sine mannskap best mogleg ved å setja mannskap med spesielle kvalifikasjonar inn i arbeidsoppgåver som krev nettopp slike kvalifikasjonar. Mellom anna vert særskilt kvalifiserte soldatar sette til forskningsprega arbeid ved Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI). Vidare vert tenestepliktige soldatar med relevant bakgrunn nytta i samarbeidsprosjekt mellom NTH og Forsvaret. Både utfrå eit samfunnsperspektiv og eit forsvarsperspektiv bør det same gjerast gjeldande for sivile tenestepliktige.
Fleirtalet meiner at det vil styrka landet si motstandsevne å inkludera eit ikkjevaldselement som ein del av totalforsvaret. Opplæring i ikkjevaldelege motstandsformer vil tena til å styrka Noreg si motstandsevne. Det er i denne samanhangen verd å merka seg at dei sivile tenestepliktige sjølv ber om å få nødvendig opplæring i vernerelevante oppgåver som samsvarer med den ærlege overtydinga staten har akseptert ved fritak for militærteneste.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti fremmer etter dette forslag om følgjande målformulering for den sivile tenesteplikta:
« Siviltenesta er ein del av den alminnelege verneplikta. Den skal vera vernerelevant i høve til fredsskapande arbeid og i høve til å førebu mannskapa på ein mogleg beredskapssituasjon. Det bør leggjast vekt på konfliktførebyggjande, fredsbevarande og samfunnsnyttig arbeid i tenesta. »
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet er kjent med at militærnekterloven ikke definerer noe spesielt mål for siviltjenesten. Disse medlemmene har merket seg at Regjeringen foreslår følgende målformulering for tjenesten:
« Siviltjenesten skal være samfunnsnyttig og herunder vernerelevant i forhold til den alminnelige verneplikt. »
Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen på denne måten setter tjenesten inn i en vernepliktsramme. Tjenesten er i dag i for liten grad målstyrt, og i for liten grad rettet inn mot å fylle sivile oppgaver i en krise- eller krigssituasjon. Disse medlemmer mener denne målformuleringen må få klare konsekvenser for hvilke oppgaver sivile tjenestepliktige kan settes til å utføre. Disse medlemmer mener det må legges særlig stor vekt på tjenestens vernerelevans.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at øket vektlegging av tjenestens vernerelevans innebærer at vern om natur og miljø og arbeid for internasjonal solidaritet ikke uten videre faller naturlig inn under de oppgaver siviltjenesten skal ivareta.
Disse medlemmer er spesielt skeptisk til at sivile tjenestepliktige skal benyttes til voldsforebyggende tiltak blant barn og ungdom, tjeneste i fredsrelevante organisasjoner og til tjeneste i utlandet. Disse medlemmer mener denne type tjeneste lett vil komme i strid med tjenestens formål. Disse medlemmer vil også advare mot at tjenesten gis et innhold som medfører at siviltjeneste oppfattes som mindre byrdefullt enn ordinær militær førstegangstjeneste. Behovet for dette understrekes ytterligere når det foreslås endringer i fritaksreglene som i praksis vil gjøre det enklere å slippe unna ordinær førstegangstjeneste.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet ser det hensiktsmessig å dele tjenesten inn i hovedsektorer, slik meldingen legger opp til. Avgivelse av sivile tjenestepliktige til Sivilforsvaret bør opprettholdes i samme utstrekning som i dag, eller i den grad Sivilforsvaret har behov for det.
