Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1994.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 25 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 3 (1994-95)
  • Dato: 27.10.1995
  • Utgiver: finanskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

    Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og rekneskapen for dei offentlege fonda.

     Dei samla utgiftene for staten for folketrygda var 452,9 mrd. kroner i 1994 og 431,2 mrd. kroner i 1993. Dei samla inntektene var 420,3 mrd. kroner i 1994 og 364,5 mrd. kroner i 1993. Lånetransaksjonar og overføring til og frå Statens petroleumsfond er medrekna i desse tala. Rekneskapen viser desse hovudtala:

Tabell 1. Utgifter og inntekter

  Løyving Rekneskap
  Mrd. kr. Mrd. kr.
Utgifter 452,6 452,9
Inntekter 417,8 420,3
Finansieringsbehov 34,8 32,6
Netto utlån 4,3 3,7
Underskott før lånetransaksjonar 30,5 28,9
Netto oljeverksemd og overføring
frå Noregs Bank 35,6 35,1
Underskott ekskl. olje og Noregs Bank 66,1 64,0


       Rekneskapen viser eit underskott før lånetransaksjonar på 28,9 mrd. kroner mot løyvd underskott på 30,5 mrd. kroner.

       Utan oljeverksemda og overføringa frå Noregs Bank vert det eit underskott på 64,0 mrd. kroner. Dette er 2,1 mrd. kroner mindre enn løyvd.

       Utgiftene for 1994 er 21,7 mrd. kroner høgre enn for 1993. Dette er ein auke på 5,0 % frå 1993.

       Frå og med 1990 har dei samla inntektene før lånetransaksjonar rekna som prosent av BNP vore jamne. Frå 1993 til 1994 gjekk inntektene i prosent av BNP opp med 0,7 % til 44,5 %.

       Staten sine kjøp av varer og tenester eksklusive olje m.m. målt i forhold til prosent av BNP eksklusive olje og sjøfart har auka i åra frå 1990 og fram til 1993. Frå 1993 til 1994 vart varer og tenester eksklusive olje m.m. målt i forhold til prosent av BNP eksklusive olje og sjøfart redusert med 0,6 % til 13,7 %.

       Tabellen nedanfor viser kjøp av varer og tenester i 1994 (ekskl. olje og underskott i forretningsverksemda) fordelte på hovudkomponentar og samanlikna med 1993.

Tabell 2. Varer og tenester, sektorvis ekskl. olje og underskott i forretningane.

  1993 1994 Endr.
  Mill. kr. Mill. kr. i %
Militært forsvar og sivil beredskap 23.007 23.870 3,8
Sivile driftsutgifter 49.099 51.186 4,3
Investering i konsumkapital 8.372 7.809 -6,7
Investering i statens forretningsdrift 6.211 4.950 -20,3
I alt 86.689 87.815 1,3


       Dei sivile driftsutgiftene auka med 4,3 % medan investering i konsumkapital vart redusert med 6,7 %

       Dei samla overføringane frå staten til privat sektor, kommunane og andre statsrekneskap (i faste prisar) gjekk opp med om lag 0,4 % frå 1993 til 1994. Overføringane til privat sektor auka med om lag 0,7 %, medan overføringane til kommunal sektor viser ein reell nedgang på om lag 1 %.

       I 1994 utgjorde dei samla overføringane 41,6 % av BNP, 1,8 prosentpoeng lågare enn året før. Overføringane auka nominelt med 4,7 mrd. kroner, eller 1,8 % frå 1993 til 1994.

       Av dei samla overføringane på 267,9 mrd. kroner i 1994, var 52,2 mrd. kroner overføringar til kommunar og fylkeskommunar. Dette er 0,2 mrd. kroner meir enn i 1993. Overføringane til private og andre statsrekneskap var på 215,7 mrd. kroner i 1994. Dette er ein auka frå året før på 4,5 mrd. kroner, eller 2,1 %.

       Oppstillinga i tabell 3 viser samla overføringar på dei viktigaste formåla og samanlikna med tilsvarande utgifter i 1993.

Tabell 3. Overføringar etter formål.

  1993 1994 Endring
  Mill.kr Mill.kr i %
Sosiale formål 98.872 100.181 1,3
Helsevern 33.106 14.736 -55,5
Undervisning, forsking og kultur 24.056 14.396 -40,2
Jordbruk, skogbruk og fiske 14.565 14.164 -2,8
Arbeidsliv og distriktsutbygging 25.763 58.241 126,1
Utviklingshjelp 6.639 7.052 6,2
Familie- og forbrukerpolitikk 15.774 15.702 -0,4
Innanlands transport 5.884 4.284 -27,2
Nærings- og energiformål 8.441 6.599 -21,8
Bustadformål 4.079 5.184 27,1
Finansadministrasjon 553 240 -56,6
Renter på statsgjeld 19.516 20.653 5,8
Andre overføringar 5.949 6.516 9,5
I alt 263.197 267.948 1,8


       Tabellen viser ein særleg sterk auke i overføringane under området arbeidsliv og distriktsutbygging (32,5 mrd. kroner), og ein tilsvarande nedgang i overføringane under områda helsevern, undervisning, forsking og kultur, og innanlands transport (29,6 mrd. kroner). Dette skuldast i all hovudsak at dei sektorvise rammetilskota til kommunane i 1994 vart samla på området arbeidsliv og distriktsutbygging.

