10. Ol-94 sluttrapport
Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1991 fastsette Stortinget ei samla tilskotsramme på 7.000 mill. 1991-kroner til arrangementet. Dette skulle gå til å dekkje utgifter for perioden 1988-94 i samband med førebuing og gjennomføring av dei 17. olympiske vinterleikar på Lillehammer i 1994. Av denne ramma vart det avsett 700 mill. 1991-kroner til reserve for å dekkje upårekna utgifter innanfor den arbeidsmengde som vart definert i 1990.
Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1994 fastsette Stortinget den endelege tilskotsramma for OL-budsjettet 1988-94 til kr 7.374.514.000.
I statsrekneskapen for 1994, under kap. 390De olympiske vinterlekene 1994, inngår kr 1.078.500.000 av dette beløpet, fordelt med kr 1.037.185.000 på post 70 Drifts- og arrangementsutgifter og kr 41.315.000 på post 80 Investeringar.
I 1994 vart kr 1.503.428.474 inntektsført under kap. 3390 OL-inntekter. Siste del av inntektene vert innbetalt i 1995 og 1996. Det kan difor ikkje setjast opp ein endeleg sluttrekneskap for samtlege utgifter og inntekter i samband med Lillehammer-OL før i 1996. Prognosen for samla OL-inntekter er på i overkant av 2,7 milliardar. I høve til det opprinnelege inntektsbudsjettet indikerer dette ein auke på 149 mill. kroner.