Disse medlemmer understreker betydningen av intensjonen i meldingen om at de sivile tjenestepliktige skal utgjøre en del av totalforsvaret og at det arbeid de utfører i fredstid, vil innebære en forberedelse og trening for de funksjoner de skal fylle under en eventuell mobilisering. Disse medlemmer støtter Regjeringen i at Siviltjenesteadministrasjonen i større grad enn nå skal rulleføre de tjenestepliktige, slik at disse på linje med militære mannskaper kan disponeres til tjeneste under krigs- og kriseforhold, men til sivile formål. Disse medlemmer er av den oppfatning at tjenesten ikke skal gis et innhold som medfører at siviltjenesten oppfattes som mindre byrdefullt enn ordinær militær førstegangstjeneste.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil advare mot den måte Regjeringen ønsker å innlemme sivilarbeiderne i totalforsvaret på. Sivilarbeidere skal ikke brukes til å forberede krigssituasjoner ved å disponere disse i oppgaver som er knyttet til å holde krigsmaskineriet i gang. Dette gjelder oppgaver innenfor f.eks. kraftforsyning og telekommunikasjon. Sivilarbeiderne skal ha en reell, vernerelevant tjeneste med vekt på opplæring i ikkevoldelig og sivil motstand som en selvstendig del innen totalforsvaret.
Dette medlem mener siviltjenestens oppgaver må gjenspeiles i formålsparagrafen.
Dette medlem vil foreslå følgende formålsparagraf for siviltjenesten:
« Siviltjenesten skal ha som formål å forebygge krig, og forberede mannskapene på en eventuell beredskapssituasjon. Med bakgrunn i de sivile tjenestepliktiges overbevisning, bør det spesielt legges vekt på konfliktforebyggende og fredsbevarende arbeid fremfor mobilisering ved en krigs-/krisesituasjon. »
1.5 Lengda av siviltenesta
Den ordinære førstegongstenesta i Forsvaret er framleis tolv månader. Tenestetidsreduksjonen i Forsvaret får derfor ingen automatiske følgjer for lengda på den sivile tenesteplikta, som etter gjeldande reglar er seksten månader. Frå 1. januar 1994 er tenestetida i Forsvaret seks, ni eller tolv månader. Etter langtidsplanen skal 68 % utføre tolvmånaders teneste, om lag 20 % skal ha nimånaders teneste og 11,4 % skal ha seksmånaders teneste. Gjennomsnittleg tenestetid vil etter langtidsplanen bli 10,7 månader. Departementet meiner at desse endringane bør føre til ei vurdering av tenestetida for dei sivile tenestepliktige. Målet for vurderinga er å kome fram til ei tenestetid som representerer ei passande avveging mellom omsynet til å ha ein garanti for alvoret i overtydinga om å nekte militærteneste, og omsynet til at meirtenesta ikkje blir urimeleg lang.
Merknader frå komiteen
Fordi siviltenesta i større grad enn hittil skal vera ein del av totalforsvaret meiner komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, at dette må få konsekvensar for lengda på siviltenesta.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, finn grunn til å peika på det relativt store talet på militære tenestepliktige som kvart år vert dimmiterte eller overførte til vernepliktsreserva av ulike årsaker. Også av denne grunnen kan det verka urimeleg å krevja så lang tenestetid av sivilarbeidarane som i dag. Det er i denne samanhengen viktig å peika på at også siviltenestepliktige kan verta innkalla til jevnlege repetisjonsøvingar, og at dei dessutan vert rulleførte for framtidig beredskap. Dette fleirtalet merkar seg elles at førstegongstenesta varierer frå 6 til 12 månader.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, stør Regjeringa si målsetting i meldinga om at ein ved vurderinga av tenestetida føreslår ei tenestetid som representerer ei passande avveging mellom omsynet til å ha ein « garanti » for overtydinga og omsynet til at meirtenesten ikkje er så lang at den med rette kjennest urimeleg.