     Ved utgangen av 1994 hadde omlag 950.000 personar pensjon og liknande langtidsyting frå folketrygda som si viktigaste inntektskjelde. Desse personane fordeler seg med omlag 624.500 personar på alderspensjon, omlag 233.700 på uførepensjon og omlag 93.000 på andre pensjonar/stønader (einslege, etterlatne m.v.). I tillegg var det i underkant av 300.000 personar med mellombelsytingar frå folketrygda, fordelt med omlag 36.000 på yrkesretta attføring, 20.500 på rehabiliteringspengar, 53.000 på sjukepengar, 43.000 på fødselspengar og 134.000 på arbeidsløysetrygd.

       Utgiftene til folketrygda gjeld både sosiale føremål og helsevern. Sosiale føremål gjeld hovudsakleg kontantutbetalingar til enkeltpersonar. Helsevern er sett saman av ulike tenester/finansieringsordningar for helseformål. Pasientar står som mottakarar av tenester, mens institusjonar og helsepersonell som regel får oppgjer direkte frå trygda.

       I 1992-94 var utgiftsutviklinga slik:

Tabell 4. Utgifter under programområde 29 og 30 for åra 1992-94 (mill. kroner).

  1992 1993   1994
Område 29
Sosiale føremål 94.460 93.490   93.098
Område 30
Helsevern 8.916 9.421   9.949
Totalt 103.376 102.911   103.047
Endringer i % frå året før 5,5 -0,5 1 0,1
1 Frå og med 1. januar 1993 er ansvaret for fødselspengar og adopsjonspengar overført til Barne- og familiedepartementet (ca 4.193 mill. kr i 1993), programområde 28, kap. 2530.

       Det har vore ein auke i utgiftene (i løpande kroner) på 0,1 % frå 1993 til 1994.

Tabell 5. Utgifter til sentrale føremål under programområda 29 og 30 for åra 1992-994 (mill. kr)

  1992 1993 1994
Sosiale formål:
Sjukepengar 15.270 11.026 10.442
Attføring m.v. 7.846 8.400 8.369
Uførepensjonar m.v. 20.303 20.806 21.100
Alderspensjonar 42.106 43.995 45.716
Forsørgjartap 6.469 6.631 6.774
Helsevern:
Div. tiltak i fylkeshelsetenesta m.v. 1.462 1.573 1.637
Helseteneste i kommunane 1.984 2.012 2.014
Legehjelp og medisinar m.v. 5.062 5.283 5.686


       For året 1994 utgjer alderspensjonane 44,4 % av dei totale utgiftene (område 29 og 30), uførepensjonar 20,5 % og sjukepengar 10,1 %.

       Sjukefråværet og sjukepengeutgiftene viser framleis reell nedgang, men nedgangen i utgiftene i 1994 har vore svakare enn tidlegare år. Frå 1993 til 1994 var det ein reell nedgang i folketrygdas samla utgifter til sjukepengar i alt på 6,1 % mot 7,9 % frå 1992 til 1993 (alt i faste 94-kroner). Nedgangen i sjukepengeutgiftene frå 1991 til 1994 kjem i hovudsak som følgje av reduksjon i talet på sjukmeldingstilfelle.

       Årsaka til at færre personar tek i mot sjukepengar har truleg samanheng med forhold på arbeidsmarknaden, innskjerping i dei medisinske vilkåra for å få innvilga sjukepengar og auka satsing på forebyggjande arbeid og å følgje opp sjukmeldte som mellom anna den inngåtte avtalen mellom partane i arbeidslivet har medverka til. Vidare har trygdeetaten prioritert å følgje opp dei langtidssjukmeldte.

      Dei samla utgiftene til sosiale føremål og helsevern over statsbudsjettet for åra 1992-94 utgjer:

Tabell 6. Sosiale føremål og helsevern (mill. kroner) (eksklusive folketrygda)

  1992 1993 1994
Sosiale føremål 3.304 3.949 4.646
Helsevern 27.561 26.707 8.060
Sum 30.865 30.656 12.706
Endring i prosent 4,5 -0,7 -58,55

       Til saman vart det rekneskapsført utgifter for omlag 3,9 mrd. kroner i 1994 til tiltak for innvandrarar.

       Tabellen nedanfor viser fordelinga på dei einskilde departementa og på område innanfor kvart departement dei tre siste åra:

Tabell 7. (mill. kroner)

  1992 1993 1994
Arbeids- og administrasjonsdepartementet 274
Arbeidsmarknadstiltak for
innvandrarar og flyktningar 274
Kommunal- og arbeidsdepartementet 2.044 2.549 2.995
Drift av Utlendingsdirektoratet 147 157 158
Drift av det statlege mottaksapparatet
for flyktningar og asylsøkjarar 401 765 968
Busetting av flyktningar og integrering
av innvandrarar 1.496 1.307 1.589
Arbeidsmarknadstiltak for innvandrarar og flyktningar   320 280
  1992 1993 1994
Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet 507 580 744
Undervisning for framandspråklege elevar i grunnskulen 327 373 426
Undervisning for framandspråklege
elevar i den vidaregåande skulen 51 39 42
Undervisning for framandspråklege vaksne 129 168 276
Justisdepartementet 90 90 90
Utgifter til politi, fri rettshjelp
og uttransportering 90 90 90
Barne- og familiedepartementet 74 81 79
Utgifter til barnevern for einslege
mindreårige flyktningar og asylsøkjarar 29 36 22
Utgifter til tospråkleg trening i barnehagar 45 45 57
SUM 2.989 3.300 3.908


       Tiltak for asylsøkjarar og flyktningar står for største delen av utgiftene som vart rekneskapsførde i statsrekneskapen for 1994 under dette området.

