Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til ratifikasjon av Avtale om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 22 (1995-1996)
- Kildedok: St.prp. nr. 64 (1994-95)
- Dato: 26.10.1995
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Regjeringa ber i proposisjonen om at Stortinget samtykkjer i ratifikasjon av Avtale om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien, underteikna i Paris 21. desember 1994. Hovudelementet i avtalen er at all direkte og indirekte støtte til skipsbyggingsindustrien skal ta slutt frå 1. januar 1996. Avtalen inneheld også reglar om dumping for å hindre at skip vert selde til prisar under normalverdi.
Frå norsk side ser ein avtalen som einaste realistiske moglegheit for å få normalisert situasjonen på skipsbyggingsmarknaden. Norsk skipsbyggingsindustri vert vurdert som konkurransedyktig når støtte vert fjerna og avtalen sett i verk etter planen.
Ordremassen ved norske verft fall på 1970- og 80-talet frå om lag 5 mill. bruttoregistertonn (brt) til 75.000 brt. Mot 1990 betra ordretilgangen seg, og ligg no på om lag 500.000 brt. Ved utgangen av 1994 var ordrereserven ved norske verft om lag 20 mrd. kroner. Sysselsetjinga i skipsbyggingsindustrien har svinga med svingande ordretilgang. I 1978 var den 14.200 tilsette, gjekk ned til 3.600 i 1988 og har så auka igjen til om lag 4.900 tilsette ved utgangen av 1994.
Norge har hatt ymse støtteordningar for skipsbyggingsindustrien, særleg i nedgangsåra. Føremålet var å avgrense fall i aktivitet ved å setje norske verft i stand til å konkurrere på like vilkår med subsidierte verft i andre land. Dei fleste ordningane er no avvikla, m.a. har Norge ikkje nytta OECD-finansiering sidan 1. januar 1990.
Rentestøtteordninga vart avvikla i 1989, men det vert framleis betalt ut, da utbetalingane skjer 5-12 år etter levering av skipa. Ordningane som gjeld i dag er byggjelånsgarantiar og kontanttilskotsordninga. Støttesatsen etter kontanttilskotsordninga er no 9 % for nybygg over 10 mill. ecu og 4,5 % for nybygg under 10 mill. ecu.
Forhandlingane om avtalen har vore førte i OECD si arbeidsgruppe for skipsbygging. EU-kommisjonen, Finland, Japan, Republikken Korea, Norge, Sverige og USA har delteke. På norsk side vart saka under forhandlingane drøfta med Fellesforbundet, TBL-skip og Rederiforbundet, som alle aktivt støtta arbeidet med avtalen.
Forhandlingane var vanskelege. Partane fann at om avtalen skulle verte effektiv, var det naudsynt med tvisteløysingsreglar med sanksjonsmiddel for å motverke brot på avtalen. Det var brei semje om at både direkte og indirekte støtte skulle avskaffast. Det var derimot vanskeleg å verte samde om den skadelege prisfastsetjinga, dvs. dumping. Siktemålet var reglar etter same opplegg som for varer i GATT. Men skip vert normalt bygd etter spesifikasjonar som er særskilde for kvart skip, og skip vert som regel ikkje importert inn i eit land. Dei normale GATT-reglane om dumping med avgift på den importerte vara, kan derfor ikkje brukast. Det vart semje om at eit verft skal betale ei avgift dersom det vert funne skuldig i å ha dumpa eit skip. Det er laga reglar med utgangspunkt i Antidumping-kodeksen i GATT, men tilpassa dei spesielle tilhøva i skipsbyggingsindustrien.
Også når det gjeld tvisteløysing, vart det teke utgangspunkt i GATT-reglane om tvisteløysing. Ved usemje skal saka vurderast av eit panel samansett av deltakarpartane. Avgjerder i panelet er bindande.
USA gir i hovudsak verfta sine støtte gjennom eit lovverk som vernar verfta mot utanlandsk konkurranse. Kystfartslovgivinga i USA (Jones Act) reserverer amerikansk kystfart for amerikanske skip. Først i sluttfasen av forhandlingane lukkast det å kome fram til semje om løysing, slik at USA avskaffar nokre av dei proteksjonistiske lovene.
Det vart også gjort unntak slik at det kan gjevast støtte til igangverande og planlagde omstruktureringstiltak i Republikken Korea, Belgia, Portugal og Spania.