Dette fleirtalet viser til at førstegongstenesta har gått ned i gjennomsnittslengde sidan lengda på siviltenesta vart sett til 16 månader. På denne bakgrunn meiner dette fleirtalet at det er naturleg at også lengda på siviltenesta vert redusert. Dette fleirtalet har som føresetnad at Regjeringa gjer ein slik reduksjon snarleg, og at utviklinga i høve til den militære tenestelengda vert følgd vidare. Dette fleirtalet viser til at departementet i proposisjonen har basert utrekninga av økonomiske og administrative konsekvensar av redusert tenestetid på ein reduksjon til 14 månader. Dette fleirtalet vil ikkje ha innvendingar til ein reduksjon i samsvar med dette.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet understreker viktigheten av at siviltjeneste ikke skal oppfattes som mindre byrdefullt enn ordinær verneplikt. Dette taler etter disse medlemmers syn for at siviltjenesten bør være av lenger varighet enn den ordinære førstegangstjenesten. Dagens siviltjeneste er på 16 måneder. Det er etter disse medlemmers syn ingen grunn til å redusere tjenestetidens lengde.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at tjenestetiden for sivile tjenestepliktige i dag er sammensatt av to forhold: tjenestetiden i hæren og et tillegg på 4 måneder. Tilsammen utgjør dette en tjenestetid på 16 måneder. Dette medlem finner det urimelig at Regjeringen ønsker å opprettholde tjenestetillegget i en situasjon der bare om lag 2/3 av det mannlige årskullet i dag faktisk utfører noen form for militær eller sivil tjeneste.
Dette medlem kan støtte at enkelte tjenestepliktige blant de som utfører militær eller sivil tjeneste har en tjeneste som avviker fra normalen, men prinsippet om lik tjenestetid må slås fast. Dette medlem mener derfor at tjenestetiden for sivile tjenestepliktige skal settes lik tjenestetiden for førstegangstjeneste i hæren, for tiden 12 måneder, og fremmer forslag om det.
Komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti meiner at passande tid for sivilteneste vil vera 13 månader, der førskulen utgjer opptil 6 veker.
1.6 Førskulen for dei sivile tenestepliktige
Førskulen er obligatorisk for dei tenestepliktige som høyrer under Hustad-dministrasjonen og som har meir enn tolv månaders teneste. Kapasiteten på skulen omfattar under halvparten av dei tenestepliktige den er obligatorisk for. Fleire tilhøve har gjort det vanskeleg å oppfylle føresetnaden om at skulen skal verke tenesteførebuande, m.a. er siviltenesta lite einsarta og dei tenestepliktige har ulik bakgrunn. Fagplanen baserer seg på to hovudberebjelkar som er militærnekting - juridisk, politisk og moralsk, og kommunikasjon og konfliktløysing. Det vert undervist i tenesteførebuande fag, samfunnsfag, natur- og miljøfag, førstehjelp og fysisk fostring. Førskulen får i dag god evaluering og dei tenestepliktige synest faga er relevante for dei.
Med dagens ressursar har skulen ikkje kapasitet til å ta imot fleire. Det har heller ikkje vist seg mogleg å realisere Stortinget sin føresetnad om at skulen skal vere direkte tenesteførebuande. Skulen har inntil vidare teke utgangspunkt i eit generelt tenesteførebuande føremål. Det kan stillast spørsmål ved den reelle nytteverdien av vesentlege delar av dagens tilbod. Dagens førskule er difor ikkje noko varig løysing. Behovet for generell tenesteførebuing bør gjevast hovudvekt i ei framtidig opplæringsordning. Det bør m.a. gjevast innføring i den organisatoriske oppbygnaden av den sivile beredskapen, i førstehjelp og om rettar og plikter for tenesta. Desse oppgåvene kan takast i vare gjennom mindre ressurskrevjande ordningar enn i dag. Den vidare vurderinga av skulen bør utsetjast til innhaldet i tenesta og lengda på denne er klårlagt. Departementet vil då utgreie aktuelle alternative førskuleordningar. Inntil vidare tek ein sikte på å oppretthalde førskulen i den form den har i dag.
Merknader frå komiteen
Komiteen kan ikkje seia seg nøgd med det noverande opplegget for førskulen. Førskulen for dei sivile tenestepliktige må for framtida kunna vera meir prega både av målformuleringa for siviltenesten, og av den sektorvise tenkinga som ligg til grunn for dei godkjende arbeidsoppgåvene. Komiteen legg til grunn at førskulen skal verka direkte tenesteførebuande, og går ut frå at undervisning innafor dei ulike sektorane vil medverke til dette.
Komiteen har merka seg at førskolen for dei sivile tenestepliktige på Hustad leir berre har kapasitet til å gi eit opplæringstilbod til ca halvparten av dei den er obligatorisk for innan Hustad siviltenesteadministrasjon. På landsbasis innebærer det at under 25 % av dei sivile tenestepliktige som skal utføre 12 månaders teneste får opplæring. Komiteen har merka seg at Stortinget sine intensjonar når ordninga vart vedtatt oppretta i samband med handsaminga av St.meld. nr. 70 (1983-1984) såleis ikkje er oppfylt. Intensjonane når ordninga vart oppretta var å innføra ei ordning som innhaldsmessig kan likestillast med rekruttskule i Forsvaret. Komiteen meiner at intensjonane ved opprettinga av ordninga var gode.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at det mellom anna på grunn av tenesta si sterkt varierande karakter og på grunn av dei tenestepliktige sin svært varierte bakgrunn, har vorte vanskeleg å oppfylla ordninga sine intensjonar. Fleirtalet sluttar seg til at skulen sitt framtidige omfang og funksjon vert vurdert.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil peika på at for mange sin del vil førskulen måtta innehalda alt av beredskapsførebuande element, fordi den seinere tenesta ikkje i tilstrekkeleg grad vil gjera ein førebudd på ein eventuell beredskapssituasjon. For dei som seinare skal stå rulleført i Sivilforsvaret vil det altså vera førskulen, Sivilforsvaret sine kurs og seinere repetisjonsøvingar som gjev naudsynt trening for framtidig beredskap. Dette fleirtalet legg til grunn at målsettinga om krigs- og katastrofedisponering må få følgjer for fagplanen ved skulen. Det er òg rimeleg at fag som ikkjevaldsforsvar/sivil motstand får ein breiare plass i undervisninga.
Dette fleirtalet går elles ut frå at perioden på førskulen vil vera det rette tidspunktet å « sila » ut dei som ikkje sidan vil vera ein del av Sivilforsvaret. Det vil vera viktig å skreddarsy eit heilskapeleg opplegg for desse, slik at også dei i ein beredskapssituasjon vil vera fullt ut i stand til å ivareta viktige samfunnsfunksjonar.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti meiner vidare framleis at førskuleopplæringa skal vera obligatorisk for dei tenestepliktige, og departementet vert oppmoda om å byggja ut kapasiteten slik at dette målet vert nådd. Det bør i denne samanhengen verta vurdert om Hustad kan fungera som kompetansesenter, mens undervisninga til ein viss grad kan skje på høgskular og vidaregåande skular, eller gjennom vaksenopplæringsorganisasjonar.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet fastslår at ordningen slik den fungerer i dag, ikke er i overensstemmelse med forutsetningene når ordningen ble etablert. Etter disse medlemmers syn taler dette for å enten legge om dagens ordning eller å avvikle skolen i sin nåværende form.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at forskole bør være obligatorisk for alle som avtjener siviltjenesteplikt i mer enn 6 måneder. For å oppfylle dette målet må det bygges et nytt forskolesenter. Dette har vært utredet i lang tid, og bør nå realiseres.
Dette medlem mener det er svært viktig at forskolen gir en grundig og god opplæring for de som utfører sin siviltjeneste. I tillegg til å være tjenesteforberedende må forskolens kurs gi opplæring i ikkevoldsforsvar og sivil motstand.
Dette medlem fremmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen sette i verk utbygging av nytt forskolesenter slik at obligatorisk forskole kan gjennomføres for alle sivile tjenestepliktige. »
1.7 Handsaming av fritakssøknader
Den førebuande handsaminga av fritakssaker går føre seg ved politikamra. Politimeisteren skal hente inn søkjaren sin munnlege forklaring og skaffe andre relevante opplysningar. Søknaden med politimeisteren si tilråding vert sendt Justisdepartementet som avgjer saka. Departementet handsamar årleg 2.000 - 2.500 søknader. Søkjarar som ikkje aksepterer avgjerda kan prøve saka si for retten. I 1994 hadde ein ca 230 hovudforhandlingar for herads- og byretten og 25 hovudforhandlingar for lagmannsretten. Det er store problem knytta til å kunne gjere ei reell prøving av ein person si overtyding. Dei munnlege forklaringane har derfor avgrensa verdi. Slik forklaring vert ikkje nytta i andre nordiske land der ein i staden har innført eigenerklæring frå søkjaren der han gjev uttrykk for at han ikkje kan utføre militærteneste utan å kome i konflikt med si alvorlege overtyding. Den omstendelege prosedyren for handsaming av einskildsøknader er dessutan ressurskrevjande og fører til lang sakshandsamingstid. Justisdepartementet meiner det er ei betre ordning å innføre eigenerklæring til erstatning for dagens handsamingsmåte, og vil gjere framlegg om å endre militærnektarlova § 2 slik at Kongen får fullmakt til å gje reglar om ein slik ordning. Dersom det vert behov for det, vil dagens ordning, med prøving av overtydinga, raskt kunne gjeninnførast. Framlegget gjeld kun handsamingsprosedyren, ikkje vilkåra for fritak. Ein konsekvens av framlegget kan vere ein auke i talet på søknader om sivilteneste. Røynslene frå Finland viser ein kortsiktig auke på 9 % som stabiliserte seg på 5 % etter ei tid.
Merknader frå komiteen
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, merkar seg at departementet legg til grunn at det noverande systemet i liten grad har innverknad på forsvarsevna til landet. Etter fleirtalet si meining er ei god prosedyre for innvilging av fritak for militærteneste først og fremst viktig for å sikra at det er reelle motargument mot militærteneste som gjev fritak frå denne. Dette er viktig for å oppretthalda prinsippet om allmenn verneplikt.
Fleirtalet ser likevel at det er trong for å endra dei noverande prosedyrane, slik at dei vert meir på line med dei fleste andre europeiske land. Den munnlege prøvinga vert praktisert svært ulikt frå politikammer til politikammer, og legg altså til rette for ulik handsaming av enkeltpersonar. Ein må òg ha for auga at ikkje alle er like flinke til å formulera seg på ein god måte, utan at dette kan seiast å skuldast ei mindre alvorleg overtyding. Fleirtalet vil difor stø innføring av eit eigenerklæringssystem.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er vidare kjend med at ein liten del av dei sivile tenestepliktige ut i frå nektingsgrunnlaget sitt har vanskar med å ha teneste i Sivilforsvaret, som langt på veg vert sett på som ein underorganisasjon av det militære forsvaret. Dette fleirtalet er svært nøgd med at departementet for framtida vil la rulleføringa skje frå Siviltenesteadministrasjonen, noko som vil avhjelpe dei før nemnde tenestepliktige sin situasjon. Dette fleirtalet legg til grunn at det samstundes kan takast med ein merknad om den rulleførte sitt syn på Sivilforsvaret, slik at desse ikkje vert sett til teneste der korkje under førstegangstenesta eller seinare.