       Utgiftene knytta til tiltak for innvandrarar - i første rekke flyktningar og asylsøkjarar - har vakse frå 1993 til 1994. Årsaka til den kraftige veksten er den store tilstrøyminga av asylsøkjarar og flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia i 1993. Talet på plassar i det statlege mottaksapparatet auka sterkt i 1993, men gjennomsnittleg tal låg høgare i 1994 enn i 1993. Som ei følgje av dette, auka utgiftene til drift av det statlege mottaksapparatet frå 1993 til 1994, sjølv om det på slutten av året skjedde ein kraftig nedbygging av plassar.

       Ingen av tilskotssatsene på dette området har auka frå 1993 til 1994, men det store talet asylsøkjarar og flyktningar har i tillegg til auka utgifter til drift av det statlege mottaksapparatet, også ført til auka utgifter til busetting og integrering av flyktningar og til undervisning for denne gruppa.

       Samla auka utgiftene til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar med 18,4 % frå 1993 til 1994.

       I 1994 vart det brukt 8.033 mill. kroner til u-hjelp, rekna etter OECD-definisjonane. Dette er 1,05 % i forhold til pårekna bruttonasjonalinntekt (BNI) for 1994.

       Tabellen nedanfor viser totalutgiftene til u-hjelpstiltak og fordelinga mellom dei ulike stønadsformer i tida 1992-94.

Tabell 8. Totale utgifter til u-hjelp (mill. kr)


  1992 1993 1994
  Mill. kr Pst. Mill. kr Pst. Mill. kr Pst.
Bilateral stønad 4.125 52,1 3.738 51,9 4.452 55,4
Generell stønad til
int. private
organisasjonar1 61 0,8 54 0,8
Multi-bi bistand2 574 7,2 605 8,4 1.102 13,7
Stønad multilaterale
organisasjonar3 2.876 36,3 2.522 35,0 2.181 27,2
Sum multilateral
stønad 3.511 44,3 3.181 44,2 3.283 40,9
Administrasjon 285 3,6 284 3,9 298 3,7
Brutto stønad 7.921 100 7.203 100 8.033 100
Avdrag på lån 11   10   11
Nettostønad 7.910   7.193   8.022
Nettostønad som
% av BNI   1,16   1,01   1,05
1 Denne kategorien vart oppheve f.o.m. 1994 og beløpet vil gå inn i den bilaterale stønaden.
2 Auken frå 1993 til 1994 skuldast for ein stor del at f.o.m. 1994 blir: (A) gjeldsfondet og (B) øyremerka tiltak over landprogramma og særløyvingane kanalisert gjennom multilaterale organisasjonar - ført som multi-bi.
3 Nedgangen frå 1993 til 1994 skuldast, se fotnote 2.

       Dei seinare åra er mellom 2 og 13 % av løyvingane overførte frå løyvingsåret til året etter. Tabellen nedanfor viser overføringane dei siste åra.

Tabell 9. Overførte unytta løyvingar

  Sum Prosent
    av
  Mill. kr totalløyving
1988-89 666,5 10
1989-90 841,2 13
1990-91 421,1 6
1991-92 249,4 3
1992-93 158,5 2
1993-94 503,8 6
1994-95 479,6 6


       Overføringane kjem hovudsakleg av at det på ei rekkje postar ikkje har vore mogleg å betale ut alt i budsjettåret grunna forseinka framdrift etc.

       Etter ein samla nedgang i talet på sysselsette personar på vel 105.000 personar i åra frå 1987 til 1993, auka talet på sysselsette personar med vel 30.000 personar i 1994. I 1994 var gjennomsnittleg om lag 2.085.000 personar sysselsette i Noreg. Sysselsetjinga har ikkje vore så høg sidan 1990. Sysselsetjingsauka har vore særleg markert i industrien og i bygge- og anleggsverksemder. I offentleg forvaltning har talet på sysselsette personar auka med om lag 12.000 personar.

       Sysselsetjingsoppgangen gjennom 1994 har synt ein klar reduksjon i arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa vart redusert med om lag 7.900 personar frå 1993 til 1994. I 1994 var gjennomsnittleg 110.300 personar registrerte som heilt arbeidsledige. Dette utgjorde 5,2 % av arbeidsstyrken.

       Reduksjonen i arbeidsløysa har ført til ein viss nedtrapping av arbeidsmarknadstiltaka i 1994. I 1994 var det gjennomsnittleg 55.800 personar sysselsett på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Dette er 1.400 færre enn i 1993.

Tabell 10. Hovudtal for arbeidsmarknadstiltak (mill. kr.)

  Overført Samla Rekneskap
  til løyving 1994
  1994 1994
Kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak 0,0 926,9 6.092,6
Kap. 592 Arbeidsmarknadstiltak yrkeshemma 450,0 2.472,7 1.945,7
Kap. 2310 Ekstraord. sysselsetjingstiltak 1 741,9 7.201,2 0,0
Kap. 2541 Dagpengar 0,0 11.200,0 10.838,0
Kap. 2453 Ytelser til yrkesretta attføring 0,0 2.380,0 2.163,6

     Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1991 fastsette Stortinget ei samla tilskotsramme på 7.000 mill. 1991-kroner til arrangementet. Dette skulle gå til å dekkje utgifter for perioden 1988-94 i samband med førebuing og gjennomføring av dei 17. olympiske vinterleikar på Lillehammer i 1994. Av denne ramma vart det avsett 700 mill. 1991-kroner til reserve for å dekkje upårekna utgifter innanfor den arbeidsmengde som vart definert i 1990.

       Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1994 fastsette Stortinget den endelege tilskotsramma for OL-budsjettet 1988-94 til kr 7.374.514.000.

       I statsrekneskapen for 1994, under kap. 390De olympiske vinterlekene 1994, inngår kr 1.078.500.000 av dette beløpet, fordelt med kr 1.037.185.000 på post 70 Drifts- og arrangementsutgifter og kr 41.315.000 på post 80 Investeringar.

       I 1994 vart kr 1.503.428.474 inntektsført under kap. 3390 OL-inntekter. Siste del av inntektene vert innbetalt i 1995 og 1996. Det kan difor ikkje setjast opp ein endeleg sluttrekneskap for samtlege utgifter og inntekter i samband med Lillehammer-OL før i 1996. Prognosen for samla OL-inntekter er på i overkant av 2,7 milliardar. I høve til det opprinnelege inntektsbudsjettet indikerer dette ein auke på 149 mill. kroner.

       Utgiftene til kyrkje, utdanning og forsking var 24,038 mrd. kroner i 1994 - 8,366 mrd. kroner mindre enn i 1993. Nedgangen i utgifter frå 1993 til 1994 skuldast i all hovudsak at rammetilskotta til grunnskoleundervisning og fylkeskommunal vidaregåande opplæring er overført til rammeoverføringane på Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjett.

       8,4 % av dei samla utgiftene på området i 1994 er overføringar til kommunar og fylke. Det meste av dette gjeld grunnskolen og vidaregåande opplæring. 48,2 % av utgiftene er drift av eigne institusjonar. Dette gjeld for det meste universitet og høgskolar. 36,3 % gjeld overføring til private. Det vesentlege av dette gjeld studiefinansieringa. Av 4,4 % som går til investeringar, gjeld det meste universitet og høgskolar. Overføringar til andre statsrekneskap utgjer 2,7 %. Dette gjeld forsking og Opplysningsvesenets Fond.

       Det samla budsjettalet for Miljøverndepartementet for 1994 var på om lag 3,026 mrd. kroner. Dette inkluderer alle overførte midlar frå 1993 saman med dei ordinære løyvingane som Stortinget har vedteke for Miljøverndepartementet for 1994. I tillegg til Miljøverndepartementets budsjett vart det øyremerka 150 mill. kroner i særskilte sysselsetjingstiltak som skal nyttast spesielt til miljøvern. Desse midlane vart blant anna nytta innafor naturvern og kulturminnevern, og effekten av midlane viste seg å være god.

       Samla viser rekneskapstala for Miljøverndepartementet ei nedgang i utbetalingane på om lag 13 % frå 1993 til 1994. Nedgangen er i hovudsak knytta til mindre utbetalingar enn planlagt i ymse prosjekt som får tilskot frå miljøvernforvaltninga. Dette gjeld særleg innafor forureiningsområdet.

       For SDØE blir det fastsett eit driftsresultat som inkluderer avskrivingar og kalkulatoriske renter på staten sin faste kapital.

Tabell 11. Løyvingsrekneskap for SDØE (i mill. kroner):

  1993 1994
Inntekter -36.824 -39.025
Utgifter 28.753 30.079
Driftsresultat -8.071 -8.946
Investeringar 23.943 26.530
Overføring til Statens
petroleumsforsikringsfond 736 858
Sum utgifter (kap. 2440) 16.608 18.442


       Driftsresultatet er auka med 875 mill. kroner frå 1993 til 1994 og har hovudsakleg bakgrunn i følgjande forhold:

- Oljeproduksjonen er auka med 7 mill. m3, frå 41,2 mill. m3 i 1993 til 48,2 mill. m3 i 1994. Høgare driftsinntekter som følgje av høgare produksjon blir motverka av lågare oljepris. Gjennomsnittsprisen for olje er redusert frå om lag 121 kroner i 1993 til om lag 111 kroner i 1994. Totalverknaden vart ein auke i driftsinntektene frå 1993 til 1994 på nesten 2,2 mrd. kroner.
- Drift-, leite- og feltutviklingsutgiftene er til saman redusert med 674 mill. kroner frå 1993 til 1994 til tross for ein auking i produksjon. Dette har hovudsakleg samanheng med reduserte kostnader ved drift av felt.
- Avskrivingar og kalkulatoriske renter er til saman auka med 2 mrd. kroner frå 1993 til 1994. Dette har mellom anna samanheng med ein auke i staten sin faste kapital i petroleumsverksemda som følgje av eit høgt statleg investeringsnivå i 1994.

       Store investeringar blir årleg kanalisert gjennom SDØE. I 1994 vart om lag 26,5 mrd. kroner investert gjennom SDØE. Det er ein auke på 2,6 mrd. kroner samanlikna med 1993. Dette investeringsnivået utgjer om lag halvparten av dei totale investeringane på norsk kontinentalsokkel i 1994. Investeringane med frådrag for avskrivingar blir aktivert i kapitalrekneskapen.

Tabell 12. Kapitalrekneskap for SDØE pr. 31. desember (i mill. kroner):

  1993 1994
Mellomverande med staten
pr. 31. desember 598 -415
Anleggskapital pr. 31. 84 102
desember 590 450
Sum eigedelar 85.188 102.035

       Totalrentabiliteten kan vere eit formålstenleg mål for å vise avkastinga i eit enkelt år av dei investeringane som er gjort innanfor SDØE. Totalrentabiliteten er definert som:

Driftsoverskot + renter - overføring til petroleumsforsikringsfondet

------------------------------
Gjennomsnittleg anleggskapital

       Totalrentabiliteten var 19,1 % i 1994 mot 20,7 % i 1993. Dette viser at staten har hatt ei avkasting på sine direkte investeringar i petroleumsverksemda som ligg vesentleg over staten sitt normalavkastingskrav.

Staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemd

       Staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda er sett saman av netto kontantstraum frå SDØE, utbytte frå Statoil og betalte skattar og avgifter på utvinning av petroleum.

Tabell 13. Kontantstraum frå petroleumsverksemda (i mill. kroner):

  1993 1994
Netto kontantstraum frå SDØE 158 58.013
Skatt og avgift på utvinning av petroleum 26.615 24.496
Utbytte frå Statoil 1.250 1.075
Sum kontantstraum frå petroleumsverksemda 28.023 25.576


       Den samla kontantstraumen frå petroleumsverksemda på 25.576 mill. kroner vert ført til utgift i statsrekneskapen på kap. 2800 Statens petroleumsfond. Overføringa frå Statens petroleumsfond som blir ført til inntekt i statsrekneskapen (kap. 5800) gjev uttrykk for kor mykje av petroleumsinntektene som har vorte nytta i 1994. Heile overføringa for 1994 på 25.576 mill. kroner er nytta i 1994.

      Tabellen nedanfor syner dei største statsinntektene i form av skattar og avgifter for perioden 1990-1994 i mill. kroner.

Tabell 14. Større statsinntekter (mill. kroner)

  1990 1991 1992 1993 1994
Statsskatt inkl. arveavgift 20.613 20.875 15.096 10.615 10.943
Folketrygdavgifter 75.298 79.060 81.929 78.175 81.419
Oljeskattar 26.058 32.093 25.484 26.614 24.497
Meirverdi- og investeringsavgift 61.110 61.383 65.403 71.931 79.324
Andre særavgifter 34.986 37.179 42.137 40.422 45.720
Sum 218.065 230.590 230.049 227.757 241.903


       Reduksjonen i provenyet frå statsskatten dei siste åra skuldast i vesentleg grad at den progressive statsskatten på alminneleg inntekt (tidlegare kalla nettoinntekt) fall bort i 1992. Ordinær skatt på inntekt og formue inneheld i 1994 toppskatt for personlege skattytarar, ordinær statsskatt for etterskottspliktige skattytarar for inntektsåret 1993 og betalingar som gjeld tidlegare inntektsår for både forskotts- og etterskottspliktige skattytarar.

       Frå 1993 til 1994 har de viktigaste avgiftene til folketrygda, dvs. arbeidsgjevaravgifta og trygdeavgifta, auka med til saman 4,1 %

       Meirverdi- og investeringsavgifta auka med 10,3 % frå 1993 til 1994, som i høg grad kan forklarast med auken i privat konsum.

       Det går fram av tabellen at avgifter til folketrygda og meirverdi- og investeringsavgifta har vore dei viktigaste inntektskjeldene til staten dei siste åra. Til saman utgjorde desse inntektskjeldene i 1994 knapt 161 mrd. kroner.

       Skattar og avgifter i samband med utvinning av petroleum var ca 24,5 mrd. kroner i 1994, som svarar til ein reduksjon på 8 % frå 1993.

       Inntekter frå andre særavgifter og toll viser ein samla auke på 13 % frå 1993 til 1994. Ei viktig forklaring på denne auken er den høge importen av bilar i 1994, og dermed stor auke i importavgifter.

    Staten hadde i 1994 netto renteinntekter på 2,9 mrd. kroner, ein nedgang på 5,9 mrd. kroner frå 1993.

       Renteinntektene gjekk ned med 4.808 mill. kroner frå 1993, medan renteutgiftene gjekk opp med 1.136 mill. kroner.

       Rentene frå statsbankane minka med 2,2 mrd. kroner frå 19,1 mrd. til 16,9 mrd. kroner. Renter av statskassens foliokonto i Noregs Bank gjekk ned med 1,8 mrd. kroner frå 5,5 mrd. kroner i 1993 til 3,7 mrd. kroner i 1994.

       Innskottet i Noregs Bank (foliokonto) minka i 1994 med 10,3 mrd. kroner, frå 40,0 mrd. kroner til 29,7 mrd. kroner. Renteutgiftene til den innanlandske statsgjelda gjekk opp med 950 mill. kroner frå 15.366 mill. kroner i 1993 til 16.316 mill. kroner i 1994. Renteutgiftene til den utanlandske statsgjelda gjekk opp med 186 mill. kroner frå 4.151 mill. kroner i 1993 til 4.337 mill. kroner i 1994.

Aksjeutbyte:

       Tabell 15 viser statens utbyte av aksjar i 1992, 1993 og 1994.

Tabell 15. Aksjeutbyte (mill. kroner)

  1992 1993 1994
Statoil 1.400 1.250 1.075
Selskap under
Næringsdepartementet 374 326 403
Anna utbyte 27 70 646
  1.801 1.646 2.124


       Utbyte på aksjar gjekk opp med 478 mill. kroner frå 1993 til 1994. Av dette gjeld 170 mill. kroner utbyte av statens kapital i Noregs Kommunalbank og 289 mill. kroner utbyte av kapitalen i Statens Bankinvesteringsfond.

