Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

17. Statens balansekonto

       I 1994 var statens totale inntekter 420.264 mill. kroner og dei totale utgiftene 452.848 mill. kroner. Dette ga eit finansieringsunderskott på 32.584 mill. kroner. Finansieringsunderskottet i 1994 vart dekka ved at staten tok opp 5.221 mill. kroner i nye lån, og ved at kontantmidelen vart redusert med 27.363 mill. kroner.

       Tabell 17 viser storleiken pr. 31. desember 1994 på kontolån, statskassevekslar og statssertifikat på den eine sida og statens innskott i bankar m.m. på den andre sida dei siste fem åra.

Tabell 17. Gjeld og innskott (mill. kroner)

31.12 kontolån Kontolån Statssertifikat postgiro
1990   41.522 28.682 99.631
1991 5.500 46.601 31.206 77.799
1992 10.000 39.131 36.799 58.778
1993 21.800 55.089 50.479 100.637
1994 26.300 51.290 39.001 78.007


Tabell 18. Eigneluter og gjeld (mill. kroner)



  1993 1994 Endring
Eigneluter:
Bank og postgirokonti m.m. 100.637 78.007 - 22.630
Mellomrekneskapen med rekneskapsførar 11.381 8.090 - 3.291
Verdipapir 8.926 11.500 2.574
Utlån og uteståande krav 195.329 190.422 - 4.907
Forskott m.m. 1.123 803 - 320
Valutautbyte 335 - 1.124 - 1.459
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs - 4.496 - 4.324 172
Kapital i statsbankane 7.922 7.561 - 361
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 25.905 35.743 9.838
Fast kapital i statsbedriftene1 123.195 119.373 - 3.822
  470.257 446.051 - 24.206
Gjeld:
Statsgjelda 296.382 290.216 - 6.166
Kontolån frå Fond som Noregs Bank forvaltar 2.622 3.612 990
Deposita og avsetningar 8.730 9.324 594
Utferda gjeldsbrev for den delen av grunnfond i 3.541 3.541
statsbankane som ikkje er betalt
Overførte unytta løyvingar 9.617 9.089 - 528
Avslutningskonto 149.365 130.269 - 19.096
  470.257 446.051 - 24.206
1 Av dette gjeld 85,0 (1993) og 102,5 (1994) mrd. kroner statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       Eignelutene har minka med 24,2 mrd. kroner frå 1993. Inneståande på bank og postgiro har minka med 22,6 mrd. kroner. Noregs Bank, foliokonti minka med 10,3 mrd. kroner og separatkonti i Noregs Bank vedrørende innanlandske statslån minka med 11,5 mrd. kroner.

       Utlån og uteståande krav minka med 4,9 mrd. kroner. Lån til statsbankane vart redusert med 2,8 mrd. kroner. Innskottskapitalen i statsføretaka er ført under statens sjølvstendige verksemder med 15,3 mrd. kroner. Fast kapital i statsbedriftene minka med 3,8 mrd. kroner. I 1994 vart Televerket reorganisert frå forvaltningsbedrift til aksjeselskapet Telenor AS, og fast kapital pr. 31. desember 1993 på 21,7 mrd. kroner fall bort. Statens kartverk vart reorganisert til forvaltningsbedrift med fast kapital 75,5 mill. kroner. Fast kapital i Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda auka 17,7 mrd. kroner. Statsgjelda minka med 6,2 mrd. kroner i 1994. Lån opptatt i utlandet minka med 6,1 mrd. kroner, medan lån opptatt innanlands auka med 11.9 mrd. kroner. Kontolån frå fond som Noregs Bank forvaltar auka med 990 mill. kroner.

Statens Husbank. Rapport for 1994

       Ved utgangen av 1994 hadde Husbanken ei gjeld på 86,7 mrd. kroner overfor statskassa.

       Husbanken sine samla uteståande utlån var på rundt 85 mrd. kroner.

       Nedgangen i misleghaldet frå 1993 heldt fram i 1994. Sidan utgangen av 1993 har talet på lån, som er misleghaldne lenger enn 3 månader, gått ned med 2.200. Misleghaldet i 1994 omfatta vel 9.000 lån eller 5,5 % av det totale talet på lån ved utgangen av året. Desse låna hadde eit mislegheldt beløp på 468 mill. kroner.

       Tap på utlån til personlege låntakarar i 1994 var 130,3 mill. kroner, mot 43,8 mill. kroner i 1993. Den store auken i tap på utlån til personlege låntakarar frå 1993 til 1994 har si årsak i at innføring av ny tvangsfullføringslov førte til at mange tvangssalsaker som vart igangsett i 1993 først vart avslutta i 1994.

       Tap på ikkje-personlege låntakarar utgjorde 58,7 mill. kroner i 1994, mot 21,1 mill. kroner i 1993. I tillegg kjem gjeldssaneringsordninga i samband med byfornyinga, som Stortinget vedtok ved handsaminga av St.meld. nr. 27 (1993-1994) om gjeldsordningar for burettslag omfattet av byfornyelsesvedtak, jf. Innst.S.nr.162 (1993-1994), med 289,5 mill. kroner bokført i 1994.

       I 1994 er det konstatert tap på til saman 174,6 mill. kroner på engasjement som Husbanken overtok frå det avvikla Selskapet for innvandrar- og flyktningeboliger, SIFBO. Dette er en nedgang frå 220,6 mill. kroner i 1993. Nedgangen i bokførte tap heng saman med auka boligpriser og aktiv bruk av etableringstilskott når kommunane har kjøpt bustader frå Husbanken. Tapet på overlatte SIFBO-engasjement kan delast i: Tap og kostnader ved sal av 691 bustader var lik 86,7 mill. kroner, tap på etableringslån 72,2 mill. kroner og tap på garantiansvar 14,1 mill. kroner. Gjennomsnittleg tap på sal av bustader var 120.000 kroner pr. bustad.

Statens lånekasse for utdanning. Rapport for 1994

       Ved utgangen av 1994 hadde Statens lånekasse for utdanning sine kundar ei samla gjeld på 52.863 mill. kroner til Lånekassa. Av dette var 48.197 mill. kroner lån og 4.666 mill. kroner renter og gebyr. Dette inneber ein auke i gjelda på om lag 7 % frå 49.515 mill. kroner den 31. desember 1993.

       I den same tida auka talet på lånekundar som var registrerte i inkassoregisteret med 2.400 til 36.900. Av desse sakene rekna Lånekassa med at saker for om lag 2.075 mill. kroner var tapt pr. 31. desember 1994. Dette var ein auke på 329 mill. kroner eller knapt 19 % frå året før. Tapa fordelte seg med 1.105 mill. kroner på lån, 931 mill. kroner på renter og 38 mill. kroner på gebyr.

       I tillegg til dette klassifiserte Lånekassa saker for til saman 864 mill. kroner som tapsutsette ved utgangen av 1994, og gjeld for 494 mill. kroner vart vurdert som usikker. Totalt utgjorde dette eit tapspotensiale på 3.433 mill. kroner den 31. desember 1994. Den 1. januar 1995 vart det gitt ei løyving på 2.000 mill. kroner til rekneskapsmessig avskriving av tapsutsette fordringar i Lånekassa. Ved utgangen av 1994 hadde Lånekassa ei gjeld på 51.181 mill. kroner overfor statskassa. Gjelda til staten auka med 3.325 mill. kroner frå 31. desember 1993 til 31. desember 1994. Lånekassa tok opp nye lån i statskassa for 5.607 mill. kroner i løpet av 1994, medan dei betalte 2.282 mill. kroner i mellombels avdrag.