Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

      Til Stortinget.

       Forslagsstillaren viser i dokumentet til at Frankrike med sine atomprøvesprengingar medverkar til at målsetjinga om ei prøvestansavtale vert sett i fare, og at Noreg bør vise ei klar og konsekvent politisk haldning mot det franske prøvesprengingsprogrammet.

       Forslagsstillaren viser til at å stengja ute bestemte oljeselskap frå linsensar eller operatøransvar i den 15. konsesjonsrunden på norsk kontinentalsokkel vil vere eit særs sterkt politisk signal og eit tiltak som vil kunne ha negative verknader for dei oljeselskapa og dei landa som vert utsette for dette.

       På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag, dagsett 31. oktober 1995:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at franske oljeselskaper ikke tildeles eierrettigheter eller operatøransvar i blokker på norsk sokkel som er utlyst i 15. konsesjonsrunde. Dette prinsippet tilsidesettes bare dersom Frankrike avbryter sitt prøvesprengningsprogram før tildelingene skjer. »