      Oppstillinga under viser hovudtala for budsjett og rekneskap i 1994 (i mill. kroner):

Tabell 16. Avvik mellom budsjett og rekneskap

    S. III Nysaldert Avvik Rekneskap Avvik
    1 budsjett 3=2-1 4 5=4-2
      2
a. Underskot før lånetransaksjonar
  ekskl. petroleumsverksemd og
  oljeskattar 70.409 56.495 -13.914 54.499 -1.996
b. Nettoinntekt av
  petroleumsverksemd og
  oljeskattar 27.795 26.027 -1.768 25.576 -451
c. Underskot før lånetransaksjonar 42.614 30.468 -12.146 28.923 -7.545
d. Utlån og avdrag, netto 17.853 4.295 -13.558 3.661 -634
e. Finansieringsbehov 60.467 34.763 -5.704 32.584 -2.179


16.1 Endringar frå S III til nysaldert budsjett

       Ved nysalderinga av budsjettet for 1994 vart utgiftene før lånetransaksjonar ekskl. petroleumsverksemd nedjusterte med 3.346 mill. kroner medan inntektene auka med 10.568 mill. kroner samanlikna med vedtatt budsjett (B.innst.S.nr.III). Nettoinntektene frå petroleumsverksemd og oljeskattar gjekk ned med 1.768 mill. kroner, slik at underskotet før lånetransaksjonar samla gjekk ned med 12.146 mill. kroner.

       Anslaget på samla finansieringsbehov - som utgjorde 60.467 mill. kroner i B.innst.S.nr.II - vart redusert med 25.704 mill. kroner til 34.763 mill. kroner. Dette skuldast dels nedgangen i underskotet før lånetransaksjonar og dels nedgangen i netto utlån og avdrag. Bakom den netto nedgangen i utlån og avdrag på 13.558 mill. kroner ligg ei brutto auke i utlån og avdrag på 28.832 mill. kroner og ei brutto auke i tilbakebetalingar til staten på 42.390 mill. kroner. Det meste av endringane i lånetransaksjonane frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett har samanheng med utlåna til statsbankane og omorganiseringa av Televerket. Dei netto utlåna til statsbankane vart redusert med om lag 14 mrd. kroner frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett.

       St.prp. nr. 21 (1994-1995), Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1994, har nærare detaljar om endringane gjennom året.

16.2 Avviket mellom rekneskapen og nysaldert budsjett

       Overføringane til og frå Statens Petroleumsfond var like store i 1994, og påverka av den grunn ikkje budsjettbalansen. Størrelsen på desse overføringane er nærare omtale i avsnitt 2,5 nedanfor. I resten av dette kapitlet er overføringane til og frå Statens Petroleumsfond halde utanfor taloppstillingane.

       Rekneskapen for 1994 viser eit finansieringsbehov på 32.584 mill. kroner. Dette er 2.179 mill. kroner mindre enn ved nysalderinga av budsjettet. Nedanfor vert avviket brote ned på dei ulike hovudkomponentane (i mill. kroner):

1a. Reduserte utgifter ekskl. petroleumsverksemd og lånetransaksjonar - 228
1b. Reduserte utgifter til petroleumsverksemd 316
1. Reduserte utgifter ekskl. lånetransaksjonar (1a+1b) 88
2a. Auka inntekter ekskl. petroleumsverksemd, oljeskattar og lånetransaksjonar 2.224
2b. Auka inntekter frå petroleumsverksemd og oljeskattar - 767
2. Auka inntekter ekskl. lånetransaksjonar (2a+2b) 1.457
A. Redusert underskot før lånetransaksjonar (1+2) 1.545
3. Reduserte utlån og avdrag - 837
4. Auka tilbakebetalingar 1.471
B. Reduserte netto utlån (4-3) 634
C. Redusert 2 finansieringsbehov i alt (A+B) 179

       I avsnitta nedanfor er desse avvika kommentert nærare.

       I 1994 var statens totale inntekter 420.264 mill. kroner og dei totale utgiftene 452.848 mill. kroner. Dette ga eit finansieringsunderskott på 32.584 mill. kroner. Finansieringsunderskottet i 1994 vart dekka ved at staten tok opp 5.221 mill. kroner i nye lån, og ved at kontantmidelen vart redusert med 27.363 mill. kroner.

       Tabell 17 viser storleiken pr. 31. desember 1994 på kontolån, statskassevekslar og statssertifikat på den eine sida og statens innskott i bankar m.m. på den andre sida dei siste fem åra.

Tabell 17. Gjeld og innskott (mill. kroner)

31.12 kontolån Kontolån Statssertifikat postgiro
1990   41.522 28.682 99.631
1991 5.500 46.601 31.206 77.799
1992 10.000 39.131 36.799 58.778
1993 21.800 55.089 50.479 100.637
1994 26.300 51.290 39.001 78.007


Tabell 18. Eigneluter og gjeld (mill. kroner)



  1993 1994 Endring
Eigneluter:
Bank og postgirokonti m.m. 100.637 78.007 - 22.630
Mellomrekneskapen med rekneskapsførar 11.381 8.090 - 3.291
Verdipapir 8.926 11.500 2.574
Utlån og uteståande krav 195.329 190.422 - 4.907
Forskott m.m. 1.123 803 - 320
Valutautbyte 335 - 1.124 - 1.459
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs - 4.496 - 4.324 172
Kapital i statsbankane 7.922 7.561 - 361
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 25.905 35.743 9.838
Fast kapital i statsbedriftene1 123.195 119.373 - 3.822
  470.257 446.051 - 24.206
Gjeld:
Statsgjelda 296.382 290.216 - 6.166
Kontolån frå Fond som Noregs Bank forvaltar 2.622 3.612 990
Deposita og avsetningar 8.730 9.324 594
Utferda gjeldsbrev for den delen av grunnfond i 3.541 3.541
statsbankane som ikkje er betalt
Overførte unytta løyvingar 9.617 9.089 - 528
Avslutningskonto 149.365 130.269 - 19.096
  470.257 446.051 - 24.206
1 Av dette gjeld 85,0 (1993) og 102,5 (1994) mrd. kroner statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       Eignelutene har minka med 24,2 mrd. kroner frå 1993. Inneståande på bank og postgiro har minka med 22,6 mrd. kroner. Noregs Bank, foliokonti minka med 10,3 mrd. kroner og separatkonti i Noregs Bank vedrørende innanlandske statslån minka med 11,5 mrd. kroner.