I samband med forhandlingane vart det òg ført forhandlingar om å revidere den eksisterande semja om bruken av eksportkredittar ved levering av skip. Eksportkredittar er framleis tillatne, men vilkåra er endra. Gjeldande og minste tillatne rente skal vere CIRR (« Commmercial Interest Reference Rate »). Tilbakebetalingstida vert utvida til 12 år. CIRR-renta vert endra kvar månad. Den er basert på statsobligasjonsrenta i marknaden for kvar einskild valuta med eit visst påslag. Renta vil avspegle utviklinga i marknadsrentenivået i den aktuelle valutaen. Føremålet med bruk av CIRR er at ingen skal bruke offentlege kredittar til å subsidiere eigen industri, ikkje at alle land skal gi like billege kredittar.
Det er i proposisjonen vist til at det i Salderingsproposisjonen for 1995 vart gjort greie for at ei arbeidsgruppe med representantar for Nærings- og energidepartementet og Finansdepartementet vil vurdere innføring av OECD-finansiering i 1996. Regjeringa vil kome tilbake til spørsmålet i statsbudsjettet for 1996.
Frå norsk side gjekk ein under forhandlingane inn for å få til ei så omfattande avtale som mogleg. Avtalen omfattar både innanlandske leveringar og eksportleveringar av fartøy over 100 brt. Militære fartøy og innanlandske leveringar av fiskefartøy er ikkje omfatta av avtalen, og heller ikkje interne leveringar mellom EU-landa. Mest alle støtteordningar skal avviklast. Det er rekna at ein kan spare 700-800 mill. kroner årleg ved å oppheve dei statlege overføringane til skipsbyggingsindustrien.
Dei fleste støtteordningar vert avvikla for nye kontraktar som vert inngått frå 1. januar 1996. Det er forbod mot å gi støtte til noka levering etter utgangen av 1998. Regjeringa er godt nøgd med at avtalen raskt får full effekt.
Regjeringa reknar med at GIEK framleis kan gi garantiar til skipsbyggingsoppdrag når garantiane vert rekna som usubsidierte. GIEK kan òg gi garantiar for kontraktar inngått før 1. januar 1996 sjølv om renta på slike lån kjem under 8 %, under føresetnad av at det ikkje er anna statleg kredittstøtte knytt til finansieringa.
OECD-avtalen omfattar 70-80 % av tonnasjen som vert levert årleg. Størstedelen av skipsbyggingsindustrien i verda vil derfor vere bunden av omfattande avgrensingar når det gjeld statleg støtte til skipsbygging frå 1. januar 1996.
Skipsbygging er ein del av EØS-avtalen frå 1. mai 1995. Om EU held oppe eit eige skipsbyggingsdirektiv basert på OECD-avtalen, vil dette òg gjelde for Norge gjennom EØS-avtalen. Når OECD-avtalen trer i kraft, reknar Regjeringa med at det er meir aktuelt å handsame klager i samband med skipsstøtte etter reglane i OECD-avtalen enn i EØS-samanheng.
Spørsmålet om ratifikasjon er lagt fram for Finansdepartementet og Nærings- og energidepartementet. Begge har tilrådd ratifikasjon.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, er positiv til at « Avtale om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien » vart underskriven 21. desember 1994 og samtykkjer i ratifikasjonen. Avtalen vil sterkt kunna medverka til like vilkår for skipsbyggingsindustrien i OECD-landa Japan, Republikken Korea, USA, EU-landa og Norge.
Komiteen ser på dette som ein klar fordel for verfta i dei landa som har fått minst offentleg støtte, deriblant Norge.
Komiteen ser på skipsbyggingsindustrien som ei vekstnæring med lange tradisjonar og gode føresetnader framover i Norge. Dette skaper ringverknader då største delen av arbeid og utstyr til nybygga vert levert av norske underleverandørar. Komiteen meiner derfor det er viktig å ivareta skipsbyggingsindustrien på beste måte.
Komiteen har merka seg at skipsbyggingsindustrien ser positivt på å få konkurranse på like vilkår med andre OECD-land og dermed koma bort frå statleg subsidiering. Verfta vil nå måtte basera seg på å konkurrera på grunnlag av eigne kostnader og eigen effektivitet. Dei kan ikkje lenger konkurrera med utanlandske verft om kven som kan tilby dei beste statlege tilskotsordningane.
Komiteen meiner at for å stå best mogleg rusta i konkurranse om nye oppdrag, er det viktig at Norge følgjer opp intensjonane i avtalen.
