Oppstillinga under viser hovudtala for budsjett og rekneskap i 1994 (i mill. kroner):
Tabell 16. Avvik mellom budsjett og rekneskap
|
|
S. III |
Nysaldert |
Avvik |
Rekneskap |
Avvik |
|
|
1 |
budsjett |
3=2-1 |
4 |
5=4-2 |
|
|
|
2 |
a. |
Underskot før lånetransaksjonar |
|
ekskl. petroleumsverksemd og |
|
oljeskattar |
70.409 |
56.495 |
-13.914 |
54.499 |
-1.996 |
b. |
Nettoinntekt av |
|
petroleumsverksemd og |
|
oljeskattar |
27.795 |
26.027 |
-1.768 |
25.576 |
-451 |
c. |
Underskot før lånetransaksjonar |
42.614 |
30.468 |
-12.146 |
28.923 |
-7.545 |
d. |
Utlån og avdrag, netto |
17.853 |
4.295 |
-13.558 |
3.661 |
-634 |
e. |
Finansieringsbehov |
60.467 |
34.763 |
-5.704 |
32.584 |
-2.179 |
16.1 Endringar frå S III til nysaldert budsjett
Ved nysalderinga av budsjettet for 1994 vart utgiftene før lånetransaksjonar ekskl. petroleumsverksemd nedjusterte med 3.346 mill. kroner medan inntektene auka med 10.568 mill. kroner samanlikna med vedtatt budsjett (B.innst.S.nr.III). Nettoinntektene frå petroleumsverksemd og oljeskattar gjekk ned med 1.768 mill. kroner, slik at underskotet før lånetransaksjonar samla gjekk ned med 12.146 mill. kroner.
Anslaget på samla finansieringsbehov - som utgjorde 60.467 mill. kroner i B.innst.S.nr.II - vart redusert med 25.704 mill. kroner til 34.763 mill. kroner. Dette skuldast dels nedgangen i underskotet før lånetransaksjonar og dels nedgangen i netto utlån og avdrag. Bakom den netto nedgangen i utlån og avdrag på 13.558 mill. kroner ligg ei brutto auke i utlån og avdrag på 28.832 mill. kroner og ei brutto auke i tilbakebetalingar til staten på 42.390 mill. kroner. Det meste av endringane i lånetransaksjonane frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett har samanheng med utlåna til statsbankane og omorganiseringa av Televerket. Dei netto utlåna til statsbankane vart redusert med om lag 14 mrd. kroner frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett.
St.prp. nr. 21 (1994-1995), Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1994, har nærare detaljar om endringane gjennom året.
16.2 Avviket mellom rekneskapen og nysaldert budsjett
Overføringane til og frå Statens Petroleumsfond var like store i 1994, og påverka av den grunn ikkje budsjettbalansen. Størrelsen på desse overføringane er nærare omtale i avsnitt 2,5 nedanfor. I resten av dette kapitlet er overføringane til og frå Statens Petroleumsfond halde utanfor taloppstillingane.
Rekneskapen for 1994 viser eit finansieringsbehov på 32.584 mill. kroner. Dette er 2.179 mill. kroner mindre enn ved nysalderinga av budsjettet. Nedanfor vert avviket brote ned på dei ulike hovudkomponentane (i mill. kroner):
1a. |
Reduserte utgifter ekskl. petroleumsverksemd og |
lånetransaksjonar |
- 228 |
1b. |
Reduserte utgifter til petroleumsverksemd |
316 |
1. |
Reduserte utgifter ekskl. lånetransaksjonar (1a+1b) |
88 |
2a. |
Auka inntekter ekskl. petroleumsverksemd, oljeskattar og |
lånetransaksjonar |
2.224 |
2b. |
Auka inntekter frå petroleumsverksemd og oljeskattar |
- 767 |
2. |
Auka inntekter ekskl. lånetransaksjonar (2a+2b) |
1.457 |
A. |
Redusert underskot før lånetransaksjonar (1+2) |
1.545 |
3. |
Reduserte utlån og avdrag |
- 837 |
4. |
Auka tilbakebetalingar |
1.471 |
B. |
Reduserte netto utlån (4-3) |
634 |
C. |
Redusert 2 finansieringsbehov i alt (A+B) |
179
|
I avsnitta nedanfor er desse avvika kommentert nærare.