       Utlån og uteståande krav minka med 4,9 mrd. kroner. Lån til statsbankane vart redusert med 2,8 mrd. kroner. Innskottskapitalen i statsføretaka er ført under statens sjølvstendige verksemder med 15,3 mrd. kroner. Fast kapital i statsbedriftene minka med 3,8 mrd. kroner. I 1994 vart Televerket reorganisert frå forvaltningsbedrift til aksjeselskapet Telenor AS, og fast kapital pr. 31. desember 1993 på 21,7 mrd. kroner fall bort. Statens kartverk vart reorganisert til forvaltningsbedrift med fast kapital 75,5 mill. kroner. Fast kapital i Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda auka 17,7 mrd. kroner. Statsgjelda minka med 6,2 mrd. kroner i 1994. Lån opptatt i utlandet minka med 6,1 mrd. kroner, medan lån opptatt innanlands auka med 11.9 mrd. kroner. Kontolån frå fond som Noregs Bank forvaltar auka med 990 mill. kroner.

Statens Husbank. Rapport for 1994

       Ved utgangen av 1994 hadde Husbanken ei gjeld på 86,7 mrd. kroner overfor statskassa.

       Husbanken sine samla uteståande utlån var på rundt 85 mrd. kroner.

       Nedgangen i misleghaldet frå 1993 heldt fram i 1994. Sidan utgangen av 1993 har talet på lån, som er misleghaldne lenger enn 3 månader, gått ned med 2.200. Misleghaldet i 1994 omfatta vel 9.000 lån eller 5,5 % av det totale talet på lån ved utgangen av året. Desse låna hadde eit mislegheldt beløp på 468 mill. kroner.

       Tap på utlån til personlege låntakarar i 1994 var 130,3 mill. kroner, mot 43,8 mill. kroner i 1993. Den store auken i tap på utlån til personlege låntakarar frå 1993 til 1994 har si årsak i at innføring av ny tvangsfullføringslov førte til at mange tvangssalsaker som vart igangsett i 1993 først vart avslutta i 1994.

       Tap på ikkje-personlege låntakarar utgjorde 58,7 mill. kroner i 1994, mot 21,1 mill. kroner i 1993. I tillegg kjem gjeldssaneringsordninga i samband med byfornyinga, som Stortinget vedtok ved handsaminga av St.meld. nr. 27 (1993-1994) om gjeldsordningar for burettslag omfattet av byfornyelsesvedtak, jf. Innst.S.nr.162 (1993-1994), med 289,5 mill. kroner bokført i 1994.

       I 1994 er det konstatert tap på til saman 174,6 mill. kroner på engasjement som Husbanken overtok frå det avvikla Selskapet for innvandrar- og flyktningeboliger, SIFBO. Dette er en nedgang frå 220,6 mill. kroner i 1993. Nedgangen i bokførte tap heng saman med auka boligpriser og aktiv bruk av etableringstilskott når kommunane har kjøpt bustader frå Husbanken. Tapet på overlatte SIFBO-engasjement kan delast i: Tap og kostnader ved sal av 691 bustader var lik 86,7 mill. kroner, tap på etableringslån 72,2 mill. kroner og tap på garantiansvar 14,1 mill. kroner. Gjennomsnittleg tap på sal av bustader var 120.000 kroner pr. bustad.

Statens lånekasse for utdanning. Rapport for 1994

       Ved utgangen av 1994 hadde Statens lånekasse for utdanning sine kundar ei samla gjeld på 52.863 mill. kroner til Lånekassa. Av dette var 48.197 mill. kroner lån og 4.666 mill. kroner renter og gebyr. Dette inneber ein auke i gjelda på om lag 7 % frå 49.515 mill. kroner den 31. desember 1993.

       I den same tida auka talet på lånekundar som var registrerte i inkassoregisteret med 2.400 til 36.900. Av desse sakene rekna Lånekassa med at saker for om lag 2.075 mill. kroner var tapt pr. 31. desember 1994. Dette var ein auke på 329 mill. kroner eller knapt 19 % frå året før. Tapa fordelte seg med 1.105 mill. kroner på lån, 931 mill. kroner på renter og 38 mill. kroner på gebyr.

       I tillegg til dette klassifiserte Lånekassa saker for til saman 864 mill. kroner som tapsutsette ved utgangen av 1994, og gjeld for 494 mill. kroner vart vurdert som usikker. Totalt utgjorde dette eit tapspotensiale på 3.433 mill. kroner den 31. desember 1994. Den 1. januar 1995 vart det gitt ei løyving på 2.000 mill. kroner til rekneskapsmessig avskriving av tapsutsette fordringar i Lånekassa. Ved utgangen av 1994 hadde Lånekassa ei gjeld på 51.181 mill. kroner overfor statskassa. Gjelda til staten auka med 3.325 mill. kroner frå 31. desember 1993 til 31. desember 1994. Lånekassa tok opp nye lån i statskassa for 5.607 mill. kroner i løpet av 1994, medan dei betalte 2.282 mill. kroner i mellombels avdrag.

