Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, er positiv til at « Avtale om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien » vart underskriven 21. desember 1994 og samtykkjer i ratifikasjonen. Avtalen vil sterkt kunna medverka til like vilkår for skipsbyggingsindustrien i OECD-landa Japan, Republikken Korea, USA, EU-landa og Norge.

       Komiteen ser på dette som ein klar fordel for verfta i dei landa som har fått minst offentleg støtte, deriblant Norge.

       Komiteen ser på skipsbyggingsindustrien som ei vekstnæring med lange tradisjonar og gode føresetnader framover i Norge. Dette skaper ringverknader då største delen av arbeid og utstyr til nybygga vert levert av norske underleverandørar. Komiteen meiner derfor det er viktig å ivareta skipsbyggingsindustrien på beste måte.

       Komiteen har merka seg at skipsbyggingsindustrien ser positivt på å få konkurranse på like vilkår med andre OECD-land og dermed koma bort frå statleg subsidiering. Verfta vil nå måtte basera seg på å konkurrera på grunnlag av eigne kostnader og eigen effektivitet. Dei kan ikkje lenger konkurrera med utanlandske verft om kven som kan tilby dei beste statlege tilskotsordningane.

       Komiteen meiner at for å stå best mogleg rusta i konkurranse om nye oppdrag, er det viktig at Norge følgjer opp intensjonane i avtalen.

       Komiteen meiner det er ein føresetnad at alle OECD-landa følgjer avtalen nøye, og at det vert etablert sikre kontroll- og innrapporteringsprosedyrar for å fanga opp eventuelle brot på avtalen. Komiteen meiner derfor det må sørgjast for at det vert løyvt naudsynte midlar til ei effektiv oppfølging og kontroll av avtalen. Komiteen reknar med at norske styresmakter ber om informasjon og samtalar når det er grunnlag for tvil om avtalen vert halden i andre land.

       Komiteen har merka seg at ingen av partane ennå har ratifisert avtalen. Komiteen er klar over at dersom eit eller fleire land ikkje har ratifisert avtalen før 1. januar 1996, vil han ikkje tre i kraft frå den datoen. Dersom det skjer, meiner komiteen at norske styresmakter raskt må vurdera kva tiltak som skal setjast i verk ut frå dei konkrete tilhøva.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, viser til at avtalen åpner adgang til å innføre en finansieringsordning med inntil 12 års lån basert på CIRR-renter. Flertallet mener at Norge ikke bør lede an i å innføre nye statlige finansieringsordninger selv om avtalen gir regler for hvordan slike skal utformes. Flertallet forutsetter at Regjeringen vil komme tilbake til spørsmålet om CIRR-finansiering så snart den har oversikt over i hvilken grad andre land innfører en slik finansiering.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti støttar avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien. Desse medlemene legg vekt på uttale frå Regjeringa i St.prp. nr. 1 (1995-1996) om at det er heilt sentralt at norsk skipsbyggingsindustri kan konkurrera på like vilkår med skipsbyggingsindustrien i andre land.

       Desse medlemene har merka seg at når den nye OECD-avtalen trer i kraft, kan avtalelanda innføre ei finansieringsordning med 12 års kreditt og CIRR-rente.

       Desse medlemene meiner det er viktig at Norge har dei same rammetilhøva som våre europeiske konkurrentar. Det er grunn til å tru at dei fleste av desse landa vil gå over til CIRR-ordninga etter 1. januar 1996. Desse medlemene meiner dette vil kunna gi våre konkurrentar eit forsprang.

       Desse medlemene vil med bakgrunn i dette tilrå at CIRR-ordninga vert innført frå 1. januar 1996. Dette må gjelda både for eksport- og innanlandsfinansiering. Ei slik ordning vil bringe vilkåra for skipsbyggingsindustrien i Norge på line med andre sentrale OECD-land. Desse medlemene gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa innføre CIRR-ordning frå 1. januar 1996. Ordninga må gjelda både for eksport- og innanlandsfinansiering. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at dei respektive partia vil kome tilbake til eventuelle GIEK-garantiar i samband med finanskomiteen sin årlege gjennomgang av GIEK i B.innst.S.nr.6 (1995-1996).

       Desse medlemene er klar over at avtalen gir rom for å bruka offentlege støtteordningar til forsking og utvikling og til omstillingstiltak for nedleggingstrua verft. Dette vil desse medlemene koma tilbake til i nasjonalbudsjettet for 1996.

       Desse medlemene har elles merka seg at det ikkje er lagt fram forslag om nye løyvingar over Næringsdepartementet sitt budsjett til avtalar om kontraheringar som vert inngåtte etter 1. januar 1996.

       Desse medlemene vil òg be om at Stortinget får ei evaluering av avtalen etter at den har virka ein periode. Dersom det skulle vise seg at nokon av avtalepartane ikkje oppfyller forpliktingane i avtalen, er føresetnadene for norsk ratifikasjon endra. Desse medlemene ser det som vesentleg at Norge ikkje stiller seg slik at vi aleine, eller saman med einskilde andre land, oppfyller avtalen.

       Desse medlemene gjer slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei evaluering av avtalen etter eitt år, der det spesielt vert lagt vekt på om dei einskilde avtalepartane følgjer opp forpliktingane. »