1. Innledning
Til Stortinget.
Dokumentet inneheld dette framlegget:
« Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at trafikklærerutdanningen blir styrket faglig og pedagogisk. I denne sammenheng må muligheten for å legge trafikklærerutdanningen inn i høgskolesystemet vurderes. »
Forslagsstillarane peikar på at trafikken pregar born og unge sitt oppvekstmiljø alt meir. Å få fram ansvarlege haldningar krevjer systematisk påverknad over tid. Berre få vidaregåande skular har trafikkopplæring, men ein læreplan for trafikk- og bilføraropplæring som nasjonalt valfag er no vedteke. Bilføraropplæringa bør gå føre seg i eit samarbeid mellom vidaregåande skule, elev/føresette og private trafikkskular.
Det må setjast høgare krav til trafikklærarutdanninga. Trondheim lærarhøgskule har utvikla ein modell som bør vurderast sett i verk. Kjørelærarutdanninga er no berre eitt års vidaregåande utdanning. Ein bør snarast få ei heilskapleg vurdering av opplæringsbehovet for trafikklærarar og dei private kjøreskulane som pedagogiske verksemder, og vurdere å leggje trafikklærarutdanninga inn i høgskulesystemet. Ved Stortinget si handsaming av Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97 etterlyste heile samferdselskomiteen ei heilskapleg vurdering av opplæringskrava til alle førarkortklassar, opplæringsbehov for trafikklærarar og dei private kjøreskulane som pedagogiske verksemder.