Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:

Framlegg 1

       Stortinget ber Regjeringa om å intensivere innsatsen for å overtyde andre land om at det er nødvendig å iverksetje aksjonar, herunder økonomiske sanksjonar, mot land som føretek atomprøvesprengingar.

Framlegg frå leiaren og Enoksen frå Senterpartiet og frå Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 2

       Stortinget ber Regjeringa sørgje for at franske oljeselskap ikkje får tildelt utvinningsløyve i blokker på norsk sokkel som er utlyste i den 15. konsesjonsrunden. Dette vert fråvike dersom Frankrike avbryt prøvesprengingsprogrammet sitt før tildelinga vert føreteken.