Komiteen meiner det er ein føresetnad at alle OECD-landa følgjer avtalen nøye, og at det vert etablert sikre kontroll- og innrapporteringsprosedyrar for å fanga opp eventuelle brot på avtalen. Komiteen meiner derfor det må sørgjast for at det vert løyvt naudsynte midlar til ei effektiv oppfølging og kontroll av avtalen. Komiteen reknar med at norske styresmakter ber om informasjon og samtalar når det er grunnlag for tvil om avtalen vert halden i andre land.
Komiteen har merka seg at ingen av partane ennå har ratifisert avtalen. Komiteen er klar over at dersom eit eller fleire land ikkje har ratifisert avtalen før 1. januar 1996, vil han ikkje tre i kraft frå den datoen. Dersom det skjer, meiner komiteen at norske styresmakter raskt må vurdera kva tiltak som skal setjast i verk ut frå dei konkrete tilhøva.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, viser til at avtalen åpner adgang til å innføre en finansieringsordning med inntil 12 års lån basert på CIRR-renter. Flertallet mener at Norge ikke bør lede an i å innføre nye statlige finansieringsordninger selv om avtalen gir regler for hvordan slike skal utformes. Flertallet forutsetter at Regjeringen vil komme tilbake til spørsmålet om CIRR-finansiering så snart den har oversikt over i hvilken grad andre land innfører en slik finansiering.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti støttar avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien. Desse medlemene legg vekt på uttale frå Regjeringa i St.prp. nr. 1 (1995-1996) om at det er heilt sentralt at norsk skipsbyggingsindustri kan konkurrera på like vilkår med skipsbyggingsindustrien i andre land.
Desse medlemene har merka seg at når den nye OECD-avtalen trer i kraft, kan avtalelanda innføre ei finansieringsordning med 12 års kreditt og CIRR-rente.
Desse medlemene meiner det er viktig at Norge har dei same rammetilhøva som våre europeiske konkurrentar. Det er grunn til å tru at dei fleste av desse landa vil gå over til CIRR-ordninga etter 1. januar 1996. Desse medlemene meiner dette vil kunna gi våre konkurrentar eit forsprang.
Desse medlemene vil med bakgrunn i dette tilrå at CIRR-ordninga vert innført frå 1. januar 1996. Dette må gjelda både for eksport- og innanlandsfinansiering. Ei slik ordning vil bringe vilkåra for skipsbyggingsindustrien i Norge på line med andre sentrale OECD-land. Desse medlemene gjer slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa innføre CIRR-ordning frå 1. januar 1996. Ordninga må gjelda både for eksport- og innanlandsfinansiering. »
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at dei respektive partia vil kome tilbake til eventuelle GIEK-garantiar i samband med finanskomiteen sin årlege gjennomgang av GIEK i B.innst.S.nr.6 (1995-1996).
Desse medlemene er klar over at avtalen gir rom for å bruka offentlege støtteordningar til forsking og utvikling og til omstillingstiltak for nedleggingstrua verft. Dette vil desse medlemene koma tilbake til i nasjonalbudsjettet for 1996.
Desse medlemene har elles merka seg at det ikkje er lagt fram forslag om nye løyvingar over Næringsdepartementet sitt budsjett til avtalar om kontraheringar som vert inngåtte etter 1. januar 1996.
Desse medlemene vil òg be om at Stortinget får ei evaluering av avtalen etter at den har virka ein periode. Dersom det skulle vise seg at nokon av avtalepartane ikkje oppfyller forpliktingane i avtalen, er føresetnadene for norsk ratifikasjon endra. Desse medlemene ser det som vesentleg at Norge ikkje stiller seg slik at vi aleine, eller saman med einskilde andre land, oppfyller avtalen.
Desse medlemene gjer slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei evaluering av avtalen etter eitt år, der det spesielt vert lagt vekt på om dei einskilde avtalepartane følgjer opp forpliktingane. »
Framlegg frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:
Framlegg 1
Stortinget ber Regjeringa innføre CIRR-ordning frå 1. januar 1996. Ordninga må gjelda både for eksport- og innanlandsfinansiering.
Framlegg frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Framlegg 2
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei evaluering av avtalen etter eitt år, der det spesielt vert lagt vekt på om dei einskilde avtalepartane følgjer opp forpliktingane.
Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget gir samtykke til at Norge ratifiserer Avtale om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien, underteikna i Paris 21. desember 1994.
Oslo, i næringskomiteen, den 26. oktober 1995. |
Svein Ludvigsen, | Unn Aarrestad, | William Engseth, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |