Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Overføringar frå staten

       Dei samla overføringane frå staten til privat sektor, kommunane og andre statsrekneskap (i faste prisar) gjekk opp med om lag 0,4 % frå 1993 til 1994. Overføringane til privat sektor auka med om lag 0,7 %, medan overføringane til kommunal sektor viser ein reell nedgang på om lag 1 %.

       I 1994 utgjorde dei samla overføringane 41,6 % av BNP, 1,8 prosentpoeng lågare enn året før. Overføringane auka nominelt med 4,7 mrd. kroner, eller 1,8 % frå 1993 til 1994.

       Av dei samla overføringane på 267,9 mrd. kroner i 1994, var 52,2 mrd. kroner overføringar til kommunar og fylkeskommunar. Dette er 0,2 mrd. kroner meir enn i 1993. Overføringane til private og andre statsrekneskap var på 215,7 mrd. kroner i 1994. Dette er ein auka frå året før på 4,5 mrd. kroner, eller 2,1 %.

       Oppstillinga i tabell 3 viser samla overføringar på dei viktigaste formåla og samanlikna med tilsvarande utgifter i 1993.

Tabell 3. Overføringar etter formål.

  1993 1994 Endring
  Mill.kr Mill.kr i %
Sosiale formål 98.872 100.181 1,3
Helsevern 33.106 14.736 -55,5
Undervisning, forsking og kultur 24.056 14.396 -40,2
Jordbruk, skogbruk og fiske 14.565 14.164 -2,8
Arbeidsliv og distriktsutbygging 25.763 58.241 126,1
Utviklingshjelp 6.639 7.052 6,2
Familie- og forbrukerpolitikk 15.774 15.702 -0,4
Innanlands transport 5.884 4.284 -27,2
Nærings- og energiformål 8.441 6.599 -21,8
Bustadformål 4.079 5.184 27,1
Finansadministrasjon 553 240 -56,6
Renter på statsgjeld 19.516 20.653 5,8
Andre overføringar 5.949 6.516 9,5
I alt 263.197 267.948 1,8


       Tabellen viser ein særleg sterk auke i overføringane under området arbeidsliv og distriktsutbygging (32,5 mrd. kroner), og ein tilsvarande nedgang i overføringane under områda helsevern, undervisning, forsking og kultur, og innanlands transport (29,6 mrd. kroner). Dette skuldast i all hovudsak at dei sektorvise rammetilskota til kommunane i 1994 vart samla på området arbeidsliv og distriktsutbygging.