Dette fleirtalet legg til grunn at tenestepliktige som ikkje er under Sivilforsvaret sin organisasjon likevel skal ha beredskap i krise- og katastrofesituasjonar, og vera tilknytta den tenesta dei utførte under siviltenesta. Denne tenesta må difor vera utforma slik at den ikkje kan seiast å koma i konflikt med den tenestepliktige sitt samvit og overtyding.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti synest ikkje det er ei god løysing å innføra eigenerklæringssystemet som eit unnatak frå den noverande ordninga; tvert om bør dette vera hovudregelen. Ei endring frå denne skal ordinært krevja Stortinget sitt samtykke, men desse medlemene viser likevel til at Regjeringa i ein krisesituasjon der Stortinget ikkje kan verta nådd, har dei naudsynte fullmakter.
Desse medlemene ber departementet om å koma attende med ei evaluering av ordninga når den har verka ei tid.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet støtter Regjeringen i spørsmålet om fritaksprosedyrer og er enig i at det i utgangspunktet er betydelige problemer forbundet med å kunne foreta en reell prøving av en persons overbevisning.
Disse medlemmer er enige i forslaget om å gi militærnekterloven § 2 et nytt ledd, der det åpnes adgang for Kongen til å gi bestemmelser som fraviker reglene i § 2, ved at det ved kgl. res. kan bestemmes at vernepliktige kan fritas på bakgrunn av egenerklæring om at de ikke kan utføre militærtjeneste av noen art uten å komme i konflikt med sin alvorlige overbevisning.
Disse medlemmer legger vekt på at forslaget kun gjelder behandlingsprosedyren, og det foreslås ikke endringer i vilkårene for fritak, slik disse er nedfelt i militærnekterloven § 1.
For å sikre seg mot en ukontrollerbar utvikling i søknadsfallet ved eventuell beredskap eller krig er det etter disse medlemmers mening en forutsetning, som Regjeringen foreslår, at ordningen opphører straks Kongen treffer ny bestemmelse.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet støtter ikke forslaget om å innføre et system med egenmelding som grunnlag for behandling av fritakssøknadene. Disse medlemmer er enig i at det er vanskelig å foreta en reell prøvelse av den fritakssøkendes overbevisning og av overbevisningens styrke. Dette skyldes flere forhold. Disse medlemmer mener allikevel at dette snarere taler for å skjerpe kravene til prøvelse av vilkårene enn å avvikle ordningen med en reell prøvelse. Dagens saksbehandling med politiavhør og etterfølgende saksbehandling i Justisdepartementet, har sine svakheter. Forklaring for politiet vil imidlertid for de fleste oppleves som mer alvorlig enn å avgi en skriftlig egenerklæring. Disse medlemmer mener dog det kan være behov for å vurdere andre og mindre ressurskrevende måter å behandle fritakssøknader på enn det som gjøres i dag.
Disse medlemmer mener at plikten til å verne om sitt fedreland, om nødvendig ved militære midler, er en så grunnleggende plikt for en samfunnsborger at det skal svært mye til før det bør gis fritak. Disse medlemmer mener derfor at argumentet om at saksbehandlingen tar lang tid samt at den er økonomisk ressurskrevende i denne sammenheng ikke kan tillegges avgjørende vekt.
Disse medlemmene har merket seg Regjeringens påpekning av at mange i dag fritas av helsemessige årsaker. Disse medlemmer stiller seg uforstående til denne sammenligningen. Disse medlemmer har videre merket seg følgende formulering på s. 21 h. splt. i meldingen:
« Pr. i dag har Forsvaret som nevnt tilgang på flere vernepliktige enn de kan benytte til ordinær militærtjeneste. Det må videre tas med i vurderingen at mannskaper som søker seg fritatt av overbevisningsgrunner, som hovedregel vil være de som er minst motivert for militærtjeneste. Forsvaret vil derfor i dagens situasjon ha liten interesse av å utnytte denne gruppen av vernepliktige. » |
Disse medlemmer vil understreke at det er grunnleggende forskjell mellom de som ikke kan avtjene militær verneplikt av helsemessige årsaker, og de som ikke vil.
