Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Komiteens tilrådning

     Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       I Stortingets vedtak om Husbankens rente- og avdragsvilkår, sist endra 22. november 1993, jf. St.prp. nr. 4 (1993-1994), og Innst.S.nr.17 (1993-1994), blir følgjande endringar gjort:

I.

Nytt punkt 1 skal lyde:

1. Utlånsvilkår for lån gitt frå og med 1996

1.1 Rentevilkår

       Husbanken kan tilby lån til fast og flytande rente. Renta på flytande lån blir fastsett på bakgrunn av gjennomsnittleg rente på kortsiktige statspapir over ein gitt observasjonsperiode før kvar rentejustering. Renta på fastrentelån blir fastsett på bakgrunn av renta på statsobligasjoner med ein gjenståande løpetid som omlag svarar til bindingstida på lånet. I både tilfelle skal det tilleggjast ein margin på 0,5 prosentpoeng på statspapirrenta.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet får fullmakt til å fastsetje nærare retningslinjer for val av statspapir, observasjonsperiode og rentejusteringar.

       Kommunal- og arbeidsdepartementet blir vidare gitt fullmakt til å gi nærare retningslinjer om Husbankens tilbod av fastrentelån.

1.2 Avdragsvilkår

       Avdrag blir betalt som annuitetslån, serielån eller ein annan fast avdragsplan som Husbanken fastset. Husbanken blir gitt fullmakt til å fastsetje nærare vilkår, her medrekna eventuell avdragsfri periode og nedbetalingstid innanfor ei samla løpetid på inntil 30 år.

II.

Gjeldande pkt. 1 vert nytt pkt. 2 med ny overskrift:

       Utlånsvilkår for lån gitt frå og med 1993 til og med 1995.

       Gjeldande pkt. 2 vert nytt pkt. 3.

       Gjeldande pkt. 3 vert nytt pkt. 4.

       Gjeldande pkt. 4 vert nytt pkt. 5.

       Gjeldande pkt. 5 vert nytt pkt. 6.

III.

       Vedtak under I og II trer i kraft 1. januar 1996.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 7. desember 1995.

Børre Rønningen, Anneliese Dørum, Ola T. Lånke,
fung. leder. ordfører. sekretær.