Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

13. Olje- og gassverksemd

       For SDØE blir det fastsett eit driftsresultat som inkluderer avskrivingar og kalkulatoriske renter på staten sin faste kapital.

Tabell 11. Løyvingsrekneskap for SDØE (i mill. kroner):

  1993 1994
Inntekter -36.824 -39.025
Utgifter 28.753 30.079
Driftsresultat -8.071 -8.946
Investeringar 23.943 26.530
Overføring til Statens
petroleumsforsikringsfond 736 858
Sum utgifter (kap. 2440) 16.608 18.442


       Driftsresultatet er auka med 875 mill. kroner frå 1993 til 1994 og har hovudsakleg bakgrunn i følgjande forhold:

- Oljeproduksjonen er auka med 7 mill. m3, frå 41,2 mill. m3 i 1993 til 48,2 mill. m3 i 1994. Høgare driftsinntekter som følgje av høgare produksjon blir motverka av lågare oljepris. Gjennomsnittsprisen for olje er redusert frå om lag 121 kroner i 1993 til om lag 111 kroner i 1994. Totalverknaden vart ein auke i driftsinntektene frå 1993 til 1994 på nesten 2,2 mrd. kroner.
- Drift-, leite- og feltutviklingsutgiftene er til saman redusert med 674 mill. kroner frå 1993 til 1994 til tross for ein auking i produksjon. Dette har hovudsakleg samanheng med reduserte kostnader ved drift av felt.
- Avskrivingar og kalkulatoriske renter er til saman auka med 2 mrd. kroner frå 1993 til 1994. Dette har mellom anna samanheng med ein auke i staten sin faste kapital i petroleumsverksemda som følgje av eit høgt statleg investeringsnivå i 1994.

       Store investeringar blir årleg kanalisert gjennom SDØE. I 1994 vart om lag 26,5 mrd. kroner investert gjennom SDØE. Det er ein auke på 2,6 mrd. kroner samanlikna med 1993. Dette investeringsnivået utgjer om lag halvparten av dei totale investeringane på norsk kontinentalsokkel i 1994. Investeringane med frådrag for avskrivingar blir aktivert i kapitalrekneskapen.

Tabell 12. Kapitalrekneskap for SDØE pr. 31. desember (i mill. kroner):

  1993 1994
Mellomverande med staten
pr. 31. desember 598 -415
Anleggskapital pr. 31. 84 102
desember 590 450
Sum eigedelar 85.188 102.035

       Totalrentabiliteten kan vere eit formålstenleg mål for å vise avkastinga i eit enkelt år av dei investeringane som er gjort innanfor SDØE. Totalrentabiliteten er definert som:

Driftsoverskot + renter - overføring til petroleumsforsikringsfondet

------------------------------
Gjennomsnittleg anleggskapital

       Totalrentabiliteten var 19,1 % i 1994 mot 20,7 % i 1993. Dette viser at staten har hatt ei avkasting på sine direkte investeringar i petroleumsverksemda som ligg vesentleg over staten sitt normalavkastingskrav.

Staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemd

       Staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda er sett saman av netto kontantstraum frå SDØE, utbytte frå Statoil og betalte skattar og avgifter på utvinning av petroleum.

Tabell 13. Kontantstraum frå petroleumsverksemda (i mill. kroner):

  1993 1994
Netto kontantstraum frå SDØE 158 58.013
Skatt og avgift på utvinning av petroleum 26.615 24.496
Utbytte frå Statoil 1.250 1.075
Sum kontantstraum frå petroleumsverksemda 28.023 25.576


       Den samla kontantstraumen frå petroleumsverksemda på 25.576 mill. kroner vert ført til utgift i statsrekneskapen på kap. 2800 Statens petroleumsfond. Overføringa frå Statens petroleumsfond som blir ført til inntekt i statsrekneskapen (kap. 5800) gjev uttrykk for kor mykje av petroleumsinntektene som har vorte nytta i 1994. Heile overføringa for 1994 på 25.576 mill. kroner er nytta i 1994.