Disse medlemmer vil derfor ikke støtte et eventuelt lovendringsforslag som åpner for fritak på grunnlag av en egenmelding. Det er riktignok slik at ordningen formelt sett ikke innebærer en endring av vilkårene, men reelt sett vil terskelen oppleves som lavere. Disse medlemmer anser dette forslaget, som reelt sett vil innebære en liberalisering, som uakseptabelt og uansvarlig.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det er viktig at politiavhøret avskaffes, ikke utelukkende av økonomiske og praktiske årsaker, men av prinsipielle og demokratiske grunner. Det bør derfor følges opp med en lovendring av militærnekterloven § 2 slik at det åpnes for at en erklæring om egen samvittighet er tilstrekkelig for å bli tilkjent retten til siviltjeneste. I denne sammenheng bør Norge følge opp de kriterier Amnesty International setter og føre dette inn i norsk regelverk.
Dette medlem foreslår derfor at følgende formulering skal være basis for retten til å bli tilkjent retten til siviltjeneste:
« Alle mennesker som innkalles til militærtjeneste skal ha mulighet til å nekte å utføre slik tjeneste på bakgrunn av sin samvittighet eller sterke overbevisning med kilde i religiøse, moralske, humanitære, pasifistiske, filosofiske, politiske eller lignende motiver. De som nekter militærtjeneste skal tilbys en alternativ, sivil, tjeneste. »
Dette medlem viser til at det i dag bare er omlag 2/3 av Norges mannlige befolkning som utfører en form for tjenesteplikt. Dette skjer til tross for at et samlet Storting flere ganger har understreket den viktige betydning allmenn verneplikt har. Dette medlem mener den allmenne verneplikt uthules når stadig færre avtjener til førstegangstjeneste.
I en situasjon der militærforsvaret gjør seg bruk av en stadig mindre del av årskullet blir det vanskeligere å opprettholde den allmenne verneplikt. For å hindre utviklingen i retning av et profesjonelt militært forsvar må det utvikles alternativer slik at det store flertall av årskullene faktisk avtjener verneplikt. Dette kan gjøres ved å utvide vernepliktsbegrepet og å utvikle siviltjenesten som et likeverdig alternativ til militær verneplikt. Alternativt bør det vurderes å innføre en generell samfunnstjeneste med en militær vernepliktsdel, en siviltjenestedel og en samfunnstjenestedel.
1.8 Økonomiske og administrative konsekvensar
Samla utgjer tilsette i administrasjonane på Dillingøy og Hustad 60-70 årsverk. Departementet meiner at administrasjonsordninga av sivile tenestepliktige i hovudsak bør vere som i dag. Ein vil sjå nærare på spørsmålet om ansvaret for å administrere repetisjonsøvingar og rulleføring med sikte på disponering i krisesituasjon. Innføring av ei ordning med krigsdisponering vil påføre administrasjonen noko meirarbeid.
Ein eventuell reduksjon i tenestetida, t.d. frå seksten til fjorten månader, vil innebere ei kostnadsinnsparing på 29,5 mill. kroner, medan inntektene blir reduserte med 12,3 mill. kroner. Inntektene er øyremerka UNICEF. Eigenmeldingssystemet kan på den andre sida medføre ein auke i talet på tenestepliktige, men det er vanskeleg å seie kor stor denne auken vil bli. Talet på søknader har generelt vist ein nedadgåande tendens dei siste åra. Ei nedsetjing av tenestetida som nemnt vil kunne finansiere gjennomføring av ei harmonisering av kostpengesatsen, handtere ein eventuell auka tilførsel av mannskap, samt gradvis gjennomføre ei viss nedbyggjing av køen utan å måtte auke dei budsjettrammene som gjeld pr. i dag. Overgangen til eigenerklæring vil innebere store økonomiske innsparingar når det gjeld fritaksprosedyren både for politiet, Regjeringsadvokaten, Justisdepartementet og domstolane.