    Rekneskapen for Svalbard for 1994 viser samla utgifter på 73,6 mill. kroner (71,5 i 1993). Dette er 3,0 mill. kroner mindre enn løyvinga. Inntektene var 22,9 mill. kroner, (16,9 mill. kroner i 1993). Ein hadde i 1994 rekna med i ei inntekt på 16,8 mill. kroner. I inntektene er ikkje tilskottet frå staten medrekna. Dette var på 50,3 mill. kroner og 6,0 mill. kroner mindre enn løyvd.

       Inntektene i 1994 vart 6,1 mill. kroner høgare enn løyvd. Dette skuldast i hovudsak at skatt rekna ut for tidlegare år vart betalt i 1994.

     Garantiane hadde ved utgangen av 1994 ei samla ramme på 127,6 mrd. kroner og eit samla ansvar på 96,3 mrd. kroner. Samla utbetalingar var på 373,5 mill. kroner i 1994.

       Tabell 38 i meldingen viser statens totale garantiansvar og garantiutbetalingar pr. 31. desember 1994 (mill. kroner).

       Dei størst utbetalingane har skjedd under Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK). Ein del av beløpa er alt tilbakebetalte, eller vert tilbakebetalte seinare som følgje av krav mot andre statar.

       GIEK administrerer to garantiordningar, den allmenne garantiordning og anbudsgarantiordninga samt særordninga for utviklingsland, som falt bort pr. 1. januar 1988. I tillegg har GIEK ansvaret for å administrera visse garantiordningar under særskilte stortingsvedtak jf. tabell 38 i meldingen.

    Rekneskapen for 1994 omfattar 106 fond, mot 105 i 1993.

       Det har i 1994 kome til 5 nye fond:

- Audiovisuelt produksjonsfond
- Samisk kulturfond
- Fond for lokal næringsutvikling
- Fond for regional næringsutvikling
- Fond for SND og fylkeskommunane

       Med rekneskapen for 1994 fell desse fonda bort:

- Fond til fremme av fisket i Fortyn-Grandfastavassdraget
- Fond til fremme av fisket i Otravassdraget
- Katastrofe- og tapsfond for reindrifta
- Sosialfondet for fiske- og fangstnæringen

       Fonda har i 1994 hatt ei samla inntekt på 36.006 mill. kroner og ei samla utgift på 35.066 mill. kroner. Det gjev eit samla driftsoverskott på 940 mill. kroner.

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til at det i meldingen er gitt en oversikt over statens bevilgningsregnskap og kapitalregnskap m.m. og en redegjørelse for utviklingen i statens finanser i 1994. Det er dessuten omtale av utviklingen på enkelte områder.

       Komiteen viser til at statens samlede inntekter i 1994 var 420,3 mrd. kroner og de samlede utgiftene var 452,9 mrd. kroner. Dette ga et finansieringsbehov på 32,6 mrd. kroner, mot 60,5 mrd. kroner i B.innst.S.nr.III høsten 1993 og 34,8 mrd. kroner ved nysalderingen høsten 1994.

       Komiteen viser til at hovedkomponentene i reduksjonen av finansieringsbehovet med 2.179 mill. kroner fra nysalderingen høsten 1994 til regnskapet i St.meld. nr. 3 er:


1a. Reduserte utgifter ekskl. petroleumsvirksomhet og lånetransaksjoner -228
1b. Reduserte utgifter til petroleumsvirksomhet 316

1. Reduserte utgifter ekskl. lånetransaksjoner (1a+1b) 88

2a. Økte inntekter ekskl. petroleumsvirksomhet, oljeskatter og lånetransaksjoner 2.224
2b. Økte inntekter fra petroleumsvirksomhet og oljeskatter -767

2. Økte inntekter ekskl. lånetransaksjoner (2a+2b) 1.457

A. Redusert underskudd før lånetransaksjoner (1+2) 1.545

3. Reduserte utlån og avdrag -837
4. Økte tilbakebetalinger 1.471

B. Reduserte netto utlån (4-3) 634

C. Redusert finansieringsbehov i alt (A+B) 2.179



       Komiteen viser til at endringene i finansieringsbehovet etter nysalderingen høsten 1994 er nærmere kommentert i meldingen. Komiteen viser til at statens balansekonto ved utgangen av 1994 viste eiendeler på 446.051 mill. kroner og gjeldsforpliktelser på 306.693 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Rød Valgallianse viser til sin merknad side 10 i Innst.S.nr.16 (1994-1995) hvor disse medlemmer påpekte de betydelige avvik mellom det vedtatte statsbudsjett og statsregnskapet. Disse medlemmer konstaterer at også for 1994 er det til dels meget store avvik mellom budsjett og regnskap. Eksempelvis er det regnskapsførte underskuddet før lånetransaksjoner ekskl. petroleumsvirksomhet og oljeskatter nær 16 mrd. kroner lavere enn budsjettert i B.innst.S.nr.III. Dette er et avvik på om lag 22,6 %. Finansieringsbehovet viste seg å bli nær 28 mrd. kroner mindre en forutsatt i B.innst.S.nr.II - et avvik på vel 46 %.

       Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 3 (1994-1995) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1994 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. oktober 1995.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Per-Kristian Foss,

leder og ordfører. sekretær.